Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Me har vindauga ope (nesten) heile året. Dyret legg seg i senga (vår) når me legg oss, oppå dyne nede ved fotenden, og går derifrå når me har sovna. Han legg oss. :wub:

    Trur han heller tykkjer det er for varmt å ligge i senga, for han søker gjerne kjøligare stader å ligge. Eller så er det berre ei vane, eg aner ikkje. :D

  2. Ho er i alle fall sliten no. Ho prøver framleis å kave seg opp kvar gong me snur oss, og går me inn i andre rom så snurrer ho litt, men siger kjapt ned på golvet, helst oppå føtene mine, som ein svett gamal sokk.

    Me har gått skogstur, introdusert klikker, og ho har fått springe masse laus i hagen. Prøvde med godbitball med lyd i, men den vart ho berre forvirra av og vart ståande å bjeffe på den. (Det hjalp sikkert ikkje at det ramla ei bok i hovudet på ho samtidig.. )

    Målet er å få dattra til å ta ho med på kurs, eg trur ho har lyst, men ho kan ikkje norsk så det er nok ikkje heilt enkelt. Om eg no berre klarer å lære bikkja eit triks eller to så kanskje ho blir inspirert. Men eg set kanskje høge forventningar til eigen ekspertise. :D

  3. Me passar hunden til sambuaren til pappa, og det er ei masebikkje utan like. Har passa ho før i lengre periode, men har tydeligvis fortrengt kor teit ho er.

    Så, kor mykje oppdragelse kan eg forvente å få til i løpet av 2+ veker? :P

    Det er ein 3-4 år gamal schæfer/staff/ymse blanding, som er alvorlig understimulert. Ho får ingen mental stimuli til daglig, kun tur og kos. Ho går rundt og piper/maser inne, og stresser seg sjølv opp til ho jager sin eigen hale medan ho bjeffer på ein særdeles lite attraktiv, og svært hodepineframkallande, høg, skjærande måte. Den snurringa driv ho med både inne og ute når ho kavar seg opp.

    Og så skal ho heile tida sleike Bamse i ansiktet. :gaah:

    I følge pappa og sambuar betyr piping at ho "vil ut", og dei seier ho "har nesten slutta" med å gjere det hjå dei. :rofl: Her gjer ho det heile tida, når ho ikkje søv eller er opptatt. Meiner å erindre at det var temmelig likt sist periode ho var her, og at det gav seg etterkvart, men sist gong var me fleire i hus og det skjedde noko heile tida (juletider..), no er eg og bikkjene heime aleine og eg skal liksom studere.

    Skal eg fortsette å ignorere når ho er teit?

    Me prøver å (forsiktig) trene litt mentalt, men vil for mykje av det stresse ho meir? Eller skal eg peise på til ho ikkje orkar anna enn å ligge å sove? Bør eg fokusere meir på ro-trening enn på å slite ho ut mentalt? Kjem det eine av seg sjølv om eg gjer det andre?

    Hittil i dag har ho fått frukostsøk i hagen, kong, bein og ein god tur. Innimellom leiker me stille-leiken utan særleg hell. Ho sov eit par timar før i dag, og har/driver å legg seg no, men sidan eg må på do så startar det nok på ny når eg reiser meg.

    (Sett vekk frå alt det teite, så likar eg hunden ganske godt egentlig.)

  4. Jeg lurer på om noen her inne har eller har hatt hund med endokrinologiske sykdommer som for eksempel hypotyreose, Cushings eller diabetes og har lyst til å dele sine erfaringer?

    Hvilke symptomer hadde hunden som gjorde at dere fattet mistanke om at noe ikke var som det skulle?

    Tynn, slapp, hard/tynn pels og hårløse partier.

    Hvor gammel var hunden da den ble diagnostisert?

    Ca 8-9.

    Hvordan ble sykdommen håndtert/behandlet? Hvor ofte gikk dere evt. til kontroll?

    Han får Levaxin, morgon og kveld. Kontroll (blodprøve) ein gong om året.

    Hvordan opplevde dere hverdagen med en hund med en hormonrelatert sykdom?

    Som normalt, han er sprekare på medisin enn før. :)

    Synes dere at det gikk greit med evt. medisinering?

    Ja, ingen problemer.

    Hvilke eventuelle endringer gjorde dere i hundeholdet for å holde sykdommen i sjakk?

    Ingen.

    Hvordan synes dere at hundens livskvalitet var med behandling?

    Stor forskjell, gikk raskt opp i vekt og fikk nydelig pels og vart langt meir turvillig.

    :)

  5. Min er delvis redd enkelte golv, spesielt midten. Mest fordi han trur dei er glatte, det ser i alle fall slik ut. Me har to rom i huset han ikkje tør å gå inn på, eit eldre rom me fjerna eit golvbelegg i, og nylig no og i kjøkkenet som nettopp har fått nytt golv. I tillegg til nesten alle golv i huset til mamma, der klatrer han på kommoder for å komme fram om ikkje me legg ut tepper og dyner.

