Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Først må eg berre smile litt av at nokon kan vere redd for ein godenkvalp :ahappy: . (ja, eg forstår at fobiar er urasjonelle, og eg meiner ikkje å latterleggjere det på noko måte)

    Så vil eg seie meg einig med dei andre, det å kjøpe ein pose Twist og ringje på døra hennar ville vore heilt supert. Det er slikt som gjer eit naboforhold godt for all framtid. Så er det klart at det kunne vore ein måte å byrje å arbeide med fobien hennar, om ho kunne hatt noko lyst til det. Til det passar jo ein golden på 10 veker heilt perfekt :) .

    Forlovaren til kona mi er veldig redd for dyr, særleg kattar. Då vi fekk kattunge i hus for halvanna år sidan, var ho livredd. For verdas søtaste bittelille kattunge :P . Vi kunne sitje og ete middag, kattungen kom inn i rommet, og ho spratt opp og trakk seg så langt inn i eit hjørne ho kunne, stiv som ein tømmerstokk :lol: . Så fobiar er ikkje rasjonelle, nei...

  2. Vi har ølgjær i hundeskuffa, heller litt over i ny og ne, eller skal vi seie ny ELLER ne, det er sjeldan vi kjem på det. Men dei gongane vi gjer det, ser vi som Monica ei auka matinteresse (ja, på toppen av ein berners utgangspunkt :P ), så det kan jo hende du får det same på dine hundar, som ein ekstra bonus :) .

    • Like 1
  3. Litt morosamt var det forresten at den same dagen som eg klappa lommekniven over fingeren, hadde eg tidlegare på dagen trakka på ein gamal, rusten spiker frå nokre listar vi nettopp hadde rive ned i stova. Då tenkte eg på at eg kanskje burde ta denne stivkrampa, for det vart eit lite hol i huden, men det vart for mykje tiltak. Dermed passa det jo fint at eg uansett måtte på legevakta og sy og ta stivkrampe seinare på dagen :lol: .

  4. Det er ikke så fort gjort å bli bitt, jeg har blitt bitt alvorlig en gang på mine 25 år som aktiv hundejente, jeg :icon_confused: Husker ikke om jeg tok stivkrampesprøyte når jeg ble bitt av hund (min hund, for sikkerhets skyld), eller om det var når jeg ble bitt av ei katte, mest fordi jeg ikke husker hvem av de som beit først, bare at det ikke var så lenge mellom dem :P Men jeg husker at stivkrampesprøyta var MYE vondere enn bittet, så jeg kommer neppe til å be om en stivkrampesprøyte før det er ytterst ytterst nødvendig..

    Eg klemte ein lommekniv over peikefingeren min her i somar, og då fekk eg stivkrampesprøyta. Kuttet var vondt når eg sydde (bedøving funkar aldri) og når eg tok ut stinga. Armen verka noko så inni ein viss plass i fire dagar på grunn av sprøyta. Aooooo!

  5. I bruksanvisningen pleier det å stå diverse feil som kan oppstå og hva årsaken kan være. :)

    Me like bruksanvisninger. :heart:

    Bruksanvisning, ja... Maskina fulgte med huset, det gjorde ikkje bruksanvisninga :lol: .

    På min maskin er det en greie (jeg skal ikke si hva den ligner på...) som følger med ut når man skrur ut den store plastskruen. Inne i "tingen" ligger det masse gørr som må ut.

    Nå har du funnet luka med filteret, vanligvis er det der det stopper seg til. Om det ikke er noe i filteret, prøv å spyl opp med dusjslangen om den rekker til, ev en hageslange. Ofte detter det ut loklumper som sperrer for vannpumpa.

    Takk for svar :) . Då får eg sjå om det følgjer med noko når eg skrur ut skrua heilt.

  6. Hmm. Det var ei lita luke nede til høgre, ja. Vi opna denne, der var det ein skrue. Vi skrudde opp denne, då rann det ut vatn. Kan vi då berre tømme maskina for vatn gjennom der (maskina står heldigvis på badet), og så finn vi eit filter inni der ein plass? :)

  7. Okei, dette høyrer vel kanskje heime i mekanikartråden, men det er no ein vaskereidskap, så det kan vel gå :P .

    Vaskemaskina vår har slutta å tømme seg for vatn. Etter ein klesvask står det vatn i maskina opp til nedre kant på døra, akkurat slik at det ikkje renn ut når ein opnar døra. Synst jo det er litt rart, skulle jo tru at maskina anten var full i vatn, eller at ho tømde seg, men ingen av delene er altså tilfellet. Nokon som veit kva det kjem av, og kva ein gjer med det?

  8. Er det eigentleg noko grunn til ikkje å bruke stativ? Det at det ikkje finst stativ ute i naturen synst eg var eit utruleg tullete argument.

    Her gjer vi det same som dei siste talarar, vi brukar det som passar der og då. Heime har vi stativ, men får han mat andre plassar, t.d. hos foreldra våre, så blir det i golvhøgde. Han får òg mat i det vi til einkvar tid har tilgjengeleg av skålar, om det så er hundeskål, bakebolle eller matboks.

  9. Ellers så har bankan eit standard budsjett dei rekner utifrå, eg ligg under dette og har derfor moglegheit til å betala meir i mnd enn dei rekner på. Han rådgieren eg var hjå var ikkje så velvillig til å høyre på det. Så tenker meg innom fleire banker og høyre.

    Kor mykje lån du får er ikkje rekna ut frå kor mykje avdrag du er i stand til å betale. Du får ca. 3,5 gongar årsinntekta di, uavhengig av om du faktisk ville vore i stand til å handtere eit lån på 6 gongar årsinntekta di. Dette er for å sikre at du er i stand til å handtere i det minste rentene til lånet om noko skulle skje og du mistar inntekta di (sjukdom eller arbeidsløyse). Trygd ligg vel på ca. 60% av det du har i inntekt, dermed blir det fort trangt om du har lånt slik at du akkurat kan halde lånet i sjakk med det du har av inntekt når du tek lånet.

×
×
  • Opprett ny...