Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Har også dekkenet frå hundeeierbutikken, har ikkje prøvd det ute enda, men det verkar veldig varmt og godt Einaste minuset er at dei er litt små i størrelsen. Bestillte 50cm til Catania, som normalt brukar 40-45 i dekken, men i lengda på ulldekkenet kunne ho gjerne hatt det ein størrelse større. Ser ellers ut til og sitte bra då
  2. Bellare

    Søndags EFIT

    Hadde eigentleg tenkt at vi skulle ta EFIT i går, men sidan dagen generelt sett var møkkakjedeleg og for det meste besod av «husmor» arbeid, tok eg det heller i dag. I dag skjedde det litt meir, nemleg. Som LP treningssamling i ridehallen frå kl. 10, samt litt frislepp og agilitytrening. Agilitytreninga gjekk faktisk overraskande bra! Trente så vidt to gangar i sommar, og prøvde oss då blant anna på tunnellen, som Catania syntes var dritskummel på den tida. Prøvde den igjen i dag med litt hjelp frå Birthe (@Tipsi), og då var det null niks problem! Ho tok til slutt heile lengda av den korte tunnellen, utan problem Knipsa litt bilder no og litt då, så tidspunkta er kun sånn cirka når dei er tatt. 01:00 – Fant ut at det var på tide og finne senga, bruningen var forsåvidt enig i den saken. 10:00 – Våkna til det her. Og fant til slutt ut at vi kanskje måtte komme oss opp og ut av senga, om vi skulle få gjort noko vetigt i dag. 10:30 – Det plaskar ned ute, men vi kan ikkje snike oss unna morraluftinga gitt 11:15-ish – Vi kom oss til slutt ut døra, og var på veg opp til ridehallen for og få med oss litt av treningssamlinga. 12:00 – Står og glanar litt på alle andre. Og så fikk eg ei lita innføring av korleis eg kan lære inn «ruta» med bruningen 13:00 – Trente litt fellesdekk med to andre som var igjen ei lita stund etter at resten av folket hadde reist. (Bildet er kidnappa av ei som var på treningssamlinga i dag). 14:00 – Birthe ( @Tipsi ) kom, og vi hadde hallen for oss sjølv. Catania og Ivo fikk dermed herje litt rundt for og få ut litt energi. Trur det gjorde godt for bruningen 14:30 – Vi trente litt agility før agilityfolket kom. Her susar Cataniaen gjennom tunnellen, wehooo! 15:00 – Nett komt oss heim igjen. «Kva skjer no då, mutter’n?» 16.00 – Var på tide og skifte på senga, så då fant eg fram vinterdyna i samme slengen *grøss* …. – Catania meinte ho måtte passe på det skitne sengetøyet, så det ikkje skulle stikke av! 17:00 – Etter ein varm dusj, var det på tide med ein varm kopp kakao/Cafè au Chocolate blanding. Nomnom! …. – Det var også på tide med ein aldri så liten matbit 18:00 – Slappar av med The Originals, og snorkinga til Catania i bakgrunnen 19:00 – Ser litt på all galskapen på Politipatruljen. 20:00 – Sjekkar ut pris på den gule treningsvesten, så eg kan leite etter på Dogs4All og samalikne prisane litt. Fint med ein gul og kul vest med refleksar, som ein kan bruke som tur-vest no i mørketida 20:30 – Ut og «prøvekjøre» dekkenet vi fikk av Birthe i dag. Catania var ikkje heilt begeistra for været 21:00 – Vi er sofaslavar resten av kvelden, før vi skal finne senga. Så er det påan igjen med ei ny arbeidsveke i morgon tidleg.
  3. Thorvald er så søt, reknar med han gledar nokre hjerter på sjukeheimen Den pizzaen såg skremmande god ut!
  4. Så genial løysing på marsvinbura! Nesten så man får lyst på marsvin sjølv, etter å ha tatt turen innom her
  5. Og endeleg var dagen her, når den utvida båndtvangen endeleg er over! Desverre for oss, bur vi på vestlandet, og har hatt ekstreme mengder regn i det siste. Store delar av parken ligg under vatn, og det er pissbløtt i skogen. Og Catania er ikkje så innmari glad i regn, då hører man til under eit varmt teppe i sofaen Men tok uansett turen opp til lysløypene i dag, så dyret fikk eit 10 minutters frislepp i dag I morgon vurderar eg og ta turen opp i hallen for og prøve litt agility med Catania. Men er ørliten grann skeptisk etter å ha sett enkelte av dei andre i hallen, når eg har trent LP... Eller om vi skal hive oss med på LP samlinga. Parken, dagen etter flaumen. Vatnet har gått ned ein god del, men framleis ligg store delar av den under vatn. Når dyret finner ut at ho skal leike modell av eigen fri vilje, så er det vel berre og knipse i veg? Desverre vart ikkje skarpheten slik eg ville ha den...! Det er så himla kjedeleg og vente! Zombiehunden! Ørliten grann misfornøgd med været i dag. Ristar laus så auga rullar "Heilt seriøst, eg går no mutter'n" "Ja, altså... kjem du?" Når dyret ikkje tørr gå lenger aleine i ruskeværet, då er det best og komme seg tilbake i full fart
  6. Oppdatert med litt bilder frå "dagen derpå" av flaumen og mål for 2015 Og så har eg endeleg fått endra litt på utsjånaden på bloggen
  7. Bellare

