No skal det seiast at eg fortsatt bur heime, men skal kanskje flytte for meg sjølv snart, og har dermed begynt og tenke på slike ting som dette her. Så mine tankar er i vert fall slik:
Fylle bensin seint søndags kveld/mandag morgon sidan det som oftast er billegast då (i vert fall her i området)
Handle ein gong for veka, og då helst gå for det billegaste, og utnytte seg av 3 for 69 tilbudet på Coop
Vere obs på kva som er på tilbud i dei forskjellige matvarebutikkane (då spesielt ost, vaskemiddel, dopapir, kjøkkenpapir, o.l)
Kjøpe diverse ting på nett om det blir billegare enn å kjøpe i butikk
Får vel følge med litt meir her, så kanskje eg lærer andre små triks som kan hjelpe på økonomien