Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Alt skrevet av OlavEmil

  1. Generelt og uansett kvar ein reiser, vil eg stert råde alle til å leige bil minst ein dag og køyre rundt. Det er då ein verkeleg får sett landet, når ein har fridom til å dra akkurat kvar ein vil, når ein vil.
  2. OlavEmil

    Sommerjobber

    Sjølv om eg i mitt førre innlegg framheva somarjobbar som noko som gjer seg på CVen (iallefall på slike lusejobbar som eg driv med ), har eg sjølv aldri hatt ein einaste somarjobb. Eg hadde rettnok ein deltidsjobb som lagerarbeidar og varebilsjåfør eit halvt års tid då eg var 17,5 - 18 år, men dette firmaet gjekk konkurs etter at vi (med meg i spissen) gjekk til fagforeininga, og kravde minsteløn . Elles byrja eg som lærling i Suldal ein månad før eg fylte 18, og her jobbar eg enno. Eg har aldri hatt lyst på somarjobb, og eg har aldri brukt pengar på noko som helst.
  3. OlavEmil

    Sommerjobber

    Eg har i min nye jobb medansvar for tilsetjingar, og eg vil seie meg einig med Hampus her. Småjobbar her og der viser engasjement og arbeidsvilje. Når det er sagt, vil eg heller ha ein som ikkje hadde somarjobbar eller noko som ung, men som har jobba i ti år i same verksemd etter fylte 18 år, enn ein som kan vise til "brei erfaring" ved å ha jobba tjue ulike stader. Den første er truleg ein meir stabil arbeidskraft, ein ein kan ha i jobb i årevis utan at han blir lei og byrjar å sjå etter nye utfordringar. No jobbar jo eg i ein bransje utan særlege krav til utdanning og kunnskap, ein må ha tungbilsertifikat, ut over det er det viktigaste at ein er fleksibel, arbeidssam og lojal, og då er det at ein kvar somar frå ein var 16 til ein var 25 jobba i kassa på den lokale Jokeren ein super indikasjon på iallefall dei to siste punkta.
  4. Jaja, så lenge han ikkje sit der heile natta, og når du er på jobb om dagen, så går det vel på eit vis...
  5. Sjå der, ja. Då beklager eg at eg har rota meg borti ei undersøkjing der eg ikkje høyrde til målgruppa. Lukke til vidare .
  6. Som andre har sagt, denne undersøkinga er laga på ein slik måte at ho konstruerer resultatet sjølv. Det er heilt sikkert ubevisst, men resultatet av denne undersøkinga kan ikkje brukast til noko som helst. Eg er ikkje burmotstandar til langt over skuldrane, men eg brukar ikkje bur, fordi eg ikkje har behov for eller plass til det. Då er spørsmål 2, 3, 4 og 5 umoglege å svare på. Sidan forumet krev svar på alle spørsmål, kan ikkje folk som ikkje brukar bur svare på undersøkinga, og det vil openbart ha ein effekt på sluttresultatet.
  7. Eit godt døme på feil burbruk . Resten av diskusjonen held eit nivå som er skammeleg, så den legg eg meg ikkje borti.
  8. Rune har tlf 8225. Ørjan har tlf 8657. Takk for hjelpa! Mvh Olav Emil Woho, endeleg hadde eg noko på copyen .
  9. Blåskimmelost er namnamNAM på pizza .
  10. Vi skal på søndagen. Og eg ser at vi stiller i den rasen som har aller flest påmeldte. Hurra... Dette kjem til å gå rett vest.
  11. I den grad eg har noko grundig analyse av nokon i denne diskusjonen, er det nok KarpeSkrotum . Einaste eg vil deg, er å påpeike at du har misforstått / feiltolka / hugsa feil ein del detaljar, som gjer at ein del av det du skriv kjem skeivt ut og gjer det vanskeleg å svare på.
