Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Elskepå!

    Pappa las Hobbiten for meg (for alle i familien egentlig, stor samling ved sengetid), då eg var sånn ca 5-6 år trur eg? Før skulealder i alle fall. Og så las eg Ringenes herre første gong då eg var sånn ca ti, og har lese den/dei fleire gongar seinare på engelsk. Har sjølvsagt og lese utanombøkene, og samlar på alt eg finn av Tolkien. :ahappy:

    Elskar filmane. Alle saman! (Inklusive den rare tegnefilmen!) Dei er heilt feil, sjølvsagt, samanlikna med bøkene, men alikavel så riktige. Gler meg villt til å sjå siste!

    Har forskjellige variantar av Hobbiten og LOTR dataspel, brettspel og kortspel, og eit særs sjarmerande trekk ved Herr Plutte før me vart i lag, var at han hadde ein delux limited edition DVDsamling av alle filmane. (Der me no manglar den eine pga teite Elkjøp! :Hyttemedneve: )

    Har omtrent same forhold til Narnia, Momo og Den uendelige historien. Fiiiiiine!

    • Like 4
  2. Eg er rimelig sikker på at veldig, veldig mange, og truleg dei fleste, av dei som ville bli lista opp som ein del av den indre kjerna, ikkje sjølve meiner dei høyrer med på den lista. :P

    Eg skjønar godt at det kan sjå ut som det er ei indre kjerne her, og at alle kjenner alle og kun likar og kommenterer på kvarandre sine innlegg. Når eg ser to-tre personar som snakkar saman i f.eks. AN, så kan eg lett tru at det er fordi dei kjenner kvarandre godt, henger i lag på fritida, og er ein del av dei som ikkje kommenterer på mitt innlegg for eksempel og så blir to-tre til "alle". Men det at dei inkluderer kvarandre betyr jo ikkje at dei samtidig frys ut meg, det er klin umulig å få med seg og kommentere absolutt alt. Ikkje er det interessant heller, eg hopper glatt over, for meg, uinteressante innlegg om saker eg overhodet ikkje engasjerer meg for, og det tykkjer eg må vere lov.

    • Like 1
  3. Så fint alle har det! Fy søren no vart eg inspirert til å rydde og kome vidare med oppussing. Kjem nok ingen bilder herfrå før tidlegast neste år. :ahappy:

    Edit: Me har forresten ikkje pynta noko enno, har heller ikkje så mykje pynt, men skal nok klare å finne fram litt, og få fatt i eit (lite) juletre.

    • Like 2
  4. Du vet du er borderline nutcase når du stressturer bikkje en kjapp time (med haugevis av godbitsøk, sov bikkje, sov!) rett etter barnehagelevering, og gjør unna alle huslige gjøremål som sto på programmet for fridagen i en forrykende fart bare fordi du tror posten kommer med garnpakke i dag…

    To osloanorakker til kusinene ferdigstrikket, nå lett lang jakke til min søster og høstjakke til svigerinne. DIY jul i år, and i love it!

    (hvor er julesmiliene?!?)

    Har du strikka to osloanorakker, ei lett lang jakke og ei høstjakke, på ein dag? :D

  5. Pakke med kryssordløysar, kryssordpenner og kryssordblad?

    Denne boka? Gjerne med inkludert besøksintervju(er).

    Garn, strikkepinner, og oppskrift på dukkeklær ( i størrelse prematur), så kan ho strikke/hekle til sjukehus?

    Lag ein fotokalender med berre bilder av deg sjølv i? Eller med dei vaksne familiemedlemmane? (Det blir veldig fort nok bilder av dei yngste.)

    Ein tv-serie de kan sjå saman?

    Ingen av mine besteforeldre/svigerbesteforeldre har vore særleg interessert i kremer, lotions og slikt, det hadde berre blitt rart, men har satt pris på noko å gjere på, og helst ting dei kan gjere i lag med slekta.

  6. Vi skal hogge vårt eget ca 1.5 uke før julaften, men når vi har kjøpt så har vi hastekjøpt bittelillejulaften eller lillejulaften :P

    Det var litt motsatt av oss. :D Lev dei så lenge altså? Eller, omformulert, kor lenge lever eit hogd juletre? Me brukar jo alltid å ha det ståande anten til ei god stund etter at det har døydd (når det står heime på garden blir det gjerne ståande aleine heime nokre dagar her og der, og døyr brått og brutalt), eller så vert det tatt ut rimelig kjapt dersom alle reiser tidleg i romjula og ingen skal tilbake på lenge, så eg har ikkje peiling kor lenge det varar.

    Kanskje kjøpe sånn ca ei vekes tid før då.

  7. Sidan eg no ser at min venn har fått pakke/ser at min venn ikkje har fått pakke/ikkje ser at min venn har skrive noko, kan eg berolige med at den er på veg/puste letta ut over at den kom fram/innrømme at eg ikkje har sendt enno.

    Eg har ikkje fått pakke, og har allereie innsett at det er fordi ingen er glad i meg. Får sikkert ingenting til jul, eg. :'(

    Håpar den ikkje kjem heilt enno, eg er skikkelig dårlig på å ikkje opne. :D

    • Like 6
  8. Ikkje eit veldig hjelpsomt svar, men pensjonisten min har gått på fortekor i fleire år, og søv mykje. Eg merka ikkje forskjell på trøtthet før medisinering og etter, men han har andre diagnoser som kan vere orsak til trøtthet og slapphet, pluss alder.

    Han er på ingen måte for trøtt til å vere med på tur eller å trene, men kan bli så engasjert at me må for eksempel alltid late som at han ikkje skal vere med, og kan ikkje kle på han før sekunder før me går ut døra, ellers sliter han seg ut av forventningsglede.

×
×
  • Opprett ny...