Gå til innhold
Hundesonen.no

Catania, Cira, Hera og Fenris (Etnahund og NEG)


Recommended Posts

Skrevet

Gamle tråden, frå Pia's tid.

Ny start, ny tråd, ny presentasjon.

Catania av New Caprica, født 13.09.2012, og kom til meg som Januar 2013. Som ein 4 mnd. gammal galning med hæla i taket og tenna i tapeten. Ho har heldigvis roa seg litt sidan den tid!

Men til tross for sine skavankar, så er ho er verdas største kosegris, og den beste turkamerat. Men det beste ho veit, er å kunne springe fritt rundt, med luft under labbane. Då osar det pur glede av heile bruningen.

Ellers er ho ein ung "utstillingspensjonist", men til gjengjeld satsar vi heller på lydighet. Mest for morro, så vi har noko og jobbe mot. Og til no har vi deltatt på eit offisielt stevne, og gjekk ei godkjent appellmerkeprøve hausten 2014.

Blodsporkurs og muligens ettersøkskurs er også noko eg håpar vi får komt oss med på ein gong. Desverre ikkje så enkelt på denne delen av Vestlandet, sidan ting har lett for og bli avslyt pga. få påmeldte...

Ellers er ho verdas beste turkameraet og sofaslitar, og den finaste bruningen som finst, sjølvsagt :wub:

10615962_10154515694925468_6520505052346

10660149_10154566523635468_7244826284645

734_10153216150305468_1026504181_n.jpg?o

  • Like 7
  • Svar 131
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Her har det skjedd litt forskjellig sidan sist. Vi er nemleg godt i gang med og kjøpe oss eit lite småbruk, på rundt 54 mål. Så her blir stor og god tumleplass for bikkjene. Og ingen naboar klin innpå

Eit lite bildedryss frå søndagsturen vår, når det var blitt ørliten grann kvitt ute Ganske stolt av lille frysepinnen min då eigentleg, som ikkje ofra forbipasserande eit einaste blikk. Og så kom

Noko LP stevne i Florø vart det dessverre ikkje noko av. Frøkna fikk løpetid, og då er det ikkje så mykje meir eg kan gjere. Fikk ein telefon på stevnedagen om at vi kunne få gå når klasse 3 var ferdi

Posted Images

Skrevet

Hun er utrolig vakker :) Hvorfor ble hun pensjonert fra utstilling, forresten?

Diskvalifiserande feil (halen) og PL opererte knær med synlege arr :)

Skrevet

Om kun 2 veker er det tid for nytt offisielt stevne, denne gangen på heimebane. Men på grunn av diverse grunnar har det ikkje vert så mykje ork til konkurransetrening, har heller gått meir i tur, tur og atter tur.
Men no som bruningen har både lammenyrer, kyllinglever, kyllingføtter og heimetørka godbitar, samt ei skuff full av treningsgodbitar og ein ny treningsleike med pip og tau (får håpe den fell i smak), så er alt som trengst for trening, i hus. No er det berre og håpe på opplett vær og gi meg sjølv eit aldri så lite spark bak.

Men det går vel som det går. Oktober med kulde i lufta, er ikkje heilt ideelt for slike bruningar :P

Og så er her eit søtt lite pinnsvin som har slått seg til i nabolaget. Møtte på den i går kveld, der den tussla rundt. Desverre syns Catania det ser ut som ein god snacks, så vi må nyte synet av pinnsvinet på lang avstand :thumbsdown:

1508641_10154622782595468_86602216129580

10712994_10154604762265468_5425726959983

Skjeeeeeer'a?

10445571_10154580433210468_6032638337118

Som dei einaste på kveldstur MED refleks, det var litt skremmande...

Skrevet

Hvordan er jaktinstinktet og radiusen på rasen? :)

Det er vel veldig individuelt, men Catania vil eg påstå har eit stort jaktinnstinkt og stor radius. Men ho held seg alltid i nærleiken, sjølv om ho kanskje forsvinn bak ein haug, ei busk eller liknande.

Men har aldri vert noko problem og ha ho laus :)

Skrevet

Sidan det var opplett, og utruleg nok veldig bra temperatur ute i dag, vart det ei aldri så lita lydighetsøkt. Den gjekk strålande bra, og den nye treningsleiken falt verkeleg i smak! :D

Etter treninga var det på med selen og vende snuten i retning sentrum for litt miljøtrening. Hadde knapt fått bikkja ut av bilen, før det kom ei dame gåande som stoppa opp, ho syntes Catania var så aldeles nydeleg og lurte på om ho kunne hilse på. Catania tok det heile med stor ro.

