-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Godt og vere tidlig ferdig, for ein gongs skuld Einaste eg har igjen, er pappa og typen. Og dei er vanskelege... Har noke herreparfyme og ei herre toalettveske med innhold som eg lurer på å gi til pappa, men så fikk han parfyme til farsdagen også. Kanskje slenge med nokre par sokkar, eller blir det veldig mykje? :p Typen ønskar seg ei jaktbukse av noke slag, men den er svinaktig dyr! Så den føler eg utgår, sjølv om han meinar han kan vere med på og betale den + han får rabattar på den der han jobbar. Mannfolk er vanskelege... Mamma - strikebolle Mamma & typen - Kaffi og te Stemor - Gavekort, julekrukke og noke pynt greier Mormor og besten - Div. spekepølser + kaffi Borderen - Sengesett Venninne1 - Parfyme + gavekalender Venninne2 - Bodum termokopp + Poul pava krydderglass Venninne3 - Barneklær Bikkja til typen - Halsbånd og refleksvest Catania - DoggieBag og ny fleecegenser
-
Tusen takk Sambuar var nær ved å snu i døra, når han såg kva eg hadde tenkt og kle frøkna med den dagen
-
Tusen takk Brukte Canon EF 70-200 mm f/2.8
-
Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom ho inn til meg, når det brått kom ei bikkje bak oss som som starta bjeffe, på slutten av turen. Ho gadd faktisk ikkje bry seg om den etter at eg hadde fått på ho båndet eingong, wehooo Fredrik kasta småstein i graset og lurte Catania trill rundt. Ho var nemleg på musejakt. Trudde ho. Fikk "blikket" Fikk med oss ein fin solnedgang ved flyplassen Ikkje alltid like enkelt å ta bilder av begge bikkjene ilag Fenris og Catania :)
- 131 replies
-
- 10
-
Catania rundt 4 mnd. på bildene, no 3 år Foto: Cilje H. A. Moe
-
Sidan eg absolutt hatar og gå på skojakt, og i bunn og grunn ikkje har peiling, søker eg hjelp her Er på utkikk etter eit par gode vintersko som held greit på varmen, og som tåler vestlandsvær med våte og slapsete dagar, utan at dei blir våte gjennom. Helst sko som ikkje kostar flesk (under 2000,-) Har sett litt på Salomon Madawaska GTX vintersko og Merrell Polarand 6 hikingsko. I følge mamma er Salomon eit bedre valg av dei to, pga. GoreTex, men eg har ingen aning. Har dog god erfaring med salomon tursko, som eg brukar dagleg, null erfaring med Merrell. Nokon som muligens har erfaring med desse?
-
Har ikkje satt meg nokre spesielle mål for i år eigentleg :) - Spare meir, bruke mindre på mat - Kjøpe hus - Trene på nye LP øvelsar - Få opprykk til LP klasse 2 (eller korleis det blir med alt det nye) - Prøve sykling med Catania, har jo hatt frontstanga liggande i eit års tid... - Gå fleire, lengre turar. Gå meir i fjellet på sommarhalvåret (og forhåpentleg bli kvitt nokre kilo i samme slengen) - Trene blodspor - Kurse oss litt i rally lydighet
-
Nokon som har eit jægerens varmedekken i str. 1, i den gamle modellen (grønn/brun?) dei ikkje har bruk for lenger?
