Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Har ei nyoperert frøken her, og ho har nett komt til seg sjølv, er overhode ikkje koordinert og har klart å tisse på seg sjølv i store mengder. Må eg vaske ho grundig med klut? Såret og stinga er ikkje dekka til med noko som helst.
  2. Korleis gjekk det med alle andre som var der? Var Catania sitt siste kvalpeshow, og ho vart BIR med kritikken: "Very good expression. Nice clean head. Very breed type. Nice neck & topline, overall good quality. Very promising"
  3. Første gang Pia vart BIR med cert og ck. Var får sjuande offisielle utstilling, og hadde fått alt i frå gult til rødt tidlegare, men aldri nådd heilt til opp, så eg hadde eigentleg ingen store forhåpningar på denne utstillinga heller. Så det var veldig morro, dansa vel ut av den ringen trur eg
  4. Skal stille mot meg sjølv begge dagar, juhu Er det som står i annonsa, på nkk står det 29. mai
  5. Stillte kun Pia denne helga, og i dag vart det også blått. Og i akk vart ho slått av tispa ho sjølv slo på spesialen i går Og veldig interessant å kunne samalikne ein gammal kritikk frå samme dommar! Meget velformet hode. Kunne hatt mye bedre pigment. Meget bra hals og bra rygglinje og kryss. Meget bra vinkler. Rør seg bra. Noe utfelt pels, men av bra kvalitet.
  6. Er det godt skilta og sånn så eg ikkje endar opp med å parkere på feil side av vegen i forhold til ringen?
  7. Oppdatert med dagens resultat frå rasespesialen!
  8. Nei, har venta på mail ang. meir info, men den har aldri komt fram hit i vert fall. Det siste eg fikk frå dei var vel PM og reklame for neste NKK utstilling...
  9. Og om nokon veit korleis ring 17 er etter i morgon, så vil eg gjerne vite, så eg veit om eg bør hive på meg støvlane på søndag
  10. http://web2.nkk.no/forside/vedrorende-baneoppsett-i-fm-nkk-drammen/
  11. Er heilt greit å få litt fôr, det beste er vel om dei får av samme merke som vi fôrar på, men alt anna kan jo brukast som godis. Einaste minuset er at lille dotten vart laus i magen forge gong ho fikk Hill's, så det er eg ikkje så glad i å få. Edit: Hill's, ikkje rc, går fort i svingane når ein stressar gitt
  12. Syns gardina på soverommet på hybelen var så gørrstygg at eg hengte opp rosettane med sikkerhetsnåler der
  13. Åneeei, ikkje sei sånt! Vil helst gå med ein pelsdott, ikkje ei drukna rotte i ringen
  14. Korleis blir det med parkering og sånn då eigentleg? Håpar ikkje det blir dobbel avgift om ein parkerar på eine sida av vegen først, for så å komme ned på motsatt side seinare?
  15. Oojaddah! Kjem aldri til å finne fram til riktig ring med min retningssans... Håpar så inderleg dei har satt ut masse vakter som kan vifte oss i riktig retning så ein slepp å gå to mil med masse utstyr!
  16. Den kan eg skrive under på. Fikk kjeft av ei dame som var tilskuar på Coton- ringen på utstilling ein gong, fordi eg hadde klemme i luggen til Pia når vi gjekk i ringen. Så no er eg veldig spent på korleis folka på spesialen er, sånn face to face
  17. Eg som er så vant til å stille mutters aleine, og no er det plutseleg 13 Coton påmeldt! Det kan jo bli spennande
  18. Rase: Etnahund Navn: Catania Kjønn: Tispe Alder: 8 mnd. Farge: Rød Kennel: New Caprica Beste utstillings utstillingsresultater: BIR, BIG3 6-9 mnd. klasse Beste Jakt/agility/lydighet/lurecoursing og andre: Bilde: 4 mnd. på bilde
  19. Skal med begge, så det blir vel begge dagar trur eg. Og Catania's siste kvalpeshow
  20. Så lenge eg har fått og kjøpt rosettane, så eg er eigentleg fornøgd Men av dei andre premiane, så kan pokal vere morro, einaste minuset er at det ofte tar opp plass om ein skulle vinne i hytt og gevær. Ting som kan nyttast er vel heller å føretrekke då. Som håndkle, godis, skåler, glass/koppar, diverse hundeutstyr som så og seie alle kan bruke, osv...
