Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Ville lært inn ein nei-kommando. Evt. gitt hunden timeout når den begynner og tulle.
  2. Spør av nyskjerrighet; kvifor vente til hunden er 2 år?
  3. Ville tatt ein tur innom nokre av dei godkjente veterinærane/klinikkane som står ført på lista på nkk om du har muligheten, for og få ein meir sikker diagnose Men etter det eg har hørt, så kan grad 1 variere frå hund til hund. Nokon er plaga med det, andre ikkje. Men slik du beskriver det, så høres det ut som at det er meir enn grad 1 i vert fall. Har sjølv ei med grad 2 som ikkje viser teikn til å ha PL i det heile (kanksje nokre få gangar i året, men ikkje meir), og ei anna som nyleg vart operert for meir alvorleg grad. Sistnevnte var ofte halt på slutten før operasjonen og kunne plutseleg gå litt snålt, men såg ikkje ut til å ha vondt eller vise teikn til det største ubehaget. Og som dei over skriver, så opererar ein gjerne ikkje før ein må.
  4. Gresshoppa ergonomisele kanskje? Den syns i vert fall eg er betre til type fjellturar med dotten enn y-selen ho har
  5. Drog med meg Catania på tur tidlegare i veka. Skulle eigentleg gå langs ein traktorveg, men sidan eg nektar å gå inn til ondskapsfulle sauer og kyr, så endte vi opp i skauen i stede for. Men det er finfin trening for bruningen, og sikkert ti gangar meir morro. Catania gjekk også spor med seg sjølv, kva ho prøvde å spore opp anar eg ikkje. Vi endte i vert fall opp ved ei tom hytte, og då fikk eg følelsen av "Fritt vilt". Dermed endte vi fort opp med og surre oss ned igjen til bilen Kjem du snart eller mutter'n? Vil gågågå! Ups, havna i eit sumpområde Er det trygt skal tru? Prinsessa på haugen Fugl sa du? Henne?! Fisefin frøken + veeeeeldig vått område = klatring. Ser kanskje ikkje så bratt ut på bilde, men det var temmelig bratt der. Catania nekta å bli våt på labbane, til tross for frivillig(!) trasking i gjørme tidlegare på turen Lekkerbisken viser kor lekker ho kan vere
  6. Fant nokre nye, og litt meir utradisjonelle bæsjeposar i dag når eg gjekk tur med bruningen
  7. Kan vel strengt tatt ikkje garantere at den detter ut av seg sjølv. Var i samme situasjon med eldste mi, og ho måtte trekke ved 6-7 mnd alder. Veterinæren sa også at den aldri hadde komt ut av seg sjølv, for rota var evig lang! Men gi tyggebein og ha drakamp, samtidig prøv å rikke litt på den for og kjenne etter om den er laus innimellom. Så er det i vert fall gode sjansar for at den forhåpentlegvis dett ut av seg sjølv etterkvart
  8. Arielle's hundeutstyr har mange fine utstillingsliner Turkobbel, så er eg veldig glad i dette kobbelet. Kan justerast i lengden og er mjukt og godt å halde i, utan at det gneg seg inn i henda når hunden drar
  9. Var på austlandet forge helg for og få med oss podencospesialen og å stille på NKK Bjerke. På Bjerke fikk Pia Very Good med kritikken "Meget bra type. Passe stor. Pra proposjoner. Feminint hode. Tilstrekkelige mørke øyne. Tilstrekkelig pigment. Knapt vinklet forran. Bra kropp. Gode bakbensvinklinger. Ganske bra pelsstruktur men ikke beste kondisjon. Ganske bra bevegelser." Har også fått trent litt med Catania igjen, sidan vi no også har begynt på mandagstreningane/sosialtreningane etter ferien. Og har fått beskjed om at ho er litt for flink for kvalpegruppa, så no må vi over på dei med meir erfaring, wæææh! Vente, vente, venteeee! Kobbel på skogstur er ikkje så kult Catania er litt sånn " " innimellom
