Gå til innhold
Hundesonen.no

HeidiK

Medlemmer
  • Innholdsteller

    22
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Hemmelig

HeidiK's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/14)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

1

Nettsamfunnsomdømme

  1. Min kvalp hadde også samme tedensar med ulike godbitar da han var yngre. I begynnelsen prøvde eg å trene dette vekk ved å ta frå han det han hadde. Skjønte fort at dette var som å hive bensin på bålet, så eg lot han rett og slett vere i fred da eg ga han noko eg visste han ville prøve å forsvare og vips, i dag kan eg ta i frå han kva som helst utan reaksjon om så det er griseøyre eller døde mus. Veit ikkje om det nødvendigvis er rett framgangsmåte, men det funka i allefall for oss.
  2. Har snakka med dyrlegen, som etter beskrivelse lurer på om det kanskje kan vere ein form for betennelse. Han har blitt heilt hårlaus på testiklane, men det er vanskeleg å kjenne om dei er hovne eller varme over kroppstemperatur... Dessverre har ikkje han muleghegeit for å sjå på hunden før i morgontidleg, og det er ikkje anna dyrlege i nærheita. Merkar eg er litt engsteleg, men får håpe det ikkje er alvorleg heldigvis er hunden fortsatt frisk ellers med god matlyst. Nokon andre her som har liknande erfaring...?
  3. Hei. Oppdaga i ettermiddag at kvalpen min på snart 9 mnd var ein del urolig og slikka seg bak en god del. Trudde først det var analkjertlene som ikkje var som dei skulle, men fant fort ut at det var testiklane han slikka febrilsk på. Nå har det seg slik at eg tidlegere dessverre heller har følt meir etter korleis testiklene kjennes ut enn å faktisk sjå etter. Heldigvis føltes dei heilt fine, og han hadde ikkje vondt då eg klemte på dei - bortsett frå at han ikkje ville stå i ro og såg på meg som om eg antasta han på det grovaste. Derimot var testikkelhuden heilt inne mot magen ganske raud og irritert. Det har i tillegg laga seg nokre fine flokar rundt testiklane, som ser ut til å lugge litt. :/ Lurer på om det er det som har plaga han, og skal fjerne dei med saks når sambuaren kjem heim. Men lurte på om det går an å lindre irritasjonen/kløen med noko heime? Reiser til vet om det ikkje går over etter nokre dagar. Går på do og tissar som vanleg, allmenntilstanden fin.
  4. Kvalpen min (6 mnd) fikk forebyggande markkur i mars. No har sjølvsagt den ekle katten på garden fått mark IGJEN, og eg er engsteleg for bikkja. :/ Katten og hunden har masse med kvarandre å gjere og spiser og drikker ofte av samme skål... Hunden viser heldigvis ingen symptom, men er det nok? Bør eg få ny kur med ein gong, eller virkar den forrige resistent mot ulumskheitene enda?
  5. Hundens navn: Zicata's Golden Boy of Aslan (Varg) Rase: Samojedhund Kjønn: Hannhund Alder: 6 mnd den 21. april Om hunden: Godklump, snill, sjarmerande, tolmodig med barn, sta som et esel og er stort sett høgt og lavt store deler av døgnet. Kunne ikkje vore meir fornøgd.
  6. Ser ivertfall at Zicatas kennel har leveringsklare samojedkvalpar i juni. Har kvalp derfra og er veldig fornøgd. www.zicata.com
  7. Nei, det er som du seier, som oftast etter vi har snudd, han kan faktisk finne på å sette seg ned og pipe høglydt fordi han tydleg vil gå vidare (sta, much? ), men kjem etterkvart og kan gå opp til mellom 20-50 meter før spetakkelet begynnar. Eg har også tenkt på at dette kan vere ein grunn, sjølvsagt. Men så er det jo det evinnelege temaet om kor langt ein så liten kvalp bør gå, då vi då alt har gått mellom 15 minutt til kanskje ein halvtime og han fortsatt vil gå vidare. Eg er jo hønemor og redd for seinare slitasjeskadar, men får litt dårleg samvittigheit når Varg vil gå vidare og eg føler vi må snu... Hehe! Samojed er og forblir samojed uansett korleis ein snur og vender på det, har skjønt såpass etter å ha vore eigar til denne i snart to månader. Takk, har berre prøvd det tipset litt halvhjerta, så må vel berre bli like sta som han og vere kjip eg òg når raptusane startar.
