Gå til innhold
Hundesonen.no

Masebikkje


plutte
 Share

Recommended Posts

Me passar hunden til sambuaren til pappa, og det er ei masebikkje utan like. Har passa ho før i lengre periode, men har tydeligvis fortrengt kor teit ho er.

Så, kor mykje oppdragelse kan eg forvente å få til i løpet av 2+ veker? :P

Det er ein 3-4 år gamal schæfer/staff/ymse blanding, som er alvorlig understimulert. Ho får ingen mental stimuli til daglig, kun tur og kos. Ho går rundt og piper/maser inne, og stresser seg sjølv opp til ho jager sin eigen hale medan ho bjeffer på ein særdeles lite attraktiv, og svært hodepineframkallande, høg, skjærande måte. Den snurringa driv ho med både inne og ute når ho kavar seg opp.

Og så skal ho heile tida sleike Bamse i ansiktet. :gaah:

I følge pappa og sambuar betyr piping at ho "vil ut", og dei seier ho "har nesten slutta" med å gjere det hjå dei. :rofl: Her gjer ho det heile tida, når ho ikkje søv eller er opptatt. Meiner å erindre at det var temmelig likt sist periode ho var her, og at det gav seg etterkvart, men sist gong var me fleire i hus og det skjedde noko heile tida (juletider..), no er eg og bikkjene heime aleine og eg skal liksom studere.

Skal eg fortsette å ignorere når ho er teit?

Me prøver å (forsiktig) trene litt mentalt, men vil for mykje av det stresse ho meir? Eller skal eg peise på til ho ikkje orkar anna enn å ligge å sove? Bør eg fokusere meir på ro-trening enn på å slite ho ut mentalt? Kjem det eine av seg sjølv om eg gjer det andre?

Hittil i dag har ho fått frukostsøk i hagen, kong, bein og ein god tur. Innimellom leiker me stille-leiken utan særleg hell. Ho sov eit par timar før i dag, og har/driver å legg seg no, men sidan eg må på do så startar det nok på ny når eg reiser meg.

(Sett vekk frå alt det teite, så likar eg hunden ganske godt egentlig.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ville slitt henne ut ute, både fysisk og mentalt, også ignorert/satt grenser inne. Det går seg nok raskt til. Om hun blir mer eller mindre stressa kommer nok an på hunden og hva du gjør.. Er hun "bare" understimulert burde all form for stimuli gjøre settingen bedre iom at hun blir sliten og slutter og kjede seg. Er hun derimot en generellt stressa type så kan aktiviteter som ballkasting, løping etc gjøre det værre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho er i alle fall sliten no. Ho prøver framleis å kave seg opp kvar gong me snur oss, og går me inn i andre rom så snurrer ho litt, men siger kjapt ned på golvet, helst oppå føtene mine, som ein svett gamal sokk.

Me har gått skogstur, introdusert klikker, og ho har fått springe masse laus i hagen. Prøvde med godbitball med lyd i, men den vart ho berre forvirra av og vart ståande å bjeffe på den. (Det hjalp sikkert ikkje at det ramla ei bok i hovudet på ho samtidig.. )

Målet er å få dattra til å ta ho med på kurs, eg trur ho har lyst, men ho kan ikkje norsk så det er nok ikkje heilt enkelt. Om eg no berre klarer å lære bikkja eit triks eller to så kanskje ho blir inspirert. Men eg set kanskje høge forventningar til eigen ekspertise. :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...