Gå til innhold
Hundesonen.no

Sirius

Medlemmer
  • Innholdsteller

    424
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sirius

  1. Syns ikkje den har rette "konsistens" til den type sår..
  2. Kan sjølvsagt vere. Tenkte på flått. Einaste det var rart med alle skorpene. Skal prøve tipset ditt belgerpia, takk!:-)
  3. Hun viser ikkje teikn til å ha det vondt nei, men ho er stygg å bite og slikke der! Er redd det skal verte større.. Så er halen litt rar.. Dette kan jo ha med fødselen og gjere, anar ikkje om dei bærer halen litt annleis då..
  4. Syns det er så rart når der er skorper nesten helt rundt, men eg er jo litt av ei hønemor til tider..
  5. Oppdaga i dag at tispa mi har eit sår på halen. Det er på størrelse med en ert. Det er også skorper rundt. Nærmeste veterinær har tatt ferie så er litt i villråde. Har ikkje lyst å stresse opp med 4 dager gamle kvalper og mor på ein lengre køyretur. Dermed spør eg her, med bilete. Er dette noko eg burde gjere noko med, eller sjå an? Gode råd er gull verdt!
  6. Lazy monday. Kvalpane er no heile 4 dagar gamle. Alle legg fint på seg og virkar friske og fine!:-)
  7. Tusen takk for erfaringar! Virkar som de har litt forskjellig praksis i forhold til tispe! Eg har ikkje heilt funne ut kva som er best for mi tispe. Tenker litt slik som KristinR, er redd for at noko skal gå gale..
  8. Eller kanskje det ikkje fungerte så godt på mi sære tispe. Ho fekk berre ein enorm trang til å grave etter det. Men fekk i alle fall kjølt ned hjørnet litt om ikkje anna!
  9. Kjøleelement, så genialt! Har drive å tenkt på korleis eg skal få til å kjøle ned utan å få trekk på kvalpane osv. Tusen takk! Skal prøvast med ein gong!
  10. Fyrste dagen var tispa mi slik som du beskriver Belgerpia, men i dag har hun søkt inn til meg flere ganger. Fant ut at kvalperommet var 25 grader og at det kanskje var for varmt.. Nå er der berre 22, og virka som ho er roligere, men peser fortsatt mykje. Eg prøver å la vere å gå for ofte inn, men ofte eg berre "må" inn å sjå på dei. Derfor er det greit å høyre kor ofte eg egentlig bør vere der.. Brukar de å sjekke om natta?
  11. Står da hunden din på et "lukket rom" eller har den mulighet for å oppsøke deg viss den vil det?
  12. Heisann! Valpene er nå hele to dager gamle og alt virker normalt i valpekassa. Om natta sover eg inne på kvalperommet, men på dagen har eg foreløpig berre vore borte for å gå på butikken eller andre småærend. Det eg lurer på er vel kor ofte bør eg vere innom å sjekke, og kor mykje bør tispa få vere aleine (evt kor mykje kan ho vere aleine)? Korleis brukar du å gjere det? Held du deg i huset eller går du ut for lengre perioder? Er greit å høyre litt forskjellige erfaringer! :-)
  13. Dei virka heldigvis veldig oppegåande, og går opp i vekt. Junah var litt forvirra, men har endelig byrja roe seg. Legger ved eit bilete frå kassa akkurat no:
  14. I dag fekk eg oppleve den triste og grusomme delen av å vere "oppdrettar". Det heile starta i går kveld når eg skulle vege kvalpane for å sjå kor dei låg an fyrste dagen. Alle hadde framgong bortsett frå ei, ho hadde gått ned 15g. Eg fann fram til ho i kvalpekassa for å sjå korleis ho greip an mjelka. Ho leita og leita, men fekk liksom ikkje tak. Eg meinar bestemt eg hadde sett ho suge rett etter fødsel, men no i ettertid er eg ikkje sikker lenger. Eg prøvde iherdig å hjelpe ho i gong. Pressa ut litt mjelk å fekk munnen over. Kanskje fekk ho nokre dråpar, kanskje ikkje. Eg prøvde også med litt druesukkerblanding då ho no tydelig ikkje var som dei andre. Fleire gongar gjennom natta prøvde eg, og snakka med andre med erfaring. Fleire tips vart prøvde, men ingen fungerte så godt. I dag tidleg vart eg og dyrlegen einige om å prøve erstatning. Ho saug delvis sjølv, men var ikkje kjempe engasjert. 4 ml fekk ho, og vekta gjekk litt opp. 2 timar seinare var eg tilbake i kvalpekassa. Då ligg ho berre der, gispar etter luft. Me reiste direkte til dyrlege. Ho sjekka etter væske i lunger, gav sukker, middel for hjarte, middel for pusting, masering, varme. Ho prøvde alt. Ei lita stund såg det bra ut, men så ville ikkje hjarte meir... Vesle jenta vart berre litt over ein dag gammal. Navnet ho skulle få var Talisa. Kvil i fred lille venn!
  15. Tusen takk for alle gratulasjoner! Junah har gjort ein kjempe flott innsats både under fødsel og no i ettertid. Sjølve fødselen varte i overkant av 4 timar (då tenkje eg sjølve utpressinga), så det kom ein kvalp i timen. Junah ordna det meste sjølv, einaste eg hjalp litt med var å tørke og flytte unna når der kom ny kvalp. Ei utruleg oppleving for meg som aldri har sett eller vore med på ein kvalpefødsel før. Rett rørande og fantastisk! Her kjem dei fyrste bileta av dei små. Tema for kullet er GOT (Game of Thrones). I høve det har eg valt meg ut flotte damer som ytrar vennskap til Starkfamilien. Namna kjem etterkvart. Kanskje om ei veke. Sidan eg ikkje har registrert kennelnavn vert desse navna mest sannsynleg ein del av det registrerte navnet også. Frå fyrste til siste tispe: ' Vekta deira var ganske jamn. Tispe nr 1 181g, tispe 2 196g, tispe 3 225g og til slutt den største; 230g!
  16. Det ser ut til at fire vart det endelige talet! Betre bilete kjem når mor har kvilt seg litt!
  17. Fjerde kvalp, tispe (!) Og sobel på 230!
  18. Tredje tispe kom uten pose, så det tok litt tid, men endelig ute, sobel, 225g!:-)
  19. I dag har temperaturen vore nede i 37 og blokkinga er i gong!! Eg har kokt "energidrikk" (til hunden) og sitt tålmodig med super Mario og ventar. Spenning i heimen! :-)
×
×
  • Opprett ny...