I sentrum hadde det vert diverse arrangement der rett før vi kom gåande, så det var overraskande mange folk ute. Når eg satte meg ned på ein benk så vi kunne sitte der og sjå på folkelivet, kom det først ein mann og satte seg på benken på sida av der eg satt, som gjerne ville hilse på Catania, og så kom det ein anna fyr og satte seg på samme benken som eg satt på, som også gjerne ville hilse på bruningen.

Catania er ørliten grann skeptisk til menn, så ho snuste på dei, fikk godis av meg og gadd ikkje bry seg meir med dei :P

Einaste negative, er at nesten alle som står eller sitter ved senterinngangen, tenner ein røyk eller to. Så vi gjekk relativt raskt frå staden, før vi vart knerta av all røyken...

Og her er nokre bilder eg tok av bruningen for eit par veker sidan, i alle hunders paradis, nemleg hos mormor og besten :D

10417641_10154630337715468_2605862063459

10574268_10154630337675468_1498508139159

10622848_10154630337855468_1071206323572

Kenguruen min :D

10672126_10154630341270468_4453888332001

10690284_10154630342665468_1574111280431

Kjem du snart eller, treiga?

1545573_10154630342950468_76621195889627

10600505_10154630343330468_5185203556087

  • Like 3
  • 2 weeks later...
Skrevet

I dag gjekk vi vårt andre offisielle LP-stevne, i regi av Førde Brukshundklubb. Etter ei kort trenignsøkt tidleg på dagen i går, som gjekk rett vest, hadde eg verkeleg ikkje dei store forhåpningane i dag. I tillegg er det haust og ein smule kaldt inne i hallen. Men tru det eller ei, bruningen slo til, og eg kunne ikkje vert meir stolt :D

Film kjem når den er ferdig redigert og opplasta :)

Tannvisning: 8,5

Fellesdekk: 5

Lineføring: 6,5
Dekk frå holdt: 7
Innkalling: 8,5
Stå under marsj: 6
Hopp over hinder: 9
Avstandskommandering: 8
Heilhet: 8

144 poeng, 2 premie og 2 plass!
Fikk også sølvmerket sidan vi ikkje nulla, woheeei! :D

Dommar var Aud-Liv Nes Eide.

  • Like 6
Skrevet

Gratulerer så mye, dere er kjempeflinke. :) Også så søt hun var når hun kom spurtende på innkalling :ahappy:
Hvordan synes du det er å trene en så "utradisjonell" rase i LP?

Skrevet

Gratulerer så mye, dere er kjempeflinke. :) Også så søt hun var når hun kom spurtende på innkalling :ahappy:

Hvordan synes du det er å trene en så "utradisjonell" rase i LP?

Takktakk :D

Syns det er kjempemorro! Ho lærer raskt og ser ut til og like det, og når det attpåtil går betre enn forventa, då blir det ekstra morro :D

Men ho er jo veldig "vær-sær", og då kan det til tider blir vanskeleg og demotiverande med trening. Kalde haustdagar og heile vinteren blir det lite trening, samt regnfulle vår- og sommardagar når vi ikkje har tilgang til hall. Derfor ser det ut til at vi skal starte med AG no i vinter, så vi har noko og trene på :)

Skrevet

Dokke var kjempeflinke! =) Veldig kjekt å sjå på :) Gratulerer med sølvmerket!

Tusen takk :D

Var flinke dåke også, av det eg fikk med meg! :D

Skrevet

Takktakk :D

Syns det er kjempemorro! Ho lærer raskt og ser ut til og like det, og når det attpåtil går betre enn forventa, då blir det ekstra morro :D

Men ho er jo veldig "vær-sær", og då kan det til tider blir vanskeleg og demotiverande med trening. Kalde haustdagar og heile vinteren blir det lite trening, samt regnfulle vår- og sommardagar når vi ikkje har tilgang til hall. Derfor ser det ut til at vi skal starte med AG no i vinter, så vi har noko og trene på :)

