Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Bellare

    Dogs4All

    Åååh, er det noke også! Må sjekke opp i det
  2. Bellare

    Dogs4All

    Nokon som har gått LP på Dogs4All før, og som kan sei litt om korleis det er der i forhold til andre stevner? Tenker mest på om det pleier å vere fullstappa i hallen og sånn, mykje meir stress for hunden? Vi konkurrerar mest for gøy, og er inne på tanken å melde på når vi først skal østover dit då
  3. Sett nokre "Det store spranget", og saknet etter hest og riding kjem alltid snikande når slike seriar på slått på
  4. Etter 3 laaange veker er kelaburet endeleg ferdig ? No gjenstår kun å vente utålmodig på at det skal komme med posten. Berre håpar han sender det litt kjapt ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  5. Ho får vom og tørrfôr + masse godbitar iløpet av dagen når vi er ute. Får mat stort sett 3 gangar om dagen, der midtmåltidet består av enten vom eller tørrfôr ☺ Ingen oppkast i natt då ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  6. Litt usikker, er stort sett heilt i ørska og rekker ikkje sjekke før ho har gaffla det i seg igjen. Mandags morgon var det i vert fall ikkje kun magesyre, men rakk ikkje sjå om det var mat som kom opp. Stort sett rundt 22-23, men hender det har blitt seinare også, alt etter når vi skal legge oss. Har vert inne på den tanken også, men syns det er litt merkeleg at ho skal starte med det først no
  7. Lille Hera på knappe 3 mnd. har dei siste fire dagane kasta opp på natta/morgonen. Kan vere alt i frå ein til fleire gangar, men det er aldri ellers på dagen, kun før vi har stått opp. Tok det opp med veterinæren i går når vi var inne for vaksinering og helsesjekk, men fikk kun spørsmål om kva fôr ho går på (Canagan og vom), og det var det. Har hørt om dei som har opplevd liknande, og at fôrskifte har fått ein stopper på problemet. Men vil tru ho hadde starta kaste opp tidlegare også, og ikkje kun no dei siste fire dagane? Ho er ellers ein veldig livlig og aktiv kvalp med stor matlyst! Nokon som har tips til kva det kanskje kan komme av?
  8. Først tur til veterinæren for 12- vekers vaksine på Hera. Så tur med @Tipsi inn til Botnavatnet, var kortare enn eg hadde trudd, men passeleg for lille pirayaen Hera meinar gruppebilete er kjedeleg...
  9. Lille pirayaen har vist ein ferdig innprogramert fristå. Med litt godis i neven så klart, må jo ha belønning for strevet ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  10. Var med på match show som klubben arrangerte i dag, med Hera. Så ei kjapp LP økt med Catania og nokre andre, når match showet endeleg var ferdig. Fin miljø- og sosialiseringstrening med både bruningen og pirayaen i dag, begge godt slitne etter mange timar på arrangementet ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  11. Sambuar hadde hannhund når vi vart sammen, så der hadde eg i grunn ikkje så mykje valg. Men det går veldig fint. Litt pes under løpetida, men det overlever vi Sånn ellers foretrekker eg kun tisper under samme tak då, pga løpetida
  12. På tirsdag var vi med @Tonje og @Tipsi på tur til Svistølen, der ingen av oss hadde gått før. Er alltid gøy og utforske nye områder og gå i, spesielt når det er i nærområdet, og her var det riktig så fint. Lett kuppert, og veldig fint terreng utan dei bratte vestlandsliane. Og så er det alt for lenge sidan sist vi var så mange firbeinte på tur, no var det nemleg ein herleg bukett beståande av Whippet, Sheltie, Dachs, Etnahund og Elghund kvalp. Noko for ein kvar smak, med andre ord Ørene Birthe prøvar og stille opp småtassane... Gjer seg klar for å springe... Resultatet Blaze, Felix, Catania, Hera og Flipp Ein som ventar tålmodig på at resten av gjengen skal komme etter. Det høgste punktet på turen Framme ved Svistølen. Husa og løa/fjøsen her var litt creepy Flipp er så kul med alle uttrykka sine Her ser vi heilt inn til Førde.
  13. På tur til Svistølen med @Tonje og @Tipsi i går. Men når man skal ta gruppebilde av alle bikkjene på tur... 3... 2... 1
