Då var det lille dyret i hus, og vi er inne i dag nr. 2 allerede.
Første møtet med Pia gjekk kjempebra! Pia berre logra med halen, og etter ein kort tur rundt nabolaget vart det litt herjing mellom dei to + Ninja (bikkja til huseigar). Men sidan Catania har knabba godstolen Pia pleier å ligge i, og Pia no nektar å ligge der, så har senga blitt kun-Pia-sone så Pia også kan få litt fred frå den lille, brune, makken
Pia har jo ikkje vett til å gi beskjed når nok er nok om Catania er innpåsliten heller *sukk* Men ute på tur går dei fint side om side
Ho verkar allerede litt mammadalt, er generelt sett glad i folk, men blir for veldig "careface" og har helst ikkje tid. Har begynt å trene litt med ho, og det ser ut til at ho tar ting veldig fort. Så skal bli morro når vi startar utstillingstreninga, for ho har jo ikkje ro i ræva når ho er våken og får oppmerksomhet
For tida må ho sove i eit stort tøybur ved sidan av senga, første kvelden sutra ho heilt til eg slo av alt av lys. Natt til i dag sutra ho eit par minutt før ho vart stille. Men ho sover gjennom heile natta, og det er deilig det Er litt spent på kor lenge ho søv i helga då...
På tur i dag, vimsehue og gullungen
Sliten etter ei kort treningsøkt
Skjønningen min