Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Det er nok ikkje verdt mange kronene egentlig, meiner det kosta kring 4500,- for fire (fem?) år sidan, i pakke med to linser. Det har og ein sær feil med lysmålaren, som eg har ignorert i lange tider, så da blir det nok kassert.

    Då ønskjer eg meg eit nytt med god samvit! Takk for svar. :)

  2. No uttaler eg meg om ting eg egentlig ikkje kan, men eg har omsider fikla meg innover i kameraet mitt nok til å skjøne at den stripa som er på alle bilder ikkje er eit hundehår alikavel.

    Det ser ut til å vere ein sprekk i glaset inni der, for det er eit glas som ligg foran sensoren, ja? Er eit olympus kamera, e520. Er det noko som kan skiftast i full fart med deler fra ebay, eller må det i tilfelle leverast inn ein stad for ekspertfiksing? Eller, og sei gjerne ja, bør eg ønske meg eit nytt?

  3. Border collie. Eg har aldri likt dei. Oppvokst midt på landet og "alle" naboar hadde bc. Smiskete, lurvete, bjeffa mykje, låg i vegkanten og jakta bilar. Drittbikkjer.

    Og så jobba eg som avløysar for evigheter sidan og møtte ein bonde som hadde to stk, der den eine smelta meg heilt totalt. Fine hunden. :wub: Og no har eg ein sjølv! Hurra. :lol:

    Golden retriever. Masete stinkedyr. Men dei er jo -så- flotte og heilt fantastiske vesen! Ikkje utenkelig at neste blir ein golden. :wub:

    Det er ganske mange raser eg har bytta syn på opp i gjennom åra, og stort sett har eg funne ut at jo fleire hundar eg møter som har fått ein eller annan form for vetig oppdragelse, jo meir må eg bytte om på fordommane mine, for eg tar stort sett alltid feil. :D

  4. Han monger seg fordi han vil bort til hunden. Og så vil han jukke på den andre hunden. Kan finne på å bjeffe og pipe om jeg ikke slipper han bort. :P

    ingenting vondt i han for fem flate øre, han bare vet ikke å oppføre seg.

    Men jeg tenker om begge monger seg vil det gjøre den andre enda mer mongo fordi de er to om det?

    Sikkert, så me kan prøve når ein eller begge har fått perfekte hundar. :lol:

  5. Jeg har selv en hund jeg skulle trent passering med. Men det er kanskje ikke så ideelt å trene med en annen hund som også monger seg :P

    :lol:

    På hvilken måte monger din seg da? Min blir litt makk, legger seg ned og vil hilse og må bli dratt forbi. Skjønt han finner av og til ut at han skal knurre og bjeffe litt først. Me kan kanskje prøve når me har kome litt betre i gang og kan oppføre oss. :ahappy:

    Kanskje vi skulle møtes Enits, for litt trening? Hvor bor du?

    Plutte, til deg blir det litt langt å kjøre, med mindre du har lyst å kjøre til Fana ;)

    Sheltien har monget seg i ett års tid, men så løsnet det når jeg skiftet treningsmetode :)

    Men repetisjon skader nok ikke!

    Eg køyrer glatt til verdas ende altså, så Fana er ikkje så langt. Spørst litt når på døgnet, og eg er ikkje kjent der i det heile tatt. :)

  6. Eg kan prøve å hoppe innimellom for å hindre dobbeltposting. :ahappy:

    Eg trur dette vil gå bra eg, eg har hatt ein haug med voksne hundar innom som har fått miljøskifte og tilsynelatande total personlighetsforvirring, og dei har fått langt i frå så gjennomtenkt behandling som Putle får av deg, og det har gått fint alikavel. Det som ser ut til å vere felles er at jo større skifte dei har fått, jo meir forvirra og forandra blir dei når dei kjem hit til meg, og det tar tid før dei enten går tilbake til slappfiskhund eller blir sofagriser for første gang. Du har jo ikkje hatt ho så lenge heller enda.

    Lykke til!

