Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. I går vart det ein ca. 2 timers tur, der vi til slutt endte opp ved Instebøstølen, saman med @Tonje og bikkjene. Mens i dag har dei kun fått ein kjapp tissetur etter jobb, så blir det vel ein lengre spasertur når sambuar kjem heim frå jobb
  2. Ny og lenger utforskingstur i finværet i dag, fikk tørka støv av kløven også. Herleg å kunne gå oppover mot sånt eit fint landskap, med start knappe 50 meter frå huset vårt
  3. Bellare

    App til spor

    Ååh, ein slik app hadde vert supert for meg som glømmer å merke undervegs, og er fullstendig lost når eg skal gå sporet med bikkja dagen etterpå
  4. Vart ein tur oppi skogen her etter jobb, måtte utforske litt. Skulle veldig gjerne gått enda lenger, men sidan eg var aleine og hadde med meg Fenris også, fikk det bli med dei få kilometerane vi gjekk
  5. Kvar har du kjøpt sneglekant?
  6. Bellare

    Kaketips igjen?

    Er en type sjokoladekake, veldig god! Berre å google, så finner man oppskrift
  7. Ingen aning om det er duk som slepper gjennom vatn, kan i grunn ingenting om det her, så drog med meg duken i forbifarten inne på plantasjen Kanskje kjøpe nokre pallekarmar til då, og måke nedi noke blomster på resten av plassen som blir igjen
  8. Av ein eller annan merkeleg grunn, har eg som aldri har hatt sansen for- eller klart å holde liv i planter, begynt og ordne i bedet ute. Har røska opp alt som var der frå før av, lagt ny duk og starta med å legge ny jord oppå. Hovedsakleg er det grønnsaker eg ønsker og få til, men er veldig usikker på korleis "oppbygginga" skal vere. Kor mykje jord bør eg har oppå duken og bør eg evt. bygge opp rundt bedet? Eller blir det best med pallekarmar, og kor mykje jord bør eg ha i desse? Har frå før av ein enkel pallekarm, men etter det eg har skjønt, så bør eg i vert fall ha den dobbel om eg skal plante gulrøtter. Blir vel det samme med poteter?
  9. Med tanke på bjeffinga, har du eller andre naboar snakka med dei om det, så dei faktisk er klar over det? Ellers kan du ta det opp med styret i burettslaget, då får dei nærmast garantert ein advarsel i postkassa ang. problemet med hunden
  10. Bellare

    Kaketips igjen?

