-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Som huseigar er nok dei to første punkta Siri kjem med dei eg ville lagt mest vekt på. At du er blid og positiv på visninga, og at du er i stand til å føre ein oppegåande samtale. I tillegg har det jo vore viktig for meg at dei som evt skal leige, ønskjer å bu der lenge, men det er vel ikkje like relevant i kollektiv (eller kva det no heiter med slikt leigeforhold)?
-
1. Hvor "gammel" skal noen være før dere reiser dere på bussen? No tek eg lite buss, og der eg har budd har eg stort sett hatt bussen meir eller mindre heilt for meg sjølv... 2. Hvor ofte skifter du sengetøy? Av og til... 3. Hvor ofte vasker du hundeskålene? Når dei er skitne, og det i tillegg passar slik. 4. Bruker du tøymykner? Hvorfor/hvorfor ikke? Ja. Fordi Lina Kristine har sagt at eg skal gjere det. 5. Hvor mange timer søvn trenger du hver natt for å våkne uthvilt? Om eg legg meg før 10, klarar eg meg med 6 timar. Legg eg meg etter 10, treng eg 9 - 10 timar. 6. Når du kommer inn en i en butikk, og har god tid, og vet nøyaktig hva du leter etter. Pleier du da å spørre om hjelp til å finne det du trenger, eller leter du en god stund på egenhånd først? Eg går inn i butikken, ser superforvirra ut, og smiler og seier jatakk når ein av dei tilsette spør om eg treng hjelp. 7. Er det bare mine håndkler/sengetøy som kryr av hundehår selv etter en runde i tørketrommelen? Hva gjør dere evt for å unngå det? Tjaaa... Har eigentleg aldri sett etter, det er ikkje noko eg ser på som eit stort problem i hushaldinga, iallefall. Sengetøyet kryr av hundehår for tida, då Laffen har funne ut at soveromsdøra let seg opne med eit puff med snuta (går ikkje i lås), og innanfor den er det ein stor, mjuk liggjeplass, og ingen heime til å kjefte på...
-
Det absolutt viktigaste i ein pastasalat er osteterningar! Kutt vanleg kvitost i terningar på ca. 1x1x1cm3. I tillegg til ost, brukar vi: Pasta Kylling Eple Valnøtt Drue (delt i to, såklart) Purre Creme Fraiche (og sikkert litt til som eg har gløymd, men dette er no det viktigaste )
-
Hvorfor heter alle hunder Sambo? Og alle mennesker her inne TS?
OlavEmil replied to FranskDogge's emne in Alt mulig
Må nok skuffe deg litt då, Siri. Språkhistorisk sett kjem ikkje kjerring av "kjære / kjæring", slik mange trur. Hugsar ikkje kva det kom av, då... Men heldigvis er det no sånn med språk at ein kan leggje kva ein vil i ulike ord . Sjølv synst eg ikkje kjerring er noko fint eller koseleg. Sambuar har eg ikkje sansen for. Kjærast har eg alltid syntest er utruleg klissete. Før sa eg alltid "ho eg er saman med", men det er jo ganske tungvindt. Det var fint då vi gifta oss, og eg kunne byrje å kalle henne kone . Ja, når eg seier det, så vert det jo "kånå mi" . Men når eg skriv det, t.d. her, så blir det kona. Kan jo ikkje drive og skrive på dialekt... -
Hvorfor heter alle hunder Sambo? Og alle mennesker her inne TS?
OlavEmil replied to FranskDogge's emne in Alt mulig
Eg seier meg einig med Lola og HHT, eg: :lol: Sjølv kallar eg ho eg bur med for kona mi, nokon gongar slår eg meg laus og kallar henne Lina Kristine. Var eit par stykker her inne som holdt på å ramle av stolen då det gjekk opp for dei at ho faktisk har eit namn... -
:lol: Når det gjeld shiba / rev, så liknar dei ikkje i det heile, nei. MEN, shiba liknar veldig på Disney / teikneserieidealet av korleis ein rev "skal" sjå ut .
-
Eg høyrde om Plumbo første gong på torsdag. Då var eg ute og køyrde mellom 1830 og 1900, og då er det barneradio på P1. Det er vel det einaste som kan få meg til å prøve meg på nye kanalar, og på P3 spelte dei Møkkamann. Eg synst faktisk det var bra musikk, eg likar kombinasjonen fløyte / klassiske instrument og rock. Eg kom heim og søkte dei opp på Spotify, og skuffinga var enorm. Samtlege av dei andre sangane deira var rølpemusikk, og det oste fyll, bygdefest og kønntri (i ordets verste forstand) av alt saman. Eg høyrer på radio kvar einaste dag, så at det er den sangen folk har høyrd mest på radio i år seier vel mest om kva kanalar dei (eller eg?) høyrer på . No er forøvrig måten denne prisen er stemt fram på utruleg lite representativ. Det er altså P3s lyttarar og VGs lesarar som har stemt. P3 er ein ganske liten kanal med ein veldig snever lyttarmasse (kanalen er jo spissa mot folk mellom 13 og 25 år), og det er ikkje mykje musikk ein høyrer av å lese VG... Eg synst det er skuffande dobbeltmoralsk av deg å støtte Plumbo uforbeholdent, og samtidig insuinerer at det Kaizersfyren gjorde er utilgiveleg. Eg har faktisk meir forståing for hans reaksjon, enn på spøken i utgangspunktet. Når det er sagt, har eg jo alt sagt meg einig i at no når folk har fått sove på det, er det greit å la det fare. Forøvrig synst eg faktisk det var positivt at publikum heilt spontant og uoppfordra bua på kommentaren. Det er bra at vitsing med rasistiske undertoner (same kor lite meinte dei er) ikkje er noko som blir teken godt imot. Men det er jo eigentleg ein bra sang, då .