  14. Har Gustavsberg kjøkkenkran/blandebatteri på kjøkkenet, med ei svært så irriterande barnesikring(?). Må stå og holde på krana for at det skal bli skikkeleg varmt vatn, slepper vi opp går den tilbake til midtstilling og det kjem kun lunka vatn. Ikkje så veldig ideelt når man skal ta oppvasken... Har googla meg gal på det i dag, men finner ikkje stort som hjelper. Nokon som kjenner til problemet og som veit korleis eg får fiksa det? Det var dessverre ikkje eit spørsmål vi tenkte på og spør dei forge eigarane av huset om
  15. Tenk at verdens beste bruning fyller heile 4 år i dag Må mimre litt frå kvalpetida Første dag i hus.
  16. Vert oppe sidan 04 for og vere med sambuar på jakt, første gong for min del. Dessverre var vinden litt feil og dyra forsvant til vi var komt på "post". Satse på betre lykke til helga, så kanskje eg får felt min første hjort
  17. I helga hadde vi to stykk NEG kvalpar i hus. Foreldra til sambuar var på besøk, og hadde med sin kvalp, Ronja, som er 12 dagar eldre enn Hera. Så då var her liv i heimen! Men for ein stor forskjell på dei to kvalpane, var nesten litt fascinerande. Mens Hera er av den tøffe typen som tek det meste på strak pote, var Ronja av den meir forsiktige typen. Hørtes blant anna ut som at ho var døden nær når @Tipsi med Flipp kom på besøk for å aktivisere småjentene litt, han var nemleg kjempeskummel i begynnelsen. Men det gikk seg til etterkvart Hera har ellers blitt superflink når det kjem til innkalling. Kjem, stort sett, som ei lita kule når vi ropar, så sant vi har snop i vert fall. Med mindre ho er veldig opptatt med noko veldig spennande då. Og så må sambuar få skryt for at han har blitt superflink til og ta med godbitar ut Tissinga inne har også komt seg veldig. Er ikkje lenger hundre-og-ørten uhell inne, men eit par uhell er å forvente. Urinprøva som vart levert til veterinæren viste forresten ingenting galt. Og på søndag skal ho vere med på klubbens Match show. Og i november blir det kvalpeshow Ronja (med rødt halsbånd og line), Hera og Flipp Hera over Flipp Ronja, Flipp og Hera Ronja, Flipp og Hera Flipp og Ronja Ronja, trur eg Måtte jo prøve oss på litt oppstillingsbilder. Ikkje enkelt! Hera og Ronja Bestisane Hera har begynt og bli litt langbeint i forhold til Flipp
  18. Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  19. Fint med litt fred og ro i heimen innimellom også ? Ronja sitter og ventar på noko godt. Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  20. Svigers er på besøk og har med seg sin lille grå, og som om det ikkje var liv nok i heimen med ein sånn liten sak, så er her no to stykk i helga ? Er knappe 2 veker som skiller dei, så dei leikar og herjar rundt som aldri før. Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  21. Blir liv og røre her i helga, med heile 2 NEG kvalpar i hus, den andre 12 dagar eldre enn vår. Stakars Catania som ikkje likar sånne små, dei er berre ekle nemlig... Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  22. Følger og følge fru blom, pleier å stikke nasa innom retrieveren.com sånn i ny og ne. Handlar om trening og konkurrering i lydighet, rally lydighet og retrieverjakt, og ellers kvardagslege ting med to Flatcoated retrievere.
  23. Skjer med at folk må parkere i sjølve innkjørselen til huset, og dermed sperre meg inne, i staden for den store parkeringsplassen vår like ved? Dumme rørleggaren har stengt meg inne... Får forstyrre gravinga hans her ute etterpå då
  24. Det er god skikk at hundeklubbene spør raseklubbene selv om det bare er valpeshow. Og jakthundklubbene sier nei, for man ønsker ikke at mr og ms generell kan ikke rasene overhodet, skal dømme valp en gang [emoji4] Fått svar om at det berre er å melde på, men må gjere det via mail. Så då blir det eit kvalpeshow på monsteret før ho går som junior til neste år ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
×
×
  • Opprett ny...