-
Innholdsteller
613 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Days Won
2
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av OlavEmil
-
Det er ikkje altfor mykje pengar, nei. Det hadde vore supert . Hadde eg vunne mykje pengar, hadde eg nok brukt mykje pengar på hus. Eg kunne godt brukt 10mill på hus om eg hadde 100. Utover det ville eg nok satt masse pengar inn på sparekonto, med fast overføring av t.d. 10 000 til brukskonto, som tilskot til løn. Dermed har ein plutseleg 10 000kr høgare månadsløn, og det hadde vore fint. Enno betre er det jo at med t.d. 100mill, så tener ein jo inn så godt som heile dette beløpet i renter att, slik at dei 10 000 faktisk er reell inntekt .
-
Hæ? Kor tidleg kjøper folk julegåver, eigentleg?
-
Hva har skjedd med chatten?
OlavEmil replied to xxx12345's emne in Spørsmål og Tilbakemeldinger til Administrasjonen
Ein kjapp morgontest, og no er det faktisk slik det skal vere hos meg. Så får vi sjå om det varar... -
Gjer det klart for sambis at det er hans problem om han forsøv seg, ikkje ditt.
-
Hva har skjedd med chatten?
OlavEmil replied to xxx12345's emne in Spørsmål og Tilbakemeldinger til Administrasjonen
Cheerleadersmileyboikott! Fram til dette er ordna, altså... -
Hva har skjedd med chatten?
OlavEmil replied to xxx12345's emne in Spørsmål og Tilbakemeldinger til Administrasjonen
No måtte eg inn og sjå. Og det var verkeleg forferdeleg, ja. Håpar det berre er dårleg dømekraft frå nokon her, slik at det er kjapp fiks, og ikkje noko som er gjort sentralt. -
Eg synst du er sær. Det er stort sett ikkje noko problem for ein kvalp på 3 månader å vere åleine ein arbeidsdag. Då har dei alt hatt nokre veker på seg til å venje seg til at resten av flokken er vekke, og åleinetreninga bør ha kome såpass at hunden forstår at det ikkje er farleg å vere åleine ein stund. Då skulle det ikkje vere naudsynt å gå rundt og ha dårleg samvit fordi enkelte meiner ein bør vere på trygd eller pensjonist for å ha hund.
-
Det er ikkje godt å seie. Om han ikkje er feit, og ikkje skinnmager, er det nok bra .
-
Vi MÅ se å få teke den bryllaupsreisa vår. Planen var å reise til Botswana vinteren etter bryllaupet (i fjor), men vart det tingja noko tur? Neeeeida. Så då skulle vi ta det denne vinteren i staden. Men trur de ikkje vi kjøpte hus i staden? Makan . NESTE år!
-
Og eg hadde vore vaken i 6 timar og 56 minutt . Så blir det spanande å sjå om dei har endra kalenderen til å innehalde 22 månader innan elleve år .
-
Eg søv òg mellom 7 og 9 timar, svara 5 - 8, sjølv om alternativa kunne vere ganske misvisande, som ida seier. Helst vil eg ha 9 - 10 timar, men på grunn av jobb og slikt tøys, så let det seg sjeldan gjere. No er det vorte mykje betre no når eg har fått ny jobb, og kan sove til 0630 i staden for 0415. Merkar òg at eg søv mindre i helgane no (har aldri sove veldig mykje i helgane uansett). Når eg søv, søv eg godt.
-
http://pitapata.com/
OlavEmil replied to OlavEmil's emne in Spørsmål og Tilbakemeldinger til Administrasjonen
Internet Explorer (og ingen planar om å bruke noko anna). Det er klart det er spam, men det er jo rart at det erstattar dei vanlege bruksknappane til forumet... -
Laffen et ALT om han trur det er godbit. Har du noko i handa (papirbit, marshmallowbit, potetskal, skumgummi) og han får det føre seg at dette er godbit, går det rett i dragsuget om han får tilbodet. Det gjer det ein tre - fire gongar, før han byrjar å tenkje noko slikt som "heeeeey, ER no dette eigentleg så godt?", og den femte biten slepp han då ned på golvet / bakken, luktar og undersøkjer, prøver å ete det ein gong til, og konkluderer med at "nesjdå, dette var jo ikkje mat". Haha. Minner om når Laffen hadde antibiotikapiller for våteksem. Gjekk fint det, berre å la han tru at det var godbit, så gjekk det rett ned. Det vil seie, etter at han hadde gomla og knaska dei godt først. Fysj .
