Gå til innhold
Hundesonen.no

plutte

Medlemmer
  • Innholdsteller

    459
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    1

Innlegg skrevet av plutte

  1. Generelt sett stikk eg i ein annan retning, medan eg har det demonstrativt kjempegøy og lagar mykje lyd og kongepremie når dei kjem, men har ikkje hatt nokon som har stukke av pga redsel.(enda...) Litt usikker kva eg hadde gjort, egentlig, mulig eg hadde sprunge etter og forsøkt og springe ein litt annan veg/få oppmerksomhet når/om hunden roa seg litt, men det vil truleg vere i høgst forskjellige situasjonar slikt skjer så vanskelig å ha ein plan.

    Yngste her stakk av i jula då han fekk nasen i eit hjortespor, det var bekmørkt og han stakk fort og brått, då hjalp det -ikkje- å gå motsatt veg i alle fall og me mista han av synet og måtte leite. Han gikk seg fast inni skogen og sat der stille og venta på oss.

    Bamse er ganske døv blitt og høyrer berre veldig mørke lydar, og ser litt dårlig så han får det ikkje med seg når me snur. Han har egentlig bra innkalling men no høyrest det ut som om eg kjeftar på han når eg ropar, sidan eg må snakke så mørkt. :P

  2. Bur det ein hund der frå før som gjer frå seg inne? Dersom det lukter tiss/bæsj så er det lett å bli forvirra for om det er lov eller ei å gjere frå seg der. Og det er høgst vanleg, etter min erfaring, at dei søker til rom dei ikkje "brukar" til vanleg for å gå på do.

    Eg ville berre fortsett å ta ut hunden ofte, kanskje gå tilbake eit steg på dotreningsstigen, ta ut hunden etter all soving, leik, mat osv. Den vil nok lære at det ikkje er lov inne der og. :)

    Litt OT så trur eg ikkje det er noko poeng i å vise hunden det den har gjort fra seg før ein går ut, i slike situasjonar (når hunden er for stor til å bærast) der me har komt over hunden samtidig som den gjer frå seg, springer me berre ut med den. (Me har lett tilgang på utedør da...) Blir det ikkje oppdaga før etterpå er det litt poenglaust å vise det fram, trur eg da. :)

    Edit: Det gjer det nok ikkje noko lettare for kvalpen om han er stressa, og han blir nok stressa av at folk er stressa av stresset og. :P Får hundane oppleve ting "sammen"? Slik at det at kvalpen er tilstades betyr noko positivt for tispa og? (Og så blir dei gjerne roligare av å bli litt slitne.)

  3. Å sterilisere er å klippe egg- eller sædledere. Å kastrere er å fjerne henholdsvis testikler eller livmor og eggstokker. Når du steriliserer fjerner du ikke noen ting, det er et sjeldent inngrep på hund uansett kjønn. :)

    Er det mest vanlig å fjerne alt altså? Det var eg ikkje klar over. Og menneskemanner brukar å bli sterilisert, fordi dei berre snipper over ting, då burde det vere mulig å hugse for meg og. :D

    • Like 1
  4. Hvorfor sier folk sterilisering til tisper og kastrering til hannhunder, når man faktisk kastrerer begge kjønn? Til og med veterinærer sier feil. Det irriterer meg.

    Er ikkje steriliserering av tisper, og kastrering av tisper, to forskjellige inngrep? Hvilket som er hvilket, og hvilket som er mest brukt, er eg dog usikker på, men frå barndommen av lærte eg at sterilisering var for hodyr og kastrering var for hanndyr, så har eg liksom aldri heilt lært kva som er korrekt etter det. :)

    Edit: Googla, fant denne http://artikler.eksperthjelp.no/sykdommer-hos-katt/kastrering-vs-sterilisering

    Reknar med det gjeld likt for hund som for katt.

    Forskjellen på kastrering og sterilisering er at ved kastrering så fjerner man de kjønnsproduserende kjertlene som blant annet gjør at hannkatter tiltrekkes av hunnkatten. Ved sterilisering så kutter man bare eggleder eller sædleder og beholder kjønnsdriften som vanlig. Steriliserte katter vil altså fortsatt søke etter en make og få løpetid.

  5. Vaffel er flokk med Bamse, og store deler av resten av verda. Bamse er flokk med meg, sambuar og sønn.

    Vaffel behandler Bamse litt som han behandler oss, vil gjerne sitte på fanget, leike, vaske og sove sammen. Bamse er litt sånn "gah, du igjen", men godtar å bli vaska litt av og til, og det hender dei herjer ute i lag.

    • Like 1
  6. Bamsen min har byrja bli skrekkelig gamal. Denne veka er eg heimeverande student, og så lenge det er fint og (halv)tørt ute, og ikkje for kaldt, står gjerne døra open ut så dei kan gå inn og ut i hagen. Men sidan Bamse både ser og høyrer dårleg, så står han stort sett ute og gøyr for den minste lille bevegelse/lyd som han (trur) han får med seg dersom han er i riktig lune. Det blir ikkje heile tida, men innimellom, og så høyrer han jo ikkje når eg ropar han inn. LilleDusten. :wub: Han er ikkje med på langturar lengre, med mindre det er avslappa traskelangturar der dei stort sett styrer seg sjølve, og søndag fekk han vere med til fjells på ein litt meir strevsom tur enn han brukar, sååå sprek og glad! Det må vere passe temperatur og ikkje for vått, men då er han sprek som ein fole.

    Og så er han sjølvsagt stadig like vakker på bilder.

