-
Innholdsteller
1,803 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
8
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Bellare
-
Då har vist Cattepusen fått PL statusen sin registrert. Var ille spent på om det skulle gå gjennom, men det gjorde vist det. Hurra!
-
Catania med det ekstremt store juletreet vårt Etter eit stort tilbakefall pga. eit par dagars fravær på aleine-treninga, har eg nok ein gong starta heilt på nytt. Men denne gangen med Clomicalm, i håp om at eg faktisk kan begynne og sjå nokre resultater. Er på dag 3, men dei to første dagane var det bortimot null trening, så ho kunne venne seg litt til det, om det er noko og venne seg til? Har eigentleg null niks peiling på kva "tilstand" ho skal vere i når ho går på det, eller om ho skal vere som normalt. Første dagen sov ho litt meir enn normalt, men i dag er det tur og kjør! Og så er doseringa litt vanskeleg på grunn av vekta, føler eg. Fikk beskjed om og prøve halv tablett, to gangar dagleg og heller øke om det ikkje funkar, for deretter og trappe ned. Men merkar eg noko på ho, om det funkar? Halv tablett er jo meint for hundar opp til 10 kg, og krapylet er 12,8 kg, som betyr at ho eigentleg skal ha ein tablett, to gangar dagleg... Kan verkeleg ikkje fordra sånne "midt imellom vekter" Vel vel, får legge oss skikkeleg i hardtrening i jula, sidan det er eit par fridagar inni der
-
1. juledag pleier familien på mamma si side, som bur i området, og samlast hos mormor og besten for nok ein julemiddag med ribbe, pinnekjøtt, pølser og alt tilbehør
-
Gratulerer! Vakkert nebbdyr altså
-
Ei lita oppdatering på heime-aleine treninga
-
Kva med og hive inn litt lydighet eller godbitsøk på tur? Og gjerne la han springe litt fritt også
-
Tusen takk!
-
Er med i bildekonkurransen til utstyrtilhund/hundeliv på facebook, og hadde blitt veldig glad om nokon ville stemt på bildet av krapylet Konkurransen finn man her.
-
Slenger ut nokre bilder eg tok frå frislepp på Mo, og ein spasertur gjennom Eventyrstien i forge veke Og når det kjem til aleine-treninga, så var vi i går oppe i det meste på heile 8 minutt! I dag var eg heilt kaputt etter jobb, så ho var aleine i 5 minutt tidlegare i dag, kun litt småpiping heilt i starten, før det verka som at ho roa seg og gjekk til eine senga si og la seg der. Første gong ho var aleine så lenge på første økt, så eg håpar vi er på riktig spor no Blir litt crazy bananas innimellom! Langbein? Godbitsøk i buskaset Her er det... her er det... SNOP! Eventyrstien er så fin, og kun 2 minutt unna ytterdøra mi!
-
Dei vanlegaste rasane folk spør om er desse: Faraohund kvalp Doberman Pincher Rhodesian Ridgeback Det er fine Dobermannen det!
-
Det rosa greiene går normalt sett under namnet "Vossakorv"
-
Sidan eg jobba 1. desember utsatte eg efiten til i dag, sidan eg hadde fri. Ikkje at vi gjorde så mykje spennande då Vekkerklokka ringte 10:30 i dag, så våkna til det trynet der Morralufting, og Catania er alltid sååå stolt og glad når ho blir kobla av og kan springe opp til døra sjølv når vi skal inn igjen Etter lufting og frukost, var det på tide med litt husarbeid. Catania ligger tålmodig i eine senga si, mens eg fortsatt driv på med husarbeid. Litt aleine trening, så eg står og nyter den ekstremt fine utsikta Oppe i 6:20 minutt i dag då, utan ein lyd! Ute på ein kort spasertur i regnværet. Utforska nokre "nye" vegar på turen Øhm, ja... RunKeeper meinar vist at vi tok oss ein aldri så liten svømmetur også, gitt Når frustrasjonen tar overhånd over pepperkakehusmontering. Då gadd man ikkje ein gong lage til sprøytepose. Aldri meir! På tide med litt bilderedigering av bilder frå forge veke. Enda meir bilderedigering. Var like før eg kreperte av heile greia, er så kjedeleg innimellom! Middagen, som ikkje ser så fristandes ut på bildet. Men det var godt, og heimelaga kålrabistappe... Satte på ein episode av The Flash. Ei som er klar for ein kjapp tissetur. På menyen til den firbente sto lammehjerte i dag. Det falt godt i smak! Resten av kvelden blir tilbrakt med tv sjåing og snoking på macen
-
Blir veldig imponert over at ho kun er 4 mnd. og kan så mykje allerde. Flinke altså! Og så verkar ho så herleg!
