Gå til innhold
Hundesonen.no

Sirius

Medlemmer
  • Innholdsteller

    424
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Sirius

  1. Det vart ein lei situasjon for deg då... Trist han ikkje flytta til deg, eg hadde gledt meg til å fylle han opp! Kjekt at du skal ha kvalp frå samme oppdrett da iallfall! Vert spennande å sjå kva tid det dukkar opp kvalp til deg! Vert spennande å følge med. Du har mykje å glede deg til 11 vekers bilete :
  2. Nå som eg hadde tenkt å svare så har sjølvsagt Stripa tatt den gleda! Så koselig at fleire kullsøsken kjem på sonen! Vert spennande å følge med! Du må love å lage tråd så snart han er i hus Chivaz Regal ! Så kan vi diskutere familielikheter Etter det eg opplevde av den "vesle" gutten var ein herleg og imøtekomande tøffing! Og her er litt bildeoppdatering med Junah 10 veker :
  3. Ein heilt nydelig sheltie gutt du har!
  4. Etter at me mista vår kjæraste kvalp Sunny, vart huset forferdeleg tomt. Derfor bestemte me oss for å prøve igjen, med ein ny sheltie. No har ho flytta inn, og fått namnet Junah. Det har samme betydning som Sunny, men er nytt namn, og ny hund. Me håpar me får ei flott tid saman med vår vesle Junah, og at ho skal vekse opp til å bli ei flott jente!
  5. Takk Samojed må eg ærleg innrømme eg ikkje har sett noko av, det må vere einaste oppførsel i so fall. Ho er som ein beagle som er forstørra nokon få hakk med flatcoated!
  6. Oppdaterar med eit dagens bilete av Anja!
  7. Tusen takk! Ho er ei glad jente!
  8. Heisann! Eg vil gjerne fortelje dykk litt om hunden min, Anja. Mor til anja var blanding mellom Samojed og Flatcoated Retriver. Faren er reinrasa Beagle. I kullet var dei åtte kvalpar. Då eg kom for fyrste gong å skulle sjå på dei var dei fire veker gamle. Eg fekk velge mellom tre kvalpar, to som var veldig like tricolor farga, og ein svart med litt kvitt. Eg valde ein av tricolor kvalpane, og er super fornøgd med resultatet. Frå Anja var lita har ho vore ei veldig bestemt tispe som veit kva ho vil. No er ho snart to år og veit fortsatt kva ho vil, men har vet til å følge det eg vil og! Ho er veldig spretta og elskar rett å slett å vere på tur. Aller kjekkast har ho det dei turane ho får springe som gal rundt utan band. Sidan eg er veldig glad i vere ute i naturen vert det mykje fjell og skog, dette har Anja sjølvsagt ingenting imot. Uansett ver er ho klar så snart glidelåsen på jakka bevegar seg oppover, eller når laptopen vert klapsa saman. Det var det eg kom på om ho akkurat no, men kan oppdatere etterkvart! Her er bilete: Til slutt ein link til ein liten film som viser ei typisk Anja!
×
×
  • Opprett ny...