No er Junah vorte ei stor jente. Ho vert 8 mnd om nokon få dagar. Det ser ut til at ho vert ei litt stor tispe. Me målte ho når ho var 7 mnd gammal, og då var ho 38,5 cm høg. Øyrene har stabilisert seg, og Junah har byrja legge vegg kvalpefaktene og gått over til å vere ein kjekk unghund. Me har trent vekk ideen om å jage bilar også heldigvis. Det gjekk relativt fort å forstå. No har ho også fått vere med på sin fyrste fjelltur, og har vore der ein del gongar i påska. Ho har også fått gått på ski (ved sidan av altså) og møtt mykje folk. Ho har hatt tendensa til å vere redd folk, men no er dette byrja kome seg mykje!