Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Ei aldri så lita oppdatering etter gammalt Catania er meldt på til LP stevnet i Florø 3. Oktober, som også betyr at vi har starta LP treninga igjen. Stevnet skal, heldigvis, vere i ridehall. Så treng ikkje bekymre meg så mykje for været, kun håpe kulden ikkje har slått inn så veldig til då. Veldig spent på korleis det kjem til og gå, og har litt blanda følelsar. Men så sant vi får fokusert på spesielt tannvisning fram mot stevnet, så trur eg det skal gå fint, sidan ho er ganske trygg i dei fleste øvelsane På blodsporfronten må vi (uheldigvis) starte frå bunn igjen. Prøvde og gå nokre spor før sommarferien, men då viste ho lite til ingen interesse. Kunne kanskje gå nokre meter i sporet før ho datt fullstendig av. Men har fått tak i heile åtte ferske hjorteføtter no, så når vi har fått blod i hus også, blir det å starte blodsportreninga igjen. Min kjære sambuar ønsker også at eg skal trene litt med Fenris, Elghunden hans, sånn at eg kan gå ei prøve med han og forhåpentlegvis bli godkjent for ettersøk. Fenris er allerede godkjent ettersøkshund, men greit å f.eks. ha ein hundefører og ein skytter når vi har muligheten for det. Så vi får sjå. Etter at Fredrik flytta inn hit med Fenris, ser det ut til at det går mykje betre når frøkna er aleine heime. Då saman med Fenris. Før kom eg som oftast heim til tiss på golvet, men no har det meir eller mindre stoppa opp. Var ingenting dei første vekene etter sommarferien, men etter at eg tok ein skikkeleg golvvask, har det vert litt av og på. Når dei har vert aleine i 4-5 timar, har eg gjerne komt heim igjen til tiss. Men i går når dei var aleine i 7,5 time, var her ingenting. Så eg skjønar meg ikkje heilt på det dyret der Utom det så er ho faktisk veldig rolig når eg kjem heim frå arbeid. Her tidlegare i veka gadd verken ho eller Fenris og møte meg i døra etter jobb eingong, dei låg som nokre slakt i stua. Frøkna i sofaen og Fenris på golvet Meg og beste bruningen på fjelltur tidlegare i sommar. Viktig å dokumentere at dyret var på toppen Gjekk ned til sentrum med bikkjene, og venta på at min kjære skulle komme ut med bilnøklane. Så eg satt der og venta med to skumle vaktbikkjer. Enkelte gjekk i stor bue rundt oss Sosial tur med hundefolk Ein aldri så liten nuss Slitsomt og gå på fjelltur med to bikkjer, spesielt når man henger på slep (eller må slepe med seg) ein svær Elghund! På toppen av Fauskevarden To som virkelig fant tonen! Og som hadde alt for mykje energi igjen etter fjelltur
  2. Brukt stativ, ja. Må ha så lang lukkertid at det går ikkje utan stativ
  3. Var stjerneklart ute i helga som var, så då satte eg meg ut på terrassen for og prøve å knipse litt stjernebilder for første gong. Syns dette vart ganske alright, og var heldig med fokuset. Ikkje alltid like lett med manuell fokusering når det er beksvart ute Einaste som irriterar meg litt, er at stjernene her er i bevegelse. Men øvelse gjer meister
  4. Har notert bakpå kvar rosett kven som har vunne kva, og kvar utstillinga vart holdt + dato. Så har eg hengt dei opp litt hultetterbulter på nettingen til ei kritt tavle. Piffar opp kjøkkenet litt
  5. Catania lagar konsert om ho blir plassert i bur ein arbeidsdag, så å plassere ho i bur er eit heller dårleg alternativ
  6. Einaste alternativet er vel å hive Fenris på soverommet, men då bør vel dører låsast for sikkerhetsskuld. Og risikerar vel at det blir skraping på døra? Kvalpar skal vi overhode ikkje ha noko av, trur Etnahund + Elghund hadde ført til nokre snåle skapningar
  7. Korleis er det folk har gjort det med løpetispe og hannhund som bur saman? Og då spesielt i ei lita leilighet i eit borettslag. Reknar med Catania får løpetid i løpet av knappe 2 mnd. og ser på det med skrekk og gru om vi fortsatt bur her i burettslaget med mine sære naboar
  8. Ho vart plassert i bur, kvalpebinge når buret ikkje er her, og det har fungert utan problemer. Dit går ho automatisk når ho sjølv meinar det er på tide og ta kvelden, og om ho ellers vil ha litt fred
  9. Skjedd fryktelig lite her for tida. Av LP trening har vi synda og låge alt for lenge på latsida, men håpar vi skal komme i gang igjen med litt trening framover i sommar. Ellers går det mest i blodsportrening. Desverre har det gått ei stund sidan sist der også, så frøkna vimsar ein del. Derfor har vi gått tilbake i treninga der, men ho er fortsatt flink, og flinkare håpar eg ho blir! Med jegerprøveboka i hus, blir det å lese seg klar for jegerprøvekurs til nyåret, og forhåpentletvis ha komt eit godt stykke i treninga med Catania. Så kanskje ho ein dag blir godkjent ettersøkshund? Catania veit ikkje heilt om ho syns det er greit at Fenris skal ligge akkurat der Best å sitte mellom beina til ho mor, for den hengebrua, den var litt skummel. Fant slik ein fin statue på tur i sentrum for ei stund sidan. Ei som hjelper til med skosmøringa Fenris syns snøen var eit herleg syn.
