Gå til innhold
Hundesonen.no

Catania, Cira, Hera og Fenris (Etnahund og NEG)


Bellare
 Share

Recommended Posts

KJipt at fremgangen ikke er så god, men siden hun brukte å klare seg bra med en annen hund kan det jo hende det blir totalt uproblematisk når du får deg valp? *krysse fingre*

Satse på det. Får berre håpe det blir kvalp. Den skal i vert fall få god trening frå første stund! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 131
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Her har det skjedd litt forskjellig sidan sist. Vi er nemleg godt i gang med og kjøpe oss eit lite småbruk, på rundt 54 mål. Så her blir stor og god tumleplass for bikkjene. Og ingen naboar klin innpå

Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom

Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdi

Posted Images

  • 2 weeks later...

10928847_10155056000695468_8966573283645

Kan vel konkludere med det at Catania rett og slett er veldig einsom. Ho har, heilt i frå ho var født hos oppdrettar, alltid hatt andre bikkjer rundt seg. Og i september vart ho plutseleg aleinehund, så kanskje ikkje så rart det har blitt ein del sutring...

Fikk avtalt med mamma at eg skulle få låne Dina, hennar Coton tispe på 9 år, på mandag. Så kunne eg sjå om det hjalp med litt selskap.
Mandags morgon gjekk som normalt med lufting og det heile. Når eg gjorde meg klar for og reise, skrudde eg på radioen og ba bikkjene gå inn på soverommet. Fant fram frukosten til Catania + rå syltelabb og nokre bitar tørka vom, samt strødde litt tørrfôrkuler i buret som står opent. Eg gjekk ut, lukka grinda (kompostbinge som er stripsa fast berre), tok nøklane og gjekk ut.

I pausen, 3 timar seinare, kom eg heimom ein tur for og ta med meg Catania. Greit og starte i "det små". Så då var det på med merinoulldekken og fylle opp nokre flasker med varmt vatn. Heldigvis ikkje så innmari kaldt den dagen!

Når eg gjekk gjennom opptaket etter jobb, fikk eg meg ein positiv overraskelse. Det var nemleg TRE timar stillhet! Var null, niks, nada uling eller sutring generellt. Var heller ingen rasering, graving i senga eller tissing/bæsjing.

Trur eg svevar litt rundt på den gledesrusen enda!

I går var ho mutters aleine i 27 minutt og starta ikkje ule før etter ca. 25 minutt. Var nedom for og plukke opp Dina på kveldstid, så syns det var bra eg. Hadde forventa at ho starta mykje tidlegare!

Fikk låne Dina i dag også (har vel meir eller mindre kidnappa ho :P ).

I hovudsak var planen at mamma skulle hente bikkjene når ho var ferdig på jobb, sidan eg hadde seinvakt i dag. Men teite kveldsmøte ødela den planen gitt… Så då vart det rundt 7,5 timar aleine heime.

Kom heim igjen til to stykk som var veldig glade for at dei hadde brutt seg ut av soverommet. Einaste ugangen som var gjort, var ein dam på soverommet og ein i stua. Og fordi Catania nekta å drite på tur i dag tidleg, ei heller på den raske lufteturen rett før eg skulle gå, hadde ho like gjerne gjort det også i stua. Møkkadyr…

Så langt har eg kun komt meg 2 timar ut i opptaket, og i dag har det vert litt uling innimellom. Men langt i frå så mykje som det var før! Mistenker det har litt med at eg starta seint, verkar som at det ofte går hakket betre når eg har tidlegvakt nemleg. Spent på korleis det går i morgon, kryssar fingrane for at temperaturen er grei så eg kan hente dyret i pausen :)

Kanskje er det håp for udyret allikavel? :ahappy:

