-
Innholdsteller
459 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av plutte
-
Har henta pakke. Kjempekoselig hint utapå som eg allerede har snikt litt på, men eg skjønar ikkje kven det er. Gledar meg til å speklulere meir i kven det er!
-
Noen som vet hvor jeg får kjøpt?- tråden
plutte replied to IdaC's emne in Utstyr og tilbehør til hund
Såg det i dag, faktisk, men den var stygg og dyr. -
Eksamen i morgon. Kor mykje sjokolade er nok å ha med? Må jo ha noko å drive med i fem timar, for nok kunnskap til å fylle alle har eg ikkje. ?
-
Noen som vet hvor jeg får kjøpt?- tråden
plutte replied to IdaC's emne in Utstyr og tilbehør til hund
Yessss! Sjekker der, takk! -
Noen som vet hvor jeg får kjøpt?- tråden
plutte replied to IdaC's emne in Utstyr og tilbehør til hund
Fysisk butikk i Bergen ish, som har reinsdyrhorn? Type fake, til å pynte hunden med. ? -
Fantastisk! Eg tar gjerne tre-fire stk. Lykke til, dette blir kanonbra!
-
Fikk hentelapp i posten i dag, som eg går ut frå er min hemmelige pakke.
-
@Poter Kolakaker er gudanes gave til menneska. Sjuhuukt godt! Deilige og eh... meir deilige. Er oppskrift her, ser eg har kalla dei karamellkaker der men det heiter altså Kolakaker. Best! @MonicaT Eg trur eg har sett sånt på Panduro og slikt?
-
Ja, altså, som ein del av handelstanden protesterar eg på at det er vårt ansvar. For makan til irriterande greie. Dei einaste eg har høyrt det frå er type høglydte og kravstore folk som står i ein evighet foran kassen og lagar kø, medan dei diskuterar og planlegg kva som skal vere julekalendergåve, førjulsgåve og julegåve til ditt og datt. Eg tykkjer det er litt rart å bli bedt om å pakke om ei gåve fordi julekalendergåve, førjulsgåve og julegåve ikkje skal ha same papir? Whyhyyyy! Eg kan sutre meir av mindre. Men altså ja, minst tre forskjellige mennesker (kundar) har snakka om førjulsgaver denne jula. Aldri høyrt om det før. Teit konsept. Rakk ikkje lunsj heller, men heldigvis hadde me twist. Og no lagar pluttemann nachos! :gomle:
-
Kva i alle dagar er greia med førjulspresangar?! Kvifor har det blitt ei greie.
-
Alt det @simira sa. Dersom du ikkje tykkjer det er for langt, veit eg om ei heilt fantastisk dame som kan gi masse hjelp med å trene BAT, som bur i Bergen. Min lille fis tykkjer og tykte og at verda var stor og skummel, og me har kome laaangt med BAT! Det krev mykje eigeninnsats men er eit fantastisk verktøy.
-
Dersom han for eksempel får vere med på kjøkkenet når du lagar mat, så seier min superenkle forskning at alle hundar set seg eller legg seg når det skjer noko som dei er interessert i, og så fanga det der og generalisert etterkvart. Eller i ein annan situasjon der han er avslappa men vil følge med. Belønne ut av sitt og så vente på repetisjon. Og så ville eg ha trent rygging, trur eg? Shapa det inn frå stå, berre for å få han til å innsjå at det kan skje ting bak øyrene. Det er knallgøy og sjukt utfordrande å trene gamle hundar! Lykke til!
-
Jaaa, tankmjølk! Herlighet for ein smaksforskjell fra kartong! Fy søren det savnar eg. Definitivt forskjell frå gard til gard. Og geitmjølk er alvorlig undervurdert!
-
Dette er grunnen til at eg alltid kjøper Tine. Fine Tine. Og så kjøper eg helst mjølk som heiter mjølk, og likar best H-mjølk og kulturmjølk. Skal ikkje vere lett å gjere alle til lags. Har kjøpt økologisk, kjem sikkert til å gjere det att og, men skal ærleg innrømme at når økologisk ofte vert dytta vekk i eit hjørne, så går eg ikkje og leitar. I gamle dagar, då eg jobba i fjøs, hadde "mine" bønder mellom fem og seksten mjølkekyr. Dei fleste kring åtte. Utan Tine hadde ikkje desse overlevd. Den eine dreiv økologisk forresten, kan ikkje sei det var noko større forskjell mellom hass husdyrhald og dei andre, då var det større forskjellar mellom dei "vanlege" bøndene. Dei fekk ein anna type kraftfor hugsar eg, men det var i hovudsak alt. Det er nærare 20 år sidan da, så kan jo ha skjedd mykje der sidan dess.
