-
Innholdsteller
424 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Articles
Alt skrevet av Sirius
-
Alfred digger eg når hundar heiter!!
-
Hei! Eg har no i hus ei sheltietispe som er 10 veker. Når folk kjem på besøk heime eller ein annan stad ho kjenner godt spring ho mot dei å lograr. Ho er ikkje sånn oversosial og skal kosast med, men nøyer seg med nokre høflige snus medan halen(heile kroppen) går. På meir ukjente stader virka det å bli for mykje. Då er ho i alle fall veldig skeptisk til framande. Det er berre fire år sidan sist eg hadde kvalp, men husken forsvinn fort. Hit til har eg brukt godbit eller leike for å prøve å gjere ho meir trygg. Eg kastar godbiter nærare framande, den framande har godbiter sjølv som dei lokkar med, me leiker rundt framande, eller let den framande leike med kvalpen. Er det nokon som har fleire gode tips eller øvingar i prosessen mot ein kvalp som skal like folk? Vil så gjerne skape positive forventningar til mennesker. I tillegg skal jo denne hunden på utstilling etterkvart.
-
Kvar skal du ha kvalp frå?:-)
-
Junah og Anja skiller veldig fint mellom namna sine. Forskjellig trykk hjelp nok. Men du har kanskje eit poeng med at eit tredje vert forvirrande. Har måtta tatt vekk ein god del på lista fordi det er for likt.. Då er jo Dis eller Bris heilt perfekt! ;-) Nei, uttalast "Mera" i mitt hovud. Likar egentlig godt måten Bris ligg i munnen. Einaste å trekke på den er at det mogleg vert for "mandig"..
-
Likar grunngjevinga di SandyEyeCandy! Yoshi har eg no slått frå meg , men på tur i dag kom ei lita utfordring til navna mine. Bris har gitt litt utfordring til Dís..!
-
Endelig høyrer eg og til i kvalpegjengen 14! Behold jo ein frå mitt eige kull, så slapp ventetida, men kvalp er kvalp!
-
Eg er sånn ultimat zelda fan. Så spelar alt av zelda spel. I tillegg er jo Mario (i form av kart, party, bros eller smash) supert. Vidare har eg sansen for Red Dead redemtion og held no på mee assasins creed black flag. Så det går hovudsaklig i wii og ps4. No kjem jo snart hyrule warriors! :wub: 3DS kjem i bruk på tur! :-)
-
Mi er berre 9 veker, men gal piraja på kvelden. Ho må roast ned enten ved at eg held ho i ro eller sett ho i kvalpegrind. Då sovnar ho tvert..
-
Det kan hende! Her er veldig mange gode forslag, men no har eg slakta ned til tre navn eg likar godt (med mindre draumenavnet dukkar opp i helga). Eg må byrje kalle ho noko, så no har det kokt ned til: Meera (tyder sjø/hav, + for karakter i GOT) Dís (finn ikkje tyding, einaste kvinnelige dverg i lotr, slekta nok til det norske ordet disig) Yoshi (eit gladnavn) Kva hadde de valt?
-
Yuki er eit navn eg likar kjempe godt, men så har det seg slik at katten til søstra mi heiter det, og då er det på ein måte "brukt"! :-( Det er fint, men har dårlige assosiasjoner med det navnet! Vert vel litt annleis for dykk ja.. No er jo sheltien frå Shetland, og der er vel ikkje eit anna språk enn engelsk, men kunne mogleg brukt eit keltisk navn. Eg likar når navna betyr noko, og ikkje berre vert eit navn.. Meera er jo eit greit navn, men føler det er ikkje heilt der. Er Meera er jo eit greit navn, men føler det er ikkje heilt der. Er sååå usikker og kresen.. Lista til vurdering no er Tsuki, Aisha, Miyah, Piper, Meera, Yumi, Cola, Yoshi, Luka..
-
Ja!! Masse forslag i rett kategori!!:-D Dei eg har plukka opp foreløpig er; Dayo Loo Yua Og så lurte eg på Miya (kuttar då ut barnedelen frå miyako. Kom gjerne med fleire forslag..! Andre navn eg har på lista er Aisha, Yoshi, Tasha, Rin, Sugoi, Yoro, Cheza.. Men har ennå ikkje truffet det riktigw føler eg..