10418157_10155038103340468_2412542356690

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

10425422_10154977587375468_5673607826952

Smil! :D

Er ille stolt av den lille bruningen min for tida! Etter rundt 3 mnd. med eit hersens slit med heime aleine trening, har resultata endeleg begynt og komme dalande. Lånte Dina heile forge veke, og med unntak av onsdagen, var det null uling! Denne veka her har Catania vert heime aleine kvar dag, med unntak av i dag, og ho har for det meste vert stille. Litt uling etter 4-5 timar, før ho har vert stille lenge igjen.
I dag fikk ho vere med i bilen igjen, mest fordi eg er redd det skal bli så frykteleg lenge kvar einaste dag, og at ting skal gå i feil retning. Har vel på det meste vert aleine i underkant av 8 timar. Noko eg eigentleg syns er litt for lenge, sidan vi enda er heilt i startfasen etter at det starta gå i riktig retning.

Mamma har, og er fortsatt, til stor hjelp med og hente krapylet om eg jobbar lenge. I tillegg har eg kontakta hundeluftaren i området, så ho kan hente krapylet, gå ein tur og levere ho på jobb til meg så det ikkje skal bli så mange timar aleine, sånn sidan eg ikkje alltid har tid til og kjøre heim i pausen. Så allerede i neste veke skal vi møtast, så ho kan bli litt kjent med den rare bruningen min.

Er litt dyrt, men kva gjer man ikkje for den firbeinte? :P
Tenker også eg skal kidnappe Dina innimellom også :innocent:

Får berre håpe det fortsetter og gå i riktig retning, og at det ikkje kun er løpetida som gjorde at ting snudde så brått. Einaste problemet eg har no, er at ho har starta tisse på golvet når ho er aleine. Kryssar fingrane for at det går over etterkvart.
Og snart får eg vel sakte men sikkert, starte nedtrapping av Clomicalm :)

1908178_10155082000155468_78184590931315
Catania og Dina :wub:

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Så utrolig søt hun er :wub: hvordan har det gått med hundelufter og hjemme-alenetreningen? :)

Hundelufter var her for og hilse på, på torsdag. Samt fylle ut litt papirer og slikt, så får sjå når det blir tid for at ho kan lufte. Enn så lenge brukar eg mamma, når eg jobbar lenge.

Er litt opp og ned i heime aleinetreninga, no i veka kom eg heim to gangar der ho ulte og bjeffa som berre det. Kor lenge ho då hadde holdt på, er eg usikker på. Fikk lånt Dina igjen, og dei dagane var det stille.

Syns det er så vanskeleg og trappe opp tida på ein sakte og roleg måte, sidan det er for kaldt til at ho no kan ligge i bilen i arbeidstida. Men det går mot varmare tider (håpar eg) :)

Men ho klarar fint nokre timar aleine utan tull og tøys eller bråk. Så det går vel framover :ahappy:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...

Ei aldri så lita oppdatering frå denne fronten;

Catania har slutta på clomicalm, og det ser ut til og gå ganske greit på heime-aleine fronten. Er enkelte dagar ho uler, men har enda ikkje fått nokre nevneverdige klagar frå naboane. Pjuh! Ho kan dog fortsatt både tisse og bæsje inne, sjølv om ho faktisk (i følge mamma) var aleine i 8-ish timar utan at det hadde vert uhell! Sjølv har eg fortsatt til gode og komme heim utan at det er ein damm eller to på soveromsgolvet.

Ho har også funne ut at ho kan bryte seg ut av soverommet, noko ho har gjort dei siste vekene. Smart som ho trur ho er, pleier ho å pile inn igjen på soverommet og legge seg i buret når ho hører eg låser opp ytterdøra og er på veg inn :P

I slutten av april er vi meldt på til nybegynnerkurs i blodspor. Glede!

Har allerede prøvd og trene litt blodspor med ho eit par gangar, og for mine uerfarne auger ser det ut til og gå heilt greit. Kan vere ein del surr i starten, før ho finner seg inn og søker fint gjennom heile.

I slutten av april har eg også meldt på til LP-stevne i Naustdal. Har starta trene igjen etter vinteren, og Catania syns fortsatt det er kjempemorro. Får berre håpe det blir mange finværsdagar framover så vi får trent mykje, og ikkje minst; sol på stevnedagen!

