Gå til innhold
Hundesonen.no

Meg og min(e)!


plutte

Recommended Posts

Har vore medlem ei stund, men har aldri kome igang med presentasjonen. Kanskje på tide. :lol:

Mari heiter eg, bur i Bergen med vanlig tobeint sambuar, det store hårete dyret og fire mindre, men like hårete pelsballer. Og tre døde fluger i taklampa. Har budd på gard store deler av livet, og litt rundtomkring. Er pga sjukdom ikkje i jobb men håpar å kome tilbake om ikkje altfor lenge.

Pelsdyret er av delvis ukjent alder, fått gjennom finn.no. Han var opplyst som åtte år med bursdag 23.september. Kort tid etter at me fekk han var me til dyrlege for vaksinering, og fekk beskjed om at han kanskje/truleg ikkje var meir enn fire. Fekk ved hjelp av forrige eigar tak i eigar før det (han har vore litt omplassert), denne fortalte at ho hadde hatt dyret i ca 5-6 år, og at ho fekk han frå dyrebeskyttelsen som hadde tippa alderen hans til ca 1,5-2. Offisielt seier me at han er 10 år, med mulighet for at det er noko mindre.

Han skal etter sigande ha vore mishandla den første tida, og ha blitt funnen vandrande gatelangs i Bergen nokre gonger. :lol:

Han skal vere, og trur det stemmer, ein blanding av 50% border collie, 25% labrador og 25% rottweiler. Han var tynn og pjuskete då me fekk han, ca 22-23 kg men er no heile 28kg med (nesten ingen) svulmande musklar. Vinteren/våren 2010 fekk han påvist prostataproblemer og vart kastrert, nokre månader seinare påvist lavt stoffskifte og skal no få medusin i leverpostei to gongar dagleg resten av livet, hvilket eg trur han er godt fornøgd med!

Bamses problem, for ingen er perfekt, er andre hundar. Han har veeeeldig lyst til å hilse på/leike med andre hundar, men skjønar ikkje heilt korleis han skal gå fram. Han har fått litt juling gjennom åra av andre hundar, reknar med det er ei orsak til problema. Tvilar på at han har fått den sosialiseringa han burde ha fått når det gjaldt som mest. :P

Han er skikkelig god som fotstøtte og varme-under-dyna kilde. :lol:

P7036410.jpg

Pelsballane er berre små og søte og deilige koseklumper av denne typen ->

marvel6-1.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...