  10. Trur ikkje det skal bli noko problem Har sjølv to vidt forskjellige rasar, og oppdrettaren til Etnaen verka litt usikker sidan eg hadde ein liten bomullsdott frå før av, og Etnaen kan ha eit sterkt jaktinstinkt, og det kunne jo då vere litt skummelt med tanke på bomullsdotten. Men det har aldri vert eit problem her i gården, dei herjar rundt og er for det meste verdens beste venner
  11. Ikkje hadde eg likt det om andre sine bikkjer skulle tissa over alt der eg bur, så dermed får ikkje mine gjere slikt heller. Ikkje at dei nokon sinne har vist teikn til slikt heller akkurat, men går eg forbi eit inngangsparti og bikkjene viser interesse, då blir kobbelet korta inn til vi har passert i tilfelle noko skulle skje. Og kvifor syns eigentleg enkelte at det er greit at bikkjer tissar på bilar og søppelspann? Til tross for at bilen gjerne har kjørt både her og der, så hadde i vert fall eg gitt grei beskjed om eg hadde sett nokon latt bikkja markere på min bil. Dei fleste setter også gjerne søppelspanna sine ut i vegkanten når dei skal tømmast, men har dei gjerne utafor inngangspartiet til huset/i garasjen, og pisselukt er ikkje noko eg hadde satt pris på der i vert fall... Så enkelte må nok tenke litt meir på kva andre tenker, og ikkje kun kva dei sjølv og omgangskretsen tillet.
  12. Kunne tenke meg å stille Catania for og sjå kva kritikken seier, meeeen veit ikkje heilt med tanke på halen og det at eg enda kan sjå der stinga på knea var
  13. Føler alle bildene mine har blit så dritt i det siste, men i dag følte eg at eg fikk det til litt betre. Einaste eg vel høgre auge som ser litt rart ut på grunn av speilbilde av himmelen, men men
  14. Oppdatert etter langhelg på austlandet Frå vest til øst, og tilbake igjen
  15. Er den større enn ikea sine like grinder? I så fall; KVAR kjøpte du den?
  16. På spesialen tidlegare i sommar, så var det ei junior tispe (truuur det var første utstillinga) som til slutt vart BIS. Så er fullt mulig, veit vel aldri kva resultatet blir før ein har prøvd uansett
  17. Her meinar eg kattane var aleine ganske tidleg frå vi fikk dei, så det var null stress. Dei er jo meir sjølvstendige også, men kan kanskje vere greit med eit avgrensa rom på ein eller anna måte så ein ikkje risikerar klatring i gardiner, leiking med dill og dall som ikkje bør leikast med. Rundt juletider er juletreet alltid utsatt for små kattepusar som syns det er morro med julekuler Så trur ein vaksen katt vil klare seg fint etter ei helg der den får bli litt kjent. Men bør vel gjerne gå i bånd ute til å begynne med for og bli kjent med området. Var i vert fall slik vi lærte våre til å bli kjent med området rundt her når dei var små. Er det mange andre som bur i samme bygning under/over dykk? Bur sjølv i 2 etg. med nabo vegg i vegg og i etasjen over, samt butikk i underetasjen. Kattane er utekattar og bur for det meste i yttergangen/trappa der dei har både seng, mat, do og alt dei måtte trenge. Spesielt når dei var yngre kunne dei finne på å gå inn i butikken eller komme seg inn til naboen, men det var i grunn null stress pga. snill butikk-/huseigar og snill nabo. Trur kattane har skjønt poenget med åra
  18. Refleksvest til både meg og bikkjene. Dekkena til udyra har eg laga sjølv av vest som har vert for liten og kjøpt billig, 2 dekken av 1 vest
  19. 18 Coton de Tulear... Og eg som er så vant til å stille mot meg sjølv, eller mot sånn 2-3 stykk Men tidleg oppmøte i det minste, tjohei!
  20. På soverommet. Minste frøkna søv stort sett i eller under senga mi, mens bruningen har seng nedafor mi seng. Men ho kjem gjerne snikande på morgonkvisten
  21. Det er det Ragnhild Olsen som har sydd, ho syr til mynder. Må vel tråle dei fleste stoffbutikkar for og finne det ein faktisk vil ha, evt. få dei til å bestille
×
×
  • Opprett ny...