10422907_10155202354235468_5733823910137
Catania og Tiko

11015803_10155202354565468_1498455948232
Tiko prøvar og få med seg Catania på litt leik :P

10429852_10155202354585468_1015959040694

11001739_10155202356385468_4763215398775

10930104_10155202357515468_3621753556419

10647013_10155202378975468_1804705987051

11101825_10155326936100468_4455098036149

Frå skogsturen i dag

1559635_10155326936305468_58404388682730

Dina

10625045_10155326936930468_7861596586218

Dina

11083662_10155326937160468_1640157769880

Fine gamlemora :wub:

11094682_10155326935985468_1817768905425

11088274_10155326937295468_4124778757894

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Blodspor er morro altså! Catania har gått 3 korte spor på rundt 20 meter ute på eit jorde, som kun har vert rundt 1 time gamle. Men i påska gjekk ho sitt første spor i skogsterreng. Det var ein god del lengre, fikk inn ein svak vinkel i sporet og det var ca. 14 timar gammalt. Gjekk med ein som har meir erfaring, så det var veldig greit.

Blodspor er jo ganske nytt for både meg og bruningen, men syns ho klarte seg fint sjølv om ho mista det litt her og der. Ho tok til og med vinkelen veldig fint. Og fant så klart hjortefoten i enden av sporet, som ho fikk bære eit lite stykke på vegen ned igjen.

I går var eg å la eit nytt spor, som vi gjekk etter rundt 16 timar. Hadde litt lite blod, så det vart veldig kort. Men fikk inn ein vinkel her også. Starten fant ho sjølv i dag, men surra litt før ho kom seg skikkeleg i gang. Men når ho først var i gang, då gjekk ho strake vegen gjennom heile sporet. Gjekk vinkelen kjempefint og fant raskt vegen opp til hjortefoten i dag også.

Sidan eg hadde meir blod i dag, fikk eg lagt eit nytt og lengre spor etter at eg hadde lagt Catania i bilen. Så då har vi noko og glede oss til i morgon ettermiddag/kveld :)

11109813_10155363933300468_2087633709309

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Skjedd fryktelig lite her for tida. Av LP trening har vi synda og låge alt for lenge på latsida, men håpar vi skal komme i gang igjen med litt trening framover i sommar. Ellers går det mest i blodsportrening. Desverre har det gått ei stund sidan sist der også, så frøkna vimsar ein del. Derfor har vi gått tilbake i treninga der, men ho er fortsatt flink, og flinkare håpar eg ho blir! Med jegerprøveboka i hus, blir det å lese seg klar for jegerprøvekurs til nyåret, og forhåpentletvis ha komt eit godt stykke i treninga med Catania. Så kanskje ho ein dag blir godkjent ettersøkshund?

11257888_10155639539420468_8994678937665

11165309_10155509250080468_8013969136018

Catania veit ikkje heilt om ho syns det er greit at Fenris skal ligge akkurat der :P

11169956_10155453920650468_4526470933178

Best å sitte mellom beina til ho mor, for den hengebrua, den var litt skummel.

11150386_10155451630480468_6474933163875

Fant slik ein fin statue på tur i sentrum for ei stund sidan.

10517451_10155549864025468_6213635769881

Ei som hjelper til med skosmøringa :lol:

11709507_10155705862400468_3436921411576

Fenris syns snøen var eit herleg syn.

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Ei aldri så lita oppdatering etter gammalt :)

Catania er meldt på til LP stevnet i Florø 3. Oktober, som også betyr at vi har starta LP treninga igjen. Stevnet skal, heldigvis, vere i ridehall. Så treng ikkje bekymre meg så mykje for været, kun håpe kulden ikkje har slått inn så veldig til då.

