Gå til innhold
Hundesonen.no

OlavEmil

Medlemmer
  • Innholdsteller

    613
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    2

Innlegg skrevet av OlavEmil

  1. Å blaute foret er vel heilt normalt? Det er langt frå alltid at vi let det stå for faktisk å bli blautt, men vi har alltid vatn over foret.

    Appetitt er finfint for, det. Akkurat som alle andre seriøse formerke som blir solgt her til lands. Som andre har sagt, det nokre hundar funkar supert på, kan andre bli sjuke av, og motsatt, funkar din hund på appetitt, så er det flott. Vi brukar appetitt på vår hund.

  2. Jeg har lest så mange som har stuerene valper nesten før de har satt en pote innenfor døren, så det er klart jeg begynte å lure.

    Ja, det var jo nettopp det eg kommenterte òg. Tull, tøys og fanteri. Godt mogleg dei finst, men eg trur nok berre det er mange som er flaue over å innrømme at hunden deira ikkje er husrein, og dermed heller let vere å seie noko i slike diskusjonar ;) .

    Trassalderen, eller puberteten, ja. Laffen er der no. Moro det... :rolleyes2: :lol: . Neida, det går jo heilt greit, ein må berre for all del vere klar over at det kjem. Problemet er vel ofte at folk som ikkje er så kjend med hundehald rett og slett ikkje veit at hunden har ein slik periode i livet, og når dei då opplever at hunden har tilbakegang i høve til ting dei har vore flinke med tidlegare, utan at dei kan sjå noko årsak, så oppfattar ein det som at det er noko feil med hunden.

  3. *fnis* Det der gjorde Spés også da jeg passet henne. Jeg er ikke vant til at hundene forsyner seg av klesvasken (som alltid ellers ligger i kurven eller i maskinen bare ikke da), så jeg ble litt overrasket da hun kom flere ganger lå og koste seg på teppet med en av trusene mine :o Søte :P

    Hehe. Tanta mi passa Laffen eit par dagar for ei stund sidan. I løpet av tida han var der spydde han opp ein sokk og ei truse, begge ukjende for tanta mi :rolleyes2: .

  4. Som OlavEmil sier, se opp for selgere. Og i motsetning til det han sier, NEI, dere er ALDRI forpliktet til å kjøpe noe. I ene guideboka mi står det at selv når/om man lar seg invitere til te, og er gjennom en forhandlingsrunde, så er det lov å si nei og gå derfra.

    Det er sjølvsagt heilt rett. Vi valde "enklaste" løysing og ansåg prisen for det vi kjøpte som prisen på turen. Mitt poeng er at om ein ikkje er førebudd, så kan slike "gratisturar" fort bli veldig ukomfortable. Er ein førebudd, og veti at det kjem ein situasjon der ein må slå i bordet og seie NEI, så er det berre å hive seg på :) .

  5. Det er då heilt normalt at 4 månader gamle kvalpar tissar inne. Som Anette seier, det er ikkje unormalt før hunden nærmar seg året.

    Eg får av og til inntrykk av at "alle" sine kvalpar er husreine før dei er ti veker gamle. Det er då berre tull. Vår hund har ikkje vore 100% husrein før dei aller siste par månadene, og han er no snart 10 månader gamal. Det må ein faktisk ha med i berekninga når ein skaffar seg hund. Gje det tid, så kjem det av seg sjølv, sjølv om det til tider verkar håplaust og er, som du seier, utruleg frustrerande :) .

  6. Vi var i Tunisia for to år sidan. Det blir mykje det same, tenkjer eg, same kultur og område. Vi vart fortald før vi reiste at ingenting er gratis. I så fall blir du lurt. Og det er sant, det er faktisk INGENTING som er gratis. Vi kom på hotellet og vart teken imot av ein mann med legitimasjon frå hotellet og alt, han var eittelleranna sånn hotellgreie (portør?), og snakkar svorsk. Han fortalte oss òg dette, ingenting er gratis, pass oss for selgjarar osv.

