Gå til innhold
Hundesonen.no

Sirius

Medlemmer
  • Innholdsteller

    424
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sirius

  1. Eg foretrekker britisk type, men ikkje alle. Eg har veldig klare tankar opp i hovudet mitt på korleis ein sheltie skal sjå ut. Då treff dei britiske linjene meg mykje oftare enn dei amerikanse. Eg syns det vert for grovt og tungt. Når det er sagt likar eg heller ikkje dei som er så veldig snipete. Mi eiga tispe er jo eigentleg litt grov. Når det er sagt syns eg amerika tek litt for mykje av med overteikning og fasongar.. Du skal kunne skilje uttrykket til sheltie og collie. Ja til å få sheltien tilbake til "originalen"! ;-)
  2. Kvalpane 4 veker! I dag fyller jentene 4 veker. Tida har jammen gått fort, og mykje skjer på kort tid. Eg ser store forandringar både i oppførsel og ikkje minst utsjånad. Verda utanfor kvalpekassa er byrja verte interessant. Ukjente lydar, hendingar, folk eller hundar har byrja å ha ein verdi. Kvalpane får meir personligheit, og mora behandlar dei på ein annan måte. I tillegg har dei komt over i 4 måltid per dag. No et dei karbonadedeig og tørrfor. Snart er ikkje ho mor den viktigaste matkjelda lenger. I tillegg har dei denne veka fått vere med å utforske stova. Dette har vore underhaldande både for dei og meg. Det er ikkje lenge dei held det gåande, men når dei fyrst herjar så er det livlig. Til slutt er dagens nye oppleving å få ormekur. På pakken stod det at den skulle smake godt, men det syns ikkje desse tre! Arya (tispe 1) er tøffingen i kvalpekassa. Ho har attitude, og virkar fryktlaus. Robust jente, men med ei godside. Ho set stor pris på merksemd. Det er nok derfor ho har utvikla bjeffinga si til å skaffe merksemd. Er ikkje mange bjeffa, men eit lite er nok til at nokon reagerer. Ho er den desidert ivrigaste på avvenninga. Ho vil helst ete all maten slik at søstrene ikkje får. Denne veka var ho 1339g. Meera (tispe 2) har vakna litt denne veka. I staden for å berre nyte kos frå folket har ho byrja å ta tak i halar, øyrer og skinn på søstrene sine. Ho inviterar gjerne til leik, og riv gjerne i bamsane som ligg i kvalpekassa. Ho padlar med føta, slik mor hennar gjor som kvalp. Dess artigare er det å observere henne når ho herjar rundt. Ho har funne ut at det går an å lage knurrelyd når ein leikar. Dette brukar ho flittig. Denne veka veg ho 1101g. Sansa (tispe 3) er kanskje den som har utvikla seg mest denne veka. Ho har byrja få ei personligheit. Ho er veldig glad i folk, og den fyrste som møter deg i kassa. Ho likar å verte styrt med, og har også eit ivrig engasjement i leik med dei andre. Ho dreg gjerne rundt på bamsar eller tygg på tepper. Dette vert nok ei skikkelig god jente å ha som partner. Dei fyrste ståbileta vart ikkje allverda, men utan hjelp og tre alt for vakne kvalpar vart det som det vart!!
  3. Mi annonse på raseklubben har no vore aktiv nokre veker. Ser jo at eg får ein del som verken kan om rase eller er heilt seriøse der med. Det er vel berre slik at ein må sile uansett. Har vorte min konklusjon. Samstundes kjenner eg at eg veit ikkje om eg orka større interesseflom.. Nok folk å sile!
  4. Begge hundane er mine på papiret. Eg betalar alle utgifter, og står for alt stell. Han er jo ikkje interessert i dei uansett. Kunne aldri tenkt meg å dele på papiret. Vert fort mykje rot ved brudd, som mange allereie har nemnt. Katten er derimot deleige. Der er alle utgifter dekt. Han skal gjerne få ho viss det vert slutt..
  5. Så kjekt at du føler det slik!! :-) Har jo lyst at alle skal bli kjent med dei fantastiske små vesena mine. Håper dei neste 5 vekene går seint så eg får nyte tida saman med dei!
