Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Nope. Mitt eneste alternativ er HK og det gidder jeg ikke. De er tafatte og det er bare en dyr innboforsikring man får har jeg erfart.

    Jeg prøvde å gi de en ny sjanse når bedriften jeg jobber i ble LO bedrift og anbefalte alle å organisere seg.

    Men etter å ha vært med på tidenes mest usaklige vekkelsesmøte ( de trodde det var lurt å disse arbeidsplassen og lederene våre for å få flest mulig medlemmer, den samme bedriften som betalte over tariff og ønsket at medlemmene var organisert.... ) hvor HK representanten kom med gjentatte usannheter om alt fra tariff til arbeidstider ( som jeg arresterte han på, han hater meg enda) var det toget gått.

    Det der gidder jeg ikke betale penger for.

    Hk er tidenes dårligste fagforening da, hadde jeg jobbet med noe annet hadde jeg vært organisert. Men de der sponser jeg bare ikke.

    Er HK eg er medlem av, og har litt samme inntrykket. Dei kom og besøkte oss på jobb og det var alvorlig mykje negativt om sjefer generelt samt antydninger om min, og kor viktig det var at me skulle stå saman for å ha makt over sjefen så me kunne presse og tvinge fram eigen vilje, eg vart reint uvel.

    I tillegg verkar dei lite samkjørte? Eg har opplevd å sende dei spørsmål om mitt medlemskap, heilt enkelt, og dei har tydeligvis videresendt den til dei fleste på kontoret for så å svare meg, der eg fekk alle dei andre sine svar i min mail, og det var utruleg mykje rare og forvirra svar dei i mellom. :P Dei har og meldt meg ut når eg har bedt om å få forandra medlemskap, for så å sende purring på manglande betaling når eg spør kva som skjer. Eg burde kanskje bytte, men eg veit ikkje heilt kven til i så fall. Dessutan er eg lat. :[

  2. Fjelltur med fri hund. :wub: Det er idealet, men skogsturer er og fint. "Orntli" tur er med ryggsekk og gjerne innlagt overnatting, men det er det sjeldan me får til. Når me er "heime" på gården kan ein god tur vere på kun eit par km innover skogen eller langs fjorden med frie hunder, eller litt lenger i bånd/langline langs skogsveg til me kjem høgre opp. Skulle gjerne budd der heilttid berre for turane! Her i området er det visst sau heile året, og eg er ikkje så godt kjent, så eg har ikkje funne same type områder, men me går ofte til eit par forskjellige strandområder rundtom, eller køyrer eit stykke først.

  3. Uff da, det er han sikkert om han ikke er helt etter standarden. Hvor kommer han fra? Foreldre? Bilde?

    Han er fra rett utanfor Arendal, oppdrettar Fløgstad (Eller noko slikt). Regnr NO38300/13.

    Er forresten sju mnd, ikkje åtte, som eg ser eg har skrive. :huh:

    Skal fikse bilder, men kan lage eigen tråd til han, så slipper eg kuppe denne. :ahappy:

  4. Ja. Selv om jeg ikke jobber da. Men fikk gratis sekk og markeringspenner. Pluss en refleks. Så da slo jeg til.

    Whaaat, eg har aldri fått nokontingen. :'(

    Er organisert, og har vore eit par år, men i eit skrekkelig rotete forbund. Har vore ekstremt masse tull med medlemskapet, og kvar gong ting forandrar seg (skifte jobb-arbeidsledig-student etc) så blir det eit sværa styr så eg har gitt opp igrunn, får forskjellig rekning kvar månad og alt er rart. :P

    Men tykkjer det er viktig å vere organisert!