-
Då var dei reiste. Arya har no funne seg godt til rette i Bergen og har fått nytt navn; "Happy". Sansa vart henta tidlegare i dag, og drog til Ulsteinvik med sitt nye navn "Lilli". Meera vert verande her hjå meg, og får mest sannsynleg også eit nytt navn, viss eg finn ut av det vel og bemerke. Så no er kvalpekassa rydda vekk, og stillheita breier seg over leiligheita. Det har vore blod, sveitte og tårar, men jammen har det vore mest gleder. Det gav virkelig meirsmak, og både eg og Junah har storkosa oss. Tusen takk til dokke som har følgt tråden vår! :-)
-
Sist eg kjøpte meg kvalp fekk eg hjelp her inne til å finne eit spesielt navn, som eg fortsatt ikkje kjenner nokon andre som bruker. I tillegg hadde det navnet ei god betydning som passa godt til kvalpen. No sit eg her igjen, med ein ny kvalp og kvenner og kvenner på navn, men vert aldri fornøgd. Dermed prøver eg igjen med hjelp her inne. Dei to andre hundane heiter Anja og Junah. Desse to navna er dermed utelukka. Hunden som skal ha navn er døtra til Junah og heiter Awesome Meera på stamtavla. Eg kunne gjerne tenkt meg eit fancy navn som betydde noko klisje som "glede", "lykke" og andre passande navn til ein vilter og glad kvalp. Eg likar godt japansk, men har ennå ikkje funne det rette. Slenger med eit bilete av kvalpen, så kanskje de får litt inspirasjon:
-
Gratulerer!! :-)
-
Kvalpane 8 veker - eventyret er snart slutt! :-( Åtte veker er gått sidan desse tre små kom til verda. Åtte veker har gått fort, men du kva me har opplevd på denne tida. Dei to fyrste vekene var det ikkje mykje liv i kassa. Då var det hovudsakleg å passe på at alle fekk i seg mat, og virka friske. Mot veke 3 starta det å kravle, mot veke 4 kom beina under, i veke 5 sprang det, og veke 6 tok det av. Utviklinga gjekk fort. I veke 7 sprang de fortare, var raskare, var meir nysgjerrige. Og no står me her, på det magiske talet 8. Snart skal de forlate dykkar kjente omgjevnadar å finne "roa" i ein ny heim. Den siste veka har de fått vore på ekskursjon til Oslo. Jammen var det spennande å få springe tulling i Stryn, på Otta, på Lillehammer og til slutt i hagen i Asker. Så fekk de vere med i konfirmasjon. Der ville jo alle sjå dykk, og dokke herja rundt dei. De fekk treffe ein hund, og de fekk oppleve ei fotballbane. Opplevingane var mange. På vegen heim fekk de herje på Valdresflya. Det var stor stas. De var flinke å sove i bilen, så de hadde alt for mykje energi, også når me kom heim. I veka har me prøvd å oppleve mest mogleg. Vore med på kvalpekurs, tysdagstrening. Onsdag fekk de oppleve dykkar fyrste visitt til dyrlegen. Der fekk de helsesjekk, vart augelyst og chippa. No er de rett og slett registrerte. Eg trur nok det var litt ekkelt hjå dyrlegen, men ingen skade skjedde, så alt i alt vart det nok ei positiv oppleving! I dag har gjengen sprunge på agilitybana i Ørsta. Der møtte me også Thareq. Det var ein modig gjeng som prøvde seg både på stigen og møna. Eg sprang berre rundt å prøvde å fange galne kvalpar i lufta så dei ikkje skulle slå seg. Dette var nok siste ekskursjonen me fekk saman alle 3. I morga reiser Arya, søndag reiser Sansa. Det vert bra tomt i heimen etter kvart. Arya. Tøffingen med mjuke sider. Hard utanpå, men mjuk inni. Pågangsmot og vilje, og utruleg rampete. Den fyrste som reiser. Heldigvis er ho van med bil, sidan ho skal heilt til Bergen. Der får ho det nok veldig fint! Meera. Lisjejenta mi. Ho reiser ingen stad med det fyrste. God som gull, lukkeleg og glad. Oppsøker og finner ut. Utbrytarkonge og rampunge. Håper eg skal få gje deg ein real heim. Sansa. Kosejenta med stort hjarte. Loyal og god. Sansa flytter til ny heim i Ulsteinvik på søndag. Der vonar eg at ho får alt ho treng og får det godt.