  6. Dei veks så alt for fort. Er ikkje lenger små late selungar..
  7. 3 veker! I dag er gjengen heile 3 veker. Berre på ei veke har det skjedd store forandringar. Dei har byrja verte ganske stabile på føta. Dermed har dei også byrja å leike og bite kvarandre. Tennene har derimot ikkje komt heilt fram, men munnen er flittig i bruk. Har også haurt nokre få bjeff, knurring og hylinga har vorte meir intens når den fyrst oppstår. Hørselen er godt på plass og synet ser ut til å vere mykje betre. Dei er ikkje lenger små bamsar i ei eiga verd. Dei har lyst å vere ein del av verda utanfor kvalpekassa. I dag fekk dei prøve sitt fyrste måltid, og avvenninga er offisielt i gong. Fyrste måltid bestod av karbonadedeig og litt lunka mjelk. Dette syns Arya og Meera var kjempe godt når eg fyrst fekk dei til å smake på det. Sansa var ikkje heilt overbevist. Ho tykkjer mjelka åt mor er betre foreløpig. Det var faktisk så godt at dei måtte gjere fatet reint fyrst, og så vaske kvarandre rundt munnen. Etter dette fekk ho mor sleppe inn å vaske både kvalpar og kvalpekasse. For ho syns jo også det er kjempe godt med litt anna mat. Det skal og merkast at eg tok fotorunda FØR dei fekk mat. Tenkte kanskje folket ville sjå reine kvalpar utan "blodige" føtter med karbonadedeig! Arya (tispe 1) har denne veka lagt på seg godt, og er ein av dei mest ivrige i kvalpekassa. Ho er heller ikkje lenger den minste å sjå til. Ho har eit godt vokabular allereie med bjeffing, knurring og piping. Ho har også allereie godt utvikla motorikk. Ho er nok den kvalpen som fyrst kjem seg over kvalpekassekanten. Meera (tispe 2) har gått inn i rekka som minste i kullet. Ho har lagt på seg fint, men ikkje like mykje som sine to søstre. Ho har også komt langt i motorikken sin og har forskjellige lydar. Ho er nok den hunden som er mest avslappa med heile greia, men tek gjerne imot ein god leik. Ho er foreløpig den som er likast mora si slik ho var som kvalp. Sansa (tispe 3) har passert 1 kg og er fortsatt den største i kullet. Ho har også komt seg godt på beina og er flink med lydane sine. Ho er fortsatt eit matvrak, men som sagt likte ho ikkje ideen om å ete noko anna enn mjelk frå mora. Litt sunn skepsis til ny mat kan nok ikkje skade.
  8. Katten min får mat enten ute eller i glaskarmen. Kan få på gulvet når Eg er heime, men det er klart hunden spiser opp visst ho er aleine med maten.. Ser ofte ikkje katten anna enn på kvelden. Så ho et berre 1 eller 2 måltid i døgnet som eg veit om..
  9. Eg annonserer tidlig på heimesida mi, men Eg har Ikkje kennelnavn og det er mitt fyrste kull. Eg slit dermed også med problemstillinga om at kjøpararane skal ta meg seriøst. Finn er for meg eit stort marked der du får tak i alt, men som mange allereie har nevnt er faren for større pågang av useriøse kjøpara større der, enn til dømes ein stad der Dei må vite kva rase Dei vil ha, og leiter opp raseklubben. I min raseklubb har Eg fått inntrykk av at veldig få brukar kvalpeformidlinga der. Er det slik at Eg bør ty til finn for at folk skal "finne" meg? Eg er jo bekymra for at eg annonsera for lite også..
  10. Planen var å bruke valpeformidling til klubben først og fremst . Tenkte å legge Dei ut nå i desse tider (2uker gamle). Lurte på om Eg skulle drøye finn litt. Føler terskelen for å gå på finn å finne ein hund er så lav, og da blir det en del useriøse. Eller er det bare en teit tanke?
  11. De søte små blir større for hver dag, og snart må jeg nok få ut en annonse å fortelle verden at de er til salgs. Når er det "vanlig" og mest ideelt å begynne å annonsere valpene? Syns det er litt voldsomt når de er helt nyfødde, så jeg har drøya det. Og hvor er det greiest å annonsere for en helt ny oppdretter som ingen vet om?