  5. Kjære alpakka! Det er mer enn stort for å si det mildt. Min voksne tispe er stor, hun er 53 cm og veier 19 kg.

    Han er diger, og har i tillegg ganske fluffy pels, og no når det er så fuktig blir han skikkelig monsterfluffball og liknar ikkje på bc i det heile. Stort, breitt hovud har han og, breiflabben min. Han er egentlig ikkje så veldig fin. :P

  6. Morosam tråd!

    Eg syng begge versjonane av bro bro brille, det har eg ikkje tenkt over før eg såg denne tråden faktisk. I tillegg til blanda versjonar vil eg tru, for ser ut over land så sort som en brann, fare kari krigsmann etc, høyrest heller ikkje feil ut hjå meg. :P Skuldar det på at eg flytta mykje mellom aust og vest på den tida det er mest naturleg å synge slike sangar. :]

    Dessutan trudde eg og at det var: Reach out and touch face, men googla no og det var visst ikkje rett. :D

  7. Ja, stort sett seier dei i frå, men gamlemann (13 år) som går på vanndrivande stod plutselig å tissa midt på golvet medan han dreiv med godbitsøk her i førre veke, eg trur egentlig ikkje han merka det sjølv. ;)

    Gamlingen seier stort sett i frå ved å bli rastlaus og gå til og frå verandadøra, han er såpass rolig at han har hatt uhell (diare) om natta fordi han ikkje masar nok til at me vaknar. Kvalpen (7mnd) går til verandadøra og står der og piper, eller hoppar opp og ned på ansiktet mitt om eg søv. Felles for alle eg har hatt i hus som ikkje har vore 100% husreine er at dei har gått og gøymt seg for å gjere frå seg, opp i andre etasje og/eller inn på lite brukte rom, og eg har aldri kjefta når dei har gjort frå seg som eg har sett, så eg ville ha sagt at det er temmelig normalt å søke vekk. Eg var fosterheim for ei voksen tispe som aldri hadde vore innandørs før, og etter første veka (ca) der ho tissa overalt utan hemningar, byrja ho å veksle mellom å søke til andre rom og å gå til døra, før ho etterkvart gjekk kun til døra.

  8. Den glemte hagen er jo litt historisk og litt damete, men er også spennende, med intriger og krim om enn ikke i det klassiske detektivformatet.

    Stilig! Trur eg har minst ei Kate Morton bok liggande, skal prøve hugse den neste gong eg klagar over at eg ikkje har noko å lese, eg treng å utvide horisonten litt, les i grunn alt for mykje fantasy i forhold til anna. :P

  9. No har du fått masse bra tips, men eg klarer ikkje holde kjeft. :D :Liker bøker:

    Tusen takk for tips! Kan "politi" også leses uavhengig av de andre tidligere utgitte bøkene?

    Tja. Eg tykkjer det, men eg tykkjer deler av Harry Holes privatliv er veldig klassisk mannlig politi/detektivbok-forutsigbart så for meg spelar det ikkje så stor rolle kva som foregår i den delen av boka, det er andre krimbøker eg tykkjer -må- lesast i rekkefølge meir enn desse. Eg har ikkje lese alle Harry Hole bøkene, berre ein to-tre av dei i midten samt halve den siste.

    Jan Mehlum, Jørgen Jæger og Jørn Lier Holst er og god og lettlest krim, ikkje like brutal som "Nesbø-sjangeren". Lier Holst har ny bok i år. Gillian Flynn er meir psykisk terror-krim, om du liker den typen kan kanskje Kråkejenta av Eriksson og Sundquist falle i smak.

    Adler-Olsen irriterte meg, så har ikkje orka lese ferdig noko av han, men eg er den einaste eg veit om som ikkje liker han, har masse kunder som stadig vekk kjem inn og skryt. :]

    Men Kate Morton, krim? Den glemte hagen? Det ante eg ikkje faktisk, interessant! Me sel jo mykje Kate Morton, men eg har ikkje lese noko av ho, har innbilt meg at det ikkje heilt var min sjanger og typisk "damete-historisk-følelsefortelling-bok", den står jo blandt romaner. Meeen eg er full av fordommer altså. Kanskje på tide at eg les den. :)

  10. Kva type krim liker du da? Kjøper du i bokhandel eller på nett? Det vil gjere utvalget litt annleis. :P

    Dei eg brukar å anbefale, som burde vere greie å få tak i i bokhandel;

    Jo Nesbø (doh :D) - Politi er jo forholdsvis ny, kom i sommer, (foreløpig) siste bok om Harry Hole.