-
Eg har fått min første forkjøla hund. Som eg har lagt merke til i det minste. Han har sleika på seg litt sår nase og det har blitt skurve på, og eg vart litt hjelpelaus. Det ser ganske vondt ut. Kva kan eg smøre med som det ikkje er livsfarlig at han sleikar vekk?
-
Sci-fi er liksom min greie og. Men kan vere skikkelig utolmodig med det eg tykkjer er dårlig sci-fi, så om eg har vore i "feil" humør så kan det meste slå feil. Lang dag på jobb, mange har begynt på julehandelen. -.-
-
Da skal eg prøve den igjen. Takk! Og kryssar fingre for at du får bonde heim, og ikkje innbruddstjuv.
-
Me har økonomisk jul, så her skal det kjøpast minst mulig kjenner eg. Men blir vel litt allikavel, i tillegg til litt heimelaga snadder. Søs skal få kalender med bilder av meg i. Ellers har eg egentlig ingen klare planer. Henger litt i tråden for tips.
-
Er The expanse verdt å sjå? Såg litt av første episode men vart ikkje engasjert så bytta faktisk til noko anna. (Var lit utålmodig. :D) Det var litt teit, sidan den egentlig høyrdest ut som noko eg kan like. Sei gjerne at den blir betre.
-
Digg med fyr i peisen. Skulle berre ønske eg hadde fleire dører i huset så ikkje all varmen flaug opp i andre etasje heile tida, der er det jo ingen.
-
Henger meg på hanske/votte/vante-folket. Eg har nettopp mista den eine heimestrikka votten min. Sokkar er og fint. Eller berre tråd, så kan eg lage sjølv. Eller ein link til ei fin oppskrift. Er altetande, likar isbitar best men det er kanskje litt vanskelig å pakke inn. Likar handarbeid av mange typar (strikking, hekling, teikning, leire etc), men kan ikkje egentlig sei at det er noko spesifikt der eg veit at eg treng. Driv stort sett med hund i ein eller annan grad (lydighet, rundering, tur, foto, kos). Likar å lese, mest fantasy eller krim, men jobbar i bokhandel og har rimelig fri tilgang til det meste av bøker. Blir allikavel sjukt glad for bøker, men da helst av det litt sære slaget som eg helst ikkje kjenner til frå før. (Veldig glad i Neil Gaiman, Terry Pratchett, Rothfuss, Douglas Adams, Kurt Vonnegut, Bing og Bringsværd etc. Det er jo ikkje så sært egentlig, men det er ein omtrenteleg retning i alle fall. Av krim likar eg Kepler, Chelsea Cain, Samuel Bjørk og slikt, og ikkje Läckberg, Jo Nesbø og den typen. ) FORSLAG til nye forfattarar er MINST like fantastisk som faktiske fysiske bøker, om ikkje enda betre! Samme med musikk og tv-seriar/filmar! Lister med forslag er gøy! Likar Dr Who, Torchwood, The fall, Black Books, black mirror, downtown abbey, x-files blabla. Musikk type Thåström (<3 <3 <3 <3 Thåström!) Emilie Autumn, Tom Waits, Nephew, kaizers, Cohen, nirvana, blabla. Men kan og finne på å like Gabrielle og Kygo, sjølv om det kvalifiserar som veldig moderne pop for meg. Hunden heiter Vaffel og eter alt. Ønskar meg elles augevippar til bilen, og kanskje ein snute. Og eg har ingenting med bordercolliemotiv på, sjølv om eg strengt tatt ikkje har behov for -ting- i nokon grad. Og øyredobbar, finner ingen. Eventuelt eit system for oppbevaring av sådan. Og motivasjon for å oppretthalde slikt. Julepynt kanskje? Har egentlig ingen. Likar best jordfargar til meg sjølv, er rund og stort sett blid. Har eit rotehus i loppis-møter-ikea-stil. Vaffel er eksepsjonelt pen og kler det meste.
-
Er barnevakt. Ungen søv og nettet er så teit at det kun fungerer i andre enden av rommet, så da ser me netflix på lang avstand på macen. Ramlar berre ut sånn ca kvart kvarter. Ferdig med handarbeidet mitt og. k j e d e l i g! Kva gjer egentlig småbarnsforeldre på om kveldane? Er for lenge sidan til at eg hugsar. Dvs, eg hugsar eg var trøtt. Legg ein seg så tidleg? Ja, jo, sikkert. ?
-
Østlandet har liksom ikkje fjell å sammenligne med. Fine skogar da! Ja! Gikk det i 2014 og har fått lov å følge litt med på dei som har gått her i 15 og 16 (bergen), kanongøy kurs! Utruleg lærerikt, det blir nok bra!