  21. Kanskje på tide å oppdatere litt. Ho vart 8 mnd. i går også Catania har fått prøvd seg ein gong i LC, og det er noko vi må prøve å få til igjen snart håpar eg. Trur ho syntes det var morro også, for mine utrente LC auger, så såg ho ut til å vere veldig gira på filla frå start og fulgte den heile vegen. Litt usikker der den stoppa, men ho tok da tak i filla. Andre runden var ho litt meir sikker på filla på slutten. Flinke lille kattepusen min det Foto: Caroline Hjelle Foto: Caroline Hjelle Foto: Cilje H. A. Moe Litt sosialisering Vi har vert på Østlandskvalpen i Fredrikstad, der ho vart BIR og BIG 3 med fin kritikk Einaste minuset var den der halen. Foto: Caroline Hjelle - Catania viser seg meir fram til fotografen enn dommaren Foto: Caroline Hjelle Og vi har vert på treff i Frognerparken, veldig morro! Får sjå om eg får tilsendt bilder av udyra frå den dagen etterkvart
  22. Syns det er litt synd at folk skal klippe pelshundane sine. Ja, det er greit å stusse pelsen på ein hund med pels som rekker i bakken og som uansett ikkje skal brukast til utstilling, og eldre hundar, men dei unge syns eg bør få behalde den. Her snakkar vi rasepreg og det at den også er ein representant for sin rase. Har sjølv ein bomullsdott som blir stilt ut. Ho blir fortsatt dratt med på tur i skog og mark, både med og utan dress, og drar fint med seg halve (om ikkje heile) skogen inn igjen. Eg har valgt ein pelsdott, og det får eg nesten berre leve med. Syns uansett pelsrasar er mykje(!) finare med pelsen sin enn utan. Veldig mange som blir klipt, får også grusom overgang frå kort til lang pels igjen pga. toving. Ville heller prøvd å stelle og halde ved like ein lang og fin pels då. Men så klart, om folk overhode ikkje klarar å stelle pelsen og halde den ved like, så klipp. Men ville i det minste likt å sett folk prøve først. Har hørt om dei som lar bikkja gå med store tovar alt for lenge, utan at dei gidder å røre børsten, kun fordi dei uansett skal til frisør og få bikkja barbert. Men folk som velger pelshund bør tenke over at det er pelsstell inkludert i pakka.
  23. Bøker/lesing og fotografering
  24. Syns ikkje halen har blitt verre i vert fall. Det var mykje kraftigare krøll på halen første gong eg såg ho, i ein alder av ca. 2 mnd. Hmm, det går, men føler det blir litt juks eg då, og så mykje bryr eg meg rett og slett ikkje om at ho har den grisehalen sin. Ho klarte jo å gå gjennom nålauge på utstilling i dag, og då såg dommaren i rasestandard og kommenterte det at det var diskvalifiserande feil, men var eit eller anna som gjorde at ho gjekk vidare uansett. Trur det var noko med at halen var ikkje sååå kraftig krølla over ryggen direkte? Han håpte i vert fall den retta seg ut sidan ho var så lovande ellers. Ja, du kan så sei
  25. Lurte litt på korleis det er med hund som har for ringlet hale. Catania, som eigentleg skal ha sabelhale, har veldig ringlet hale. Kan ikkje sei eg har sett noko forandring på halen dei fire månadane eg har hatt ho, og ho fyller 8 mnd. kommande mandag. Er det fortsatt ein sjanse for at den kan rette seg ut av seg sjølv? Eller finst det øvelsar av noko slag eg kan prøve? Ho har halen nede (ikkje skremt/redd nede) innimelom, men den krøllar seg fort opp igjen om det skjer eit eller anna. Den ligger også nede når ho legger seg ned, og til tider når ho sitter også. No er ikkje halen så innmari viktig akkurat, men hadde vert morro om den hadde komt seg ned litt, sidan ho er så lovande ellers
×
×
  • Opprett ny...