Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Så med andre ord bør eg kanskje gå litt opp i pris, for og få eit kamera av kvalitet og som varer lenge? Kunne jo kjøpt meg masse nytt til speilrefleksen for alt det
  2. Sidan speilreflekskameraet er blytungt og er som å bære med seg ein murstein på tur, ønsker eg eit nytt digitalkamera, som eg kan ha med på fjellturar. Har eit gammalt Sony kamera, men det er dårlegare enn mobilkameraet Nokon som har tips til gode digitalkamera, som ikkje kostar skjorta? Type 2000,- burde vel holde i massevis (håpar eg) Edit: Bør kunne filme med det også
  3. Vannskål til type Kelabur, med skvulpekant? Finner kun utan, einaste er variocageskåla, men festet der passar ikkje til kelaburet
  4. Litt bildespam av Hera, frå den siste tida. Og om ein knapp månad er det duka for kvalpeshow (og LP på bruningen) på Stord, er veldig spent på korleis det kjem til og gå Gruppebilde ved Botnavatnet, det ville ikkje HeraBagera vere med på Ei veke sidan, ved Haugabreen. I dag, på Fauskevarden. Blitt mørkare og fått meir teikningar på kun ei veke Hera var med på FBHK si utstilling på søndag, det var slitsomme greier det!
  5. Stille og roleg i heimen med to stykk slitne bikkjebeist etter fjelltur Tredjemann ligger i gangen, der det er kjøligare, og furtar fordi han ikkje fikk vere med.
  6. Rundt 4 timar i fjellet med @Tipsi og dei firbeinte i dag. Bikkjene vart belønna med litt godis på toppen, mens vi tobeinte vart belønt med vakker utsikt. Vestlandet på sitt beste med slikt vær og med den utsikta altså
  7. Den bør voktast med ho i nærleiken! [emoji23] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  8. Ho hadde sikkert lett blitt med om du hadde lokka med litt godis [emoji23] Alle med snop, eller mat generelt, er hennar beste venner for livet... håplaust tilfelle [emoji57] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  9. Haha! Ho vart i vert fall veldig glad for at nokon endeleg ville gi ho litt oppmerksomhet også, og ikkje kun dei ekle små [emoji12] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  10. Han er ikkje den einaste [emoji23] Altså, no hadde eg ingen aning om kven du var, så veit ikkje kven det var kleinast for eg [emoji85] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  11. Og godt var det, for no er godbitlageret fylt opp med diverse for ei lita stund
  12. En stykk veldig sliten kvalp på utstilling i dag Nesten litt overraska over kor roleg og avslappa ho var, sjølv om det var litt skummelt når vi skulle inn i hallen. Kanskje ikkje så rart, for der var griseglatt for dei firbeinte. Men note to self; ta med bur når ho skal på si første utstilling i november. Ellers må eg vel slepe ho rundt i ringen Er fint med ein stille og roleg kveld (forhåpentlegvis) utan for mykje kvalpefakter. No ligger i vert fall ho og bruningen og purkar og søv
  13. Tur til Haugabreen i dag. Vart 4 timar, inkludert småpausar og ein lengre stopp oppe med breen. Nydeleg fint i fantastisk haustvær [emoji16] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  14. Det hadde nok ikkje han her heller gjort, men resten av laget hadde gitt seg og reist heim, så var kun han og svigerfar igjen. Litt tungt å skyte ein okse på x kilo og slepe den med seg utan sekshjulingen [emoji23] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  15. Sambuar, som liksom ikkje skulle komme heim igjen frå elgjakta før på onsdag, kom brått kjørandes inn på tunet og overraska meg med å komme heim nokre dagar tidleg + med ein stor bukett roser
  16. Bellare

