Gå til innhold
Hundesonen.no

Helly

Medlemmer
  • Innholdsteller

    31
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Helly

  1. Æsj! Då blir det ikkje meir handling til hunden på matbutikken ihvertfall. Og jepp, det var akkurat sånne eg tenkte på. Storfemuskel var straks eit litt meir familievennlig ord... x)
  2. 1. Eg skal til England neste veke og vil kjøpe med meg ein del hundesnop heim, sia ein kan finne mykje billig på Amazon. Veit noken om det er noken restriksjonar på "import" (altså berre ta med seg i kofferten til eige forbruk) av dyresnop av tørka kjøtt o.l. til Norge? Har googla litt, men finne ikkje noke spesifikt om det. 2. Ting som griseøyrer og tyggebein som blir solgt i daglegvarehandel, er det dårlegare kvalitet på det enn i dyrebutikkar? Eg kjøpte ein pakke med griseøyrer av merket Smart og dei lukta heilt forferdelig. Skal det virkelig lukte død når det er tørka kjøt eller fekk eg berre tak i ein dårlig pakke? 3. Fins det eit norsk navn på bullysticks? Har veldig lite lyst til å gå i ein dyrebutikk og spørre om dei har tørka oksepenis...
  3. Baldrick, Cardigan Welsh Corgi, veit ikkje kor høg han er men han var 6,5 kg ved 12 veker.
  4. Eg forventa at kvalpen skulle ha hatt full helsesjekk med ormekur, vaksine og chipping. Alle papir skulle sjølvsagt være i orden, og ei kjøpskontrakt skulle være med. Då eg såg meg om etter kvalpar så ville eg ha ein oppdrettar som miljøtrente og sosialiserte kvalpane sine så langt det lot seg gjere. I tillegg var det viktig at det var noken som var villig til å svare på dumme (og ikkje fullt så dumme) spørsmål i tida etter eg fekk hunden. Som førstegangskjøpar er det veldig betryggande at eg har noken med mykje erfaring å spørre om råd. Dette var ikkje noke eg spurte rett ut om, men hadde eg fått inntrykket av at oppdrettaren ikkje var så veldig interessert å halde seg litt oppdatert etter hunden hadde skifta eigar, så hadde eg nok gått vekk frå dei. Eg fekk ein god kvalpepakke med, som inneholdt litt for, godbitar, hefte om rasen og hundehold generelt, pluss ein kopp kaffi på flyplassen då eg henta hunden. Den pakken hadde eg ikkje forventa, så det var veldig positivt. Eg syns dette er heilt greie forventingar, spesielt når ein betaler så mykje.
  5. Balrog eller Gojira (Godzilla), avhenging av rasen. Eg likar navn som refererar til pop-kultur, men gammaldagse menneskenavn er også artig til hundar syns eg.
  6. Heihei! Etter eit par veker med sniking så har eg no endelig tatt steget og registrert meg her. Eg er ein nybakt hunde-eigar som bur midt i gokk på Vestlandet. Har vært tre år i utlandet og studert, og har no endelig gjort nordmann av meg igjen. For tida bur eg hos foreldra mine mens eg leitar etter jobb. Min hund heiter Baldrick og er ein Cardigan Welsh Corgi frå Kennel Lulubelle. Han er 14 veker gammal no, og er ein fantastisk liten hund. Han elskar folk, tar dei fleste ting på strak pote og har til no ikkje ødelagt ein einaste ting. Ikkje ein sko ein gong! Hadde forberedt meg på å ha ei lita makuleringsmaskin på fire bein i minst eit år framover. Det kan jo fort endre seg, men så langt har han vært eksemplarisk!
×
×
  • Opprett ny...