    Gulrotkake, saupekake, vanleg sjokoladekake
  11. Catania er veldig sær, så når sambuar og Fenris var på besøk (før vi flytta sammen) var ho veldig der at berre han gjekk forbi ho inne, så knurra ho og gav grei beskjed om kvar landet låg, til tross for at han kanskje var halv til en meter unna. Ute gjekk det fint, då kunne dei gå klin inntil kvarandre, snuse på dei samme tinga osv Men det har gått seg fint til sidan den gang, men Catania er fortsatt ei sær "møkkakjerring" til tider. Ho kan fint gå og legge seg inntil Fenris, men om han nærmar seg ho og enten vil ligge i nærleiken eller snuse litt, så brummar ho til han, så ho får beskjed om at det ikkje er greit. Ellers leikar dei saman både ute og inne, er aleine heime saman og trivst nok i kvarandre sitt selskap. Catania vart i vert fall mykje bedre på og vere aleine heime etter at Fenris kom i hus
  12. Til tross for at vi ikkje har komt oss på mandagstreningane etter at vi flytta (20 minutt heim for å hente hund og 20 minutt tilbake til Førde i løpet av ein knapp time, etter 9t på jobb er litt stress...) og heller ikkje har fått med oss LP-treningane pga. jegerprøvekurs samme kveld, har det med andre ord blitt frykteleg lite LP-trening i løpet av året. Men ho har vert veldig "på" på dei få treningane vi har fått til aleine. Men til tross for det, meldte eg Catania på til årets første LP-stevne i dag. Var ille spent på vær og vind, men til tross for at vi sto opp til eit par cm nysnø på morgonkvisten i går, så våkna vi i dag til blå himmel og stor sol. Men med eit par minusgrader. Vi ankom stevneområdet tidleg og tok morgenturen der. Eg var grisenervøs, og på oppvarminga var ikkje Catania noko særleg gira. Ho var litt av/på. Tenker vi får ta det heile som trening. Men uansett; stevnet gjekk mildt sagt rett vest, på det stadiet at det nesten er litt flaut Visning av tenner - 9p Blir ikkje sittande, hoppar på dommar og gir han eit lite bjeff. Fellesdekk - 0p Vi stod over denne pga. kulden og fuktig gras. Lineføring - 5p Snuser og følger ikkje med. Dekk frå holdt - 0p Følger bedre med på foten, men legger seg ikkje skikkeleg ned. Sitter nesten oppreist på veg tilbake. Ikkje greit når det er kaldt og vått gitt. Innkalling - 9p Sitter fint, super fart inn, men kjem som vanleg litt for langt bak ved innkomsten. Stå under marsj - 0p Ho sto til slutt, når ho først stoppa. Snudde seg vel også når eg var på veg bak. Fritt hopp over hinder - 0p Overraskande nok, sprang ho rundt. Den var skuffande, sidan ho har vert så utruleg flink her. Avstandskommandering - 5p Vanskeleg og få skikkeleg ned i dekk og utruleg nok vanskeleg og få opp igjen i sitt. Gav dobbeltkommando. Heilhetsinntrykk - 7p Poeng - 73 Kryssar fingrane for at løpetida lar vente på seg, slik at vi får trent og forhåpentlegvis kjem betre ut på stevnet i Juni
  13. I dag var vi og såg litt på LP-stevnet som var i Førde, og fikk trent litt i samme slengen. Så kanskje vi er klare for morgendagen når det er vi som skal i ilden, om været er med oss Og så vart det ein lett kveldstur på sykkel på rundt 5-6 km. Og brått så går ho framover og trekker gitt, flinke bruningen min sin det! Men dessverre har selen gnagd denne gangen også, til tross for trøye og god framdrift God oppvarmin før sykkeltur er viktig
  14. Nei, har alltid tenkt at dei er ganske like eg Men @Nowisclee veit kanskje? Berre litt kjipt å måtte bytte sele, sidan Björkis selen er sydd på mål til ho Så vi får prøve med ei trøye under når eg har fått tilbake sykkelen min
  15. To som storkoste seg i luftegården på søndag Snikjakt på Fenris
  16. Her i hus har vi sambuar sin Elghund, Fenris, på 5 år Og min Etnahund, Catania, på 3 år
  17. Kanskje det hjelper om fleire i nabolaget gir beskjed?
  18. Har starta sykle litt med Catania. Etter å ha hatt frontstanga til sykkelen liggande i rundt eit år. Og til tross for at Catania knapt har sett ein sykkel, og langt mindre vært så nærme ein, har det gått overraskande bra! På tirsdag var vi på sykkeltur med Tonje og bikkjene, og då vart det ein roleg runde på ca 9 km. Men vi må trene litt på framdrift, sidan ho trekker lite framover og gjerne endar opp med og trave på sida eller på skrå for sykkelen i slakk line. Og lære at ho skal gå til høgre/venstre, greit å kunne om det kjem bil. Men ser at Björkis selen gnager ein del under armholene, verkar som at selen gnissar borti på ein måte. Så ho blir veldig rød og sår... Håpar det blir bedre om ho lærer å gå bedre forran, evt prøve Non-Stop selen og håpe den ikkje gnager.
  19. Catania er veldig naken bak på låra, slik bildet i artikkelen viser. Men i følge veterinæren som kommenterte det når vi var inne for andre ting før påske, kunne det komme av hormonforstyrrelsar/forandringar. Ho er også ganske naken i armholene og i brystkassa.
  20. Etter jobb og ein kjapp tissetur med begge bikkjene, tok eg med meg Catania ut på sin første og veldig korte sykkeltur. Gjekk overraskande bra!
  21. Etter halvannan mnd. utan internett, har vi endeleg fått mobilt breiband i hus! Litt godt kjenner eg, å gjere alt frå mobilen blit litt tungvindt i lengda. Catania var innom veterinæren for ein stor sjekk sidan ho starta dryppe urin igjen, brått starta tisse "litervis" på nattestid og til tider på dagtid når vi var heime. Og det til tross for at ho gjerne hadde vert ute like før. Så då var det urinprøve, dyrking av urin og blodprøve. Fikk også eit høgenergifôr for og få ho opp i vekt, og endeleg har ho klart og legge på seg. Heile 2,1 kg faktisk! Har kanskje fått eit par gram for mykje, men med forbrenninga og aktiviteten hennar, så forsvinner nok dei relativt raskt. No ser ho i vert fall meir ut som ein normal hund, enn eit pinnedyr. Etter alt styret med tissinga på nattestid, var det mykje opp for lufting så tidleg som kl. 05 på morgonen. No går bikkjene laus i heile huset, så trur det henger litt igjen hos Catania, for ho våknar ofte tidleg (8-9 ish) og trakkar utafor soveromsdøra. Og sidan eg våknar av tråkkinga, er det veldig deilig og bu landleg til, så eg berre kan hive ho ut døra så ho får gått på do, mens eg sjølv står og halvsøv i gangen og ventar på at ho skal bli ferdig og komme tilbake til døra. Men må vel lage til ei line der til vi har fått opp nytt gjerde på uteområdet, sidan sauene snart kjem på beite. Er ille spent på korleis ho reagerar på sauene, etter at ho var på aversjonskurs på seinsommaren i fjor. Etter at vi flytta hit, har Fenris og Catania blitt meir leikne. Herjar rundt som aldri før. Og Fenris, som vist nok aldri har lagt seg på rygg for andre før, legger seg fint på rygg under leik med Catania. Kanskje morosamt og sjå på dei to, for Fenris som er ein del større, pleier å legge seg ned for og komme seg meir på hennar nivå. Så no er det berre å vente på at all snøen og telen skal forsvinne, så vi kan starte med all jobben vi skal få gjort rundt om her!
  22. Det er først når ein skal flytte, at ein ser kor mykje ting ein faktisk har
  23. Sleit med det samme, og eg trente då ved og ta eit og eit skritt om gangen. Eit skritt med fin kontakt = belønning. To skritt, fem skritt, tre skritt, sju skritt, osv... Men er viktig og ikkje øke skrittmengden for raskt, og kun korte økter. Og sjølvsagt superduper belønning, sånn at det blir ein kjempekul øvelse
  24. Møtte min sambuar gjennom Tinder, og fikk han utruleg nok til å flytte 3 timar opp hit til meg Det er (var i vert fall) ein gratis app, så den var heilt grei syns eg. Diverse grums, men det trur eg ikkje man klarar å unngå heilt uansett
  25. Er veldig glad i Haqihana 3m kobbelet mitt. Krok i begge endar og ring i den eine enden om ein ønskar eit kortare kobbel. Mjukt, lett og av god kvalitet
×
×
  • Opprett ny...