    Fjelltur EFIT

    Så deilig å endeleg vakne til blå himmel og stor sol! Våkna rundt 9, og vi var litt usikre på om vi skulle orke og stå opp... Klokka 10 var vi komt oss opp og ut, så då fikk gakkane litt frukost. 11 - Husarbeid på gong. Lagt sammen klær, hengt opp klær, lagt på plass klær, støvsuga og satt på oppvaskmaskina. Litt over 12 var vi komt oss ut og var på veg til Førde for fjelltur. Tåka/dampen over heile førdefjorden var ganske fascinerande! 13 - På veg opp mot Viafjellet, saman med @Tipsi og @Tonje Rundt kl 15 var vi komt oss på toppen! 16 - Tonje vart dårleg og gikk i forvegen ned igjen, så eg og Birthe streva oss ned på eiga hånd. Er superpingle på slike gjørmete og glatte områder, når det i tillegg er bratt, så gikk i sneglefart Fortsatt på veg nedover. Rundt 18:30 hadde man fått tatt seg ein god og varm dusj, ete eit ostehorn og Catania krølla seg godt saman på ullteppet i sofaen. 20 - Ser Hunger Games og slappar av på sofaen. 21 - Dagens middag/kvelds, beståande av en stykk heimelaga polarbrødpizza som vi hadde i frysen 22 - Catania har blitt pakka inn sidan sist, men søv enda. Straks fôringstid for Catania og gakkane, så blir det snart loppekassa tenker eg
  17. Ender er merkelege dyr altså. Har utvida utegården med kompostbinger som eg har stripsa saman, slik at dei har tilgang på friskt, grønt gras (må jobbe for føda og klippe litt plen nemleg ), men har den slik at eg kan stenge dei inne i den opprinnelege utegården der det er nettingtak. Men om dei er pinglete, ekstremt knytta til utegården sin, eller berre ikkje takknemlege, veit eg ikkje heilt, men dei er uansett ikkje så stor fan av og gå ute på det nye området. Så i dag tidleg fikk dei, som dei har fått før, litt frukost der ute i dag. Så når dei skulle få kveldsen sin i sta, kom alle springande ut dit og venta i spenning på at maten skulle komme. Den hadde eg dog kasta inn i utegården som er med nettingtak, sidan eg skulle stenge av for natta. Ein av endene går inn dit og stiller seg oppå(!!) maten, og skjønar fortsatt ingen verdens ting. Fikk jaga resten av gjengen inn, også dei sto nærmast oppå maten, og det tok evig lang tid før dei oppdaga at kveldsen faktisk var servert Frå i dag tidleg. Skal utvide enda meir når sambuar kjem heim igjen med kompostbingane han tok med seg på jakt
  18. Sitter under teppet med Catania som varmeovn, og ventar på at han "Karl" skal komme på besøk. Opptil 90mm regn fram til i morgon tidleg, tjohei!
  19. Bellare

    Dogs4All

    Oida, det hørtes noko rotete ut... Men har lp-ringane pleir å vere i eksteriørhallen? Sist eg var der, var det nærmast folketomt og veldig stille rundt lp-ringane nemleg, men det er eit par år sidan Kan ikkje sei ho er erfaren, då vi kun har gått eit par stevnet i året. Men ho har alltid takla det fint, så langt Det største problemet er nok meg og nervane. Men dei er ekstremt tilstedeværande sjølv når det berre er eit lite stevne som her i området
  20. Bellare

    Dogs4All

    Blir så usikker eg. Ho har vert med på dogs4all 2-3 gangar tidlegare, utan å bli noko påverka av alt som skjer, anna enn at ho forståeleg nok blir veldig sliten etter mange timar der. Ho er super på trening blant mange andre, sjølv til tross for bikkjer som stikker og brått springer tulling forbi, ikkje at det kan samanliknast med folkehavet på Lillestrøm då Vi skal gå eit stevne helga før, men hadde jo vert morro og kunne få med seg enda eit stevne, sidan det truleg blir våre aller siste før dei nye øvelsane kjem *gruble gruble*
  21. Kelabur. Kom endeleg i dag, så var berre å sleppe alt og kjøre avgårde og hente, når eg fant hentelappen i postkassa ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  22. Bellare

    Dogs4All

    Ingen krav til 1. Premie frå tidlegare i år ? Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  23. Trene litt blodspor etter gammalt, saman med @Tipsi, på søndag. Ho var også så grei at ho knipsa litt bilder av Catania og meg med kameraet mitt Må prøve og få trent litt blodspor også framover, og ikkje kun lydighet, og håpe ho blir like flink som ho var, før ho brått kobla heilt ut i fjor. Viktig med leik og morro etter funn av skanken Verdas lekraste "stå"
×
×
  • Opprett ny...