-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Haha, nei, er du gal?! Hadde aldri blitt så fint då Er frå Wippetix design Eller kanskje du tenkte på regndekkenet? Det er frå Ragnhild Olsen
-
Lenge sidan det har vert oppdatering her, men med ein sjukling som ikkje kan vere i så innmari mykje aktivitet, så blir det lite med oppdateringar også. 6. juni var det kvalpeshow i Sandefjord. Ho hadde halta litt den veka, så var veldig usikker på om eg berre skulle droppe heile greia, men sidan ho var heilt fin den dagen, så endte eg opp med og ta turen. Endte opp som BIR, men droppa grupperingen sidan det var så innmari varmt og evig lang ventetid, samt lite stands til å bruke tida på. "Very good expression. Nice clean head. Very breed type. Nice neck & topline, overall good quality. Very promesing." Over helga gjekk turen til veterinæren for og undersøke kva haltinga kom i frå, og då viste det seg at det var alvorleg grad av PL. Veterinæren satte alle pasientane sine over til dei andre veterinærane og tok operasjonen på dagen. Så gjekk vi ei vondt veke i møte. Per dags dato verkar ho frisk og fin, fortsatt litt bekymra for eine beinet, men ser ut til at det har forbetra seg. No er det tid for opptrening/rehabilitering, så får vi satse på at ho blir like frisk og fin igjen til slutt Før operasjon Pia passar på sjuklingen "Trening er kjeeeedeleg mutter'n!" Vi gjer oss klar for vintern! ... Og hausten! "Di seng sa du? Kan ikkje skjøne kva du snakkar om" <3 Dovendyr Og når mutter'n får litt dekkenavhengighet, så mekker ho jaggu noko brukandes sjølv også
-
Smør eller sukker? Må jo vere smør OG sukker
-
Kjøpte litt fleece og borrelås i dag, og satte i veg med måling, teikning og overfall av symaskina til mamma. Vart ikkje heilt fornøgd med syinga på bakparten som går nedover låra, men trur det blir betre når eg skal prøve meg på regndekken sidan det må vrengast Her er i vert fall resultatet:
-
Rundsydd lær skal, etter det eg har hørt, vere greit på pelshundar. Sjølv brukar eg Yukon halvstrup med fleece og refleks, og er fornøgd med det. Mamma brukar Trixi halvstrup med kjettingdel, og ingen av desse fargar av. Har enda til gode og finne eit halsbånd som ikkje flokar, men så lenge halsbåndet er av inne, så blir det minimalt med flokar
-
Huffameg, har meldt på bomullsdotten
-
Siste kjøp som har komt i posten er vinterdekken til bruningen. Ellers ventar eg på regndekken, polarfleecedekken og tre ID brikker
-
Finst forskjellig tjukkelse på linene i plast, så det finst for dei som er veldig små også. Har line i både nylon og plast, og den i nylon drar med seg både kvist og skitt, og blir gjerne veldig tung om det er vått ute. Plastlina sklir lett gjennom ting utan å dra med seg alt mulig, og blir heller ikkje tung om den blir våt. Så plastlina er i vert fall ein favoritt her. Men ein må rekne med å bli møkkete på henda
-
askdog.pl Kjøpte frå dei når dei var på NKK i Drammen. Billige, fine og av god kvalitet
-
Eldste mi på 2 år var ikkje så veldig begeistra når kvalpedyret kom i hus tidlegare i år heller. Ho holdt seg for det meste unna, og ville ha fred når vi var inne. Ute gjekk det litt greiare. Men det gjekk seg til, og no delar dei gjerne bur i bilen, leikar saman og er gode venner som plagar kvarandre i tide og utide Så det går seg nok til med litt tid
-