  7. Litt sprø utanpå men mjuke med brunost! mmmmmmh! :drool:

    Gubben vil ha harde, sprø, tynne flak dynka i jordbærsyltetøy. Eklingen. Han har lagt sin elsk på Toro sine, min favoritt er desse:

    2 medium egg

    1,5dl sukker

    3 dl surmjølk

    3,5 dl mjølk

    350 g mjøl

    1 ts bakepulver

    1 ts natron

    1 ts vaniljepulver eller vaniljeekstrakt

    1-2 ts kardemomme

    150 g smelta smør

  8. Er det nokon som kunne tenke seg å bli passert? :) Har ein fire mnd bc kvalp som trenger å sjå at det finnast andre hundar utan å monge seg. Passering på tur, eller berre gå forbi folk som trener eller står og henger hadde vore knall. Med mulighet til å kanskje og gå bak eller :gisp: foran andre hundar etterkvart. Gå små turar sammen utan for mykje tjo og hei er og fint.

    Eg bur i Vaksdal men er stort sett særs flyttbar til alle døgnets tider, Arna/Åsane er glimrande, men kan godt reise lengre.

  9. Eg kan jo melde meg inn her! Hurra!

    Det kom litt halveges brått på, sjølv om det var planlagt, for plutselig hadde me kvalp! Lille Blomst kom til oss mandag kveld for ei veke sidan i dag, og er ein no 18 veker gamal border collie. Eg vekslar mellom å angre veldig og juble høgt.

    Har berre mobilbilder fordi kameraet ligg på Fløien ein plass. :ahappy:

    post-4632-0-75127200-1373879165_thumb.jp

    • Like 4
  10. Åh fantasyboktråd! :wub:

    Har ikkje lest heile tråden (enda..), men tenkte eg kunne jo mase litt om mine favorittar som kanskje ikkje er -så- kjente her enda.

    Dresden files! (Jim Butcher) Harry Dresden er Chicagos einaste wizard privatdetektiv, med annonse i gule sider og alt. :ahappy: Satt i notid, og med alle forviklingar som ein får når ein kombinerar magi og elektronikk med overnaturlige vesen og slemme vampyrar. Hund har han og. Eg har høyrt alle som lydbok, og han som les dei er heilt konge på innlevelse. Har humor, skumle greier, fine greier og bittelitt suss og klem. Eg både ler og gret.

    The Kingkiller Chronicle. (Patrick Rothfuss) Ny epic fantasy! To bøker utgitt hittil, nummer tre kjem... når den er ferdig. Det er gøy å vente utålmodig på at bøker skal bli gitt ut. :gaah:

    Handlar om Kote/Kvothe, som er ein innkeeper i eit lite vegkryss, og som (sjølvsagt) visar seg å vere den verdskjende helten Kvothe. Serien blir på sett og vis ein slags biografi, fordi han fortel si historie om korleis han enda opp der han er. Eg gav bok ein til sambuaren min og til far min til jul, og begge elskar dei. :lol:

    Andre favoritter er:

    Tolkien (øff kårs), Rowling (Harry Potter), Raymond Feist (Riftwar sagaen), Robin Hobb (Farseer, Tawny Man), Jonathan Stroud (Bartimaeus bøkene, digger attituden til Bartimaeus), alt av Neil Gaiman (Elskepå!), Alt av Terry Pratchett. Suzanne Collins (Hunger games), Veronica Roth (Divergent). Douglas Adams (Hitchhiker, Dirk Gently) og mykje meir. Robert Jordan (Tidshjulet, men eg må tilstå at eg hoppa av etter bok 9 eller noko, for det vart litt kjedelig...)

    På skal lese lista har eg Eragon-bøkene (Paolini), tykte filmen var mindre bra men bøkene skal vere heilt supre visstnok. Har heller ikkje lese His Dark Materials av Philp Pullman, men høyrer mykje godt om dei så dei ligger klare, gler meg!

    Eg likar og sci-fi godt, Dan Simmons og andre space opera greier. Likar i grunn bøker, sånn heilt generelt.

  11. Eg må berre skrive av meg litt kjærleik. :ahappy:

    Den aller beste bamsen i heile verda, ligg akkurat no på sofaen og søv. Han har stabla ikkje mindre enn tre saueskinn og eit fleeceteppe under seg, og har verdas styggaste dokke frå Ikea som hovudpute. Finaste, flottaste fyren.