  12. Heile poenget her er jo at KarpeSkrotum er ein av dei få som IKKJE har forsvart denne uavkorta ytringsfridomen. Det verkar som du gjennom heile diskusjonen har trudd at du har diskutert med ein annan enn det du har. Så lenge denne diskusjonen handla om det det var meint at han skulle handle om, sa KS at han ser svakheiter ved ytringsfridomen slik han blir praktisert i dag. Når så diskusjonen byrja å bli usakleg og meiningslaus, byrja KS å diskutere diskusjonsteknikkar. Du tenner då på dette, tek det personleg, og får det for deg at KS er ein av dei som meiner at det er greit at læraren seier det han seier, og forsvarer det med ytringsfridom, noko som faktisk ikkje stemmer.
  13. Det har du nok heilt rett i . Eg vart nesten litt sjokkert då eg var på bernersamling førre onsdag, det var jo eit bjeffeleven utan like. Eg hadde heilt gløymd at bernerar kunne bjeffe .
  14. Heimelaga hamburger er godt og rimeleg. Kjøp kjøtdeig (svin, storfe, kylling, speler ingen rolle), hiv oppi ei bolle, ha i eit rått egg og det du vil ha av krydder (tips: ein dæsj Heinz Chiliketchup er bra krydder) og rør med ein sleiv til du har ein relativt seig (slik at det heng saman), formbar masse. Ta passe klumpar (om du brukar ein 400g-pakke med kjøtdeig er 1/4 passe til ein burger), legg på varm panne, klem flat og form sånn nokonlunde. God middag for to, alt du treng er kjøtdeig, eitt egg, krydder og hamburgerbrød (pluss det du brukar som tilbehør på din hamburger) .
  15. Vårt liv vart mykje betre då vi flytta til eit hus med oppvaskmaskin .
  16. Droppe den 1km pluss-turen om morgonen ein periode, og rett og slett ikkje gå lenger vekk enn det du vil måtte gå for å tisse hunden før han faktisk går på do. Når han har gjort det han skal, DÅ går du tur (beløning).
  17. Haha, kjenner meg igjen der, ja . Om vi har hundar rundt oss som bjeffar, ser Laffen om han kan sjå hunden. Kan han ikkje det, bryr han seg ikkje. Ser han hunden, vil han gjerne bort og helse på, og reagerer på same måte som Aslan når han ikkje får lov. Er det ein hund som er heilt inntil (som vel eigentleg var spørsmålet ), er det full helsing som gjeld, han trekk seg attende i eitt sekund om det kjem eit bjeff, før han skal helse meir. Ikkje heilt optimalt, men eg er iallefall nøgd med at han ikkje tek skrekken. Laffen er no straks 14 månader, og med inntak av ein periode då han var eit par månader gamal då han bjeffa natta gjennom, har han nesten ikkje laga eit bjeff. No kjem det eitt eller to bjeff i månaden, og då er han ekstremt utolmodig (om noko fantastisk skal skje og det dreg ut eller noko slikt). Då er det eitt bjeff, så går det fleire veker til neste bjeff . Det hender at han boffar litt i søvne, då .
  18. Hæ? Kvar ser du det? Uff, eg svarte 32 eller meir, for såpass er det jo før ein set på oppvaskmaskina. Men om det er dei gongane ein vaskar for hand, så er det jo berre 1, nemleg steikepanna .
  19. Godt mogleg. Eg sa i mitt første innlegg her at eg ikkje har noko behov for å diskutere denne saka. Eg diskuterer bruken av ytringsfridomen som unnskulding til å seie kva ein vil, utan ansvar. Og som eg sa, undertrykte folk andre stader i verda får det ikkje betre OM ein eller annan i den vestlege verda seier at det er supert å plaffe ned ungdomar. Eller om ein eller annan i den vestlege verda seier at jenter med blondt hår i hestehale bør voldtas. Eller noko som helst anna. Poenget her er at verda ikkje er ein vektstang, der urett i eine enden av skalaen kan utjamnast berre vi er ekstreme nok i andre enden av skalaen, heilt uavhengig av nøyaktig kva som blir gøymd bak ytringfridomen den eine eller den andre gongen.
