Gå til innhold
Hundesonen.no

Recommended Posts

Skrevet

Eg må berre skrive av meg litt kjærleik. :ahappy:

Den aller beste bamsen i heile verda, ligg akkurat no på sofaen og søv. Han har stabla ikkje mindre enn tre saueskinn og eit fleeceteppe under seg, og har verdas styggaste dokke frå Ikea som hovudpute. Finaste, flottaste fyren.

Me fant Bamse på finn.no me, hausten 2008. Eg hadde mast og mast på sambuaren min som ein liten (irriterande) unge om ikkje me kunne få oss hund snart, og så snart me fekk oss noko eige, så byrja jakta. Eg har eit stort sørgande hjarta for omplasseringshundar, så det var sjølvsagt vegen å gå. Dessutan, sidan eg har(/hadde) ME og var ufør, sidan me no budde i fjerde etasje utan heis, sidan mesteparten av turinga kom til å bli gjort av min fantastiske sambuar medan eg fekk all kosen, og sidan me ikkje heilt visste om eg kom til å bli betre/om sambuar kom til å takle full jobb + husarbeid + liten hund, fann me ut at ein pensjonist ville vere perfekt. Ein gammal kvitbart som skulle få snorke med meg, og luffe på tur med pluttemannen. :wub:

Så, finn.no altså. Og der var det jo haugevis med hundar. :hmm: Midt i hundejungelen, med overskrifta "
utrolig snill og familievennlig hund vurderes omplassert", var jo Bamse! Ein åtte år gamal blanding av labrador, rottweiler og bc.

post-4632-0-81459300-1372755337_thumb.jp

Så søt!

Og han var så grei! Så perfekt! Herlighet, Bamse har den mest vanvittige snill-og-grei utstrålinga eg nokon gong har møtt hjå ein hund. Mot tofotingar da, mot andre hundar er han ein...smule...annerledes...

I to år budde me i minileiligheta, og finaste Bamsen fekk meg med ut på tur. Sakte med sikkert var eg med på tur, og enda saktare vart det meir meg enn pluttemann som var ute og gikk og plukka bæsj. Bamse driter nemlig eksepsjonelt ofte.

Men når eg vart friskare, vart Bamsen sjukare. Han var litt undervektig og hadde stygg pels då me fekk han, og trass forsøk på forskjellig for så vart det ikkje betre. Fram til me fann ein eminent dyrlege som fastslo diagnosen lavt stoffskifte. Hei hei leverpostei! (Og levaxin morgon og kveld.)

Formen/ane vart betre, og Bamse drog meg med på fjellet. Me gjekk på stølen att, der eg ikkje hadde orka gå på mange år, og han bada (vassa, Bamse likar ikkje vatn over albogane), jaga frosk, åt blåbær og sniffa hjortespor. Åååh det var så fint! Eg blir så teit lykkelig av å sjå glade hundar. :lol:

Men medan eg stadig vart betre vart Bamse dårligare att, og han vart kastrert (prostataproblemer), og medisinert (meir levaxin, samt hjertemedisin og vanndrivande.) Han går no på ein haug medisinar, medan eg har kutta drastisk ned og har fått jobb og er under utdanning.

Me flytta til eige hus og hage! Og han har til og med hatt fleire hundekompisar sidan me har vore fosterheim og hundepassarar.

Han er stadig sprek og blid og lykkelig, i inter var me på min aller første skitur på 20 år, og i vår gjekk me rett og slett på klikkerkurs med gamlingen. Det var sjukt gøy for både hund og eigar! Han er så flink, han kan stå på ein kasse! :D Det var dritvanskelig, for han ignorerer generelt sett alt som ligg og slenger i vegen. No blir han i ekstase kvar gong han ser ein krakk liksom, og vil ha pølse. :ahappy:

Eg har lært så mykje av Bamsen. Fått vanvittig mykje liv tilbake att, og lært at det aller beste i verda er å sitte i sofaen med ein hundenase trykt inntil halsen. Eg elskar hunden min og berre tanken på at det no går mot slutten knuser meg fullstendig. :icon_cry: Han er stiv og gamal, blir halt om han herjar for mykje, og eg må bort og sjekke at han pustar av og til når han ligg og søv.

Samtidig driv han framleis og hoppar opp i senga vår for å legge oss om kvelden, og den er -høg-. Han blir ekstatisk når han ser båndet og vil på tur, han herjar i hagen og elskar å leikesloss. Og den stygge dokka frå Ikea.

post-4632-0-64713000-1372757543.jpg

:heart:

  • Like 2

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


  • Nye innlegg

    • Hadde vært gøy med litt mer aktivitet her inne ja. Føler jeg ser det der ute i den virkelige verden også, er synkende aktivitet på mange arenaer. Her går det fremdeles i hund og konkurranser, mest RL.
    • Veldig synd egentlig at det er blitt sånn. For det var himla gildt her en stund.  Lurer også på hvordan det går med de eldre brukerene, og lurer på om de holder på med hund fortsatt. 
    • Det er et helt greit alternativ for hunder som ikke tåler kylling. Man må nesten prøve det på egen hund for å se om det funker. Jeg har prøvd det bare for gøy, hverken eller synes min hund
    • Tror en vanlig golden hadde passet dere ypperlig, bare vær nøye med linjene. En flat coated hadde også fungert bra.  Jeg har jaktgolden, og har hatt , og kjenner flere. Jeg tror ikke det vil passe for dere, de trenger mer arbeid. En god golden er vel så bra. Dere kan vurdere labrador, de har ofte mer futt i ræva:) Men vær obs på linjer med alt for tunge hunder, og noen hannhunder kan være skikkelig hannhunder med mye hormoner.
    • Da ville jeg jo ha byttet madrass, men kanskje ventet til du har fått litt mer kontroll på problemet. Det er veldig mange ting som spiller inn her. Aktivitetsnivå og hverdagslydighet generelt, får hundene det de trenger av aktivisering og trening, har de grunnleggende hverdagslydighet inne, osv.  Når de har lært seg at det hjelper å begynne å bjeffe midt på natten er det nok en større jobb å snu det, men ikke umulig. En mulig måte å trene de til å sove et annet sted er å legge en madrass i nærheten der og sove i samme rommet, men adskilt med grinder. Det forutsetter først at de er trygge og slapper av i sengene sine i utgangspunktet. Dette krever masse trening av hundene både sammen og hver for seg. Det er vanskelig å gi veldig spesifikk hjelp uten å ha sett hundene. Det kan være du har nytte av å få hjelp av en hundetrener/adferdskonsulent for å legge en plan. Hvis du ikke vet om noen du kjenner og stoler på kan du lete her: https://atferdskonsulenter.no/finn-konsulent/hund
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...