-
Kva er dette for noko? Ved to ulike situasjonar, ulike plassar på forumet, ulike dagar, har eg når eg har manøvrert normalt rundt på forumet plutseleg fått opp denne sida (http://pitapata.com/, "PitaPata - A pet ticker to celebrate your cat, dog or horse.) i staden for å bli vidaresendt dit eg skulle. I eine tilfellet var det når eg prøvde å skifte side i ein tråd, i andre tilfellet (akkurat no) skulle eg gå frå tråden om Hund i bil - Alarmen gjekk og attende til forsida. Når dette skjer, hjelper det heller ikkje å trykkje fleire gongar, då kjem berre sida opp att. I begge tilfella brukte eg verktøylinja nedst på sidene, og når eg så går opp på toppen av sida og bruker linkane der, funkar det som det skal. Er dette eit kjend problem? Red.: "Back to Hundeprat" nedst på sida her er ein slik tullelink. For meg, iallefall... http://hundesonen.no...-alarmen-gjekk/ Red. 2: Og "Neste" nedst på sida her: http://hundesonen.no/forum/topic/59903-hund-i-bil-alarmen-gjekk/ Og sidan vi tydelegvis er fleire som opplever det, så er vel det noko som burde vore sjekka av dei som har med det å gjere.
-
Eg sat i lastebil på ferjekaia på Sandvikvåg og venta på ferja, så eg kunne kome meg heim og ta helg. Moro med ferdskrivar med skjerm, der sto det 11.11.11 11.11
-
Passa jo heilt okai at denne tråden kom akkurat no. Så her er vårt soverom :
-
Kva heiter eigentleg folk her på forumet? Tanja og Lexi? Her var mitt, iallefall det første som funka. Så er spørsmålet: Blir eg til kona mi (venstre) eller søstera mi (høgre)? Hmm...
-
Det seier seg vel sjølv. Det er ingen som blandar rosinane inn i grauten vel?
-
I motsetnad til andre her, vil eg seie at Peugeot Partner / Citröen Berlingo er gode kjøp. Desse bilane er jo identiske, noko som vil seie at delar kan brukast på tvers av merke. I tillegg flaumar marknaden over av desse. Dermed er prisane på desse godt overkomelege, i tillegg er det veldig greit å få tak i delar til dei. Og eg har sagt det før: Ein brukar vel ikkje merkeverkstad?
-
Ja, vi feirar då jul her òg. Kommenterte berre Espen som skulle ha mandlAR i grauten .
-
Ser for meg du sit der og knas(k)ar på graut full i mandlar . Elles må eg seie at bollar med innbakte småbitar av geitost høyrdest særs godt ut!
-
Ta ei eller to eggekviter oppi ei bolle. Bland i 5 - 10 dropar peppermynteekstrakt. Bland så ut med melis til deigen er relativt fast (obs, det går med MYKJE melis, det held ikkje med ei pakke),og evt ei lita klype tragant som konserveringsmiddel. Rull desse til små kular, på storleik med klinkekular. Trykk ei mokkabønne ned på kvar kule. La stå og tørke i ca. 5 dagar. Namnam .
-
Whaaaaaat? Finst det verkeleg folk i verda som et graut UTAN rosinar? :blink: Rosinane (og sukkeret ) er jo det einaste som er godt med graut... Eg er vakse opp med graut kvar laurdag. Etterkvart som vi vart større, fekk pappa nok og laga seg noko anna ved sidan av. Då gjekk det opp for meg og at det faktisk går an å ete noko anna òg på laurdagar, sidan det har det ikkje vore konsumert mange porsjonane med graut her, nei . Rømmegraut er ganske godt, då .