-
Sitter i sofaen med ullsokkar og eit pledd som eg delar med Catania, og fryser. Enda godt ho er såpass varm at ho funkar som ein ovn, for no har kulden kom. Og eg er grisemisunnelig på alle som har varmepumpe eller peis, og det trur eg lille frysepinnen min er også, etter at ho låg sånn her hos mormor og besten på søndag. Ho legger seg ellers aldri rett på golvet, må aller helst vere eit godt teppe der
-
Når eg hadde liten hund, greit nok ein liten pelsdott, så brukte eg ofte Dogs of Norway Parkdress frå ilovedogs.no, men det er meir ein regndress då. Hurtta har ein tolags dress som er veldig fin på veldig kalde dagar; fleecedress som du kan bruke aleine eller feste med knappar inni ein regndress. Regndressen kan også sjølvsagt brukast aleine på milde, våte dagar. Ellers har Hööks billige og greie dekken, men har opplevd at dei ikkje er spesielt gode til små hundar. Det vinterdekkenet eg bestillte derifrå var så svært forran og mellom frambeina, at eine framlabben havna inni der. Så der ville eg prøvd før kjøp. Strikkagenser i ull, eller ulldekken er godt og varmt. Har til tilgang til tam outlet eller noko i den dur, så hender det dei har tilbud på ulldekken der. Eg fant til frysepinnen min på tam outlet i Fredrikstad i fjor, til heile 19,-
-
@Sikvax For det meste hund :)
-
Catania var til veterinæren for vaksine og kontroll no i veka. Eine assistenten fôra ho på godis, som ingen andre bikkjer enn Catania ville ha, så ho ensa ikkje vaksina eingong. Sånn er det med ein firbeint skapning som er snopesjuk 24/7 Fikk veterinæren til og ta ein sjekk av knea også, for trur det er skruane eg har kjent som stikker litt ut inni der. Og fikk tilbakemelding om at viss dei skulle komme meir ut eller ho blir plaga av det på eit vis, så må vi vurdere kva vi skal gjere med det. Møkk altså! Så kryssar fingrane for at dei held seg i ro, ho viser i vert fall ingen plagar eller noko, slik dei er no. Ellers var det tipp topp, tommel opp. Og så vart det nevnt noko om god anatomi Kun eg som syns ho burde bli feita opp litt då, så no får ho ein del ekstra fôr, til matvrakets store glede
-
Av tre påmeldte LP stevner i år, har vi på grunn av regn og løpetid måtta droppe to av dei. Men i dag fikk vi endeleg gått! Og til vårt hell, så var det 15 grader i dag tidleg. Starta som nr. 3, så var kort ventetid i dag, og det var rett og slett deilig! Minuset var jo det at vi måtte vente til alle klassane var ferdig, før premieutdelinga. Så då vart det over 4 timars venting, wuhuu. Men uansett, eg er storfornøgd med lille frøken dings i dag! Fellesdekken var eg forberedt på at ho kom til å nulle på, vurderte jo faktisk å trekke ho frå den, men kjørte på og lot det stå til. 1,5 poeng meir enn fjorårets stevne Visning av tenner: 9 Fellesdekk: 0 Lineføring: 8,5 Dekk frå holdt: 7 Innkalling: 10 Stå under marsj: 7,5 Hopp over hinder: 9,5 Avstandskommandering: 8 Heilhetsinntrykk: 9 Totalt: 145,5 Dommar: Ann Christin Sjøtun https://www.youtube.com/watch?v=lbb-hMnuydI&feature=youtu.be
-
Håpar i grunn vi endar opp med kvar vår rase her Sjølv om det blir veldig mykje med fire bikkjer Han flytta inn hit med elghunden sin. Han trekker noko jæ****, og eg har ved fleire anledningar nærmast komt flygande etter fordi han brått langar ut til høgre/venstre/fram/bak fordi han kjenner ei lukt. Har også ført til eit par svært såre hender, så han orkar eg kun gå korte turar rundt nabolaget med. Og det er eg som har måtta trene på og gå fint i bånd, så no er han OK når eg luftar han. Heldigvis. Men hører støtt og stadig at vi skal ha eit hus fullt av elgbikkjer, og han har fått beskjed om at ansvaret vil ligge på han. Og at båndtrening er alfa og omega om det skulle bli fleire! Og ikkje minst; røytinga! Eg for min del har gitt ettertrykkelig beskjed om at eg skal ha Etnahund igjen, og at eg allerede står på liste (satte meg på liste før eg vart sammen med han). Ikkje at han har sagt noko særleg på det, men han meinar jo at det ikkje er skikkelig hund Er ikkje så enkelt alltid det her. Men tenker man bør sette seg ned og snakke skikkelig om det, for det blir jo veldig dumt å skaffe seg ein rase som ikkje passar inn med tanke på aktivitetsnivå og slikt. Og om det skal vere "hans" hund, så burde det gjerne vere slikt at det er han som får hovedansvaret.
-
Løpetida er no over. Sambuar og bikkja hans var heldigvis på elgjakt det meste av løpetida, men dei var sjølvsagt heime siste veka i løpetida. Den som er verst og greier. Gjekk OK dagen dei kom heim, men dagen etterpå vart eg gal av all pipinga og sutringa til Fenris, så sendte Catania til mamma for nokre dagar, fram til typen og bikkja reiste på ny elgjakt Satsar på at vi har fått oss hus til neste gang, så vi enklare kan skilje dei ved å ha dei på kvar sitt rom.
-
Gjer oss klar for avreise til match show. Kan bli morro, håpar eg
-
Oppdatert bloggen
-
Leikte meg litt med sollyset som kom inn mellom eit par tre, i skogen i går. Nokre tankar om dette bildet?