  10. Begynner å bli passe frustrert over krapylet om dagen... Catania har i nokre mnd. sove i stua, der ligger ho stort sett på teppet sitt i sofaen. Det har aldri vert noko problem. Sjølv ikkje når kveldsluftinga har blitt litt i tidlegaste laget. Hadde nyleg besøk av typen og bikkja hans, i nesten to veker. Og i løpet av den siste veka, starta krapylet mitt med å både tisse og bæsje inne på nattestid. Det til tross for veldig seine kveldsturar, som gjerne er lange også. Begge bikkjene har møttes fleire gangar og går greit overrens, og det har aldri vert bråk dei imellom. Einaste er at Catania er veldig sær, men det går betre for kvar gong dei møtes. Catania har heller ikkje starta på denne måten ved tidlegare besøk, enten her eller der. Nokon som har tips til kva eg kan gjer for å få slutt på problemet? Er nær ved å hive ho i bur på nattestid for ein kortare periode, i håp om å få "nøytralisert" ting og at det går tilbake til normalen.
  11. Catania starta med å halte nokre skritt, enkelte gangar så ille at ho trakk foten heilt opp, før ho gikk som normalt igjen. Men når eg tøyde foten fram og tilbake, samtidig som eg hadde hånda på "kneet", kjente eg at det poppa ut av posisjon.
  12. Oppdaterte nyleg til OS X Yosemite 10.10.3, og syns eigentleg macen vart grusom etter oppdateringa. Men eg har eit problem; eg klarar overhode ikkje finne igjen alle bildemappene mine! Før låg "bilder" under "favoritter" når eg gjekk inn på Finder. Der ligg det ingen "bilder" lenger. Om eg søker på filnamn, så klarar eg å søke opp bildene. Men hadde jo vert fint og funne igjen heile mappesystemet mitt, då eg ikkje klare hugse filnamnet på X-antall tusen bilder... Og den nye bilder-appen (eller noko sånt), forstår eg meg heller ikkje på. Det ligg ingen bilder der heller. Nokon som veit korleis eg finner dei igjen?
  13. Blodspor er morro altså! Catania har gått 3 korte spor på rundt 20 meter ute på eit jorde, som kun har vert rundt 1 time gamle. Men i påska gjekk ho sitt første spor i skogsterreng. Det var ein god del lengre, fikk inn ein svak vinkel i sporet og det var ca. 14 timar gammalt. Gjekk med ein som har meir erfaring, så det var veldig greit. Blodspor er jo ganske nytt for både meg og bruningen, men syns ho klarte seg fint sjølv om ho mista det litt her og der. Ho tok til og med vinkelen veldig fint. Og fant så klart hjortefoten i enden av sporet, som ho fikk bære eit lite stykke på vegen ned igjen. I går var eg å la eit nytt spor, som vi gjekk etter rundt 16 timar. Hadde litt lite blod, så det vart veldig kort. Men fikk inn ein vinkel her også. Starten fant ho sjølv i dag, men surra litt før ho kom seg skikkeleg i gang. Men når ho først var i gang, då gjekk ho strake vegen gjennom heile sporet. Gjekk vinkelen kjempefint og fant raskt vegen opp til hjortefoten i dag også. Sidan eg hadde meir blod i dag, fikk eg lagt eit nytt og lengre spor etter at eg hadde lagt Catania i bilen. Så då har vi noko og glede oss til i morgon ettermiddag/kveld
  14. Ei aldri så lita oppdatering frå denne fronten; Catania har slutta på clomicalm, og det ser ut til og gå ganske greit på heime-aleine fronten. Er enkelte dagar ho uler, men har enda ikkje fått nokre nevneverdige klagar frå naboane. Pjuh! Ho kan dog fortsatt både tisse og bæsje inne, sjølv om ho faktisk (i følge mamma) var aleine i 8-ish timar utan at det hadde vert uhell! Sjølv har eg fortsatt til gode og komme heim utan at det er ein damm eller to på soveromsgolvet. Ho har også funne ut at ho kan bryte seg ut av soverommet, noko ho har gjort dei siste vekene. Smart som ho trur ho er, pleier ho å pile inn igjen på soverommet og legge seg i buret når ho hører eg låser opp ytterdøra og er på veg inn I slutten av april er vi meldt på til nybegynnerkurs i blodspor. Glede! Har allerede prøvd og trene litt blodspor med ho eit par gangar, og for mine uerfarne auger ser det ut til og gå heilt greit. Kan vere ein del surr i starten, før ho finner seg inn og søker fint gjennom heile. I slutten av april har eg også meldt på til LP-stevne i Naustdal. Har starta trene igjen etter vinteren, og Catania syns fortsatt det er kjempemorro. Får berre håpe det blir mange finværsdagar framover så vi får trent mykje, og ikkje minst; sol på stevnedagen! Catania og Tiko Tiko prøvar og få med seg Catania på litt leik Frå skogsturen i dag Dina Dina Fine gamlemora