-
Det er ikkje noko problem å øvekøyre med boble. Det viktige er å køyre. Masse! Og det er ikkje for å få til clutch, gir og brems, det er som å lære å sykle, når du først får det til, har du det. Det er mengdetrening i trafikkforståing, handtering av situasjonar, ulike vegar / køyreforhold osvosvosv som er viktig å få. Altså, om så alt du har for hand er ein sykkel, så kan du få mykje viktig køyretrening på den òg. Det går nok fint, skal du sjå. Lukke til .
-
Ordna det seg? Det vart ikkje Biltema på meg i går, så då MÅ eg innom der i morgon, og då ligg sparkjøp 40 meter bortanfor. Det blir i så fall Sparkjøp Åsane.
-
Det kan kanskje vere jobbserveren som har ein instilling som nullstiller alt med jamne mellomrom (om jobb-PCen din er kopla opp mot slikt). Min bærbare data slettar loggen stadig vekk, men det eg legg inn som favoritter kjem alltid opp som forslag når eg skriv inn byrjinga på ei adresse. Gjer ikkje din det? Merk forresten at du må lagre favoritten med nettadressa som namn, elles lagrar han seg automatisk med det sida kallar seg, og då funkar ikkje autofullfør. For å ta eit døme: Du vil lagre www.søkemotor.no som favoritt. Denne sida kallar seg "Noregs beste søkemotor" (det er dette som står på den blå linja heilt på toppen av vindauget). Om du berre vel "lagre som favoritt" og trykkjer OK, blir han lagra som "Noregs beste søkemotor", og vil kome opp på autofullfør når du tastar inn N, og ikkje når du tastar inn S, slik du ville gjort. Du må difor aktivt velje at han skal bli lagra som søkemotor.no.
-
Du kan gje fristar som er så korte du berre vil. Men dei fleste meklarar ønskjer at eit bod skal ha lang nok frist til at det er mogleg å ringe rundt til dei andre interesserte og få opp prisen. Trikset er å gje lang nok frist til at dei ikkje avslår bodet, men gjerne på "vanskelege" tidspunkt, slik at dei kanskje ikkje får tak i dei andre, typisk slik vi gjorde .
-
Det sitatet frå Trygg Trafikk er nettopp årsaka til at eg tok opp dette med refleksvest i høve til refleksbrikker. Dei som har skrive dette, kan aldri ha sete i ein bil etter mørkrets frambrot. Eg har òg høyrd det at brikker er dei beste, fordi dei rører på seg. Forbanna tull, er det. Ta til dømes om det regnar. Det treng ikkje regne mykje eingong, berre akkurat nok til at det kjem eit par dropar på vindauget. Så kjem ein bil imot. Kvar einaste av desse dropene som ligg på vindauget vil då sjå akkurat ut som ein slik refleksbrikke. Det er klart ein ikkje ser / reagerer på refleksbrikka då. Siri Eveline: Om du les på det som står om dei vestene, så er ikkje den blå godkjend som fullverdig refleksvest. Den er godkjend som refleks (eller "synbarhetsbekledning til bruk i mørket"), på linje med alt som reflekterer over ein viss andel av lys som treff det. Alt som blir solgt i Noreg er CE-godkjend fordi det er ulovleg å selje varer som ikkje er CE-godkjende. Det vil ikkje seie at alt som blir solgt i Noreg er CE-godkjend som refleksvest. Red.: Eg kan jo leggje til at eg sjølvsagt heller ønskjer at folk brukar refleksband og rosa refleksvestar enn ingen refleks i det heile. Akkurat refleksbrikker seg eg nesten ingen poeng i, det gir berre falsk tryggleik, og då er det gjerne betre at folk går heilt utan refleks, og oppfører seg deretter. Når det gjeld deg, Siri Eveline, så synst eg det høyrest ut som den arbeidsjakka di er alle tiders. Eg har aldri sagt, og heller aldri meint, at du ikkje er synleg i mørkret. Men det verkar som du tek alt eg skriv som direkte kritikk mot deg som person. Det er det ikkje .
-
Alle varer som blir solgt i Noreg er CE-godkjende. Det betyr ikkje at dei er godkjende SOM REFLEKSVEST .