Veldig spent på korleis det kjem til og gå, og har litt blanda følelsar. Men så sant vi får fokusert på spesielt tannvisning fram mot stevnet, så trur eg det skal gå fint, sidan ho er ganske trygg i dei fleste øvelsane :)

På blodsporfronten må vi (uheldigvis) starte frå bunn igjen. Prøvde og gå nokre spor før sommarferien, men då viste ho lite til ingen interesse. Kunne kanskje gå nokre meter i sporet før ho datt fullstendig av.
Men har fått tak i heile åtte ferske hjorteføtter no, så når vi har fått blod i hus også, blir det å starte blodsportreninga igjen.

Min kjære sambuar ønsker også at eg skal trene litt med Fenris, Elghunden hans, sånn at eg kan gå ei prøve med han og forhåpentlegvis bli godkjent for ettersøk. Fenris er allerede godkjent ettersøkshund, men greit å f.eks. ha ein hundefører og ein skytter når vi har muligheten for det. Så vi får sjå.

Etter at Fredrik flytta inn hit med Fenris, ser det ut til at det går mykje betre når frøkna er aleine heime. Då saman med Fenris. Før kom eg som oftast heim til tiss på golvet, men no har det meir eller mindre stoppa opp. Var ingenting dei første vekene etter sommarferien, men etter at eg tok ein skikkeleg golvvask, har det vert litt av og på. Når dei har vert aleine i 4-5 timar, har eg gjerne komt heim igjen til tiss. Men i går når dei var aleine i 7,5 time, var her ingenting. Så eg skjønar meg ikkje heilt på det dyret der :icon_confused:
Utom det så er ho faktisk veldig rolig når eg kjem heim frå arbeid. Her tidlegare i veka gadd verken ho eller Fenris og møte meg i døra etter jobb eingong, dei låg som nokre slakt i stua. Frøkna i sofaen og Fenris på golvet :P

11709563_10155709827220468_2566002826060

Meg og beste bruningen på fjelltur tidlegare i sommar.

11018608_10155709858575468_2987857609189

Viktig å dokumentere at dyret var på toppen :P

11264815_10155798106895468_1345562717312

Gjekk ned til sentrum med bikkjene, og venta på at min kjære skulle komme ut med bilnøklane. Så eg satt der og venta med to skumle vaktbikkjer. Enkelte gjekk i stor bue rundt oss :lol:

11695898_10155819963780468_5312634168965

Sosial tur med hundefolk

11836670_10155826780160468_6928230595160

Ein aldri så liten nuss :P

11222903_10155838676340468_5410368364078

11891110_10155876841095468_8594156742491

Slitsomt og gå på fjelltur med to bikkjer, spesielt når man henger på slep (eller må slepe med seg) ein svær Elghund!

11870767_10155876841510468_1318502141871

På toppen av Fauskevarden :wub:

11880612_10155895384630468_1630007896476

To som virkelig fant tonen! Og som hadde alt for mykje energi igjen etter fjelltur :|:P

11880515_10155895385090468_8280977876627

11891090_10155895386270468_8308215540160

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...

Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdig, men sidan eg var sikker på vi ikkje kunne gå, hadde eg lagt andre planar for dagen. Veldig kjedeleg, men sånn er det. 
Vi får komme sterkare tilbake i slutten av oktober, då er det LP stevne her i Førde!

I helga fikk vi i stede trent litt blodspor. La eit kort spor på 20-30 meter, der eg brukte ein god del blod. Var veldig spent på korleis det skulle gå på søndag og om ho kom til og ta opp sporet og søke. For sist vi trente blodspor, som var før sommarferien ein gong, då viste ho brått ingen interesse for sporet. Ho som var så flink og greier...
Men heldigvis viste ho stor interesse for sporet og fulgte det veldig fint. Gjekk litt forbi sporslutt før ho kom tilbake og fant skanken som var festa til eit tre. Då var det stor jubel og glede! Vart ein del herjing med skanken då. 
For ein herleg følelse!