  15. Hallelluja! Hadde utan tvil funne ein anna veterinær. Kosta 11.000,- mindre der dyret mitt tok begge knea.
  16. Fantastisk fine bilder!
  17. Hundelufter var her for og hilse på, på torsdag. Samt fylle ut litt papirer og slikt, så får sjå når det blir tid for at ho kan lufte. Enn så lenge brukar eg mamma, når eg jobbar lenge. Er litt opp og ned i heime aleinetreninga, no i veka kom eg heim to gangar der ho ulte og bjeffa som berre det. Kor lenge ho då hadde holdt på, er eg usikker på. Fikk lånt Dina igjen, og dei dagane var det stille. Syns det er så vanskeleg og trappe opp tida på ein sakte og roleg måte, sidan det er for kaldt til at ho no kan ligge i bilen i arbeidstida. Men det går mot varmare tider (håpar eg) Men ho klarar fint nokre timar aleine utan tull og tøys eller bråk. Så det går vel framover
  18. Ville gått litt ut til sida om det er mulig, stoppa opp og gitt ho ein kommando, som sitt. Og pøsa på med godbitar så lenge ho er roleg. Her har det også funka fint og kaste litt godbitar ut i grøftekanten når det kjem hundar, då blir ho heller opptatt av dei enn den passerande hunden.
  19. Tørke diverse kjøtt som er delt i små bitar. Ellers har eg nyleg prøvd meg på denne: Kjøttdeig (valgfri) Egg Fiberhusk Bland alt godt og smør utover eit steikebrett. Hiv inn i ovnen på 90-100 grader på varmluft (gjerne med døra open) og la stå nokre timar. Ta ut, snu den, rut opp og hiv inn igjen i nokre timar igjen. Etter alt dette delte eg den opp i lange remser og lot den stå ein time ekstra, med remsene fordelt utover. Blir mjuke og lette å dele i mindre bitar
  20. Smil! Er ille stolt av den lille bruningen min for tida! Etter rundt 3 mnd. med eit hersens slit med heime aleine trening, har resultata endeleg begynt og komme dalande. Lånte Dina heile forge veke, og med unntak av onsdagen, var det null uling! Denne veka her har Catania vert heime aleine kvar dag, med unntak av i dag, og ho har for det meste vert stille. Litt uling etter 4-5 timar, før ho har vert stille lenge igjen. I dag fikk ho vere med i bilen igjen, mest fordi eg er redd det skal bli så frykteleg lenge kvar einaste dag, og at ting skal gå i feil retning. Har vel på det meste vert aleine i underkant av 8 timar. Noko eg eigentleg syns er litt for lenge, sidan vi enda er heilt i startfasen etter at det starta gå i riktig retning. Mamma har, og er fortsatt, til stor hjelp med og hente krapylet om eg jobbar lenge. I tillegg har eg kontakta hundeluftaren i området, så ho kan hente krapylet, gå ein tur og levere ho på jobb til meg så det ikkje skal bli så mange timar aleine, sånn sidan eg ikkje alltid har tid til og kjøre heim i pausen. Så allerede i neste veke skal vi møtast, så ho kan bli litt kjent med den rare bruningen min. Er litt dyrt, men kva gjer man ikkje for den firbeinte? Tenker også eg skal kidnappe Dina innimellom også Får berre håpe det fortsetter og gå i riktig retning, og at det ikkje kun er løpetida som gjorde at ting snudde så brått. Einaste problemet eg har no, er at ho har starta tisse på golvet når ho er aleine. Kryssar fingrane for at det går over etterkvart. Og snart får eg vel sakte men sikkert, starte nedtrapping av Clomicalm Catania og Dina
  21. Ingen uling eller anna bråk etter 6 timar mutters aleine heime, åååh fine udyret mitt! :D

  22. Sett kameraet på M (manuell) så du kan stille inn alt sjølv Når eg tar bilder ute i snøen, pleier eg og ha kanskje lav blender (lyssvakt objektiv), lukker varierar etter om det er type portrett bilder eller herje bilder. ISO prøvar eg og ha under 1000, noko som pleier og vere null problem om ein er ute på dagtid når det er lyst ute Eksponeringslinja kan vere veldig grei og gå ut etter.
×
×
  • Opprett ny...