-
Første bod legg ein inn på visning, stort sett kr 1,-. Alle andre bod kan ein då gje over telefon. Det er med andre ord ingen grunn til ikkje å leggje inn bod på ei krone på visning, sjølv om ein eigentleg ikkje er interessert. Skulle det forandre seg, og du ikkje har lagt inn det eikronesbodet, blir det plutseleg mykje meir tungvindt. Ingen bod kan ha frist før klokka 12 første virkedag etter siste annonserte visning. Etter dette kan ein ha bod med så kort frist ein berre vil. Vi la inn bod på det huset vi har no klokka 9 om morgonen, med frist klokka 16.00 same dag. Det var med tanke på at mange då er på jobb, og kanskje ikkje tilgjengelege til å leggje inn motbod, eller få diskutert det skikkeleg (ein er jo ofte meir enn ein person som skal ha eit ord med i saka). Litt drittsekk må det vere lov å vere . Huskjøp er spennande og moro. Lukke til .
-
Ganske praktisk . Kona mi merka stort sett aldri at eg var gått på jobb før ho vakna mange timar seinare då eg sto opp i 4-tida. (no merka ho ikkje det trass i at eg stort sett kyssa ho i panna, knadde føttene hennar litt og sa hade før eg gjekk, då... )
-
Ikkje stakkarsleg. Stakkar! Du er jo austlending..?
-
Det er nok gode grunnar til at den øvste ikkje ville blitt CE-godkjend som refleksvest, ja. Er det klart og fint, og einaste "problemet" er at det er mørkt, funkar den øvste fint. Er det derimot dårleg sikt, med sludd / snø eller dis / tåke, vil den gule fargen reflektere lys gjennom tåka mykje betre enn den rosa (eller nokon annan farge).
-
Ja, eg veit det. Men i staden for å lage ei lang innføring i bergensk lokalgeografi for ein stakkar austlending, juksa eg litt og skreiv Kokstad .
-
Eg synst den med kveitebollar var super, evt ein annan oppskrift på eitt eller anna .
-
Hehe. Eg tenkte òg på Kokstad og Åsane, burde vore ein tur på Biltema i morgon uansett, og Biltema i Bergen er på Kokstad og Åsane . Men då er jo dei dekka alt .
-
Vi har vel òg Philips sin, eg kjøpte til kona mi for eit par år sidan, då ho slit ein del med søvn (og det å avslutte søvn ). Ho er nøgd med den. Sjølv vaknar eg straks lyset slår seg på første nivå (som er veldig svakt), så eg brukar han ikkje. Så har eg då alltid vakna ved aller første pip frå mobilalarmen, så eg har ikkje det store behovet heller .
-
Men det er faktisk minst like viktig med refleks på opplyst veg. Der det er gatelys køyrer ofte bilistar med kun nærlys (spør ikkje meg kvifor), og det ER faktisk vanskelegare enn mange trur å få auge på folk sjølv om vegen er opplyst. Eg vil faktisk svare ja på det første spørsmålet. Dingeldangel som heng ut av lommene er langt frå så effektivt som forkjemparane skal ha det til, eg har fleire gongar prestert å unngå å leggje merke til desse refleksane når eg køyrer. Er det i tillegg dårleg ver, er det ingen hjelp i dei i det heile. Den store fordelen med refleksvest, er at han i tillegg til å vere full i store, gode refleksar, har ein farge som i seg sjølv reflekterer mykje lys, og er synleg sjølv i dårleg sikt. I tillegg synst eg faktisk refleksvest er tøft! Det einaste anna enn refleksvest som etter mi meining funkar, er arbeidsklede tilsvarande slike vegvesenet o.l. brukar. Desse er faktisk CE-godkjende som refleksvestar. Dei arbeidskleda vi brukar i vårt transportfirma, er spesialsydde med vår logo i heile jakka og buksa, og er laga etter regelverket for godkjend refleksvest. Dei er ikkje søkt godkjende, men dei fyller krava. Det synst eg er eit supert tiltak, som alle transportverksemder burde ta etter. Det hender jo ein må ut og leggje kjetting / sjekke lastsikring / gjere noko anna, og då står ein jo ofte midt i vegen straks ein set foten utanfor bilen. Når det gjeld meg sjølv, brukar eg refleksvest når eg går langs veg. Einaste gongane eg ikkje brukar refleksvest, er (nokre av gongane) når eg kun går opp og ned sykkelstien som byrjar ved vår oppkøyrsle og går langs vegen vår. Denne er skilt av frå vegen med autovern. Likevel skammar eg meg kvar gong det kjem ein bil forbi! Laffen har sele med refleks, samt kvit haletupp .
-
Eg har ingen tvil overhode om at eit bilete som ramlar ned frå den høgda og ned på ein stram skinnsofa får nok sprett til å hoppe over på bordet der. Og som nemnt før, det har treft anten biletet under eller sofaryggen før det traff sofaen, og dermed snudd 180 grader, slik at det ligg "feil" veg. Morosamt med spøkelse o.l., ja, men her må vi nok vere littegranne realistiske . Eg er forresten kristen, så eg trur absolutt det finst ting vi ikkje kan sjå. Men eg trur ikkje desse driv og dyttar bilete ned frå veggar... Kristen skeptikar, kanskje?