  8. Heisann! Eg har tydelegvis fått eit problem med kvalpen når vi går tur. Han er no 3 og ein halv mnd gammal, og har til no gått relativt bra i bånd. Nokre divanykker med biting i båndet og sånn har det vore, men det har gitt seg, og ikkje vore noko verre enn at eg har meir eller mindre lært han å slippe på kommando. Har også gått eit par lenger turar med han, der han kan gå fint heile tiden. I det siste har eg komme fram til at han nok får meir mosjon enn han treng: Han er mykje ute i hagen (samojed + snø = seier seg sjølv ) i løpet av ein dag, i tillegg til han blir gått tur med to gonger, ein litt lenger enn den andre. Dette har gått fint heilt til no dei siste dagane. Han går då eksemplarisk i ei stund, heilt til vi snur og går i nokre minutt, og då seier det plutseleg klikk og han biter og sliter i båndet, hoppar opp på meg og "jukkar" og leikebiter i både jakke og bukse (som ender med fine hol ). Det er jo tydleg at han blir stressa, men då har vi ikkje godt spesielt langt eller lenge. Har hendt at det har køyrt forbi ein bil eller to, men det er det, og han har ivertfall aldri brydd seg om det før... Har prøvd å roe han, og då sit han fint heilt til vi startar å gå igjen. Har prøvd med godbitar, men når han kjem i det humøret driter han rett og slett i kva det skulle vere.. Eg tenkte jo at dette var min feil som har latt han få gå for masse, og har kutta ned til at han får vere så mykje ute i hagen som han vil, og heller kun gå ein tur på ca 15 min, men det samme skjer gong på gong... Kva gjer eg? Han er ikkje noko spesielt stressa innandørs, og det er relativt slitsomt når eg faktisk ikkje klarar å forflytte meg og nesten må gå MED han hengande på foten for å komme heim... Slitsomt, rett og slett.
  9. Min er også litt varm og tørr på snuten av og til. Var bekymra eg og først, men er visst (som folk har skrevet over) ikkje noko å bekymre seg for. Dersom kvalpen ikkje har samme allmenntilstand som vanleg, ville eg vel kanskje vurdert det som verre.
  10. Eg hadde egentleg tenkt å kjøpe kvalp i midten av januar 2012, men fant ein anna oppdretter med leveringsklare kvalpar veka før jul 2011. Er veldig takknemmeleg for at eg ikkje hadde tid til å vente til januar, for da hadde eg 4 veker fri med den, og eg slapp å få kvalp midt i ein intensiv eksamensperiode. Eg ser i ettertid at det hadde blitt VELDIG hardt dersom eg hadde valgt kvalpen i 2012, ettersom sambuaren min hadde hatt problem med å ta fri. Etter jul då eg hadde hatt kvalpen i nokre veker, begynte eg som sagt rett på eksamen. Men da hadde heldigvis ei snill svigermor. No er kvalpen litt over 3 mnd, og det er ikkje noko problem at den er åleine 3-4(+) timar for dagen mens eg er på skule. Har filma han fleire gonger, og han berre slappar av, tuslar litt rundt, leikar, piper litt når han blir lei og leikar. Har dessutan svigerforeldre i etasjen over som luftar han. Anser meg på den måten som ein heldig hundeeigar. Sjølv syns eg at det er no når eg er student eg har best tid til å ha kvalp i hus, då eg har masse fri, korte dagar og ein del sjølvstudium. Hadde blitt verre den dagen eg startar i fast jobb og kanskje ikkje hadde hatt muligheit for å ha den med.
  11. HeidiK

