Gå til innhold
Hundesonen.no

Skjelving og småspist


Ticotaco
 Share

Recommended Posts

Hei! 

Usikker på kor eg skal poste, då eg ikkje heilt veit kva som er greia og eg klarar heller ikkje å finne liknande situasjon i forumet. 
Har ein JRT som i det siste ikkje har hatt særleg matlyst på vanleg tørrfôr, har prøvd å settje det unna om han ikkje forsyner seg etter 10 min. Dette pågjekk i 1 dag før han valgte å ete, men virka ikkje særleg interessert i kveldsmaten same dagen. Har tenkt på om det har noko med tenner og tannkjøtt å gjere då han et om det er litt oppbløtt. Han har litt tannstein frå før, men får dagleg tannpuss og har ingen dårleg ånde eller irritert tannkjøtt. No i dei siste dagane har han byrja å småskjelve litt, han kan ligge å halvsove i senga si og skjelve. Og nokre gongar kan han sitte å sjå på meg å mase og skjelve, men masinga er ikkje pistrete. Den er meir lik den masinga han gjer når ting er litt kjedeleg og han vil ha oppmerksemd. Har prøvd å kjenne på alle moglege kroppslemmer og nesten alle hulrom, men det virker ikkje som om noko er vondt eller ubehageleg han tek det berre som kos. Kan alt dette rett og slett vere grunna løpetid i nabolaget eller burde eg ta ein dyrlegesjekk? Han er forresten 1,5 år. 
Takk for svar! :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du tatt temperaturen på ham?

Det kan godt hende han bare er "elskovssyk", men de får neppe feber av det, så jeg ville sjekket temperaturen for å ha et bedre bilde av allmenntilstanden hans.

Får han i seg normalt med væske? Og hvor lenge har denne atferden vart? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

@SFX Nei, ikkje tatt temperaturen men det skal eg gjere! Ja, han drikk som vanleg og er blid, fornøgd og heilt vanleg på tur. Har ikkje merka noko unormal åtferd anna enn denne skjelvinga og minka matlyst. Han har vore slik no i 3-4 dagar. Det er mest bakføtene som skjelv, og nett no ligger han og skjelver medan han søv. Det er ikkje grunna draume, då det er den same type skjelvinga han har i vaken og halvvaken tilstand. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ta temperaturen som en start.

Ellers er det vanskelig å si noe uten å ha sett hunden, men er du usikker kan du jo ringe veterinær og høre om de ville vært bekymret. Jeg vil dog tro at de spør om hunden har feber, så sjekk det først.

Han oppfører seg som normalt på tur og i lek, han ser ut til å ha kroppkontroll og -koordinasjon for øvrig? Har han falt om eller mistet balansen, snublet og virket dårlig til beins?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

@SFX Temperaturen er innafor normålområdet.
Ja, han er heilt normal i lek både ute og inne. Ikkje dårleg til beins eller dårleg balanse. Var redd for at det kunne vere epilepsi men han er ikkje stressa/aggressiv, desorientert eller sulten/tørst. Skjønner berre ikkje heilt kva det er, liksom. 

Tusen takk for svar, forresten! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ticotaco skrev:

@SFX Temperaturen er innafor normålområdet.
Ja, han er heilt normal i lek både ute og inne. Ikkje dårleg til beins eller dårleg balanse. Var redd for at det kunne vere epilepsi men han er ikkje stressa/aggressiv, desorientert eller sulten/tørst. Skjønner berre ikkje heilt kva det er, liksom. 

Tusen takk for svar, forresten! 

Bare hyggelig :) Uten andre tegn å gå etter, så høres det jo ut som om han er påvirket av naboens løpetid, men jeg skal ikke si det bombastisk på nett om en hund jeg aldri har sett. Men den løpetiden vil jo gå over, og om hans atferd ikke endrer seg så får du i hvert fall et svar der. Lykke til! Ikke alltid like lett med hormonelle unggutter. Noen ganger hjelper det med mer hjernearbeid for å slite dem ut og tvinge hodet til å tenke på noe annet enn damerdamerdamerdamerdamerdamerdamer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

@SFX Haha! Nei, dei er ikkje alltid så lett å lese denne hormonbomben av ein hund. Har aldri opplevd skjelving hjå hund grunna løpetid i området. Ein gong må vel vere den fyrste..Eg skal halde litt ekstra auge på eventuelle avvik i åtferd, i mens får eg berre prøve med litt ekstra hjernetrim :) Igjen, takk!

@enna Ja, det er det eg kanskje trur det er! :) 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...