-
Måtte nesten dele dette også! ;-)
-
KVALPANE 7 VEKER! I dag fyller kvalpane heile 7 veke. Tida går så alt for fort, og om ei veke skal dei ut i den store verda å finne sine nye liv, aleine. I veka som har gått har sosialisering og miljøtrening vore prioritet. I helga hadde me besøk av ein mops. Denne syns alle saman var veldig rar, og mopsen såg helst den kunne få reise heim snarast råd. Etter besøket reiste eg og kvalpane bort til Amfi i Ørsta. Der slo me oss ned med kvalpegrind og leiker berre for å sjå på livet og venne oss til miljøet rundt oss. Det passerte masse ungar, vaksne, hundar og ikkje minst syklar. Nokre var så heldige dei fekk stoppe å halde dei søte små. Energinivået har vore på topp heile veka. Mandag var dei med på kvalpekurs. Her fekk dei trene litt på å gå i band, og sjå litt på når andre trente hundane sine. Tysdag var det ny Tussatrening der alle måtte ta på og kike på gjengen. Der fekk dei også treffe mange rare hunda. Byrja å verte ok å vere der no. I går var me å sprang tulling på ei diger mark. I tillegg fekk kvalpane oppleve våte potar i elva. Sansa fekk eit ufrivillig bad også. Ho sprang rett og slett litt for fort ned ei skråning. I dag har kvalpane vore med meg på arbeid. Dei har då fått helse på 56 sjetteklassingar . Dette var litt skummelt, men vart etterkvart spennande. Nokre elevar fekk til og med eit lite slikk i fjeset. Etter skulebesøket fekk dei vere med i hagen til Mari i Ørsta, og i hagen til naboen for fotografering. Kvalpane har dermed møtt alt mogleg av folk og hundar denne veka, og dei styrar fortsatt på med eit enormt energinivå. Akkurat no i skrivande stund herjar dei vilt rundt seg i kvalpekassa. Arya er no tøffingen i kullet. Er ganske trygg på leik, sjølv på frammande stadar. Det vert nok utmerka å bruke leik som belønning på denne jenta. Ho tek lett nye utfordringar, og brukar kort tid på å venne seg til nye folk. Ho er nysgjerrig og "på" heile døgnet. Elskar å springe rundt å yppe. Meera er utbrytarkongen. Ho har hjulpe søstrene sine over dei mest utrulege hindringar. Kan mellom anna nemne at eg kom heim til 3 lause kvalpar i huset ein dag. Kan tru gangen var full i tiss og rot. Meera er veldig trygg og sosial. Ho likar også ein god leik, men er litt meir tilbakeholden på det enn Arya. Sansa er eigentleg ei real kosejente. Ho likar merksemda og nærleiken. Det er ikkje så viktig at alt er så hipt og aktivt for henne, så lenge nokon gjev ho ein deilig massasje. Ho er litt var på det nye, men smeltar etter kvart. Ho er veldig nysgjerrig på nye hundar, men tørr ikkje alltid å gå like nær.