-
Føler det har hjulpe litt med at ho lærer at ho skal ligge i sofaen eller senga si, og bli værande der til eg kjem inn igjen og ikkje trakke rundt. Starta med nokre repetisjonar av den i dag, før eg gjekk over på at ho fikk ein godbit kasta til seg når eg kom inn igjen. Etter til saman 18 kjappe, korte økter i løpet av kvelden, har eg komt heilt opp i 1:15 minutt der ho blir liggande i sofaen. Greit nok noko anspent og ivrig etter og få den godbiten ho skal få kasta til seg når eg kjem inn, men er det noko betre at ho går og trakkar rundt og piper, som igjen kan eskalere til uling? Har ikkje vert eit pip i dag nemleg. Målet er jo så klart at ho skal lære seg og slappe av når vi har komt oss over kneika Er slik du beskriver eg trenar. Og det er veldig varierande med tidspunkta, då ho aldri skal vite nøyaktig når eg faktisk kjem tilbake Tar sikkert tusen år før vi kjem oss opp i 10 minutt, det ser ut som eit frykteleg høgt tall akkurat no, haha! Ser vist ut til at Cataniaen kan få PL statusen sin registrert i DogWeb, så jobbar med og få det gjort. Ikkje akkurat eit resultat man kan skryte av, men syns det er greit og ha det der for dei som skulle finne på og sjekke ut diverse linjer eller whatever. Sjølv om eg har skjønt at nærmast heile Etna-miljøet kjenner til krapylet og hennar skavankar
-
Er ikkje det, nei. Føler til tider for og kverke heile krapylet Men litt resultater har vi fått då, som det at ho no blir værande i senga på soverommet til eg er ferdig på badet på morgonkvisten. Før kom ho alltid inn på badet til meg litt etter at eg hadde stått opp. Men i dag låg ho for første gong, utan eit pip, i senga til eg var ferdig. Og i ein avslappa positur! Ho får ikkje lenger lov til og ligge utafor baderomsdøra i innergangen når eg er på badet ellers på dagen, og har derfor stengt av med kompostgrinder eg har satt opp. Har gått i frå mykje piping (ho peip ikkje når ho låg rett utafor døra tidlegare), til at ho no for det meste er stille. Brukar eg lang tid i dusjen, kan ho småpipe litt. Men er ikkje i nærleiken av den pipinga det var heilt i starten etter at eg begynte på nytt. Begge desse tinga er eigentleg ikkje noko problem, er meir for at ho skal lære seg og vere aleine, og ha ein type "aleine følelse". Noko sånt eg inbillar meg i vert fall Det verkelege problemet ligger når eg går ut ytterdøra. Ho kan fint vere aleine i halvnannan+ time når eg er på kontoret, men og gå ut ytterdøra, då er det piping og uling. Ho bryr seg svært lite om at eg går ut i gangen, tar fram nøklar, kler på meg og går ut. Ho kan ligge avslappa i sofaen gjennom alt det. Er først etter nokre sekund til eit minutt eller to, at ho begynner og pipe. Innimellom går det over til uling. Ellers som i går når ho starta eit lite ulekor knapt eit minutt etter at eg hadde gått ut døra. Har snakka litt med ei som hadde samme problem med hunden sin, og ho tipsa meg om ein metode ho hadde brukt under dei korte hyppige øktene sine; nemleg og legge ein godbit på golvet, be hunden vente, gå ut, vente litt, gå inn igjen og gi hunden værsågod-kommando. Prøvde dette for første gong i dag, og sjølv om Catania overhode ikkje er vant til og verken vente så lenge før ho får værsågod-kommandoen eller at eg faktisk forlet rommet når det ligger sånne fristelsar ho ikkje kan røre der, så tok ho poenget superraskt! Hadde mange, korte og hyppige økter med denne metoden i dag, og vi er oppe i 45 sekundar! Og låg ho samankrølla og avslappa i sofaen når eg gjekk ut, og låg i nøyaktig samme stilling når eg kom inn igjen. Fikk sitt værsågod, og masse masse ros så klart. Tenker det blir denne metoden eg brukar framover, og så kan eg ta ein gong i løpet av dagen, mellom alle desse andre øktene, der eg går ut i nokre sekund utan at ho har godbitane forran seg, men at ho heller får godis kasta til seg når eg kjem inn. Så sant ho ligger roleg då. Om ho fortsatt ligger like avslappa og roleg når vi er oppe i halvanna minutt, då skal eg heller prøve og sjå litt meir positivt på treninga igjen, for akkurat no har ho reist seg innan den tida. Er på dag 10, og føler i grunn ikkje vi har komt noko særleg langt... Men ho er fortsatt verdens finaste Cattepus
