Gå til innhold
Hundesonen.no

Hjelp til omplasseringsbråkebøtte?


Recommended Posts

Skrevet

Eg har ein omplasseringshund frå Dbsk på mellom fem og sju år. Det er mykje eg ikkje veit om henne, m.a. kva rasar ho er blanding av, men det skal vere mest dachs (sjølv om ho liknar mykje på lancashire heeler også, spesielt i ansiktet). Eg veit heller ikkje kva erfaringar ho har med andre hundar frå før, men eitt er sikkert: Ho gjev klar beskjed når vi møter nokon. Det vere seg møtande hund, hund på andre sida av gata eller ein ho ser frå verandaen i sjuande etasje.

Eg har ikkje hatt henne i meir enn tre veker, men eg har jobba med henne sidan dag ein og prøvd å setje meg inn i problemet. Eg er førstegangseigar, så det er mykje informasjon som skal sorterast. Problemet er verst når hundar kjem rett mot oss på gata, plutseleg rundt hjørne etc. - når ho ikkje får anledning til å oppdage og bedømme dei på avstand først. Då gøyr ho (med eit enormt volum), gjer utfall, trekk i selen og vert generelt galning. Om ho derimot oppfører seg okei, og dermed får helse, er ho roleg og fin og mister interessa relativt fort.

Eg synest det er trist å ha ein hund som vert oppfatta som aggressiv og farleg ute blant folk. Ho er nemlig ein flott og miljøsterk (reagerer til dømes ikkje på noko av bybråk) hund på alle andre måtar. Ho kjem ikkje frå den beste av heimar, men er likevel tillitsfull og kontaktsøkjande mot menneske.

Det eg lurer aller mest på no er kva som er mest hensiktsmessig å gjere når hunden først har fått gira seg opp? Ho blokkerer fullstendig og er umogeleg og få kontakt med når smella er i gang. Eg endar ofte opp med å måtte dra henne ut av situasjonen, noko som ikkje kjennest som ein spesielt konstruktiv taktikk for nokon av oss. Eg veit berre ikkje kva anna eg kan gjere.

Vi skal på passeringskurs i oktober, men akkurat no kjennest det som utruleg lenge til.

Skrevet

Du kan lese litt om kindereggøvelsen. Egen erfaring er at blokkering kan forebygges i mange tilfeller, men hvis den er fullstendig blokkert, så er det lite å gjøre foruten å trekke seg unna situasjonen eller tilføre ubehag i større eller mindre grad - sistnevnte vil jeg ikke anbefale, spesielt nå når dere skal bygge tillits-bånd.

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


  • Nye innlegg

    • Det er mange som har hund og katt sammen, men det kommer helt an på individene, rasene og tilvenningen. Det høres ut som du har kommet litt skjevt ut allerede, og som sagt tror jeg det kan bli krevende. Når du ikke har kompetansen selv til jeg anbefale å få hjelp (direkte, annet enn tilfeldige på nett) fra noen som kan komme og hjelpe deg der du er.
    • Er det noen som faktisk har fått til å få katter og hunder sammen?  Er bare redd det blir ett vanskelig prosjekt. Og hvor lenge bør man holde på å prøve å få det til?
    • Jeg ser at det står haket av som jakthunder på NKK rasevelger.    Er det da retriever og spaniel som har minst mulig jaktinstinkt da?   Skal prøve å få hundene til å slappe av når de ser pusene.
    • De er også varslere så jeg bjeffer dessverre lett.
    • Jaktinstinkt er litt ulikt hos ulike raser. Gjeterhunder, og jakthunder som er avlet for å "drive" vilt og jage på egenhånd har høyest jaktinstinkt og har lettere for å jage dyr. Jakthunder som er avlet for å samarbeide tettere med fører, som for eksempel retrieverene og spanieler som er avlet for å apportere vilt, har jaktinstinkt, men er også ofte lettere å kontrollere rundt dyr. Selskapshunder, vokterhunder og ulike andre raser har jevnt over mindre jaktinstinkt. Men opprinnelig har alle hunder noe jaktinstinkt, og det vil variere med individ også. Jeg tenker at du kan ha fordel av å kontakte en hundetrener som kan komme å se hundene og hjelpe deg med et opplegg for tilvenning så hundene kan lære seg å slappe av rundt kattene. Å bare la de stå og bjeffe og bråke vil gjøre det verre. Du må jobbe aktivt med at hundene skal slappe av når de ser kattene. Ideelt sett på god avstand først, og nærmere når de takler det bedre. 
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...