Ser ut til at det muligens blir til at eg flyttar for meg sjølv til hausten av. Men så har eg den lille bomullsdotten min også då, er litt redd for at Pia kan få eit "bjeffeanfall" og bli til ei pest og ei plage for dei stakkars naboane. Så lurer litt på korleis andre har gjort det når det kjem til hund og flytting?
Frøkna har det med å stresse litt på nye plassar, og dermed vurderar eg å ha ho enten i bilen, på verandan eller i bur inne i leiligheta når vi driv med sjølve innflyttinga, for så at ho gjerne kan gjere seg kjent etter dagens mål i leiligheta. Når eg har fri og etter arbeidsdagane, så reknar eg med eg kjem til og gå litt inn og ut for og prøve å venne ho til å vere aleine i nye omgivelsar.
Per dags dato er ho roleg inne og søv, leikar eller gneg på bein når ho er aleine. Kan til tider sjå ting ute på gata som må bjeffast litt på, men etter det eg har fått med meg, så er det minimalt.
Men jobbar ein del, og når eg er 100% innflytta, så lurer eg litt på korleis eg skal gjer det... har nokre alternativ:
1. Levere ho hos mamma før jobb og hente ho etterpå (Pia blir då aleine med mamma's hund, akkurat som den dag i dag), og dagen eg har kortast arbeidsdag, så får eg mamma/pappa/brodern/dama til brodern til og stikke nasa innom for og sjå om alt er OK, evt. også lufte ho.
2. La ho vere aleine og få nokon til og stikke nasa innom for og sjå om alt er OK, lufte ho og/eller ta ho med seg heim til seg.
PS: ho har kun vert 100% aleine her hos mamma. Men har også vert aleine saman med Dina på hytta.
Så kva er å anbefale?