plutte Skrevet 4. November 2013 Rapporter Share Skrevet 4. November 2013 På tide med ein fellestråd for meg og mitt, eg veit fansen har venta spent. Her i heimen er det to firbeinte, som utan hemningar forventar å få alt dei vil, når dei vil. Mine hundar er meir bortskjermte enn den etterlengta dattra til ein nyrik russer, og eg ville egentlig ikkje hatt det på noko anna vis. Bamse var den første, er den eldste, og den finaste. Blanding av, trur me, labrador, rottweiler og border collie. Han er (kanskje) født i år 2000, og har blitt omplassert ein del gonger før han endte opp hjå oss i 2008. Bamse hoppar rundt som ei kanin når han spring, er ekstremt glad i leverpostei og pølse, og var med meg på sitt (og mitt) første klikkerkurs då han var 12 år. Han er utan tvil den smartaste firbeinten her i hus, for han er den einaste som skjønar seg på IQtestane, som demonstrert under. Jepp, golvet mitt er akkurat så stygt. Det hamnar diverre langt ned på husoppussningslista. Skeptisk vakkerklump. Watcha doin' ova' deeer? Så fiiiiiiin! (Og her litt bekymra for om naboen har tenkt å gå inn i hagen vår) Vaffeltrucken er ein bordercollie født 3. mars 2013. Me hadde planlagt å få kvalp i løpet av sommaren, vart tipsa om han på ein fredag, og henta han måndag, då var han ca fire mnd. Det gjekk i grunn litt kjapt i svingen, for det var først etterpå at eg hugsa på at eg eigentleg ikkje likar smiskete bordercolliar, men han er i grunn ganske kul. Eg ville eigentleg at han skulle heite (To)Blomst, men sønnen min nekta å rope på Blomst i skogen, så då var det einaste alternativet Vaffel. Vaffel og eg har gått to sporkurs i lag, og han stortrivast med å gå spor både med og utan blod involvert. Det gjer me gjerne meir. Me har og gått kvalpekurs (canis), og går no på canisCupkurs, gøy! Han er stort sett veldig flink til å tilby adferder, men me må øve meir på forstyrrelsar. Han tykkjer andre hundar kan vere litt skumle dei første fem minuttane, men så vil han leike. Vaffel er diger, eg er oppvokst med bc på nabogardane, og det var små (i forhold) spinkle gneldrebikkjer md kort pels. Sist me vog han hjå dyrlege var han 24,3 kg (meiner eg), og eg er rimelig sikker på at han har blitt breiare, men han har meir pels enn eg er vandt til så det kan vere fuktig-pels-syndrom. Eg har ikkje erfaring med lenger pels enn Bamse har, og skjønar ikkje heilt kva sele/band han kan bruke utan å lugge? Han er (enda) lågare enn Bamse som er ca rett under 60, Vaffel ligg på rett over 55ish med mi (u)nøyaktige måling. (Ein måler hund på same måte som hest, ja?) Bilder! Stå opp snart? Skvist pels under halsband og sele som lugger (?) Vaffel ventar på at eg skal vente på at han skal vente på at me kan gå ut. Eg innser at eg kanskje er mest glad i å ha hund, når hundane ligg og søv fordi dei er trøytte og slitne etter god dagar. Jepp. Finingane. 8 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Aslan Skrevet 4. November 2013 Rapporter Share Skrevet 4. November 2013 For en søt intro Fine vofser du har Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Stine Skrevet 4. November 2013 Rapporter Share Skrevet 4. November 2013 Herlig presentasjon av hundene Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
plutte Skrevet 6. Februar 2014 Forfatter Rapporter Share Skrevet 6. Februar 2014 Bamsen min har byrja bli skrekkelig gamal. Denne veka er eg heimeverande student, og så lenge det er fint og (halv)tørt ute, og ikkje for kaldt, står gjerne døra open ut så dei kan gå inn og ut i hagen. Men sidan Bamse både ser og høyrer dårleg, så står han stort sett ute og gøyr for den minste lille bevegelse/lyd som han (trur) han får med seg dersom han er i riktig lune. Det blir ikkje heile tida, men innimellom, og så høyrer han jo ikkje når eg ropar han inn. LilleDusten. Han er ikkje med på langturar lengre, med mindre det er avslappa traskelangturar der dei stort sett styrer seg sjølve, og søndag fekk han vere med til fjells på ein litt meir strevsom tur enn han brukar, sååå sprek og glad! Det må vere passe temperatur og ikkje for vått, men då er han sprek som ein fole. Og så er han sjølvsagt stadig like vakker på bilder. Vaffelen er ei snodig skrue. Han tilbyr Bamse triks liksom, det har eg aldri sett før. Favorittrikset til Vaffel er hoppe opp og ned/hoppstå, og det er spesielt det han gjer foran Bamse dersom han for eksempel vil ha den leiken Bamse har, eller vil at Bamse skal kome ut til han eller noko slikt. Etter ei tids valgfri døvhet har han no byrja høyre litt meir på meg att, og han er skikkelig gøyal å trene og egentlig ikkje så verst smart sjølv om han ikkje får til IQleikane til Bamse, og tykkjer at godbitball med lyd er dritskummelt. Er desverre i ein dusteperiode vs andre hundar, men prøver å møte på så mange klubbtreningar som mogleg så får me heller berre øve kontakt når me er der, det går sakte men sikkert bedre. Me har fått gått litt kurs, og håpar me får gå litt meir til vår/sommaren. Vaffel er alltid fotogen og ser aldri ut som ein slesk type. Men litt søt. 5 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
plutte Skrevet 23. April 2014 Forfatter Rapporter Share Skrevet 23. April 2014 Hjelp, eg har tre hundar. Me har passehund denne veka, og tre stk er ein for mykje. Det er jo bikkjer overalt. Introducing; Tora, 3-4(?) år og generelt masete. Men ganske fin. 2 Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
mokken Skrevet 26. April 2014 Rapporter Share Skrevet 26. April 2014 For en koselig tråd Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Toril Skrevet 26. April 2014 Rapporter Share Skrevet 26. April 2014 Herlig tråd Siter Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.