-
Har du prøvd forskjellige typar godbitar, type kjøtt du har tørka sjølv, eller rått kutta i småbitar? Kunne det kanskje funke og gi måltidet i bilen? Altså inn i bilen, ete maten og så ut igjen, utan at du kjører nokon plass
-
@Tipsi har både tispe og hannhund
-
Så har man begynt heime-aleine trening heilt på nytt. Etter at ho vart aleinehund slutta ho med rasering, men ho uler. Og det er lite populært når man bur i eit burettslag. Er på dag 5, såg veldig positivt på det dei første dagane, men akkurat no... Nei, møkk! Snakka med veterinæren i dag, og om det ikkje funkar med iHarmoni og dap i vekene framover, då blir det vurdert Clomicalm. Så eg håpar vi kjem oss vidare. Har i vert fall lagt ein plan og noterar resultatet frå kvar økt. Ho klarte fint 7 minuttar på søndag, men i dag har ho vert aleine 3 x 4 minutt, og ulte dei to siste gangane Hei, du... Fine lille pip-pipen, eg skal stirre deg ihjel Du kan få bære alt sjølv, mutter'n, så sitter eg og ventar her så lenge! Ellers har vi komt godt i gang med apporteringa, inne i vert fall. Ho held den, plukkar den opp og apporterar frå korte avstandar. Så det går framover! Litt pirking på innsitten, då ho setter seg veldig skeivt når ho kjem inn på plass med den. Har også sett meg ut nokre stevner eg vurderar og melde på til neste år. Er nok ein goood del som går ut, men det er dei som ligg i passe avstand. Så då er det berre og legge seg i hardtrening, blir nok oppstart av stevner igjen i april, om ikkje anna! 28.03.2015: Norsk Retrieverklubb Bergen og Omegn 25.04.2015: Florø Hundklubb 26.04.2015: Førde Brukshundeklubb 09.05.2015: Norsk kennel klub, Ålesund 10.05.2015: Sunnmøre hundeklubb 03.06.2015: Bergen Selskaps- og Brukshundklubb 02.09.2015: Norsk Retrieverklubb Bergen og Omegn 10.10.2015: Bergen Selskaps- og Brukshundklubb 11.10.2015: Florø Hundeklubb 31.10.2015: Førde Brukshundklubb 07.11.2015: Fitfjar-Stord hundeklubb
-
LP-ruta Hurtta lifeguard vest, gul. Blir vel tur- og treningsvesten på vinterstid tenker eg *ventar utålmodig til neste helg*
-
Viktig: Innkalling Ro inne Vere heime aleine (helst utan uuuuuling!) Vere med i bil utan bråk og stress Sove/vere roleg til eg føler for og stå opp, spesielt viktig på fridagar Stjeling Mindre viktig: Bjeffe når det kjem folk
-
Spesielt ved eine utgangen (gjekk kun ut der, så veit ikkje korleis den nederste var), og der var det så nedpissa og ekkelt, at eg syns nesten dei burde satt opp ei vakt der som kunne jaga alle vidare...
-
Mål 2015: Øyenlyse HD-/AD røntge Starte blodspor (så sant det blir arrangert kurs, vart avlyst i 2014) Trene agility Gå vidaregåande kurs i lydighet Få lineføringa i LP til og bli meir morro Få tannvisning i LP til og bli meir morro Oppnå 1. premie i LP1 Få ein meir sikker fellesdekk Få ein meir sikker stå-kommando Starte klasse 2. øvelsar i LP Finne ein knall belønningsleike Trene meir på passering av fremmede bikkjer Gå meir på fjeller til sommaren Kose seg meir ute i naturen, ta med kakao og kose seg retten og sletten. Få kontroll over nervane før stevner
-
Har rød hund, og brukar stort sett rød, grønn (også blanda med gult) og brunt i dekken. I halsbånd går det i svart med orange detaljar eller brunt.