Gå til innhold
Hundesonen.no

Berre meg!


Gjest

Recommended Posts

Hei!

Eg heiter Clementine (heilt sant) og er ganske ny her på sonen. Foreløbig har eg ingen andre enn meg sjølv å presentere, men tenkte eg skulle gjere det likevel. :whistle:

Eigen hund har alltid vore den store draumen, men har til no vore uaktuelt grunna bu- og familietilhøve. No er dette heldigvis i ferd med å endre seg, så eg reknar med å kjøpe min fyrste eigne hund innan eit par år. Det er utruleg spanande å ha teke denne avgjerdsla, så eg brukar for tida kvart ledige minutt til å lese, undersøkje og lære. Eg har alltid hatt lyst på stor hund, men rasen er ikkje heilt bestemt enno. Håpet er at eg klarar å velje den perfekte rasen for meg, og er så førebudd som råd når den store dagen kjem. Inntil då kjem eg nok til å spørje og grave mykje, så eg håpar de er tolmodige... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk og takk :whistle:

Dei rasane eg vurderer sterkast no er Grosser Schweizer Sennenhund (heller denne enn Berner grunna mindre pelsstell) og Engelsk mastiff. Eg har slått frå meg fleire av draumerasane mine, då mange av desse (t.d. schäfer og dobermann) er brukshundar eg ikkje vil ta på meg som fyrstegangshund. Eg satsar på ein "mjukare" rase fyrste gongen. Elles har eg alltid drøymt om Irsk ulvehund og Grand Danois - men denne draumen ventar eg med til eg ein gong er fastbuande med stor boltreplass... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen hit!

Vil bare påpeke at grosseren krever noe mer enn berneren, og de har også til dels sterkt vokterinstinkt. Til dels grunnen til at vi ikke endte opp med den selv... Jeg ville ikke har karakterisert rasen som spesielt "myk", uten at jeg har erfaring med den selv (men har lest en del, fordi jeg gjerne ville ha den). Utrolig flott hund da, så veldig positivt om det kommer flere av de!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det :whistle:

Eg har forstått at grosseren er ein meir krevande hund enn berneren, men føler framleis at eg har mykje til gode å lære om han. Så eg undersøkjer vidare, alltid spanande å lære om ein rase sjølv om det viser seg å ikkje vere den rette :) kva hund endte du opp med?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivert

Dette emnet er nå arkivert og stengt for flere svar

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive


×
×
  • Opprett ny...