-
Nå har eg sett berre startinnlegget, og anar ikkje kva folk har foreslått,men her er likevel nokre forslag; *Orange is the new Black *The Walking Dead *Breaking Bad *Game of thrones Er mine toppserier akkurat no.. Men dei er vel kanskje så kjente at du allereie har fått forslaget! :-)
-
Takk for det! Syns sjølvsagt dei er verdas finaste eg og!:-) Skal helse til ho eg!!;-)
-
Kvalpane 6 veker! I dag fyller det vesle kullet heile 6 veker. Leveringsdatoen nærma seg med stormsteg. Eg synes eigentleg det går alt for fort, og skulle ynskje dei kunne vere her lenger, men slik er det berre ikkje. Denne veka som har gått har dei byrja å utforske verda utandørs. Som eg skreiv i forrige blogginnlegg var dei på gardsbesøk på Bjørke. Dei har også byrja å vere utandørs kvar dag, på asfalt, på gras, på grus, på altan og så vidare. Variasjon er vel stikkordet. Deira nye favorittstad er hundegjerdet i Dalsfjorden. Der får dei herje fritt på innegjerda området. Her har mor deira starta opplæring av korleis ein skal leike, og korleis det fungerar dette med språk og slikt. Dei har det hivens der ute. I dag får dei ormekur gong nummer 2. Siste før levering. Arya har komt seg gjennom nok ei veke med nye utfordringa. Ho tek ting fort og tilpassar seg bra. Ho er nok ein av dei mest aktive, men det handlar ikkje om store forskjellane frå dei andre. Hopping og dansing og leik er det store i hennar hovud, den maten har ho nesten ikkje tid til. Meera har vorte ei lita lure. Dersom du sit på golvet skal du vere sikker på ho kjem å bit deg i tåa. Ho elskar å klatre, og er mogleg ein utbrytarkonge. Ho tek utfordringa på strak arm, og ser ut til å få ein kropp som egnar seg godt for utstilling. Sansa har vokse enda meir psykisk. Ho synes nye hundar er kjempe spennande. Ho har også nådd igjen dei andre i fysisk utvikling og er vidfaren og morsom. Ho tek gjerne litt kos dersom noken har tid, og ser på deg med sine bedårande auge.
-
*Bolemi (ein variant av boksen går) *Gi eit lite vink *Hjørnesisten *21 *Blitz og Politi *Blinkeleiken *Avisleiken *Mafia (kortspelet) Var slagera her på sunnmøre!
-
Eg kjenner ein del frå britiske linjer som har godt gemytt. Berre for å understreke at der fins britiske som er herlige!!
-
Noen som vet hvor jeg får kjøpt?- tråden
Sirius replied to IdaC's emne in Utstyr og tilbehør til hund
Eg kjøpte ei hundeleike på europris for 6 år sidan. Dette var ei stokkand med venger. Når du trykte på laga den andelyd. Den var på størrelse på ei and egentlig. Nokon som veit ein stad dei sel noko slikt? -
Kvalpane 5 veker! I dag er kullet 5 veker gamle. Som de ser på bilete har mykje skjedd i utsjånad. Denne veka har dei opplevd mykje, slik eg skreiv om i forrige blogginnlegg. Dei har også møtt katten skikkelig, prøvd halsband (dette brydde dei seg ikkje om) og vore saman med folk. No er det tre veker igjen til dei skal forlate reiret. Det vert nok litt vemodigt, men eg håpar dei får fine og flotte nye familier å tilbringe tid saman med! Kvalpane vart i dag registrert i NKK. Dermed er "oppdrettarnamna" klare. Dei vert som følger: Tispe 1: Arya Stark Tispe 2: Awesome Meera Tispe 3: Adorable Sansa A-kull og GOT-kull i eit og same namn. Arya (tispe 1) er fortsatt ei litt tøff og røff jente, som gjerne byr opp til leik i tide og utide. Samstundes har ho ei rolig og bedagelig side. Merksemd frå folk er kult, og leike med leiker saman med folk er aller best. Denne veka har ho utforska mykje, og er ofte den som spring mest tulling rundt. Så har me Meera (tispe 2). Ho har også vorte meir tøff i tryne siste veka. Glad i alle folk, og veldig interessert i å kome seg ut av kvalpekassa for å utforske. Det er jo dei forøvrig alle tre. Ho tek gjerne kontak med folket og bit deg gjerne i tåa. Ellers er ho lik seg sjølv, og ikkje minst mora. Sansa (tispe 3) er nok den som har hatt størst utvikling denne veka. Forskartrangen har vakna og ho er klar for nye eventyr. Lograr godt når folk kjem inn i kvalpekassa og tek seg gjerne tid til ein liten lur på eit fang dersom det er mogleg. Er ikkje lenger den som et mest, så no kan eg ikkje kalle ho matvrak lenger. I dag var me på gardsbesøk. Bileter der ifrå kan dei som er interessert finne her!
-
Denne syns eg er akkurat passr pelsa, men syns det er mange no som har overdrevent med pels. Lik som denne under.. (kan vere kombinasjon av korte føter, men for meg er dette feil..)fann ikkjr bilete av ein sånn pommesheltie som eg meinte å demonstrere med..