    Me fant Bamse på finn.no me, hausten 2008. Eg hadde mast og mast på sambuaren min som ein liten (irriterande) unge om ikkje me kunne få oss hund snart, og så snart me fekk oss noko eige, så byrja jakta. Eg har eit stort sørgande hjarta for omplasseringshundar, så det var sjølvsagt vegen å gå. Dessutan, sidan eg har(/hadde) ME og var ufør, sidan me no budde i fjerde etasje utan heis, sidan mesteparten av turinga kom til å bli gjort av min fantastiske sambuar medan eg fekk all kosen, og sidan me ikkje heilt visste om eg kom til å bli betre/om sambuar kom til å takle full jobb + husarbeid + liten hund, fann me ut at ein pensjonist ville vere perfekt. Ein gammal kvitbart som skulle få snorke med meg, og luffe på tur med pluttemannen. :wub:

    Så, finn.no altså. Og der var det jo haugevis med hundar. :hmm: Midt i hundejungelen, med overskrifta "
    utrolig snill og familievennlig hund vurderes omplassert", var jo Bamse! Ein åtte år gamal blanding av labrador, rottweiler og bc.

    post-4632-0-81459300-1372755337_thumb.jp

    Så søt!

    Og han var så grei! Så perfekt! Herlighet, Bamse har den mest vanvittige snill-og-grei utstrålinga eg nokon gong har møtt hjå ein hund. Mot tofotingar da, mot andre hundar er han ein...smule...annerledes...

    I to år budde me i minileiligheta, og finaste Bamsen fekk meg med ut på tur. Sakte med sikkert var eg med på tur, og enda saktare vart det meir meg enn pluttemann som var ute og gikk og plukka bæsj. Bamse driter nemlig eksepsjonelt ofte.

    Men når eg vart friskare, vart Bamsen sjukare. Han var litt undervektig og hadde stygg pels då me fekk han, og trass forsøk på forskjellig for så vart det ikkje betre. Fram til me fann ein eminent dyrlege som fastslo diagnosen lavt stoffskifte. Hei hei leverpostei! (Og levaxin morgon og kveld.)

    Formen/ane vart betre, og Bamse drog meg med på fjellet. Me gjekk på stølen att, der eg ikkje hadde orka gå på mange år, og han bada (vassa, Bamse likar ikkje vatn over albogane), jaga frosk, åt blåbær og sniffa hjortespor. Åååh det var så fint! Eg blir så teit lykkelig av å sjå glade hundar. :lol:

    Men medan eg stadig vart betre vart Bamse dårligare att, og han vart kastrert (prostataproblemer), og medisinert (meir levaxin, samt hjertemedisin og vanndrivande.) Han går no på ein haug medisinar, medan eg har kutta drastisk ned og har fått jobb og er under utdanning.

    Me flytta til eige hus og hage! Og han har til og med hatt fleire hundekompisar sidan me har vore fosterheim og hundepassarar.

    Han er stadig sprek og blid og lykkelig, i inter var me på min aller første skitur på 20 år, og i vår gjekk me rett og slett på klikkerkurs med gamlingen. Det var sjukt gøy for både hund og eigar! Han er så flink, han kan stå på ein kasse! :D Det var dritvanskelig, for han ignorerer generelt sett alt som ligg og slenger i vegen. No blir han i ekstase kvar gong han ser ein krakk liksom, og vil ha pølse. :ahappy:

    Eg har lært så mykje av Bamsen. Fått vanvittig mykje liv tilbake att, og lært at det aller beste i verda er å sitte i sofaen med ein hundenase trykt inntil halsen. Eg elskar hunden min og berre tanken på at det no går mot slutten knuser meg fullstendig. :icon_cry: Han er stiv og gamal, blir halt om han herjar for mykje, og eg må bort og sjekke at han pustar av og til når han ligg og søv.

    Samtidig driv han framleis og hoppar opp i senga vår for å legge oss om kvelden, og den er -høg-. Han blir ekstatisk når han ser båndet og vil på tur, han herjar i hagen og elskar å leikesloss. Og den stygge dokka frå Ikea.

    post-4632-0-64713000-1372757543.jpg

    :heart:

    • Like 2
  12. Det kan vere "gjerdeplikt" i bondeområder. :P Heime på garden har alle gjerdeplikt mot for eksempel sør, så alle må sjølv påpasse at gjerding frå deira eigendom mot sør er sikker. Ellers kan det vere anna type gjerdeplikt, som at Eigendom X har sjølv gjerdeplikt, eller Bonde Z har gjerdeplikt i alle retningar frå område Y, og slikt. Då står det nedskrive ein eller annan stad, utan at eg heilt veit kvar.

    Så eg tipper det ikkje er noko fasitsvar. Høyr med bøndene, eller kanskje med kommune.

×
×
  • Opprett ny...