    Så hadde hotellet eit tilbod for sine gjestar, med ein guida busstur rundt i byen vi var i (Sousse), inkludert i hotellrekninga. Vi vart med, og møtte opp som avtalt. Det gjekk litt tid, så fekk vi beskjed om at dei hadde problemar med bussen, så det vart ein minibuss i staden, det var oss og ein indisk familie som var med. Idet vi fekk den beskjeden byrja vi å ane uglar i mosen. Vi køyrde rundt, hadde omvisning i gamlebyen, hotellmannen (som var guide) verna oss mot seljarar, han hadde heilt tydeleg ein eller annan form for status der, eit blikk frå han, så forsvann alt som var. Så, mot slutten av turen, annonserte han at han hadde ein svoger eller eittelleranna slikt som hadde eit tradisjonelt teppeveveri, så vi skulle få sjå klassisk tunisisk handtverk. Vi kom inn, fekk sjå ei gamal dame knyte opp eit par knuter på eit teppe, før vi vart delt opp, oss og indarane, teke til kvar våre rom og satt i forhandlingar. Kva teppe ville vi ha, ville vi ha det med oss no eller ettersendt til Noreg? Det var heilt tydeleg at der slapp vi ikkje ut før vi hadde kjøpt noko. På same tid var dei heile tida hyggjelege og sånt, det føltest ikkje truande på noko vis, men særleg komfortabelt var det ikkje. Vi fann ein lapp av eit lappeteppe, 30x30cm, fekk "pruta" det ned til 200kr, og kom oss av garde att.

    Det er ingen tvil om at vi vart lurt. Turen var garantert finansiert av dette teppeveveriet, og målet med turen var at vi skulle kjøpe noko der. Og 200kr for 30x30cm med ull er DYRT. Men, vi valde å snu på det, vi betalte 200kr for det som faktisk var ein utmerka guida tur rundt staden, der vi faktisk fekk eit litt djupare innblikk i samfunnet enn vi ville hatt med profesjonelle vestlege guidar. Med andre ord, verdt pengane vi gav. Men, det er greit å vere merksam på slikt, det kan fort bli ukomfortabelt ;) .

  7. Når jeg skal ut og kjøpe meg mobil (som jeg vurderer nå om dagen *kremt*), så sjekker jeg tester, leser gjerne hva andre brukere av den telefonen mener, ser på plusser og minuser med den modellen, vurderer den modellen opp mot andre lignende osv.. Jeg ender stort sett opp med å kjøpe Sony Ericsson, men om jeg en dag skulle ha vært sånn passe hjernedød og gått innom Telekiosken og kjøpt meg en Doro, så er vel neppe det Telekioskens feil?

    Høøøy. Eg er nøgd med Doroen min, eg! :icon_confused:

    • Like 3
  8. Det er slett ikkje unormalt, men det er som tulip seier ikkje slik det skal vere likevel. Høyrest ut som ein augebetennelse av eitt eller anna slag, ja. Ikkje noko dramatisk, og som sagt, ikkje unormalt, men du må ta ein tur til dyrlegen med han, så får du sikkert noko augedropar.

    Vi hadde dette på Laffen då han var 3mnd gamal, gjekk fint det :) .

  9. Det at hunden har fullt fokus på deg og null interesse for andre hundar i treningssituasjonar har eg merka på Laffen òg. Målet måtte jo vore å gjere turgåing til trening. Kva gjer du ulikt når du trener i høve til når du går tur? Er det noko du kunne teke med deg på turen frå treninga, slik at Tesh kjenner det att og tolkar turen som ein treningssituasjon? Brukar du ulike godbitar, leiker, klede, utstyr, stemme osvosvosv., og er det noko (eller alt) av dette du kan overføre til tur?

    Det er vel godt mogleg at dette er noko du alt har tenkt på, du er vel ein nokonlunde erfaren hundeeigar, men eg nemnte det no likevel, eg :P .

  10. Du kjem langt med eit par tusen til det bruket du skal ha. Den eg har no, kjøpte eg for 4 år sidan, den kosta under 3000 kroner, og funkar framleis heilt supert. Det er ein Acer Aspire 5720ZG (no les eg av lappen som står på han, altså :aww: ). No er sikkert ikkje den på marknaden lenger, så for å kome til saka: Gå til Expert, Lefdal, Elkjøp og andre tilsvarande, og sjå kva dei har ståande. Alle nye dataar er kjappe og greie, og batteritida står stort sett oppført, så då er det berre å samanlikne batteritid og pris :) .

  11. Trulte, det er for alle. Jeg har en voksen dame som mener man skal gå pent når man er på tur, ikke leke villbass. Så det er åpent for alle :D

    Uuulp... Prestasjonsangst :P .

    Neida. Men då slår eg til, eg :D . Ti o'klokke, på punkt 22. Satsar på at eg finn fram :) .

    • Like 1
  12. Eg burde prøve å få til dette, ja :) . Med mindre det er noko sånt der alle eigentleg er kjentfolk som skal gå tur saman, og eg berre trengjer meg på som heilt ukjend, altså...

    Men blir det ti? Det hadde som sagt passa mykje betre for meg t.d. frå 11 og utover, då eg er og vitjar foreldra mine. Og er det parkeringsplassen til Vegvesenet vi snakkar om? Eller ein annan liten parkeringsplass? :P

×
×
  • Opprett ny...