Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Eg har forholdsvis korte arbeidsdagar i vekene (6 timars dag + 1 times køyring), og byrjar seint på jobb. Pluttemannen har lengre dagar, men byrjar såpass tidleg at han vanlegvis er heime før meg, så vanlegvis er hundane ikkje heime lenger enn fem-seks timar, og vil maks vere aleine ca sju timar. Dersom eg blir dritflink og byrjar på treningsstudio kan det bli åtte timar ein gong no og då, men det er ein vag plan.

  2. 2a77e85a-9fef-4f54-9a25-a60b2bd2308c.jpg

    Meg og Bamse, eit par år sidan.

    d5eb2b36-053b-49f6-92f9-bf888c303c75.jpg

    Vaffel og eg i dag tidleg. :yawn:

    Har visst ikkje så mange med meg på, fleire år med kameraskrekk har visst gjort at ingen tar bilder no når eg ikkje bryr meg lengre, sidan eg tydeligvis kun har eit selfie og eit bilde tatt av fotograf. :ermm:

    Eg får vel betale fleire for å ta bilder av meg, og kjem muligens sterkare tilbake til tråden seinare.

    • Like 2
  3. Hvordan kan man få bli med på dette? :)

    Klikke seg inn på linken og trykke join? :Dhttp://www.endomondo.com/challenges/13796505

    Det er nokre månads-challenges og, dei har eg ikkje link til, kan vere dei var i tråden her ein plass. :)

    nope.

    edit: men noen som har noen ide om hvorfor gps'en ikke funker. Den registrer jo hvor jeg er i det jeg slår på google maps, men klarer ikke å følge hvor jeg kjører. Viser bare at jeg er på startpunktet hele tida.

    Kan det vere du har nokon innstilling om at tlf ikkje skal bruke GPS ved batteri under X% eller liknande?

    **

    Eg har hatt endomondo lite på i det siste, går ofte med lite batteri og da vinner alltid musikk over tracking. :P Skjerpe seg kanskje, det er egentlig litt motiverande å sjå kor langt ein går.

  4. Eg veit ikkje heilt, men vår yngste har og ei "greie" med forskjellig oppførsel etter kven han er med.

     

    Så lenge eg er heime er han rolig og grei, men om sambuaren min er aleine med han kan han visst vere ganske så plagsom og urolig. (Han er forøvrig rolig når han er heime aleine utan folk.)

    Når sønnen min er heime er han konsekvent ekstremt glad, heile dyret strålar. Kan vere noko intenst opptatt av han men er generelt grei.

     

    Min eigen lille tolkning av det er at pluttemannen har absolutt minst med han å gjere, så han har muligens ikkje fått lært inn "av-knapp" i lag med han?

    Når pluttesønnen er her så skjer det derimot meir, heile "flokken" er samla, og han og guten er rett og slett bestevenner. :wub:

  5. Dere som har svart at det blir litt knapt med tid, at to er pefekt antall fordi det er lettere å gå tur med enn tre-fire, osv: Ikke for å være freidig eller noe, men er dere alene med hundene? Bor man to sammen så har man jo fire hender tenker jeg :) Hadde det blitt flere hunder om dere var to i huset som ville trene dem? :)

    Sent from my GT-I9305 using Tapatalk

    Dersom det var fleire som var aktive og trente hund, så hadde me nok hatt fleire ja. :) Pluttemannen lufter og leiker med hund, han trener ikkje hund. :P Sønnen min er meir aktiv, men går meir tur enn trener, bur vekke og går på vgs så har ikkje så mykje tid. Eg trur likevel at om me alle var aktive og interesserte i å trene, så hadde me nok ikkje hatt meir enn ein kvar.

    Og dersom eg budde heilt aleine veit eg ikkje om eg ville hatt to faktisk, spørst veldig på hunden og livssituasjonen ellers. Er innimellom aleine her når både sønn og mann er bortreist og då er det mykje med jobb, skule og begge bikkjene, sjølv om pensjonisten gjer veldig lite av seg så tykkjer eg det blir for lite tid til begge.

    • Like 1
  6. Men hvordan får jeg innleggsiden inn der? Jeg finner ingen mulighet til det.

    Inne på menus, skal du kunne legge til og fjerne kva pages du vil ha i navigasjonsbaren din. I den boksen der vel du Pages, og hakar av for dei du vil ha med i menyen, add to menu, og så kan du sette dei i den rekkefølga du vil ha. Kan og lage undermenyer der etc. Du må ha laga dei sidene du vil ha i menyen først da. :)

    Er i alle fall slik eg har gjort det på dei sidene eg har laga, men er sikkert andre måtar å gjere det på og. :)

  7. Eg har to, og vil nok gjerne ha to framover, men ikkje med same aktivitetsnivå sidan eg ikkje har aktivitetsnivå høgt nok til det. I dag har eg ein bc på eitt år og ein pensjonist, det går heilt greit. Tipper eg ender opp med ein som treng litt aktivitet og ein maskot, gjerne ein omplassert pensjonist til. Dersom eg hadde berre slike som pensjonisten kunne eg sikkert hatt 4-5 stk utan problemer. :ahappy:

    • Like 1
  8. Eg tykkjer sånn generelt at det er litt eksluderande å komme inn i ein tråd der TS søker folk som vil gå spor, og kun invitere med ein av dei aktive i tråden altså. :P Eg skjønar at folk kjenner kvarandre utanom forum og slikt, men eg ville nok ha tatt akkurat den biten på pm. ;)

    Ellers, for alle i tråden og andre :P, så tar eg gjerne ein dag med litt organisert (og mindre organisert) sporgåing framover. Eg kan ofte på dagtid denne månaden, og sannsynligvis heile komande helg. :)

    • Like 5
×
×
  • Opprett ny...