    Lars Kepler - Sandmannen, ny bok i år. Eg har ikkje lest den men likte godt dei før. Kan lesast uavhengig av rekkefølge (tykkjer eg.)

    John Hart - Dei som likar Jo Nesbø liker John Hart. Burde vere greit å få tak i alle bøkene hans, kan lesast i vilkårleg rekkefølge.

    Yrsa Sigurdaottir - Jeg vet hvem du er. Skummelkrim.

    Monica Yndestad - Jentene fra balletten.

    Chris Tvedt - Den blinde guden, ny i år, er bok to i ein ny serie fra han, men han har og ein tidligare serie.

    Tom Egeland - Skriv kodekrim, som eg faktisk likte, sjølv om eg ungikk han lenge sidan eg misliker Dan Brown. :P

    Hans Olav Lahlum - Eg tykkjer han er morosam, dersom du ikkje har alt for høge forhåpningar og likar "gamle" krimbøker.

    Ninni Schulman - Jenta med snø i håret. Dersom du likar Fjellbäcka-serien (Läckberg) og den type krim, eg tykkjer denne var betre.

    Jim Butcher - Fantasykrim! Eg eeelsker fantasykrim! :D 14 bøker i serien, må lesast frå nr 1. Kun på engelsk, får den i gode fantasybokhandler, og overalt på nett. I r love Harry Dresden. :wub:

    Douglas Adams - Dirk Gently bøkene, er utgitt to og ei halv bok. Eit absolutt must-have om du likar hitch hikers guide to the galaxy i alle fall. Oh yes. Sikkert vanskelig å få tak i i Noreg, men interneeettt! <3

    Eg les forøvrig akkurat no Knut Nærum - Busemannen.

  11. Dette høyrdest mistenkelig kjent ut. :P

    Min har meir eller mindre gitt seg no faktisk, etter at me fekk ei vannskål han ikkje klarte like lett å få begge labbane oppi, og som var for tung til å løftast. Me har ei tung keramikkskål som går innøverst.

    Den antisøleskåla fungerer sikkert om hunden ikkje klarar å løfte den, for prinsippet er genialt.

  12. Nei, han blir nok aldri bra igjen, me har i grunn venta på at han skulle få bivirkningar av alle medisinane, er difor me har bedt om utvida blodprøver når dei først tar prøver. Det var kun høge leververdier etter det eg forstod, og var pga dei me gjekk inn og fekk røntgen. Han går og på hjertemedisin og vanndrivande, og hjertet har betre form/størrelse no enn i fjor ved siste røntgen faktisk, men det er nok berre eit spørsmål om tid.

    Mariatistel skal eg prøve å få tak i, takk!

    Albuminnivået veit eg ingenting om, er det sannsynleg at dei testa det og då dei tok blodprøva?

  13. Pensjonisten har tydeligvis fått skrumplever. Han tar blodprøve eit par gonger i året for å sjekke stoffskiftet og medisinering, og no fann dei høge leververdiar og på røntgen i dag fann dei at leveren er forandra/mindre/ikkje bra. Han vart satt på lågproteindiett og skal gå på den i ein månad før me tar nye prøver.

    Har nokon erfaring med dette? Er det andre ting me kan gjere for å hjelpe behandlinga?

    Siste åra har han gått på orijen + rått, mest orijen sidan han er skrekkelig kresen og egentlig kun et tørrfôr, og lett kastar opp om han får andre ting. Han er forøvrig i god form, har ikkje merka nokon særleg endring frå yngre dagar anna enn stivare gange, og han har byrja å vokte meir på spøkelser.

×
×
  • Opprett ny...