Gå til innhold
Hundesonen.no

Helly

Medlemmer
  • Innholdsteller

    31
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Helly

  1. Signerer den her. Bamboo-serien er er veldig bra for hobby-basis, spesielt viss du ikkje har brukt eit tegnebrett før. Eg vil og anbefale deg å kjøpe størrelse etter ka slags skjerm du har. For tida brukar eg eit tegnebrett i Medium, som passar bra til ein 15" laptop, men det er altfor lite til min 24" skjerm. Det blir meir behagelig å tegne viss du har eit brett som passar til skjermen, samtidig som det er sunnare for handleddet/armen, sia ein får bruke større bevegelsar. Edit: Sia det ikkje har vært svart på, ja, det å tegne med tegnebrett er litt "teknikk", men det har mest med vane å gjere. Noken tar det med ein gong, for andre tar det fleire veker, men det kjem seg etter kvart.
  2. For ein fining! Han ser litt småskeptisk ut med dei rynkene i panna, hihi.
  3. Eg ville ha ein schæfer, men fant ut at med ein rase som treng mykje arbeid så måtte eg ha litt meir erfaring først. Primært ville eg ha ein hund som eg kunne ha som turkamerat, men eg er veldig interessert i å begynne med lydigheit, så hunden måtte ha litt arbeidsvilje også. I tillegg hadde eg eit litt sært krav, og det var at den skulle ha store øyrer, slik som Schæferen. Så då var jo ikkje Cardigan Corgien vanskelig å velge akkurat. Dei er så sjarmerande og har mange av kvalitetane eg setter pris på i ein Schæfer. Eg ser ikkje vekk frå at det kjem fleire Corgiar heim til meg.
  4. Min kastar opp kvar gong han får i seg rå fisk, så eg vil anbefale å gje kvalpen i små porsjonar berre for å teste at magen dens tåler det.
  5. I dag malte eg rekkverket på terassen, og Baldrick syns tydeligvis ikkje at han har nok kvite tegningar, så han la seg attmed det når det var nymalt. Bar rett i dusjen, og det tok heldigvis vekk det meste. Eg satsar på at det forsvinner etter kvart...
  6. Eg personlig ville ikkje ha stolt på ein oppdrettar som var villig til å selge ein kvalp så ung. :/ Når du likevel har kjøpt den, så ville eg ha prøvd å overtale oppdrettar til å la den være med mora dei siste to vekene. Eg trur ikkje det er noke du vil angre på. Ellers veit eg ikkje noke om "morsrolle-erstatning" desverre, men håper du får svar frå noken som kan det. Lykke til.
  7. For eit fantastisk bilde! xD Og gratulerer så mykje med NUCH!
  8. Han høres ut som ein veldig koselig hund, pluss at han er supersøt! Blir heilt kvalpesjuk av desse bilda, sjølv om eg allerede har ein og burde ha nok med han.
  9. @, Yaaay, fleire Corgiar! Då må eg ihvertfall komme bort og helse på dåke.
  10. Herregud. Kan tydeligvis ikkje lese skikkelig for tida eg! Takk for at du gjorde meg oppmerksom på det. Då får eg begynne å planlegge korleis eg skal komme meg ut der.
  11. Mektig irritert over at eg ikkje fant ut om BSBK si utstilling før det var for seint, eg har så lyst til å få stillt Baldrick. Ikkje at eg hadde komt meg ut dit sia eg ikkje har bil, men...
  12. Så fiiin! <3 Labradorar ser så gode ut, eg får lyst til å strekke armane inn i skjermen og knuseklemme han. Likte og den lille køya som katten har på veggen, den er sikkert god å ha med "vesle" kvalpen i hus.
  13. Tusen takk! Jepp, navnet er frå Blackadder. Syns det er eit veldig passande Corgi-navn. I tillegg passar det godt til personligheita hans, men det var jo ikkje heilt planlagt.
