-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Sjætten er koseleg, ja . Når det gjeld feisbukk, så er nok eg ein av dei 12...
-
Jadda, her troppar vi berre opp og slepp oss rett opp i trynet på første boxer vi ser, og ignorerar glatt at eigaren ber oss trekkje oss attende...
-
Vi får lage oss ein hannhundgjeng...
-
OI! Lola og Djervel: De tek heilt feil!
-
Er klatring relevant? Vil ikkje øydeleggje undersøkjinga di ved å svare på feil grunnlag (har ikkje sett på spørsmåla).
-
Eg måtte seie nei då nokre naboungar hos svigermor (10 -12 år gamle jenter) ville gå tur med Laffen akkurat då han bikka tenåringsstadiet. Han drog som ein bulldoser, pløya asfalten med snuta og tissa oppetter alt som stakk meir enn 3cm opp frå bakken. Ikkje noko å sleppe avgarde med heilt ukjende småjenter, nei .
-
Først må eg berre smile litt av at nokon kan vere redd for ein godenkvalp . (ja, eg forstår at fobiar er urasjonelle, og eg meiner ikkje å latterleggjere det på noko måte) Så vil eg seie meg einig med dei andre, det å kjøpe ein pose Twist og ringje på døra hennar ville vore heilt supert. Det er slikt som gjer eit naboforhold godt for all framtid. Så er det klart at det kunne vore ein måte å byrje å arbeide med fobien hennar, om ho kunne hatt noko lyst til det. Til det passar jo ein golden på 10 veker heilt perfekt . Forlovaren til kona mi er veldig redd for dyr, særleg kattar. Då vi fekk kattunge i hus for halvanna år sidan, var ho livredd. For verdas søtaste bittelille kattunge . Vi kunne sitje og ete middag, kattungen kom inn i rommet, og ho spratt opp og trakk seg så langt inn i eit hjørne ho kunne, stiv som ein tømmerstokk . Så fobiar er ikkje rasjonelle, nei...
-
Det er ikkje noko problem å lære hunden å gå opp i sofaen kun på kommando, og gå ned att på kommando. Det er vel eigentleg ein ganske vanleg måte å gjere det på .
-
Finst det noko info for primitive steinalderfolk som meg?
-
Vi har ølgjær i hundeskuffa, heller litt over i ny og ne, eller skal vi seie ny ELLER ne, det er sjeldan vi kjem på det. Men dei gongane vi gjer det, ser vi som Monica ei auka matinteresse (ja, på toppen av ein berners utgangspunkt ), så det kan jo hende du får det same på dine hundar, som ein ekstra bonus .
-
Litt morosamt var det forresten at den same dagen som eg klappa lommekniven over fingeren, hadde eg tidlegare på dagen trakka på ein gamal, rusten spiker frå nokre listar vi nettopp hadde rive ned i stova. Då tenkte eg på at eg kanskje burde ta denne stivkrampa, for det vart eit lite hol i huden, men det vart for mykje tiltak. Dermed passa det jo fint at eg uansett måtte på legevakta og sy og ta stivkrampe seinare på dagen .
-
Harry Potter .
-
Litt småglefsete i dag, eller? Men jo, det er nok mest vanleg å bli bitt av sin eigen hund, anten det er noko gale med hunden, eigarane dummar seg ut, eller hendelege uhell (hunden bit etter leike og treff hand e.l.).
-
Ne-ei. Dei aller fleste som blir bitt av hund blir vel bitt av sin eigen hund? Ofte sin eigen golden .
-
Eg klemte ein lommekniv over peikefingeren min her i somar, og då fekk eg stivkrampesprøyta. Kuttet var vondt når eg sydde (bedøving funkar aldri) og når eg tok ut stinga. Armen verka noko så inni ein viss plass i fire dagar på grunn av sprøyta. Aooooo!
-
Burde gå bra, ja. Men det kan nok vere lurt å trene åleinetrening med han òg i dei periodane du er heime. Om du til dømes vitjar nokre vener / familie ein 4-5 timar ein dag innimellom. Som Marie seier, klarar han 4 timar, klarar han 9 .
-
Lyst å skrive litt om kva dette er for noko? Kven har laga det, kva skal resultatet brukast til, kvifor er det laga, kva er tanken bak dei ulike spørsmåla? Eg har svart, altså .
-
Bruksanvisning, ja... Maskina fulgte med huset, det gjorde ikkje bruksanvisninga . Takk for svar . Då får eg sjå om det følgjer med noko når eg skrur ut skrua heilt.
-
Hmm. Det var ei lita luke nede til høgre, ja. Vi opna denne, der var det ein skrue. Vi skrudde opp denne, då rann det ut vatn. Kan vi då berre tømme maskina for vatn gjennom der (maskina står heldigvis på badet), og så finn vi eit filter inni der ein plass?
-
Okei, dette høyrer vel kanskje heime i mekanikartråden, men det er no ein vaskereidskap, så det kan vel gå . Vaskemaskina vår har slutta å tømme seg for vatn. Etter ein klesvask står det vatn i maskina opp til nedre kant på døra, akkurat slik at det ikkje renn ut når ein opnar døra. Synst jo det er litt rart, skulle jo tru at maskina anten var full i vatn, eller at ho tømde seg, men ingen av delene er altså tilfellet. Nokon som veit kva det kjem av, og kva ein gjer med det?
-
Høyde på matskålene for en stor hund (stativ eller ikke)
OlavEmil replied to tm100008's emne in Fôring og ernæring
Er det eigentleg noko grunn til ikkje å bruke stativ? Det at det ikkje finst stativ ute i naturen synst eg var eit utruleg tullete argument. Her gjer vi det same som dei siste talarar, vi brukar det som passar der og då. Heime har vi stativ, men får han mat andre plassar, t.d. hos foreldra våre, så blir det i golvhøgde. Han får òg mat i det vi til einkvar tid har tilgjengeleg av skålar, om det så er hundeskål, bakebolle eller matboks. -
Hm... Jaja, då er det jo berre å takke og bukke, då. Men det er iallefall greit å ha i bakhovudet!
-
Kor mykje lån du får er ikkje rekna ut frå kor mykje avdrag du er i stand til å betale. Du får ca. 3,5 gongar årsinntekta di, uavhengig av om du faktisk ville vore i stand til å handtere eit lån på 6 gongar årsinntekta di. Dette er for å sikre at du er i stand til å handtere i det minste rentene til lånet om noko skulle skje og du mistar inntekta di (sjukdom eller arbeidsløyse). Trygd ligg vel på ca. 60% av det du har i inntekt, dermed blir det fort trangt om du har lånt slik at du akkurat kan halde lånet i sjakk med det du har av inntekt når du tek lånet.
-
VI burde få til ein tur neste gong vi er nedover. Kona mi er jo frå Haugesund, og har heile familien sin der. Det hender vi er der nede frå tid til annan .