*mase, mase, mase* Yngste frøkna på 9 mnd. vart operert for patellaluksasjon på begge kne for nøyaktig 3 veker sidan. Kva type PL det var er eg litt usikker på sidan veterinæren/kirurgen snakka i eitt sett for og informere meg mest mulig om kva som skjer med kneet og korleis det eigentleg skal vere. Veit furen vart fiksa litt på, og det har blitt satt inn ein skrue i kvart kne. Når eg spurte kirurgen om turar og sånn etter operasjonen, så fikk eg beskjed om at det var berre å gå sidan frøkna måtte bruke bakbeina frå dag 1. Og då gjerne i ulent terreng. Den første veka var det så klart veldig vondt, og vi holdt oss kun i hagen der ho prøvde så godt ho kunne å balansere på frambeina og gå på den måten. Fram til no har vi kun gått i nabolaget, men sidan eg bur midt i sentrum, så er det stort sett kun asfalt her, og eg må gjerne kjøre eit lite stykke for og komme til eit meir ulent terreng som då blir greiare og gå på. Spurte veterinæren her heime om kva han hadde å sei ang. opptrening, men fordi eg hadde operert på andre sida av landet, og han då ikkje viste kva metode o.l som var brukt, så anbefalte han meg heller å ta ein telefon til klinikken som opererte. Som sagt, så gjort. Snakka med kirurgen som opererte, og han sa alt hørtes veldig bra ut, og at eg no kunne starte opptrening til lengre turar. Sidan ho også klarar og gå i trapper, så kan ho få lov til det også. Men blir så usikker på kor langt eg eigentleg kan gå med ho. Veit eg ikkje skal dra ho med på evig lange turar, men er det nokon som har erfaring og som kan sei sånn ca. kor langt eg kan gå med ho, og kor langt eg kan forlenge for kvar gong det skjer? Venstre fot, som også var verst plaga av PL, er ikkje heilt god enda. Ho brukar den, men ser at ho er ein ørliten grann halt enda. Hjalp ikkje på at visse personar gløymde å lukke ytterdøra på hytta i går heller akkurat, så då tok ho seg ein luftetur/sprint runde rundt hytta på eiga hånd, og eg fikk tilbake ein meir halt hund. Ser ut til å ha gått bra då ho er tilbake til "normalen" i dag. Nemnte dette til kirurgen som opererte, og han har trua på at det kjem seg med tida. Men er det nokon som har erfaring med Patellaluksasjon operasjon og tida etterpå? Kva kan eg forvente seinare? Ca. når er ho på normalen igjen, og når er det vanleg at hundar etter ein slik operasjon kan vere med på normalt lange turar, springe fritt og sånt noko?
-
3. Latente feil: Skulle hunden utvikle sykdommer av avgjørende (invalidiserende) betydning for hundens sunnhet, og såfremt disse beviselig er medfødt eller oppstått i den tid hunden har vært hos selger, kan kjøper kreve tilbakebetaling inntil kjøpesummen. Hvis kjøperen krever kjøpet hevet på grunn av vesentlig mangel, må han hvis selger forlanger det, mot refusjon av kjøpesummen, levere hunden tilbake til selger. Dette kan bare unnlates hvis veterinærattest bekrefter at omgående avliving var uomgjengelig nødvendig. Hvis hunden er forsikret, og kjøper får utbetalt forsikringssummen, skal det tas hensyn til dette i det endelige oppgjør mellom kjøper og selger. Dette er det som står i kjøpskontrakta, sånn om det var uklart? Nei, men det gir vel heller ingen garanti for at det ikkje skulle dukke opp seinare? Har eigentleg ikkje forventa å få tilbake noko som helst, spør mest på grunn av noko veterinæren som tok stinga nevnte. Anar jo ikkje kva som er vanleg å gjere eller noko ting, aldri vert i denne situasjonen før. Japp, datt ut med ein gong. Eine kneet måtte også fysisk dyttast på plass igjen sidan det ikkje gjekk på plass ved å strekke ut foten. Og ute av posisjon ved røntging.
-
Høh? Fikk ho ikkje før ho var 4 mnd. og innan den tid hadde oppdrettar forsikra ho på seg, så forsikringa vart berre overført vidare på meg etter kjøp, sidan eg allerede brukar samme selskap. Så korleis har eg ikkje oppfylt det vilkåret?
-
Oppdrettar vart informert om det samme dag som undersøkinga, og dei var interesserte der og då i vert fall PL er ikkje er kjent problem på rasen, er generellt sett ein veldig frisk rase, og så vidt eg veit er det heller ikkje normalt å undersøke dei for PL.
