Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Reglane for trekkjing av hengjar med B-sertifikat er nok mykje meir avanserte enn som så. Ein hengjar med tillate totalvekt i vognkortet på opp til 750kg har ein alltid lov å trekkje (så sant bilen er godkjend for det i vognkortet). Men ein kan òg trekkje hengjarar som er tyngre enn dette. Det er eit par føresetnader ein må merke seg.

    1. Hengjarens tillatne totalvekt (maxvekta som står i hengjarens vognkort, IKKJE faktisk vekt) skal ikkje vere høgare enn bilens eigenvekt med førar (altså eigenvekta som står i vognkortet, IKKJE faktisk vekt, og IKKJE maxvekt).

    2. Hengjarens tillatne totalvekt (igjen, i vognkortet), pluss bilens tillatne totalvekt (altså maxvekt i bilens vognkort) må ikkje vere meir enn 3500kg. Det vil seie, har du ein bil med tillate totalvekt på t.d. 2300kg (ca. ein vanleg personbil), kan du køyre ein hengjar som har tillate totalvekt opp til 1200kg. Har hengjaren ein tillate totalvekt på 1250kg, har du ikkje lov å trekkje denne med den bilen, sjølv om hengjaren ikkje faktisk veg meir enn 400kg ferdig lasta.

    Med andre ord, du MÅ sjekke vognkortet på hengjaren du skal køyre, og er tillatne totalvekt på denne over 750kg, må du òg sjekke bilens vognkort og sjå at du oppfyller begge føresetnadane.

    Link til vegvesen.nos informasjonsside: http://www.vegvesen...v+mindre+henger

    Når det gjeld spørsmålet ditt, så har du sjølvsagt lov å frakte kva du vil på hengjaren din (utanom farleg gods, med mindre du har ADR-sertifikat, og godkjend hengjar :P ), men pass på at det er skikkeleg sikra. Bruk skikkelege lastestroppar, ikkje tau eller hyssing. Lastestroppar får du på biltema, clas olsson o.l. .

  2. Eg får slengje meg inn i god brannfakkeltrådstil og seie meg einig med dei store, populære. "Vi" er heilt klart ein mykje betre og meir korrekt måte å formulere seg på når ein skal vere seriøs og formell. Det er det ganske klare normar på. Som dei siste talarane har skrive, så er det fyfy å skrive "eg" og "meg" i formelle tekstar. Ein heimeside er i prinsippet eit formelt "skriv" på veigne av den "verksemda" oppdrettar, anten denne er ein eller fleire, driv.

  3. Eg er visst stort sett i dei store gruppene, med unntak av på eitt spørsmål. Gjett kva :aww: .

    Elles vart eg nesten overraska over at såpass få faktisk er naviske, ettersom dette er noko som blir diskutert og nemnt ganske mykje her på forumet. At så mange har ein eller annan kronisk sjukdom er meir slik eg hadde venta, ja, igjen ut frå kva som blir skrive rundtom her inne. (eg ville sjølvsagt ikkje skrive dette siste avsnittet om eg ikkje oppfatta det slik at det var ein vesentleg del av denne undersøkjinga, noko eg tolkar som at eg slett ikkje er den einaste som har gjort meg opp slike tankar)

  4. Jeg har to trappetrinn fra sovealkoven til kjøkkenet. Der står vannskåla, på nederste trinnet, inn mot veggen. Perfekt plassering, da kjøleskapet står på trinnet over, så det er null sjans for at jeg går på det :D

    Huh... Det må vere eit langt trappetrinn, eller eit veldig smalt kjøpeskåp... :lol: .

    Her står vasskåla i eit stativ saman med matskåla, og stativet er plassert i yttergangen, inntil veggen rett innanfor inngangsdøra. Her sto tidlegare skostativ, men det har vi flytta inn i innergangen.

    • Like 1
  5. Bror min kjøpte seg ein slik Huhei i somar. Den varte ca like lenge som mobiltelefonane hans brukar å vare, ein månads tid. Så ramla han då han gjekk på slakkline, og landa på telefonen, som låg i lomma :rolleyes2: . Elles har han mista ein telefon i kokande vatn, ein tømde han brukt frityrolje over, og ein bada han med. Alle innanfor 2mnd etter kjøp :lol: .

