Gå til innhold
Hundesonen.no

Sirius

Medlemmer
  • Innholdsteller

    424
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sirius

  1. Hadde det berre vore så enkelt! men prøver litt ulike tips her, så tek ho vel hintet til slutt!
  2. Mange forskjellige tips her!:-) Får bare fortsette å ignorere. Har ein følelse av at alt vert øydelagt i vekene. Då er rutina stå opp, mat, do, så er det fritt rundt. Og eg mistenker at det er desse forventningane som gjer eg vert vekt i helga|-O
  3. Problemet da er listene i huset som ikkje får vere i fred..
  4. Har venta ut nokre helger allereie altså, er ikkje fyrste helga eg vert vekt alt for tidleg.. Har også prøvd å konsekvent aldri stå opp før det ser ut til å ha roa seg. Men de har trua på at det vil hjelpe å fortsette å ignorere? Å be ho ti stille har ingen effekt.
  5. I vekene står eg opp 6:15 kvar dag. Då startar livet i heimen. Kvalpen står i grind på natta, og er ellers heilt stille. I helga kunne eg tenkt meg å sove litt lenger enn 6:15. Det syns derimot ikkje kvalpen. Derfor lagar ho eit helsikes leven. Fyrst hadde eg ein teori om at ho måtte på do, men det kan ikkje vere grunnen sidan ho aldri er spesielt trengde når eg fyrst følger ho ut. Eg tenkte kanskje eg kunne ignorere det, men det vert stille en halvtime, så startar det igjen. Den forbaska vekkerklokka har slumring!! Har nokon gode tips for å få klokka til å vere stille?
  6. Gjekk forøvrig utan lest i veke tre..
  7. Mi har fjernet to ganger grunna uhell i trapp. Begge gangene har vi bandasjert og hatt potesokk på når vi er ute,barnesokk når vi var inne. Ho var med på mindre turar i byrjinga, så var vi i normal aktivitet i veke to med godt teipa potesokk.. Kloa blir heilt fin igjen. Me gjekk med sokker til der var eit hard og solid lag på kloa.
  8. Mine sover i gangen ned tilgang til sitt eige rom. Funker bra, og eg får den plassen og roa eg vil ha om natta!
  9. Eg veit ikkje så mykje om dei to bura du snakkar om,men dersom du er interessert i eit tredje forslag er eg veldig fornøgd med mitt variocage!
  10. Syns Milla vart fint eg.. Ellers lika eg veldig godt namnet Maja..
  11. Nå har det seg slik at eg har fått tilbake eine kvalpen på ubestemt tid grunna sjukdom hjå eigar. Dermed sit eg her med to kvalpar på 3 mnd. Dette er ikkje akkurat noko draumesituasjon for meg, men det må gå på eit vis! Eg er aleine om arbeidet med hundane og har to vaksne i tillegg. Derfor treng eg alle lure løysingar som de evt kan kome med. Kva er lurast å gjere om natta for å sikre nattesøvnen min? Korleis skille dei for soving, er bur beste løysinga? Reinsligheit trening, ein og ein ut? Eg er i full jobb og har for tida mykje ekstra. Eg har ikkje ennå fått noko klart svar kor lenge eigar vert vekk, og om vedkommende er så sjuk at kvalpen må selgast vidare. Eg veit meget lite. Eit spørsmål eg har stillt meg sjølv er om eg burde ordna ein avlastningsheim for kvalpen? Eller vert det for mykje styr? For hunden tenkjer eg. Med tanke på at eigar kan ringe plutselig i morga å seie ho skal ha den tilbake gjer alt usikkert. Kva hadde de gjort i min situasjon? Det viktigaste for meg er at kvalpen har det fint..
  12. Eg er veldig nøgd med mi ledlenser h14r.2. Lyser utrolig bra. Batteriet varer lenge dersom ein ikkje køyrer full styrke heile vegen. Den har oppladbart batteri, men er også høve for å sette inn 4 AA batteri dersom ein går tom. Usikker kva pris den ligg på,men er verdt pengane!:-) Red. Ser no at den var linka til ganske tidleg her av Krilo Kan også nemne at batteriet kan takast i lomma..
  13. Eg snørekøyrer med sheltie. Ho trur ho skal vinne Finmarksløpet når som helst. Veldig morsomt, men er begrensa kva den vesle kroppen klarar drage. Blir nok bra når kvalpen veks opp!:-) Kjekk tråd å følge!
  14. Eg og vil vere med! Dersom ikkje pakkeverdien er alt for høg!
  15. Eg har vore der med hund (beagleblanding). Gjekk frå Juvasshytta. Ingen spesielt krevande tur sånn sett, spørs vel kva form ein er i. Det er jo nokre 1000 høgdemeter du skal opp. Eg gjekk i september. Me hadde snø heile vegen. Det eg syns kanskje var litt kjipt for hunden var når ein skulle over breen. Då går ein i tau med fleire andre. Det går, men litt trasig. Sidan eg ikkje likar kø på fjellet går eg frå Spiterstulen neste gong. Lengre, men mindre kø.. Me brukte forøvrig potesokker, men hadde ikkje teipa dei, så dei fall berre av..
  16. Veldig sant.. Me har ikkje heilt komt oss i gong etter fødselen (hunden altså), så konkurransa får vente til etter jul! ^^
  17. Hadde eg ikkje budd så langt unna hadde eg gjerne komt... Lukke til!
  18. Korleis er gemytt og helse sånn generelt på rasa? Har haurt så mykje negativt!
  19. Red: klipping er nok eit must dersom du skal drive med utstilling..
  20. Nå har min sheltie lite pels. Eg børster berre ved behov, kanskje så lite som 1 gang kvar 3 veke, eller mindre. Meir i periode med røyting. Ho får litt skog i skjørtet, men ikkje så mykje at eg syns det er travelt. Eg vart fortalt ein gong at sobel har anna pels og meir pels ofte. Tric og blue merle har anna pels, og ofte mindre. Hannar har generelt meir pels enn hoer. Og slik har eg oppfatta det av dei eg har møtt også, men om det stemmer alltid veit eg ikkje. Klipping er eigentleg ikkje eit must, men kan vere greit å stusse ein gong i blant..
  21. Tenkte litt på aussie? Men den blir vel for stor? Så var andretanken sheltie, men då må du vere obs på linjer med voldsom pels, og gemytt..
  22. Du må vel skrive noko om dei gode levevilkåra som gjeld for ulike artar ved ulik temperatur? I tillegg kan du sjå vidare på ulike økosystem som vert sett saman ved ulikt artsmangfald i vatnet.. T.d viss det er gode levevilkår for fisk, vil det vere gode levevilkår for Oter osv..
  23. Skriver under på Catoma! :-)
  24. Jensen, McDonald, Mt Kinley, Kåre, Oddvar, Fransen, Valen, Thor, Heimdal, Blom.. Heia fortsatt på Alfred eg!
  25. No skal det seiast at me langt frå helser på alle framande. Me går mykje berre rundt å er til også! :-) Dette er byrja verte nokolunde greit..
×
×
  • Opprett ny...