-
Står eigentleg ikkje anna enn alt det vanlege (NKK kjøpskontrakt) i tillegg til at ho vart solgt som familiehund, forkjøpsrett ved salg/omplassering og krav om forsikring.
-
Sidan eg ikkje har erfaring med dette, så spør eg her. Har ei frøken på 9 mnd. som fikk påvist alvorleg grad av Patella Luksasjon på begge kne for snart 3 veker sidan, og som har operert. Dette var ein operasjon til 25.000,- Det "einaste" eg måtte ut med var eigenandelen, resten tok forsikringa. Dette er ein rase der Patella ikkje er eit kjent problem. I følge veterinæren var dette medfødt. 3. Latente feil: Skulle hunden utvikle sykdommer av avgjørende (invalidiserende) betydning for hundens sunnhet, og såfremt disse beviselig er medfødt eller oppstått i den tid hunden har vært hos selger, kan kjøper kreve tilbakebetaling inntil kjøpesummen. Hvis kjøperen krever kjøpet hevet på grunn av vesentlig mangel, må han hvis selger forlanger det, mot refusjon av kjøpesummen, levere hunden tilbake til selger. Dette kan bare unnlates hvis veterinærattest bekrefter at omgående avliving var uomgjengelig nødvendig. Hvis hunden er forsikret, og kjøper får utbetalt forsikringssummen, skal det tas hensyn til dette i det endelige oppgjør mellom kjøper og selger. Er det sånn at eg her kan kreve tilbakebetaling av ein del av kjøpesummen i dette tilfelle? Eller korleis er det eigentleg?
-
Når vi fikk Coton i hus, så hadde vi allerede to kattar i hus. Ei eldre som er sky og sær, og ei yngre (var vel 2 år på den tida) som er meir kosete. Slapp dei sammen med ein gong og lot dei finne ut av det sjølv. Etter ei stund endte det opp med at kvalpetrollet og yngste katten leika og herja rundt med kvarandre Eldste katten unngår bikkjer, så ho har pleid å legge seg ein plass der ho kunne få ro og fred. Så er viktig at katten har ein plass der den kan få litt fri frå kvalpen.
-
Det er nok veldig forskjellig frå rase til rase, så ville hørt med folk som har samme rase
-
Min kvite bomullsdott har sjølvrensandes pels, så pleier stort sett kun å bade ho før utstilling. Noko som vil sei at ho gjerne ikkje treng å bli bada meir enn 3-4 gangar i året, meir om vi stiller oftare så klart. Når pelsen er tørr, så pleier det meste av møkka forsvinne, resten forsvinn ved børsting. Akkurat no brukar eg MUD shampoo for kvite hundar, og MUD balsam for meir volum.
-
Agria, og betalar 1377,- for bomullsdotten, og 1897,- for Etnaen. Grei pris, og er ellers veldig fornøgd med dei no som eg faktisk måtte bruke forsikringa også.
-
Når yngstefrøkna har tulla rundt på den måten med hopp og sprett, napping etter hender, jakkeerme og kobbel, då har eg sagt bestemt nei og stoppar opp for og ventar til ho har roa seg. Så går eg vidare. Om ho skulle fortsette, då fortsetter eg prosessen med nei og stopp. Har ikkje vert noko problem å få roa ho på den måten her. Men kanskje godbit eller noko kan hjelpe til, så du rosar når ho ikkje tullar? Ville i vert fall stoppa og venta til ho har "landa" heilt etter å blokkere deg ute.
-
Oppdatert
-
Nokon som har erfaring med ca. når det er vanleg at hunden tar i bruk bakbeina litt meir, etter PL operasjon? Gjeld begge bakbeina på samme gang.
-
Har ein reisehårføner på 1200W som eg har brukt på min Coton, og det har funka fint. Så 2000W skal nok funke supert
-
Ho er våken og seg sjølv (så langt det lar seg gjere under slike omstendigheter i vert fall). Kasta tepper til vask, golvet er vaska og ho sjølv vart tørka med ein fuktig klut. Kan neppe vere deilig å ligge i ein innsjø med tiss stakkars