Gå til innhold
Hundesonen.no

Mellsjøhøgda's Xotic Illusion - Junah


Recommended Posts

Skrevet

Ikkje lenge igjen til Junah er 4 mnd. Derfor feirer vi førjula med nokon bileter i snøen!

Junah fant ut at ein kan springe opp ein bakke og ake ned igjen. Dette vart ho aldri lei!

IMG_4148.jpg

IMG_4098.jpg

IMG_4175.jpg

  • 3 weeks later...
Skrevet

Då var Junah passert 4 mnd, og tenkte eg skulle slenge på nokon nye bilete av dette! :)

Ho har no byrja å verte veldig rampete og elskar å gjere ting ho veit ikkje er lov. Energinivået har stege betraktelig, og det kan me nok også takke dei lange føttene for! :)

Øyrene er no byrja å røyse seg, og tenner dett ut ei etter ei. Så nå er kroppen byrja å kome godt i gong med utviklinga. Junah er også utrulig glad i snø!

IMG_4595.jpg

Junah4mnd1.jpg

Skrevet

Så utrolig herlig :wub: Aking i snø er kjempegøy :) Ganzie fant ut at potesokkene gjør at hun sklir godt på skareføre, så gjett om hun hadde det gøy i jula :) Børnet rundt og skrenset på stive føtter bortetter veien :) Sheltier er herlige dyr :ahappy: Veeeldig valpesyk :aww:

Skrevet

Så utrolig herlig :) Aking i snø er kjempegøy :P Ganzie fant ut at potesokkene gjør at hun sklir godt på skareføre, så gjett om hun hadde det gøy i jula :) Børnet rundt og skrenset på stive føtter bortetter veien :o Sheltier er herlige dyr :o Veeeldig valpesyk :P

Så herlig! Kanskje eg får kjøpe Junah potesokker så ho også får meir fart! :P

  • 3 weeks later...
Skrevet

For en fin sheltie!

Digga uttrykket på bildet hvor hun er i sofaen. Ser ut som en skikkelig luring hun der :rolleyes2:

Skrevet

Takk for fine tilbakemeldinger! Det gleder! :getlost:

I dag er Junah 5 mnd. Ho vert meir og meir aktiv for kvar dag som går, men også meir konsentrert når me trenar! :D

Her er nokon få bilder av ho tatt i dag:

IMG_5286.jpg

IMG_5299.jpg

blogg%2B%25283%2529.jpg

  • 5 weeks later...
  • 1 month later...
Skrevet

No er Junah vorte ei stor jente. Ho vert 8 mnd om nokon få dagar. Det ser ut til at ho vert ei litt stor tispe. Me målte ho når ho var 7 mnd gammal, og då var ho 38,5 cm høg. Øyrene har stabilisert seg, og Junah har byrja legge vegg kvalpefaktene og gått over til å vere ein kjekk unghund. Me har trent vekk ideen om å jage bilar også heldigvis. Det gjekk relativt fort å forstå. No har ho også fått vere med på sin fyrste fjelltur, og har vore der ein del gongar i påska. Ho har også fått gått på ski (ved sidan av altså) og møtt mykje folk. Ho har hatt tendensa til å vere redd folk, men no er dette byrja kome seg mykje! :)

DSC_0079.jpg

IMG_7649.jpg

  • 2 months later...
Skrevet

No er det vel på tide å plage dykk med litt meir oppdatering om Junah!

Ho har no fullført kvalpe og unghund kurset, og kan grunnleggande kvardagslydigheit (dog ho fortsatt er litt sta på innkallinga, men me kommer dit!). Ho har også hatt si første løpetid, noko som gjekk ganske smertefritt føre seg. Merka så vidt den var til stades. Ho er også byrja å ta litt igjen, og let ikkje Anja få bestemme alt. Ho har også vorte betrakteleg betre i forhold til folk. No lograr ho på dei fleste ho ser, sjølv om ungar kan ennå vere litt skumle om dei spring og bråkar! Her er nokre bilete:

IMG_9733.JPG

IMG_9343.jpg

(skikkelig sjarmtroll)

Skrevet

Herlig blinkskudd det siste bildet! Ser ertekroken rett baki der også det uttrykket på henne a gitt :lol:

Hunden bak var forresten veldig lik blandingsen min på det bildet der!

Skrevet

Herlig blinkskudd det siste bildet! Ser ertekroken rett baki der også det uttrykket på henne a gitt :lol:

Hunden bak var forresten veldig lik blandingsen min på det bildet der!

Anja erter på seg alt og alle! :)

Hvilken blanding har du, har du bilde? :D

Ellers takker jeg MYE for all fin tilbakemelding. I mine øyne er hun jo en av verdens beste (sammen med Anja er de verdens beste :P ) !

  • 4 weeks later...
Skrevet

Tenkte å legge ut nokre sommarbilete av Junah!

Junahlita.jpg?t=1312399488

Dette er frå 11 mnd dagen hennar..