    Men han gløymer det av og til, mest når det er andre hunder i samme rom, eller dersom det er ekstra ekstra gode utsikter til ekstra gode godbiter, då kan han trave rundt uten å merke det.

    Veit ikkje kor gamal din er, men min er eldre og har blitt meir skeptisk til golv med åra. Det ser ut til at det er bakbeina han er mest redd for, og han er redd for å skli på golvet. Me kjem til å løyse kjøkkenproblemet med masse tepper/ryer med anti-skli-underlag vil eg tru, det vart lagt forrige helg så me har ikkje kome så langt enno.

  6. Bamse er småspist og kresen, men fungerer best med å ha tørrfor ståande heile tida (nesten da, brukar bli tomt på formiddagen ei gong, og fyller på utpå ettermiddag/kveld.), og får litt rått utanom vanligvis rundt middagstid. Har hatt litt problemer med å få han til å gå opp i vekt, men dette fungerer så lenge han er aleinehund.

    Når me har to (pass/fosterhund etc), er han flinkare til å ete opp tørrforet, og han(dei) får vanligvis morgon og kveld + rått.

  7. Bamse har verdas kjedeligaste navn... Og var absolutt ikkje mitt valg.

    Men han heitte Bamse då me henta han, og tidligare eigars sønn ville så gjerne at han skulle få heite Bamse vidare, og eg lovte villig vekk (og planla nytt navn så snart me kom heim... :innocent: ). Vel heime fekk eg beskjed av sønn og samboer at lovt er lovt, og eg var nøydd til å gi meg.

    Eg vil jo ha ein til, etterkvart, og då skal eg bestemme heilt sjølv. Kanskje. Nesten. :lol:

  8. Tusen takk for fornuftige og beroligande tilbakemeldingar. Eg er så glad i pensjonisten. :wub:

    Eg veit desverre ikkje heilt sikkert at han "alltid" har vore slik, han har vore omplassert mange ganger før han kom hit, men det var begynt før me fikk han. Det er dog grunn til å tru at han har vore slik lenge/alltid. :]

  9. Ikke ta mine uttalelser som harde bastante fakta, men jeg ville sagt at dette bare er svært milde revesed sneezing "anfall", og så lenge det er så milde symptomer som det er ville jeg faktisk bare katt det gli forbi. Så lenge hunden ikke er svært plaget, viser tydelige smerter, eller det i en relevant grad påvirker livskvaliteten ville jeg latt det bli med en generell undersøkelse hos veterinæren,jeg. Uten å tråkke på noen tæq; det er ingen unghund du har lengre, og i mine øyne er det mer stressende med det som måtte følge av undersøkelser for å finne en diagnose. Hadde jeg vært deg ville jeg ikke tenkt så mye på det. Senk skuldrene, og kos deg videre med hunden din, du!

    Nei han er jo ein gamling, det er godt mulig eg stresser meir enn eg burde. :P

    Det er klart visse grenser for kva eg bør dra han gjennom av plagsomme undersøkingar, når han egentlig ikkje ser ut til å plagast særleg av desse episodane.

    Me fikk time i kveld, så eg kan jo ha filmkveld med dyrlegen og diskutere om det kanskje er best å la det ligge.

  10. Nesemidd? Det kan gi disse "reversed sneezing" kickene. Lett å behandle er det også.

    Nesemidd vart utelukka pga manglande væske frå nasen (meiner eg å hugse, kan ha vore pga andre ting.) Det er heller ikkje nokon av dei andre hundane me har kontakt med som har liknande symptomer, og nesemidd er smittsomt trur eg? Korriger meg gjerne.

    Kan det vere allergi av noko slag? :icon_confused:

  11. Edit: Jeg har hatt hund som har gjort det mye, og det var aldri noen fare. Jeg pleide bare sette meg ned hos henne og stryke henne på halsen, og "småprate" med henne, så gikk det snart over. Et annet alternativ som visstnok skal fungere er å holde to fingre for nesa på de, og stryke på halsen, det skal visst stoppe det, uten at jeg har prøvd/registrert noe resultat selv på det.

    Eg føler ikkje at det er "farlig", og i perioder der han berre gjer det av og til og i mindre grad har me eigentleg slått oss til ro med at det ikkje er noko å bry seg om. Men i løpet av siste månaden har det altså vore to litt større episoder, og eg tar gjerne ein ekstrasjekk, spesielt sidan det såg ut til å hjelpe å fjerne den polyppen den gongen. Men det er ingen synlig polypp nedi der, som ho klarte å sjå sånn heilt utan vidare.

    Edit: To fingre på nasen ja, kan prøve det om eg ser han gjer det igjen. :) Tusen takk for svar!

  12. The sound that accompanies reverse sneezing is kind of a sudden, startling sound that makes many dog owners think their pet is either choking or having an asthma attack.

    A dog who is reverse sneezing typically stands still with his elbows spread apart, head extended or back, eyes bulging as he makes this loud snorting sound. The strange stance on top of the strange snorting sound is why many dogs end up getting rushed to the veterinarian or the emergency clinic by their panicked parents.