  14. Eg har jo ein liten Corgi-tass som eg er veldig glad i, og han må få sin egen tråd også. :3 Lulubelle's Dirty Dancer AKA Baldrick er 4,5 mnd og kjøpt hos Kennel Lulubelle. Eg har altfor mange bilder av han, og her er noken av dei. Ikkje kult å bli henta av eit eller anna random kvinnfolk på ein travel flyplass for så å bli stappa i ein liten bag! :c Av og til latar han som han er ein skinnfell. "Vil ikkje være punk, eg...." Den første tida satte Twister (hunden til foreldrene mine) veeeldig pris på at Baldrick ikkje rakk opp i stolen. Dei vesle piraya-tennene er derimot svært tålmodige... Superflink til å gøyme seg! Innser no at eg har mest bilder av han når han ligger...? Han er liksom sånn 50% av tida, resten av tida er han ein irriterande klegg, sånn som i denne videoen:
  15. Computer games artist: (Eg lagar 3D modellar eller teikningar som er i dataspel) -Veldig kreativt -Eg får skape noke som andre kan ha glede av -Utfordrande, både i henhold til det å halde tidsfrister, lage modellar som står til standard med resten og det å jobbe i team. Eg syns dette er ein positiv ting, sia ein veks ganske mykje på det. -Får jobbe med mange interessante folk -Eg kan spele spel og skulde på at det er research. (ellers er eg også "arbeidsledig" sia eg treng ein jobb i Norge og... Det er det ingenting kjekt med for å sei det sånn. )
  16. Det er ikkje politi her eg bur så eg hadde nok ikkje blitt påvirka, mehehehe. Neida. Buret eg brukar no er eit bilbur og er berre midlertidig til eg er sikker på Baldrick kan oppføre seg åleine. Eg hadde nok gått til innkjøp av kompostgjerder og latt burdøra stå åpen sånn som den pleier. Hadde 6 timars-regelen komt derimot, så måtte han nok ha blitt sendt tilbake til oppdrettar. :/ Akkurat no er eg "arbeidslaus", men med tanke på ka jobbar eg søker på så hadde det ikkje vore noke alternativ å hatt han med på jobb.
  17. Ser den! Han kjem til å måtte reise med fly på eit eller anna tidspunkt, men akkurat no er han så ung at eg kvir meg litt på det. Han er akkurat litt for stor for kabinen desverre. Den siste kan funke, men fy søren så mange stopp! Eg er ikkje kjent i området mellom Bergen og Stavanger i det heile tatt, så det kan jo bli interessant for noken som har lett for å stresse under reise.. x) Oh well. Det ordna seg heldigvis sånn at eg ikkje trengte å dra med meg hunden denne gongen, men det er trist at det ikkje er noken som helst måte å reise ned dit som ikkje innebærer å skifte buss ørten plassar. Får vel begynne å gjere research på flybur som ikkje kostar skjorta...
  18. Ja, den reisa blir ein smule overkill, hehe.
  19. Veit noken om eit alternativ til reiserute Bergen-Stavanger? No når ikkje båten går lenger, så veit eg ikkje om andre alternativ. Nor-way Bussekspress tillater jo ikkje hund.
  20. Vi har mange sauer beitande her på øya og likevel mykje flått. Men eg merkar klart forskjell på plassar der det ferdast mykje hjort i motsetning til der det ikkje gjer det. Så har ein mykje hjortedyr i området med sauene så trur eg det går litt opp i opp.
  21. Baldrick hadde nok mest sannsynlig blitt hos foreldra mine eller sendt til bestekompisen min.
  22. Takk for svar! Eg får venne meg til å ha hundesnop i lomma heile tida, heh. Har prøvd dette i to dagar no, og merkar allerede framgang, spesielt på innkallinga.
  23. Eg syns at Baldrick er så sjukt ufokusert når vi trenar. Han blir fort distrahert - sjølv med veldig gode belønningar- og det kan være frustrerande til tider. Han er veldig lærenem, men på grunn av at han skal tenke på alle andre ting så tar treninga litt tid. Han er berre 4 månadar, så sjølvsagt har det vel med alderen å gjere. Sia han er den første hunden min, så veit eg ikkje heilt ka eg kan forvente av ein kvalp på den alderen og kortid eg kan begynne å kreve meir. Noken tips til fokustrening, eller skal eg berre halde på som eg har gjort til no og det kjem av seg sjølv?
×
×
  • Opprett ny...