IMG_0213.jpg

Junah er veldig glad i vann. Her blåser hun bobler i bassenget sitt:

IMG_0279.jpg

Som ein god kombinasjon til vatn, elskar ho også alt som er skittent, her i full gang med en moldhau:

IMG_0461.jpg

Til slutt legger eg til bilete av min vesle blomsterpike:

IMG_0151.jpg

RED: fiksa bildestørrelse :)

  • 4 weeks later...
Skrevet

Eg må nesten oppdatere frå gårdsdagen, då fylte Junah 1 år!

Junah+8+veke.jpg

Her er Junah 8 veker..

Junah+6+mnd.jpg

Her er ho 6 mnd, og har forandra seg MYKJE..! :)

Junah+1+%C3%A5r3.jpg

Her er bilete frå gårdsdagen, då var Junah eitt år gammal! Herlig å sjå korleis ho har utvikla seg!

No ser eg fram til meir tid saman med verdas herligaste sheltie! :D

  • 1 month later...
Skrevet

Nåer Junah heile 1 år og 2 mnd. Røyter ho meir no, har ho ikkje pels igjen. Eg synes ho ser litt ut som en skabbrev, en søt en sådann. Her er litt bilder fra hennes absoutt minst hårete tid!

IMG_1721.jpgIMG_1734.jpgIMG_1490.jpgIMG_1482.jpg

  • 7 months later...
Skrevet

No er det ei stund sidan eg har oppdatert sida til Junah. Mykje har skjedd sidan sist. Junah fyller snart to år, og frå september i fjor har me vore aktive innan konkurranselydigheit. I vår tok me bronsemerket, og håpet er å stille i klasse 1 til hausten. Me har også meldt oss på vår fyrste utstilling og vore gjennom mange gode kurs innan utstilling og agility denne våren. Her er nokre bileter som oppsummerer Junah det siste året! :-)

IMG_1270.jpg

Familia vart utvida i haust, med denne lekre karen i midten. Dette er Really, som også er ein Mellsjøhøgda! :-) Junah syns han er ein kjekkas!

Junah18mnd1.jpg

Junah kom seg vel gjennom 18 mnd dagen sin. Har også lært kva STÅ er for noko, endeleg ;-)

ag-kurs+2012+029.jpg

Både eigar og hund storkosa seg på agilitykurs tidlegare i vår. Det vert mykje på heimebasis.

Junahkurs3.jpg

Men mest av alt trivast me innanfor lydigheit.. Det er liksom der den vesle bobla har vandra det siste året. Me har lært mykje av alle dei herlige folka rundt oss. Stor takk til Ørsta Volda Hundeklubb for det! Eg skal i ettertid verte flinkare å oppdatere tråden her! :-)

  • 2 years later...
Skrevet

No er det faktisk nesten 2 år sidan eg var på hundesonen sist. Det har nesten vorte litt gløymt opp i alt anna. Men no er eg då forhåpentligvis tilbake. Mykje har skjedd sidan sist med Junah. Me har rykt opp i klasse 3 i rally, og no er Junah på tjukka med termin 20. juli. I Januar var me også til fotograf. Tenkte eg skulle dele nokre bilete der ifrå! :)10245548_10154083264835585_71756319319221016895_10154083269760585_99151302219367

  • Like 4

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


  • Nye innlegg

    • Det er mange som har hund og katt sammen, men det kommer helt an på individene, rasene og tilvenningen. Det høres ut som du har kommet litt skjevt ut allerede, og som sagt tror jeg det kan bli krevende. Når du ikke har kompetansen selv til jeg anbefale å få hjelp (direkte, annet enn tilfeldige på nett) fra noen som kan komme og hjelpe deg der du er.
    • Er det noen som faktisk har fått til å få katter og hunder sammen?  Er bare redd det blir ett vanskelig prosjekt. Og hvor lenge bør man holde på å prøve å få det til?
    • Jeg ser at det står haket av som jakthunder på NKK rasevelger.    Er det da retriever og spaniel som har minst mulig jaktinstinkt da?   Skal prøve å få hundene til å slappe av når de ser pusene.
    • De er også varslere så jeg bjeffer dessverre lett.
    • Jaktinstinkt er litt ulikt hos ulike raser. Gjeterhunder, og jakthunder som er avlet for å "drive" vilt og jage på egenhånd har høyest jaktinstinkt og har lettere for å jage dyr. Jakthunder som er avlet for å samarbeide tettere med fører, som for eksempel retrieverene og spanieler som er avlet for å apportere vilt, har jaktinstinkt, men er også ofte lettere å kontrollere rundt dyr. Selskapshunder, vokterhunder og ulike andre raser har jevnt over mindre jaktinstinkt. Men opprinnelig har alle hunder noe jaktinstinkt, og det vil variere med individ også. Jeg tenker at du kan ha fordel av å kontakte en hundetrener som kan komme å se hundene og hjelpe deg med et opplegg for tilvenning så hundene kan lære seg å slappe av rundt kattene. Å bare la de stå og bjeffe og bråke vil gjøre det verre. Du må jobbe aktivt med at hundene skal slappe av når de ser kattene. Ideelt sett på god avstand først, og nærmere når de takler det bedre. 
  • Nylig opprettede emner

×
×
  • Opprett ny...