Morsomt å høre! :D Imponert over hva dere presterer altså - veldig motiverende for meg å se, får jo håp om at det er mulig å en gang, lang frem i tid, å prøve konkurranse med whippeten. Vi får se hva tiden bringer. Hun og Catania er nok litt i samme leia tror jeg, spesielt når det kommer til kaldt og kjipt vær. :P Så forstår den godt. I slikt vær skal man ligge foran peisen, ikke ute på våt bakke, må vite. :sleep:

Kjempespennende med agilityplaner da! Det gleder jeg meg til å følge med på. :)

  • Like 1
Skrevet

Tusen takk :D

Var flinke dåke også, av det eg fikk med meg! :D

Joda, en del var ok, men er ikkje heeilt fornøgd, egentlig.. :) Blir vel ikkje siste gangen vi konkurrera med dokke, men det er ikkje lenge før dokke er i klasse 2 ;)

  • Like 1
Skrevet

Joda, en del var ok, men er ikkje heeilt fornøgd, egentlig.. :) Blir vel ikkje siste gangen vi konkurrera med dokke, men det er ikkje lenge før dokke er i klasse 2 ;)

Nei, vi sjåast vel igjen til neste år tenkjer eg :)

Haha, ja, det hadde jo vert morro om bruningen klarte og nå så langt! :D

Skrevet

På onsdag var eg i Stavang for og ta nokre interiørbilder på hytta til ei som ofte har vert med på tur med den lille myndegjengen her i området. Catania fikk vere med, så etter bildeshooten, fikk ho komme ut av bilen for litt herjing med hennar to Whippet-hannar. Stor stas og få leike med likesinna! :D

Før vi skulle køyre heim igjen, sprang Whippetane etter Catania, så ho sprang under ein tilhengar som sto der, mens Whippetane sto på "utsida" og såg under etter ho. Plutseleg kraup Catania i full fart ut på andre sida, rundt og overraska Whippetane, før ho sprang under igjen før dei fikk taket på ho. Snakk om og gjere seg kostbar for gutane, hihi :P

10354805_10154721260435468_1255729391878
Catania og gutta boys i farta :D

1236844_10154721258170468_23046642067036
3...

10394519_10154721257860468_3023054643095
2...

1656014_10154721272140468_72324895637554
1...

10671465_10154721262310468_6995023692643
Angrip!

  • Like 3
Skrevet

Og endeleg var dagen her, når den utvida båndtvangen endeleg er over! Desverre for oss, bur vi på vestlandet, og har hatt ekstreme mengder regn i det siste. Store delar av parken ligg under vatn, og det er pissbløtt i skogen. Og Catania er ikkje så innmari glad i regn, då hører man til under eit varmt teppe i sofaen :P

Men tok uansett turen opp til lysløypene i dag, så dyret fikk eit 10 minutters frislepp i dag :)

I morgon vurderar eg og ta turen opp i hallen for og prøve litt agility med Catania. Men er ørliten grann skeptisk etter å ha sett enkelte av dei andre i hallen, når eg har trent LP... Eller om vi skal hive oss med på LP samlinga.

1506448_10154731154735468_78854806752505

Parken, dagen etter flaumen. Vatnet har gått ned ein god del, men framleis ligg store delar av den under vatn.

1743575_10154731165985468_50872395153636

Når dyret finner ut at ho skal leike modell av eigen fri vilje, så er det vel berre og knipse i veg? Desverre vart ikkje skarpheten slik eg ville ha den...!

10678762_10154734411955468_7400561871258

Det er så himla kjedeleg og vente! :P

1392073_10154741824710468_83796925834518

Zombiehunden!

10361518_10154742083520468_5383726424876

Ørliten grann misfornøgd med været i dag.

10628222_10154742083615468_2821639275143

Ristar laus så auga rullar :rofl:

1506732_10154742089475468_82893294028383

"Heilt seriøst, eg går no mutter'n"

1380773_10154742089425468_34648712285481

"Ja, altså... kjem du?"