  12. Me er med! Må få inb rygginga Då me er i klasse 3 rally. Prøver både foran og fvf!:-)
  13. Det er no det byrja å verte spennande!:-) Litt meir liv i kassa!
  14. Og til slutt eit samlebilete av alle tre! :-)
  15. 2 veker! I dag er kvalpane 2 veker. Tida har gått utruleg fort. Dei siste dagane har augene byrja opne seg på både fyrste og andre tispa. Den tredje ser ut til at det kjem i løpet av neste døgnet. Alle har byrja å sette føta under seg og kavar seg til mor når ho kjem med mjelkemaskina. Dei har også byrja å vise litt forskjellar og er litt meir enn berre ein sovande, søt ball. Dette er tispe nr 1. Ho har kallenamnet "Arya" i kullet. Ho er minste jenta, men har akkurat passert 400g. Dermed har me oppnådd målet om å doble fødselsvekta! Her har me tispe nr 2. Ho har fått kallenavnet "Meera". Ho er dovendyret i kullet. Ho søv relativt godt når ho fyrst bryr seg. Ho ligg midt mellom begge når det gjeld vekt. Til slutt har vi bolla pinnsvin som ikkje heilt har fått opp augene ennå. Tispe nr 3. Ho er veldig glad i mat. Har passert 600g og vert kalla "Sansa". Ho er matvraket i kullet.
  16. Eg var fosterheim i nokre år.. då hadde eg eige rom for kattane som ikkje var vande med hund. fekk fostre opp nokre kattungar og synes det var kjekt å hjelpe! Eg måtte betale all mat og utstyr sjølv,men alle veterinærutgifter vart sjølvsagt dekt!
  17. Blande med vatn eller strø alt over!
  18. Interessant ide.. Spørs om ein kan teipe dorull med sportsteip på eine sida? Den må eg fundere litt på..
  19. Har klippet rundt, renset og styrt, men hundetunga har våtlagt det igjen slik at det nå er eit større sår. Har no badasjert rundt så ho ikkje kjem til,men då vil ikkje sjølve såret få skikkelig luft! Har de tips til å halde hunden unna såret? Kan nesten ikkje ha på ei diande tispe krage heller.. Følger med så godt eg kan på å halde ho unna, men kan nesten ikkje vere der 24/7..
  20. Natron skal visst funke til slike ting. Det skal visst funke til alt. Er jo verdt eit forsøk!;-)
  21. Ei veke allereie! I dag fyller jentene si fyrste veke. Dette må sjølvsagt feirast med nokre bilete. Fyrste veka har vore travel, men lærerik. Junah har vore mykje plaga med varmen, og temperaturen på kvalperommet såg ut til å vere umogleg å få ned i leiligheita. Mandag flytta me kvalpekassa på stova. Der er temperaturen mykje betre. Etter det har mor og barn hatt det hivens. Junah har vore meir saman med kvalpane, og stressar mykje mindre med å gå til og frå på grunn av varme. Heldigvis er her ikkje andre hunda i hus for tida, og me er berre to vaksne som bur her. Dermed får dei det like fredelig og roleg her inne! Tispe 1 (337g) har slite litt med å få i seg nok mjelk denne veka. Etter ein liten studie av forholda i kvalpekassa fann eg fort ut at dei to andre gribbane skubbar ho vekk når mjelka kjem. Dermed brukar ho veldig mykje tid og energi på å leite etter ny patte. Med litt hjelp nokre dagar er ho no på eit mykje betre spor. Tispe 3 (452g) veks frå dei andre og trillar snart rundt seg sjølv. Ho er litt av ein hylar når ho ikkje får det som ho vil, så dette kan nok verte ei artige taus. Grådige også. Medan tispe 2 (393g) ligg midt på treet i vekt, og er eigentleg det eg anser som heilt "normal" foreløpig. Ho er smart, finn alltid ein pupp for seg sjølv. Gidd ikkje krige for slikt.
  22. Då eg leste opningsinnlegget tenkte eg at sheltie var perfekt! Det er jo ein hund som vil jobbe! En sheltie som vert trent og oppdratt er ikkje ei gneldrebikkje, men i utgangspunktet har dei lett for å bjeffe. Men ser du har fått masse å velge i i seinare innlegg!:-)
×
×
  • Opprett ny...