Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Eg er no van med at muffins skal vere flate, eg. Berre slike kunstige kjøpemuffins som har topp. Men kanskje dei eg har fått heimelaga muffins av opp gjennom tidene ikkje har vore noko særleg til bakarar..? :ahappy:

  2. Heilt einig. Maten i skulekantinene er akkurat så billig som han treng å vere. Det er ikkje akkurat gratis å ete lunsj i kioskar og gatekjøken når ein blir vaksen heller...

    Elles er eg einig med andre som har sagt at det er mykje, både i skulen og resten av samfunnet, som bør prioriterast langt over gratis skulemat. Det er ikkje så forbaska vanskeleg å lage seg matpakke før ein går heimefrå om morgonen. Ein overlever jo i helgar og feriar òg...

  3. Laffen var veldig glad i bæsj då han var liten, særleg hans eigen var tydelegvis eit herremåltid. Fordelen var jo at om han dreit inne, så rydda han opp etter seg sjølv før vi i det heile rakk å reagere :P . Om det passa seg slik, hindra vi han i å ete det, men vi var ikkje hysteriske på det, og fekk høyre rundtom at dette ikkje var unormalt. No er han 7 månader gamal, og har ikkje ete ein dritt på lenge (bokstaveleg tala, altså :lol: ).

    Uff...dette minte meg på den gangen Dachsen min spiste hestebæsj også kom han inn og spydde opp alt, det må være den verste lukta jeg noen gang har kjent! :|

    :barfy:

  4. Eg har alltid hatt kjempelyst på sankt bernard, heilt sidan eg var bitteliten. Rå hundar :lol: . Meeeen, så er det ei til her i huset, som òg skulle ha eit ord med i laget, og ho skulle ikkje ha noko slevebamse i sitt hus. Vi fann ut at berner sennen har mykje openbart til felles med st. bernard, begge er store, langhåra alpehundar, og sidan det ikkje er så kjend at berneren slevar som at st. bernarden gjer det, så gjekk det bra :ahappy: . Vi kjøpte ei bernerbok, og studerte denne frå perm til perm. Cirka alt med berneren, frå A til Å, passa oss midt i blinken, og jo meir vi undersøkte, jo meir sikre vart vi på at vår første hund kom til å vere ein berner sennen.

    Nøyaktig eitt og eit halvt år etter at vi kjøpte boka om berner sennen, fekk vi Laffen vår i hus, og han er berre heilt perfekt! :wub:

  5. I dag har eg laga middag, ytrefilet av gris, ris og *trommevirvel* heimelaga peparsaus etter oppskrift som vart nemnt på sjætten her for ein god stund sidan :D . Hugsar ikkje kven det var som kom med den, men sausen var god, den :ahappy: .

  6. Medlemskartet er supre greier, håpar mange brukar det :) .

    MEN! Saknar stort å få sjå kor mange sidar det er i tråden du er i til einkvar tid. Går du rett inn på tråden frå framsida, får ein ikkje lenger sett kor mange trådar det er totalt, ein får berre sjå den sida du er på no, og to sidar før og etter (på sideveljaren øvst). Tidlegare sto det òg kor mange sidar det var totalt. Er ein i Akkurat Nå-tråden, vil ein jo gjerne vite om det er fire eller førti sidar ein ikkje har lese, før ein avgjer om ein gidd å bla gjennom alt.

  7. Vil nok seie meg einig med siste talar her, ja. Eg er som deg og gjer alt eg kan for å få eit godt forhold til alle naboane, og det har eg klart òg. Men det går jo like mykje på korleis naboane faktisk er, som kva eg gjer. Er naboen ein drittsekk som ikkje vil ha noko med naboen å gjere same kva (og helst hadde sett at nabohusa sto tomme), så er det hans tap. I så fall ville eg gått til kommunen, fått SKRIFTLEG alt det du har lov til, signert med kommunestempel, og gjort nettopp det som det står at du har lov til. Setje opp det høgaste gjerdet mellom deg og naboen som er tillate, og satt opp hundegarden etter forskriftene, om det let seg gjere.