63413_10154742091575468_4735657376576197

Når dyret ikkje tørr gå lenger aleine i ruskeværet, då er det best og komme seg tilbake i full fart :P

1920439_10154742092175468_78275327397029

10378193_10154742092680468_2531104025531

10502065_10154742093620468_3376496515307

  • Like 1

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive



  • Nye innlegg

    • Man må såklart ikke, men det kan ofte være greit å utelukke fysisk ubehag ved aggressiv adferd. Når det er sagt høres dette ut som et adferdsproblem. Uavhengig av alder så er det ikke bare å "vente til de vokser det av seg". Hvis en unghund starter med problematisk adferd er det utrolig viktig å jobbe med det, nettopp for å forme den hunden skal bli som voksen. Sånn umiddelbart høres det ut som hunden kan være overstimulert og at dette er et utslag av stress i møte med andre hunder. Hvis dette skjer i hilsesituasjoner eller løs lek med andre hunder så høres det ut som dere må ta ham ut av situasjonen og holde avstand lenge før han når det punktet at dette skjer.
    • Må man alltid ta med hund som ypper til bråk på noen hunder til veterinæren for ekstra sjekk om det er noe galt fysisk? Det er ikke alle hunder den ypper til å slåss. Er en unghund på 2 år. Hunden hopper opp på ryggen til de som hun skal yppe med og når jeg da tar den ned så blir den sint og flyr på enda mere. Vi hadde håpet det skulle bli bedre etter at hunden var fylt 2 år. Men man sier at de ikke blir voksne før 3-4 årsalderen.
    • Så fint at dere allerede har veileder og atferdsspesialist på laget, og at dere har testet både mer og mindre aktivitet. Det dere beskriver høres ut som en valp som ligger så høyt i grunnstress at han ikke klarer å regulere seg ned igjen. Da hjelper det sjelden med mer trening, for problemet er ikke mangel på aktivitet, men at nervesystemet aldri får landet. Det jeg ville prøvd: senk totalbelastningen kraftig i 10–14 dager. Korte, kjedelige turer, ingen søk, ingen kurs. Bytt aktiviteten mot ting som nedregulerer: tygging, slikkematter, snacks strødd i gresset. Og når han faktisk ligger rolig av seg selv, legg en godbit stille mellom labbene hans uten å si noe. Ro som blir belønnet, kommer oftere. At han blir «svart i øynene» og umulig å avlede tyder på at han er langt over terskel, og da lærer han ingenting. Nevn gjerne smerteutredning for veterinæren også, mage og ledd kan gi akkurat dette bildet. Jeg har skrevet mer om ro-trening her om dere vil ha en konkret plan: https://oslohundetrener.no/ro-trening-hund-slik-laerer-hunden-a-finne-ro-i-hverdagen/
    • Godt tenkt å forberede seg før katten kommer, det er da du har mest påvirkning på resultatet. Det viktigste er ikke utstyret, men introduksjonen. Planlegg at de to første ukene skjer bak grind eller lukket dør: la dem lukte på hverandre gjennom døra, bytt tepper mellom dem, og belønn hunden hver gang den er rolig i nærheten av kattelukt og kattelyder. Først når hunden kan se katten uten å låse seg fast, tar dere korte, rolige møter med hunden i bånd. Katten trenger alltid en fluktvei: høyder, hyller og minst ett rom hunden ikke har tilgang til. Kattedoen løser du enklest med en barnegrind hunden ikke kommer forbi, eller en hevet plassering katten lett når. Og følg med på hunden din underveis: stirring, stivhet og jaging betyr at dere har gått for fort frem, ikke at det er umulig. Gjør det kort og gøy, og gi det uker heller enn dager. De fleste hunder kan lære å leve fint med huskatten sin.
    • Gratulerer med valp på vei! I stedet for å anbefale en bestemt skole vil jeg gi deg spørsmålene jeg selv ville stilt før påmelding, for det varierer mer mellom instruktører enn mellom skoler. Spør konkret: Hvilke metoder bruker instruktøren, og brukes det noen form for korreksjon eller «konsekvens»? Du vil ha et tydelig ja til kun belønningsbasert trening, ikke et vagt «vi tilpasser oss hunden». Hvor mange valper er det per instruktør? Seks er mye bedre enn tolv. Og handler kurset om hverdagen (ro, håndtering, alenetrening, trygg sosialisering) eller mest om sitt og dekk? For en setter-valp er det første langt viktigere. Be gjerne om å få se på en kurstime før du melder deg på. En seriøs instruktør sier ja til det. Jeg jobber selv som hundetrener i Oslo, så jeg lar andre svare på de konkrete skolene, men jeg har skrevet om hva god sosialisering faktisk er, om du vil lese mer: https://oslohundetrener.no/hva-er-sosialisering-og-hvorfor-er-det-viktig-for-valpen/
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...