-
Ho har ikkje noko problem med og holde følge, i vert fall Åå, så kjedelig! Er det eine eller begge knea som skal opererast? Masse lykke til!
-
Brukar kun hjorteskank i enden av sporet, og det er einaste "fysiske" belønninga. Når ho har klart å spore den opp er det jubel og glede. Har drakamp, kastar på den og har bytteleik, syns det funkar veldig mykje bedre enn godbit når vi trenar blodspor Men tenker det er null stress og gå tur i samme område som sporet, så lenger du ikkje kryssar sporet, samt at du unngår (går rundt/omveg) for sporstart og slutt. For det gjer eg sjølv, og det har ikkje vert noko problem her i vert fall. Men å la hunden gå laus i sporområdet ville eg unngått. Men sporlukta kan sitte i lenge, så er greit å variere treningsområda ein brukar. I stede for og gå begge spora som blir lagt ut, så kan dåke bytte spor. Er veldig god trening for både hund og eigar
-
Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdig, men sidan eg var sikker på vi ikkje kunne gå, hadde eg lagt andre planar for dagen. Veldig kjedeleg, men sånn er det. Vi får komme sterkare tilbake i slutten av oktober, då er det LP stevne her i Førde! I helga fikk vi i stede trent litt blodspor. La eit kort spor på 20-30 meter, der eg brukte ein god del blod. Var veldig spent på korleis det skulle gå på søndag og om ho kom til og ta opp sporet og søke. For sist vi trente blodspor, som var før sommarferien ein gong, då viste ho brått ingen interesse for sporet. Ho som var så flink og greier... Men heldigvis viste ho stor interesse for sporet og fulgte det veldig fint. Gjekk litt forbi sporslutt før ho kom tilbake og fant skanken som var festa til eit tre. Då var det stor jubel og glede! Vart ein del herjing med skanken då. For ein herleg følelse! Etter at Catania hadde fått bære skanken ned til bilen, der vi leika enda litt meir med den, pakka eg den ned i ein plastikkpose og la den i bilen. Fram med kamera, på med refleksvest til Catania (så eg - og andre - skal sjå ho bedre), and off we went. Båndtvangstida er snart over i det området eg likar og sleppe ho, men vi tjuvstarta litt sidan det ikkje er dyr der. Og eg må sei, det er så deilig og ha ei frøken som gjerne kjem fykande berre ho merkar at eg har stoppa opp. Men så veit ho at å komme inn til meg = godis På eit område på runden vår, tenkte eg at eg skulle prøve og få knipsa litt ekstra bilder. Men ho kom bort til meg når eg stoppa opp. Så fikk ho godis, og eg sendte ho ut igjen. Ho stoppar etter nokre meter og snur seg for å sjå på meg, før ho kjem tusslande tilbake for og få ny godis. Sånn holdt ho på eit par gangar før eg gav opp. Men ho er no søt då Like elegant som vanlig Når mutter'n kaller, er det best å bråsnu. Då vankar det alltid godis
-
Er hunden slik i alle utemiljø? Type i hagen, skogen, byen, etc... Er godbitane gode nok? Om det er eit eller fleire områder hunden klarar og fuksere på deg, så ville eg jobba med fokus og kontakt der for så å sakte men sikkert gått over til ulike miljø
-
Har gått i frå ein hund som ikkje tålte at eg gjekk ut ytterdøra før ho starta orkesteret sitt, til at ho no kan vere heime ein heil arbeidsdag. Starta heilt frå starten av, men prøvde med iHarmoni (funka dårlig her, men har funka bra ho andre), the anxiety wrap (som ho hata over alt på jord, så slutta etter 1 veke) og til slutt Clomicalm som vi fikk på resept hos veterinæren. Har lagt ned ein goood del månadar i treninga, og starta med og gå ut i nokre sekund, så øke tida minutt for minutt. Når eg var oppe i 30 minutt økte eg gjerne med 5-10-15 minutt, men veksla på tida. At eg gjerne gjekk ut og var vekke i 5 minutt, seinare i 15 minutt, så 1 minutt osv... Men eg hadde muligheten til og ta ho med meg i bilen og la ho vere der i arbeidstida i denne prosessen, for der er ho rolig. Og når vi var komt opp i litt tid, vart ho gjerne henta av mamma når ho var ferdig på arbeid før meg. Men det skal seiast at udyret mitt aldri har rasert eller prøvd å grave seg ut, ho berre ulte, tissa på golvet og kunne finne på å rive ned ting frå stuebordet. Så det beste er vel gjerne og starte heilt på nytt.