Etter at Catania hadde fått bære skanken ned til bilen, der vi leika enda litt meir med den, pakka eg den ned i ein plastikkpose og la den i bilen. Fram med kamera, på med refleksvest til Catania (så eg - og andre - skal sjå ho bedre), and off we went. 
Båndtvangstida er snart over i det området eg likar og sleppe ho, men vi tjuvstarta litt sidan det ikkje er dyr der. Og eg må sei, det er så deilig og ha ei frøken som gjerne kjem fykande berre ho merkar at eg har stoppa opp. Men så veit ho at å komme inn til meg = godis :P

På eit område på runden vår, tenkte eg at eg skulle prøve og få knipsa litt ekstra bilder. Men ho kom bort til meg når eg stoppa opp. Så fikk ho godis, og eg sendte ho ut igjen. Ho stoppar etter nokre meter og snur seg for å sjå på meg, før ho kjem tusslande tilbake for og få ny godis. Sånn holdt ho på eit par gangar før eg gav opp. Men ho er no søt då :lol:

12144889_10156044050095468_5687983195971

12074526_10156042346010468_5834627333410
Like elegant som vanlig :P

12122964_10156042345995468_8994373746220

12144674_10156042346500468_1442677686360

11218978_10156042348370468_3916370176642

Langeland-Mini_7876.jpg

Langeland-Mini_7909.jpg

Langeland-Mini_7931.jpg

Langeland-Mini_7958.jpg

Langeland-Mini_7959.jpg

Langeland-Mini_7962.jpg
Når mutter'n kaller, er det best å bråsnu. Då vankar det alltid godis :D

Langeland-Mini_7994.jpg

Langeland-Mini_8006.jpg

Langeland-Mini_8007.jpg

Langeland-Mini_8010.jpg

Langeland-Mini_8017.jpg

Langeland-Mini_8029.jpg

Langeland-Mini_8032.jpg

  • Like 9
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et rådyr!! :D

Hun er kjempesøt altså. Godt å se at hun lever et godt og aktivt liv selv etter PL-operasjon. Siden min lille må gjennom det samme gir dere oss håp!! :flowers:

Ho har ikkje noko problem med og holde følge, i vert fall :lol:

Åå, så kjedelig! Er det eine eller begge knea som skal opererast? Masse lykke til! :console:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho har ikkje noko problem med og holde følge, i vert fall :lol:

Åå, så kjedelig! Er det eine eller begge knea som skal opererast? Masse lykke til! :console:

Vi vet ikke ennå, skal til konsultasjon i morgen. Aldri vist tegn før hun skadet seg på agilitykurs forrige helg. Har PL på begge, men skaden gjør nok at det fremstår verre enn det er. Men operasjon tipper jeg det blir. Gjenstår å se i morgen! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Av tre påmeldte LP stevner i år, har vi på grunn av regn og løpetid måtta droppe to av dei. Men i dag fikk vi endeleg gått! Og til vårt hell, så var det 15 grader i dag tidleg. 
Starta som nr. 3, så var kort ventetid i dag, og det var rett og slett deilig! Minuset var jo det at vi måtte vente til alle klassane var ferdig, før premieutdelinga. Så då vart det over 4 timars venting, wuhuu.

Men uansett, eg er storfornøgd med lille frøken dings i dag! Fellesdekken var eg forberedt på at ho kom til å nulle på, vurderte jo faktisk å trekke ho frå den, men kjørte på og lot det stå til. 
1,5 poeng meir enn fjorårets stevne :P

Visning av tenner: 9
Fellesdekk: 0
Lineføring: 8,5
Dekk frå holdt: 7
Innkalling: 10
Stå under marsj: 7,5
Hopp over hinder: 9,5
Avstandskommandering: 8
Heilhetsinntrykk: 9
Totalt: 145,5

Dommar: Ann Christin Sjøtun

https://www.youtube.com/watch?v=lbb-hMnuydI&feature=youtu.be

  • Like 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

12246883_10156159238075468_2116160465552

Catania var til veterinæren for vaksine og kontroll no i veka. Eine assistenten fôra ho på godis, som ingen andre bikkjer enn Catania ville ha, så ho ensa ikkje vaksina eingong. Sånn er det med ein firbeint skapning som er snopesjuk 24/7 :lol:

Fikk veterinæren til og ta ein sjekk av knea også, for trur det er skruane eg har kjent som stikker litt ut inni der. Og fikk tilbakemelding om at viss dei skulle komme meir ut eller ho blir plaga av det på eit vis, så må vi vurdere kva vi skal gjere med det. Møkk altså! Så kryssar fingrane for at dei held seg i ro, ho viser i vert fall ingen plagar eller noko, slik dei er no.

Ellers var det tipp topp, tommel opp. Og så vart det nevnt noko om god anatomi :D
Kun eg som syns ho burde bli feita opp litt då, så no får ho ein del ekstra fôr, til matvrakets store glede :P

  • Like 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute :)

Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom ho inn til meg, når det brått kom ei bikkje bak oss som som starta bjeffe, på slutten av turen. Ho gadd faktisk ikkje bry seg om den etter at eg hadde fått på ho båndet eingong, wehooo :D 

Flyplassen-Mini_8435.jpg

Flyplassen-Mini_84621.jpg

Flyplassen-Mini_8474.jpg

Flyplassen-Mini_84771.jpg

Flyplassen-Mini_8504.jpg
Fredrik kasta småstein i graset og lurte Catania trill rundt. Ho var nemleg på musejakt. Trudde ho.

Flyplassen-Mini_8515.jpg

Flyplassen-Mini_8521.jpg
Fikk "blikket" :|

Flyplassen-Mini_8554.jpg
Fikk med oss ein fin solnedgang ved flyplassen :D

Flyplassen-Mini_8566.jpg
Ikkje alltid like enkelt å ta bilder av begge bikkjene ilag :P

Flyplassen-Mini_8571.jpg
Fenris og Catania :)

  • Like 10
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive



  • Nye innlegg

    • Dette har jeg aldri hørt om. Uff, lykke til, håper det går bra!
    • Frøkna har mest sannsynlig fått en blokkert spyttkjertel. I går skulle hun til utredning i CT, men forundersøkelse av hjertet viste at det ikke er et alternativ å dope henne ned slik hjertet er nå. Så hva i alle dager gjør jeg? Er det noen som har vært borti dette, og evt. fått utført noe slags behandling (f.eks. drenering?) under lokalbedøvelse? Hun ble satt på vanndrivende over helga for å redusere trykket på hjertet, så vil de ta en ny vurdering mtp. risiko ved narkose i neste uke,  men hun vil uansett være en høyrisikopasient så det er jo kjempeskummelt å gå den veien. Jeg har jo ikke lyst til å risikere livet hennes for en blokkert spyttkjertel, som tross alt ikke er livstruende og mest bare et irritasjonsmoment. Alt hva den stakkars hunden skal måtte gjennomgå 
    • Få en trener MED ERFARING (fra hundeklubben f.eks) ikke en som har tatt e kurs og er på sin første hund...  Dette må en hjelpe dere med in real life.  Har selv en valp på 16 uker som bodde på småbruk, men hun er miljøsterk og rå i miljø. Det er noe miljø og mye genetikk.  Kjenner ikke til Collie men tidligere slet de med nerver og det er jo bittelitt arvelig det... Det du opplever høres meget rart ut. Få hjelp hjem nå!!  Valpekurs er genialt, men treneren der har begrenset tid til å hjelpe med sånne problemer, men noe veiledning hjelper absolutt.   
    • Gratulerer med resultatene og hunden!
    • Jeg er ganske forelska om dagen 😂❤️    Vi har jo 3 tisper også - Utrolig morsomme og herlige vesen! Men hannhund er virkelig noe for seg selv! ❤️   Nils hadde en strålende valpekarriere, til helga skal han til Nkk Sandefjord og prøve seg som junior - Vi er forberedt på at alt kan skje 😂
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...