Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. No har eg brukt Likar-knappen på forumet for første gong. Loke: Du har så rett! Eg blir litt oppgitt på nordmenn frå tid til annan.

    Og det at dei et rottar og måkar må jo berre vere ein fordel, det er skadedyr som er flott å bli kvitt, samtidig som det ikkje burde vere noko i vegen for at det er god mat om ein ikkje er fisefin. Ser ikkje heilt den store forskjellen på å ete måke og høne, eller rotte og kanin, om ein skal tenkje litt objektivt og ikkje henge oss opp i kva som er "normalt" i dagens samfunn.

  2. Det å veksle mellom to (eller fleire) ulike typar tørrfor er ein vanleg måte å løyse problemar med hund som går lei av maten og ikkje vil ete.

    Når det gjeld å veksle på for og mate med ulik mat, så kan ein hund få eit nytt for kvar einaste dag, så lenge han er van med det. Problemet med dei som ikkje toler det, er vel at eigaren stort sett har fora hunden med same for, utan det minste variasjon, i fem år, for så å plutseleg finne fram ein annan fortype og byrje med det. Når det då går gale (av openbare årsaker), så er saka klar: Hundar har ikkje godt av å skifte på for, og må ha same fortype frå dag ein til dag slutt. Må ein skifte for, må ein for all del skifte gradvis. Alt dette er jo berre tull, gjer hunden van med å ete ulike fortypar frå dag ein, og du får ein hund som kan ete akkurat det du har for hand til einkvar tid, utan problemar :) .

    • Like 3
  3. Hurra, gratulerer :D .

    Tips? Tja... Det går nok stort sett bra, skal du sjå :) . Som Simira seier, gåvene er det nok andre som må pakke ut og setje fram. VIKTIG: Dei som pakkar opp pakkene må merke alt godt, samt føre liste på ALT dei opnar, og ta vare på korta som følgjer med, slik at de veit kva de har fått av kven når de skal gå gjennom det dagen derpå.

    Anna enn det går det jo mykje av seg sjølv, så snart ein har funne lokale, og ordna matansvarleg og rista brød-meister ;) .

  4. Haha, her var det mykje moro :lol: .

    Far min budde i Botswana i sørlege Afrika på 80-talet. Då vi flytta ned att på 90-talet var det ei han hadde jobba med sist han var der som møtte han med DET komplimentet: "Oh, Egil, you look SO fat and nice!" :D .

    Det skal då seiast at fedme er eit statussymbol i dei delar av verda. Akkurat som i Lofoten, tydelegvis ;) .

    • Like 1
  5. Pølse er super treninsgodbit, det. Det same er kvitost. Elles kan du prøve karbonade, pålegg, kjøtdeig, kylling osvosv. Alt dette er enkelt, billig og stort sett supergodt for hunden :) .

    Det at han ikkje vil jobbe for godbitar du kjøper i dyrebutikken, er ikkje det same som at han er kresen. Sjølv min berner sennen, som er ein rase som et alt dei kjem over, vil heller leike med andre hundar enn å gjere noko for slike godbitar. Med "ekte mat" (altså det eg nemnte over) er andre hundar mindre interessante :lol: .

  6. Då har du strekt deg og vore imøtekomande. Han sa neitakk, no er saka ute av verda. Eg ville ikkje svart på fleire henvendingar frå han no, var eg deg. Står han på døra, kan du berre seie nettopp det, du gav han eit bra tilbod, han sa neitakk, no ser på saka som avslutta. Det vil som sagt overraske meg om politiet viser noko interesse for den saka der.

  7. Drama hoppet først PÅ JRT'en, deretter til SIDEN å gikk i lekeposisjon.

    Drama hoppet utenfor eiendommen ja (vel og merke 1 meter, men ja - det var utenfor). JRT'en var aldri innenfor eiendommen. JRT'en var ute etter Drama, det var her jeg tok henne til side og satte meg på huk sammen med henne og holdt JRT'en unna.

    Og jeg kunne godt ha betalt den dyrlegeregninga, det er ikke det som er problemet her akkurat nå sånn egentlig. Men problemet er rett og slett at jeg VET at hunden min ikke har skadet hunden deres (ihvertfall ikke fysisk med dype syskader, jeg satte tross alt på huk og så at hunden var fin). Så dette er skader som isåfall har skjedd i ettertid - mener jeg. Men dette blir jo ord mot ord?

    Kan eier komme å servere meg dyrlegeregninga og be meg betale? Eller kan jeg nekte? Off, dumme spørsmål kan jeg tenke meg - jeg har ingen vitner - så det er meg mot han i denne settingen :ermm:

    Korleis gjekk dette?

    Om du VEIT at din hund ikkje skada JRT, så er det jo ikkje noko sak i det heile. Då skal du sjølvsagt ikkje betale. Og det at du ikkje har noko vitne speler då ingen rolle, det som har noko å seie her er at HAN ikkje har noko vitne. Det er jo han som anklagar deg for skadeverk, då er det sjølvsagt han som har bevisbyrda. Politi og lensmann er nok ikkje noko å tenkje på eingong, dei kan gjere fint lite når det er ord mot ord.

  8. Hmm... I utgangspunktet meiner eg jo at om hunden din hoppar på ein annan, så er du ansvarleg for det, sjølv om skaden ikkje vert oppdaga før seinare. Men om du er heilt sikker på at det ikkje vart noko skade då dette skjedde, så er det som du seier ord mot ord, og då er ein jo uskuldig til det motsatte er bevist.

×
×
  • Opprett ny...