    Han har ikkje den ekstralyden som eg har sett på dei fleste filmer av reversed sneezing, men det kan vel vere at det stort sett er dei med meir ekstreme varianter som ligg på youtube o.l. Han står heller ikkje stille og "har anfall", han kan ligge, snuse rundt, gå på tur, leike med dokka si eller noko heilt anna meir eller mindre samtidig.

  13. Dette er Bamse. Han er 12-13 år, og me har hatt han i 4,5 år. Så vidt me veit har han "alltid" gjort dette, men i varierande grad. Anfallet på filmen er det lengstvarande og mest "fokuserte" han har hatt oss bekjent. Mindre anfall varer i fra tre til tretti sekunder ca. Eg kallar det anfall sjølv om eg er usikker på terminologien, for meg virkar det vere ufrivillig, og han klarar ikkje avbryte det sjølv om han fint kan springe rundt og leike medan det pågår.

    Me har vore til fleire forskjellige dyrleger for det fleire gonger heilt sidan me fekk han, og periodevis har det vore heilt fint og han har ikkje hatt anfall på fleire månader, før det kjem ein periode med litt fleire. Det kan sjå ut som at det er flest på vårparten, men det er inga spesifikk årstid der han er fri.

    Me har bytt fôr fleire gongar, pga andre helseproblemer, og ser ingen forskjell ut i frå kva fôr han får. Han går no på Taste of the wild (and), og me vekslar litt mellom dette og Orijen. Han går ellers på ein del medisiner (levaxin, fortekor, furosemid), men han var heilt medisinfri då dette begynte.

    For ca 1-1,5 år sidan var me til dyrlege pga dette, og dei fant ein godarta polypp i halsen hans som vart fjerna. Han var då fin lenge, hadde eit par mindre anfall i løpet av hausten/vinteren i fjor/år, og har i grunn vore fin ei god stund før eit anfall lørdagen for tre veker sidan. Me var til dyrlege tirsdagen etter, og då fekk han ein antibiotikakur. Han har ikkje hatt fleire anfall etter dette før eit lite på tirsdag ettermiddag, og no dette litt større i går kveld, som varte i kanskje fire minutt tilsammen.

    Planen er å gå til dyrlege så snart eg får henta bilen på verkstad, me har avtale med veterinær om at eg skulle filme og komme tilbake dersom det skjedde igjen. Ho trur det kan vere polyppar lenger nede i halsen som ho ikkje finn uten å bedøve. Eg er sjølvsagt nervøs for lilleklumpen min og håper nokon her har ein hittil ukjent quick-fix eller tips om kva anna det kan vere om dyrlege ikkje finn noko.

  14. Jeg hadde en hanhund tidligere som markerte ved hjelp av dritt. Han startet dagen med normal bæsj. Etterhvert som dagen gikk ble avføringen tynnere, men han sluttet likevel ikke. I noen år bekymret det meg litt for jeg trodde han hadde ordentlig mageproblemer. Men etterhvert slo jeg meg til ro med at han faktisk markerte.

    Ah, det er kanskje det han driver med! :lol:

    BikkjUlf driter på tur, Alltid. Gjerne fem-seks gongar, og alltid på spesielt utvalgte grashaugar, steiner, oppover stolper og slikt. Det er ikkje spesielt mykje som kjem om gongen, og på langturar har han eigentleg ikkje meir å kome med, men han prøver alikavel.

    Me skifta for ofte dei første åra (av andre grunner enn hyppig bæsj), utan større forskjell. Han er visst berre slik.

  15. Min 11/12 år gamle blandings har lavt stoffskifte og har gått på Levaxin morgon og kveld i snart to år no. Tar blodprøve årleg for å sjekke nivået.

    Han var veldig tynn og mista mykje pels på snute, hale og i nakken, no har han lagt seg ut og har masse fin tjukk pels. :) Det var hudspesialisten på dyreklinikken som kom på at det kunne vere lavt stoffskifte.

    Merka forøvrig ikkje nokon skilnad på aktivitetsnivået no og då.

  16. Både eg og pluttemannen har vokst opp med omplasseringshundar, og det var heilt naturleg å få ein via omplassering då me skulle skaffe oss hund i lag, og det er det me ser etter no og når me ser etter hund nr to. Dei aller aller fleste omplasseringshundar eg har kjent og møtt har vore heilt fantastiske hundar, men det har vore ulike hensyn å ta etter kva hunden har opplevd i livet.

    Den me har no fekk me då han var åtte, og eg kunne absolutt ikkje vore meir glad i dyret, det einaste negative er at me ikkje har fått bli kjent med han før. :)

    Ein gong i framtida vil me nok skaffe oss ein kvalp frå oppdrettar og, eg kunne godt tenkt meg den erfaringen frå hundeliver, samt støtte dei som driv seriøst med hund, men her og no kjennest det som meir arbeid med ein kvalp enn med omplassering.

×
×
  • Opprett ny...