    Overhode ikkje optimalt, nei, men ein kan ikkje selje bestemora si og ete gras fordi naboen ber om det...

    Red.: Okaidå, så klarte eg ikkje å la vere. Heilt einig med Kensington Gate. Einebustad på landet er tingen :aww: .

  8. Er det der dere hadde oversvømmelse og bæsj? Da er det muligens det at rommet er for fuktig ennå, og derfor henger edikklukta igjen. Den blir borte, lover! *med kors på hjertet og hva det nå enn het da vi var små*

    *snyyyyyyyyyyyt. Jeg vil ha betalt i Kleenex med balsam, takk!*

    Nei, det er i ein annan etasje, vi har kattedo som set litt lukt av og til (no er puzen sterilisert og skal bli utekatt att. Endeleg! :getlost: ). Tenkte vi kunne prøve dette. Men då satsar vi på at det går vekk, då. Når det funkar for alle andre, burde det jo det her òg :ahappy: .

    God betring!

  9. Ha masse mopper og kluter klar. "Pøs på" med vann, bruk gjerne en skrubb (piassavakost) og tørk opp, gjenta og gjenta og gjenta. Mattheten er såperester som har sugd seg ned i belegget. Ikke bruk en dråpe såpe!

    Skal eg skrubbe og gnikke, eller berre tørke over, og dermed vanne ut såpa?

    Og toler belegg uavgrensa med vatn då? :icon_confused:

  10. Hva gjør man en slitt sofa tulip? vi har ikke sånn tut på støvsugeren vår til sofa (finnes det universal someplace?)

    Clas Olsson har sofamunnstykke til støvsugarar :) .

    Så min tur å spørje orakelet: Er det mogleg å få falma golvbelegg blankt att, eller er det berre å skifte heile skiten? No skal vi jo selje huset, og etter to år med ein kvalp og totalt 5 kattungar med alt det fører med seg av tiss, bæsj og heeeilt feil vasking, viser det seg (masse vaskemiddel og tørkepapir), så er belegget kronisk "skittent", altså matt og stygt. Har vaska grundig med både det eine og det andre, men ingenting ser ut til å verke (har ikkje prøvd eddik, då :P ). Er det håp?

  11. Jah! Vi hadde og bestemt oss for berner sennen to år før vi fekk vår. Har med andre ord hatt god tid til å studere rasen, og når kvalpen først var i hus, overgjekk han alle forventingane våre :) . No gler vi oss til å følgje han vidare gjennom ungdomen og vaksenlivet.

    Laffen, fødd 20.12.10:

    22022011467.jpg

    22022011485.jpg

    Mitt favorittbilete, SuperLaffen :lol: :

    24022011510.jpg

    Nydelege bilete av Linus, forresten :) .

  12. Eg reagerte òg umiddelbart på måten dette vart fronta av admin på sida her, og sjølv om det med ein god dose godvilje kjem fram at det moglegvis ikkje er admin som har skrive artikkelen, vitner måten dette er lagt ut og fronta på om utruleg dårleg dømekraft, og kan fort bli ein svær skrape for Hundesonen som ei seriøs hundeside om det blir ståande slik det står no.

    Som andre får eg slengje på at dette ikkje er eit innlegg for eller mot CM, men eit innlegg som omtalar eit forferdeleg dårleg val admin på sida har teke.

    Mvh Olav Emil

  13. Har òg høyrd om folk som har gjeve hundane kvitlauk med stort hell, heilt fram til dei fekk høyre at hundar ikkje toler kvitlauk :ahappy: . Men det skal visst funke å gni kvitlauksfedd i nakken på hunden òg. Skulle jo bli det same som med medikamenter, det breier seg vel ut i resten av pelsen, og flåtten unngår kvitlauk.

  14. Wow! For ein nydeleg hund. :wub: Vi stoppa opp nokre hakk då vi kom til mudi i hunderaseboka vår, særleg kona mi hadde stor sans for den. Ein litt annan type hund enn vår :ahappy: . Men om vi skulle hatt ein "liten" hund, så måtte det vore ein slik ein.

    Utruleg tøff farge på henne, forresten!

×
×
  • Opprett ny...