    72a7c48d-3e24-40a5-afce-e8d0a98ee140.jpg
    1d580695-9257-4680-bd2f-b344a6cdd688.jpg


    Vaffelen er ei snodig skrue. Han tilbyr Bamse triks liksom, det har eg aldri sett før. Favorittrikset til Vaffel er hoppe opp og ned/hoppstå, og det er spesielt det han gjer foran Bamse dersom han for eksempel vil ha den leiken Bamse har, eller vil at Bamse skal kome ut til han eller noko slikt. Etter ei tids valgfri døvhet har han no byrja høyre litt meir på meg att, og han er skikkelig gøyal å trene og egentlig ikkje så verst smart sjølv om han ikkje får til IQleikane til Bamse, og tykkjer at godbitball med lyd er dritskummelt. Er desverre i ein dusteperiode vs andre hundar, men prøver å møte på så mange klubbtreningar som mogleg så får me heller berre øve kontakt når me er der, det går sakte men sikkert bedre. Me har fått gått litt kurs, og håpar me får gå litt meir til vår/sommaren.

    Vaffel er alltid fotogen og ser aldri ut som ein slesk type.
    af177be2-4c4d-406d-84b3-3c27f335e3cc.jpg
    Men litt søt.
    0edb9cb4-cbe8-40ba-9903-b29879296cf7.jpg

    • Like 5
  7. En liten kladeis smør i forma og så smører du det utover med en bit bakepapir, mellomleggspapir eller noe lignende, det går ihvertfall helt fint.

    Åååh, så enkelt? Eg har styrt med potetmel, olje, og noko sukkergreier før, men har aldri fått bra resultat. :P Gidder aldri google det heller. :D Takk! Skal prøve å hugse det neste gang, sjølv om det nok blir ei stund til.

  8. Nå ble dere veldig høytsvevende synes jeg :lol: Ble brått litt amerikansk religiøsitet over det hele. Om jeg skulle ramle til å takke for maten jeg selv har laget (noe som skjer ytters sjeldent) så takker jeg av gammel vane. Samme som jeg neier når jeg takker, gammel vane hele veien. Presten i dåpen til Ida ble litt stuss når jeg neide når jeg hilste på han.

    Jeg lurer fortsatt på hvorfor folk flytter seg når jeg flytter meg. Hva er det for en mekanisme som skjer der? Samler sammen hunder, går enten inn til gjerdet, eller ut i veien. Folk følger etter... Det gjør meg slettes ikke noe, for er jo strengt tatt ikke mitt problem, men jeg undres jo

    Eg og neier! Ikkje alltid, men ofte, og i allefall omtrent alltid når det er noko høgtideleg.

    Og så lurer eg på korleis ein smører kakeformer. Eg baka kake i går, i den fiiiiine! runde tunge forma med renner og hol i midten, og hugsa kvifor eg kun gjer det ca kvart tredje år. Det vart ein klædd.

  9. Eg har hatt liknande issues, og det @Sheila seier hjalp veldig her. Eg vart gjort oppmerksom på at eg ikkje belønte hyppig nok (pluss at eg gjerne la handa i lomma med godbiter før hunden fikk tilby noko, så han vart meir fokusert på det enn på kva han skulle gjere.), så snart eg vart meir aktiv sjølv og peiste på med godbiter ved minste lille antydning til det eg ville han skulle gjere, så kom han seg veldig.

    Pluss bacon. :P

    • Like 1
  10. Så skal jeg være kjerringa mot strømmen og si at det syns jeg er en dårlig ide. For det første så er spørsmålet: Hva skal du bruke det til? Hvis svaret er å teste hunden om instinktene bor der, så kan jeg svare. Hvis de bor der, hva skal du bruke det til?

    Hvis svaret er å underholde hunden, så vil jeg si at det er mye man kan gjøre for å underholde hunden som ikke innebærer et element av levende dyr man skal behandle med respekt.

    Så jeg personlig syns det er totalt unødvendig å utsette hund, eier og sauer for den opplevelsen om man ikke har et mål og en misjon med handlingen.

    Eg har ingenting i mot kjerringer mot straumen, gode å ha for litt realitetsorientering. :D

    Eg forsøkte å få det litt med i HI, men det kom kanskje ikkje så godt fram. I utgangspunktet har eg "ingen planer" vidare, på same måte som eg heller ikkje har til hensikt å bli verdsmester i å gå spor, eller agility, eller noko av det andre som eg og bikkja driv med. Meeen, eg har jo aldri forsøkt, og kunne godt tenkt meg å prøve, med det mål at dersom eg og hund likar/passar/trivast med aktiviteten, så kunne det kanskje vere ein aktivitet for oss. Me har ikkje sau på garden heime lengre, alternativet at eg overtek der og startar opp att med sau er tiår fra i tid enno, så eg har jo ikkje "behov" for ein sauehund slik sett, og kanskje heller ikkje det som trengst for å kunne drive med gjeting når eg tenker meg om. :hmm:

    Kan eg tolke det slik at du er aktiv innan gjeting? Dersom du meiner at det vil vere uheldig å utsette hunden(og sauene) for gjeting i ein slik situasjon, så vil eg sjølvsagt revurdere ei eventuell påmelding på kurs. :)

  11. Hun reiser mye både i Norge og Sverige! Skal faktisk på kurs med henne i helgen (dog ikke gjeting, men LP) kam sikkert høre om hun skal til Norge igjen og om det er åpent føler kurs? :) Vet ikke hvor i landet du tilhører da (er på mobil)

    Du kan jo høyre, om du plutselig manglar samtaleemne eller noko. :P Men ikkje noko stress altså. Eg er forøvrig på vestlandet, nær Bergen. :)

×
×
  • Opprett ny...