    Eg er nøgd med Doroen min, eg :) .

  6. Hmh. Får beskjed om at biletet eg tek er brukbart til samanlikning, men så skjer det jo ikkje noko meir. Furte... :icon_confused:

    Red.: Deeeeeer, ja. Måtte jo berre ta ein 6-7 "godkjente" bilete først :P . Men usjameg. Eg vart ein 18mnd "Sharpe Cross" tispe. Ikkje min type hund.

    "prøve ein gong til"

    Utan briller (det var forresten søren meg ikkje lett å ta bilete i blinde :P ) vart eg ein eitt år gamal "Lab Cross" tispe. Det var litt betre... :ahappy:

  7. Jeg har snakket med andre soniser om det etpar ganger, hadde vi hatt et filterfritt døgn her inne hadde sonen blitt nedlagt.

    HAHAHAHAHAHAHAHAHA! DET er iallefall heilt sikkert :lol: :lol: .

    Nei, alstå, eg lærte nok kjapt at det er enkelte ting her inne ein lar forbigå i stille, og ikkje kommenterar. Det gjeld både å seie imot nokre medlemmar (men ikkje alltid dei mest erfarne og "famøse"), og ikkje minst å ha andre meiningar enn straumen i enkelte tema. Men ein ting er iallefall sikkert: Når eg seier noko, så meiner eg det! Det gjeld anten det eg seier er positivt eller negativt. Det betyr forresten ikkje at eg ikkje kan kome til å endre meining seinare, men i så fall har eg faktisk endra meining, og seier ikkje noko anna for å følgje straumen. Og det er vel heile poenget med slike diskusjonsforum, at ein kan lese, diskutere og lære. :)

    • Like 1
  8. Eg synst eigentleg dette var eit merkeleg tema, og svara som kjem synst eg er enno merkelegare. Trudde ikkje folk som budde saman (og hadde planar om at det skal vere slik for all framtid) gjekk og skaffa seg hund med mindre begge ønska seg hund og det som følgjer med. Her i huset var sjølvsagt (det var iallefall sjølvsagt for meg før eg las denne tråden) begge lystne på å skaffe oss hund då vi gjorde det, og begge gjer det som skal gjerast med hunden. Økonomien er jo felles når ein er gift, så den er jo ikkje noko å fordele :ahappy: .

    men det går forhåpentligvis over når han vokser seg ut av puberteten.

    Typen eller hunden? :P

    • Like 3
  9. Dette var då ein absurd tanke :lol: . Men sidan vi først er der, så får eg seie at vindlyd gjer meg lukkeleg. Vel å merke snakkar vi SKIKKELEG vind, minimum sterk kuling, med gode kast. Slikt likar eg! :) Skadar ikkje å leggje på noko saftig torebulder og skikkeleg fossregn. Men igjen, då må det vere på grensa til det ekstreme. Vanleg regn er ikkje noko god lyd...

  10. Som folk alt har sagt, løysinga er å finne nokon som vil stå som sikkerheit på dei siste ti prosenta. I dei fleste tilfelle er det vel foreldre som er aktuelle, dei har jo sjeldan topplånt hus. Merk at det på ingen måte vil seie at det er foreldra dine (for å bruke det dømet) som har lånet, det er det du som har. Om du ikkje klarar å tene lånet, vil det skje som vanlegvis skjer, at leiligheita di blir solgt for å dekkje lånet. Det er kun dersom det skulle vise seg at verdien på eigedomen har falt, og salet ikkje dekkjer restlånet, at det har noko å seie at dei står som sikkerheit.

  11. *lol* Valpen her går under tilnavnet "krokodillen", men det er vel det nærmeste vi kommer den arten :D

    Minner meg forresten om hun med bullterrier som var så lei av kommentaren: "ER det der en hund!?" Så hun svarte at det var en Bengalsk Elvegris som hadde blitt smuglet inn fra Afrika... Dagen etter var historien på førstesiden i lokalavisen, og journalisten måtte gå en runde med seg selv og sine evner til å sjekke fakta før han skrev noe i ettertid :D

    :lol: :lol: :lol:

×
×
  • Opprett ny...