  20. Eg skreiv det i mitt førre innlegg (og nemnte det forsåvidt i dette òg) at å støtte eller oppfordre til grov kriminalitet, ikkje bør kunne gøymast bak ytringsfridomen. Kva som er grov kriminalitet, er godt definert i dei lover som er, og så vidt eg har fått med meg, er det ikkje grov (juridisk) kriminalitet å vere motstander av Arbeiderpartiet. Det er derimot grov kriminalitet å jakte menneske med skytevåpen. Derav burde det vere ulovleg å oppfordre til, eller støtte opp om, dette. At det i andre delar av verda er straffbart å kritisere styresmaktene, er sjølvsagt eit demokratisk problem, og bør handterast. Men urett + urett =/= rett. Dei som får fingrane kappa av fordi dei seier at keiser Kim er dum, får det ikkje betre fordi ein eller annan i den vestlege verda synst det er supert å plaffe ned ungdomar, og får lov til å seie dette høgt.
  21. Kvifor er denne ytringsfridomen så forbanna "viktig i Noreg" at vi berre skal nikke og smile til alt som blir sagt? Eg spør heilt seriøst, for eg kan ikkje forstå det. Og så lurer eg på, kva paragraf i norske lover er det som gir ubetinga rett til å seie kva som helst, utan ansvar for noko følgjer? Eg kan tvertimot vise til fleire lover og paragrafar som avgrensar kva ein kan seie, t.d. blasfemiparagrafen og lov om trugsmål. Eg trur det er ein del som har misforstått tydinga av ordet "ytringsfridom". Det er stor forskjell på ytringsfridom og ytringsrett. La oss samanlikne det med det banale utsegnet "det er ingen menneskerett å køyre bil". I Noreg har alle fridom til å ta sertifikat og køyre bil. Det betyr ikkje at vi har ein uavgrensa rett til å køyre bil i einkvar situasjon. Det er ein fridom underlagt diverse reglar. Det same må jo sjølvsagt gjelde ytringsfridomen. Eg har sagt det før i denne tråden, men det er visst naudsynt å seie det igjen. Ytringsfridomen slik ein del brukar han i dag, er feil! Eg blir forbanna når folk kjem med ytringar som støtter eller oppfordrar til ulovlege handlingar, for så å gøyme seg bak eit misbruk av ordet ytringsfridom.
  22. Å ytre reelt ønske om å utføre grove straffbare handlingar og ytre støtte til slike, burde vere straffbart på same måte som å utføre desse (men sjølvsagt med lågare reaksjonsnivå). Kva som er grove straffbare handlingar er godt definert i lovverket, både her til lands og i andre land. Eg står fullt og fast på at ytringsfridomen er meiningslaus og feil. Resten av diskusjonen har eg skumma gjennom, eg blir kvalm av enkelte ytringar, men eg har ingen behov for å engasjere meg i diskusjonen om saka.
  23. Eg for min del har aldri forstått kva som er så forbanna fantastisk med ytringsfridomen. Han blir jo berre misbrukt. Eg synst det er heilt greit å straffe folk for ytringar og meiningar, eg. (dette meiner eg, og har eg meint lenge, heilt uavhengig av denne spesifike saka, berre så det er sagt)
  24. WOW! Eg tenkte først at dette såg utruleg keisamt ut, men det der var jo fantastisk. Eg vart heilt oppslukt, eg . Linken til Hanna funka forresten for meg, men det tok ein del tid før det kom.
  25. Hehe. Det minner meg om ein gong morfar hadde vore og trekt garn. Han kom heim og fortalde sonen (min onkel) at han hadde fått det heslegste udyret ein kan tenkje seg i garnet. Verkeleg groteskt var det, men han hadde no klart å få det ut av garnet, og dumpa det bak naustet. Han forklarte korleis dette monsteret såg ut, og onkelen min kasta seg i bilen og fekk henta hummeren før den stakk av . Okai, det var ikkje noko tilståing, men LITT moro var det jo .
×
×
  • Opprett ny...