    Trapper og tur

    Eg fekk beskjed av oppdrettar at kvalpen ikkje burde gå masse i trapper. Det varte i ei veke, det, og i ein alder av 9 veker gjekk han opp og ned som han ville (med litt tilsyn). Dyrlegen meinte at det ikkje var noko å tenke på, så lenge ein passar på at den ikkje hoppar/faller ned fra "store" høgder når den er så liten. Min kvalp er også laus i hagen mange gonger i løpet av ein dag, og sjølv om den ikkje skal ha masse mosjon, syns eg uansett det er bedre at den får utfolde seg i hagen og andre plassar, slik at den blir trygg på omgivelsane og seg sjølv. Eg orkar ikkje vere ei hønemor som passar på at han kun skal mosjonerast 10 min kvar dag og ikkje gå i trappar. Blir fort slitsomt å bruke stoppeklokke på når han er ute, og passe på at han ikkje følger etter meg kvar gang eg skal opp eller ned ei trapp. Hehe. Trur sunt vett er like viktig som kva som er "regelen", ein merkar jo fort kor mykje aktivitet kvalpen tåler og ikkje.
  12. Takk for svar. Har kjøpt inn lever og delt opp i bitar og hatt i frysaren, ca 10 cm lange og 5-6 cm tjukke. Er det bra eller burde eg dele dei opp mindre/større? Herregud, snakk om å vere paranoid for alt som kan gå galt, hehe...
  13. Hei! Har endeleg fått min etterlengta kvalp forrige helg. Har fått fleire tips angåande åleinetreninga med å gje den lille kvalpen feks griseøyre når vi reiser slik at den blir opptatt med noko anna. No er vi sjølvsagt ikkje lenger vekke enda enn ute i hagen/ein anna etasje når kvalpen er åleine, og i går ga vi han eit halvt griseøyre, lukka døra og var ute ein halvtimes tid. Kvalpen brydde seg ikkje om at vi ikkje var der då øyret var meir moro, hehe. Men problemet oppsto når griseøyret var såpass lite at han ville prøve å svelge det gjentatte gonger og det høyrtes ut som han ville komme til å sette det i halsen og blei litt fortumla. Det gjekk jo bra denne gongen og han ordna opp på eiga hand, men blei veldig usikker på om eg tør å gje han på nytt før han blir eldre.. Han er kun 9 veker, bør eg unngå all form for øyrer, halar etc enda?
  14. Pappeske som hundeseng med pledd eer genialt (syns ivertfall eg), da kvalpen heilt sikkert kjem til å spise den opp relativt fort uansett. Det kjem eg til å bruke på vår ivertfall. Veldig greit å slippe at den spiser opp den svindyre hundesenga eller andre ting, liksom. Syns sjølv at dei som lar den lille tassen sove åleine på eit anna rom (spesielt den første tiden) er lite snille mot den. Kan tenke meg sjølv korleis det ville vore dersom eg blei tatt vekk i frå familien med tvang, for så å bli plassert åleine på eit anna rom, mens den eller dei eg så smått kanskje hadde begynt å stole på, hadde sove ein anna plass. Hundar er jo flokkdyr, den vil jo vere der eigar(ane) er. Masse lykke til!
  15. Takk for svar, alle. Vi har ikkje det største bagasjerommet, men har nok heldigvis plass til eit passande bur til hunden vår. Eg kjem nok til å kjøpe eit hundebur, men er fortsatt interessert i å kanskje prøve ut (ein bra) hundesele. Men sjølv om bur sikkert er betre enn sele, så veit eg faktisk at eg ville brukt hundesele framfor eit lukka bagasjerom. Tenk så klaustrofobisk det må vere. :/
×
×
  • Opprett ny...