    Almanakk

    Eg har My Case almanakk, som er "innbunden" med sjølve almanakken på eine sida og ei notatblokk på andre sida inni. Dei kan takast ut og skiftast for kvart år.
  8. På onsdag var eg i Stavang for og ta nokre interiørbilder på hytta til ei som ofte har vert med på tur med den lille myndegjengen her i området. Catania fikk vere med, så etter bildeshooten, fikk ho komme ut av bilen for litt herjing med hennar to Whippet-hannar. Stor stas og få leike med likesinna! Før vi skulle køyre heim igjen, sprang Whippetane etter Catania, så ho sprang under ein tilhengar som sto der, mens Whippetane sto på "utsida" og såg under etter ho. Plutseleg kraup Catania i full fart ut på andre sida, rundt og overraska Whippetane, før ho sprang under igjen før dei fikk taket på ho. Snakk om og gjere seg kostbar for gutane, hihi Catania og gutta boys i farta 3... 2... 1... Angrip!
  9. Bellare

    Priam & Sasha

    Åhelledussan altså! Priam var berre fantastisk nydeleg
  10. Nei, vi sjåast vel igjen til neste år tenkjer eg Haha, ja, det hadde jo vert morro om bruningen klarte og nå så langt!
  11. Tusen takk Var flinke dåke også, av det eg fikk med meg!
  12. Takktakk Syns det er kjempemorro! Ho lærer raskt og ser ut til og like det, og når det attpåtil går betre enn forventa, då blir det ekstra morro Men ho er jo veldig "vær-sær", og då kan det til tider blir vanskeleg og demotiverande med trening. Kalde haustdagar og heile vinteren blir det lite trening, samt regnfulle vår- og sommardagar når vi ikkje har tilgang til hall. Derfor ser det ut til at vi skal starte med AG no i vinter, så vi har noko og trene på
  13. I dag gjekk vi vårt andre offisielle LP-stevne, i regi av Førde Brukshundklubb. Etter ei kort trenignsøkt tidleg på dagen i går, som gjekk rett vest, hadde eg verkeleg ikkje dei store forhåpningane i dag. I tillegg er det haust og ein smule kaldt inne i hallen. Men tru det eller ei, bruningen slo til, og eg kunne ikkje vert meir stolt Film kjem når den er ferdig redigert og opplasta Tannvisning: 8,5 Fellesdekk: 5 Lineføring: 6,5 Dekk frå holdt: 7 Innkalling: 8,5 Stå under marsj: 6 Hopp over hinder: 9 Avstandskommandering: 8 Heilhet: 8 144 poeng, 2 premie og 2 plass! Fikk også sølvmerket sidan vi ikkje nulla, woheeei! Dommar var Aud-Liv Nes Eide.
  14. Gårsdagens halltrening, "generalprøve" før stevnet på søndag!
  15. Reiser nedover for og snike rundt og sjå på morroa
  16. Så mange fine bilder Og Susi ser ut som ein nydeleg kosebamse
  17. Småfehjerter (lammehjerter), maaasse treningsgodbitar og tyggesaker, kong tauleike med pipeball. Og Anxiety Wrap, håpar den hjelper på heime-aleine-treninga! Ikkje bikkja, men halsbåndet så klart
  18. Reknar med det er individuelt, ja. Veit eine kullbroren til tispa mi, er/var meir bjeffete av seg. Men har ikkje eit inntrykk av at det er ein bråkete rase
  19. Ekstremt lite lyd frå Etnadyret her i heimesituasjonar. Er kun når det kjem folk på besøk at ho kan varsle, men det har ho definitivt lært av Cotonen eg hadde før, som er ein varsler. Men det kan vere litt lyd under leik med andre hundar Eg bur i burettslag, og ho har aldri bjeffa verken på naboar som smeller med dører, går forbi leiligheta, eller på to- eller firbeinte som går nede på gata når verandadøra står open og ho kan gå ut og sjå. Om vi møter på pinnsvin eller katt ute på tur i nabolaget, og jaktinnstinktet "går seg varmt" (noko som er uhyre sjeldent, men det kan skje) kan ho komme med eit bjeff eller to. Er fælt og gå i bånd når man heller vi jakte nemleg! Men @Nowisclee, har jo meir peiling
  20. Mobilnummer, "hunden er chippet" og til tider namnet på bikkja (som kanskje ikkje er sååå lurt )
  21. Eg har hurtta, og har hatt den i ein del år no. Kunne ikkje vert meir fornøgd! Edit: Er hurtta Motivation treningsvest eg har, den svarten
  22. Nokon som veit kvar ein får kjøpt GPS til hund, til ein noko lunde grei pris?
×
×
  • Opprett ny...