-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Høyh! Eg ER faktisk svært forutsjåande (til mann å vere) .
-
Det var ingen som tok mot til seg og spurde om det, det fekk heller vise seg. Jankaa hadde og meldt sin ankomst, og møtte ved postkontoret, som avtalt på førehand. Ho måtte berre kjapt inn og poste ei pakke til tipptippoldemora som fylte 114 to dagar seinare. Ho skulle få siste sesong av Baywatch på DVD, som ho alltid hadde ønska seg. Lill vart med inn, nye folk må jo pratast inn. Der, på disken, låg bussjåføren i fosterstilling. Han hadde frimerke klistra både her og der, og ei adresselapp der det sto: "Heim til ho mor Heimevegen 1 9499 Heimby" Dette var ikkje akseptabelt, meinte Lill. Ho trampa bort, røska bussjåføren av disken, drog han ut etter venstrefoten, plasserte han bak rattet og gav klar beskjed: Vi skal til Budapest! Sonistane byrja å prate litt, og kom plutseleg på at dei hadde gløymd ein viktig deltakar. Det ville rettnok bli ein dugeleg omveg, men no var dei så langt aust dei kom til å vere før dei sette kursen vestover att mot Kristiansand og danskebåten, og Gardemommeby har jo nok av servedigheiter, så om dei som var der måtte vente litt, ville ikkje vere noko krise. Jaudå, det vart semje: Vi svippar bortom Sibir og hentar vedkomande. Dermed vart kursen satt austover, Sverige var unnagjort på femten kjappe timar, og følgjet rakk akkurat kveldsbåten til Finnland. Her vart det middag, sjåføren fekk seg ein svingom med dei 9 damene, før kvar trakk seg attende til si eiga lugar, med unntak av tulip, som tok oppvasken, og Line, som jogga tolv rundar rundt dekk. Neste morgon rulla bussen av ferja i Finnland, og fortsatte austover. Idet dei entra Russland, etter ein kjapp vaksinerunde og ei flaske vodka kjøpt på ferja som tollarane fekk dele, møtte dei snøstormen. Denne haldt stand natt og dag, utan teikn til å lette, men følgjet haldt modig fram mot målet. Plutseleg ropa Ganzie ut: "Eg ser ein prikk gjennom snøføyka! Eg ser TO prikkar. FEM! TJUE!". Alle sprett over på venstre side av bussen, der Ganzie sat. "Det er Casper!" utbraut Djervekvinnen. "Og dama som står oppi bakken der foran den store, dystre borgen, med svart og kvitt hår, det må vere Lola Pagola!". Det gjekk eit gisp gjennom bussen... Då kan Yodel få halde fram .
-
Takk for turen . Vi hadde ein kjempekoseleg tur, vi, sjølv om det vart VEL vått på slutten. Håpar klærne er tørre att til neste veke, då...
-
Eg kjenner heller ingen om ikkje Marie kjem, det gjer vel ingenting? Eg kjente ingen første gong eg var med på sonentur heller, og då var vi nesten ti stykk. Men skulle ikkje Synnøve og Gunnhild vere med? No skal eg køyre frå Åsane til Bergen, ut att til Arna, så inn att til Sandviken. Mogleg eg blir litt for sen, men eg kan nåast på 957 92 646. Ikkje gå utan å høyre om eg er langt unna!
-
Eg har sensurert det eg kan, så då får du ta resten .
-
Det er jo ikkje så moro når alle veit kva som skal skje .
-
Hemmeleg
-
Den høgre var kanskje litt "opnare" enn den venstre? Vi satsar på AB (har null peiling, altså, berre så det er sagt). Lukke til .
-
Eg har ei grense ved 21, det er ei tid eg ofte legg meg på sjølv, og eg likar ikkje når folk ringjer meg etter det (fekk faktisk ein telefonseljar på tråden ti på ti ein kveld, då skulle eg opp 4 neste dag. woho). Eg verken ringjer eller smsar noko særleg sjølv, eigentleg, så det er vel meir grensa for når eg synst det er greit å motta telefon . Meldingar kan eg får heile natta, det bryr eg meg lite om. Ulempa med å sende meg melding etter ni - ti om kvelden, er at eg les meldingane i søvne, utan å registrere noko som helst, og neste morgon er det ingen uleste meldingar på telefonen. Det har hendt mange gongar at eg tilfeldigvis har opna innboksen og oppdaga leste meldinger med beskjedar som eg overhode ikkje har fått med meg .
-
Då er du med og viser veg, Quintinus?
-
Haha. Det var neste spørsmål: Er det parkeringsplass der? Kvar er denne parkeringsplassen?
-
Om det står i wikipedia, veit vi jo at det ikkje stemmer... :rolleyes2:
-
Høyrest bra ut . Fredag klokka 15? Red.: Det vil seie, i morgon klokka 15 .
-
Det var det første eg tenkte då eg såg overskrifta på tråden. Sjølvsagt gjer ikkje folk dette med vilje, og ja, det er synd på dei. Meir er det faktisk ikkje å seie!
-
Det høyrest faktisk betre ut enn vår (dvs kona) sin. Eg kan ikkje fordra rømme, og det skal lite til før det blir for mykje rømme, og ein kjenner smaken. Om det går an utan, må jo det vere mykje betre . Vi brukar òg gjerne avokadoterningar som tilbehør i staden for guakamole.
-
Kjøpar ein terrengsykkel, får ein jo noko senka stang uansett. Pråbblem sålvd .
-
Erter!? Er ikkje guacamole most avokado med rømme og finhakka løk, då?
-
Eg er ikkje bergensar. Men det er jo eit fjell der? Rundemannen? (er det eitt av dei 7 fjella, forresten?)
-
Nydeleg st. bernard! Verkeleg ein av draumerasane mine.
-
Og då får eg slenge meg på, og tilstå at Laffen òg har FK-fôr (Appetitt) som hovudfôr. Han får i tillegg litt diverse matrestar ( ) og rått kjøt om det passar slik. Lina Kristine vart nærast skjelt ut då ho svarte Appetitt på spørsmål om kva fôr vi brukte i ein dyrebutikk. Ho kunne like godt gått inn på kontoret til Barnevernet og sagt at ho brukte å slå ungane sine, seier ho... Fint det, når desse dyrebutikktørrfora inneheld mykje det same.
-
Såkalla seinskader...
-
Går det ikkje an å gå frå NHH og opp mot Løvstakken (eller eitt av dei andre fjella rundt Bergen, det som er på den sida )?
-
Lina Kristine har eit anker, med avstumpa rep og gamaldags tønne. Eg er ikkje noko fæn av tatoveringar (var iallefall ikkje før ho fekk sine), men den er faktisk drittøff. Eg har ikkje noko bilete, då, så de får berre tru meg på mitt ord .