Jump to content
Hundesonen.no

9nemor

Medlemmer
  • Content Count

    56
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

21 Excellent

About 9nemor

  • Rank
    Nykommer

Profile Information

  • Kjønn
    Kvinne
  • Hunderase
    Blandings ?

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. Kjempefin serie - veldig imponert over breidda i castinga, både kva gjeld eigarar og kvelpar. Syns også Maren er flink og behageleg - men også tydeleg - både med hundar og menneske. Foreldra mine - som ikkje har hund - synest det er kjeeempekoseleg å sjå, samtidig som alle me som har hund kjenner oss igjen, mimrar kanskje litt om hektisk kvelpetid - og får nokre små fine tips med. Noko hundekurs er det jo ikkje meint å vere, tenkjer eg - men veldig fint at det gir eit realistisk bilde av livet med kvelp, som motsats til alle søøøøøte 'vrangforestillingsbilder' av kosete og primært sovande kv
  2. Linus på 9 mnd strevar med tørr hud og ein del kløe for tida - langt bedre etter skift til allergivennleg sjampo og balsam (+ droppa sele, som virka å gi han trøbbel). MEN han er framleis tørr og klør litt på ryggen - og me vurderer å byte fòr. Han har til no gått på Royal Canin Puppy - eg tenkjer å prøve utan korn og gjerne fiskebasert. Mange 'gode' merke har ikkje like godt utval av kvalpefòr synest eg, men landa halvvegs på dette? https://www.dyrekassen.no/carnilove-dog-salmon--turkey-for-large-breed-puppy Erfaringar?
  3. Nei, ingenting å sjå der! Så eg vil tru han har reagert på kjemikalier i selen, gjerne, og ikkje sjølve materialet...?
  4. Oppdatering: Etter 1,5 veke utan sele - og ei vekes tid med ErMidra sjampo og balsam (balsam fleire gonger pr dag på området) er han myyyyykje betre! Dei hårlause flekkene har no kortkort svart pels, og han klør veldig veldig mykje mindre ?? Me fortset behandlinga med balsamen til huden ser heeeeeeilt ‘kløfri’ ut (og sikkert etter det også, men sjeldnare) - og når den nye peksen er blitt litt lengre skal me prøve sele igjen (veldig mykje ‘linevikling’ rundt beina når me festar lina i halsbandet, så me gler oss alle til sele igjen trur eg ).
  5. Han fekk denne selen i overgangen nov/des, og den har ikkje vore vaska. Så det er absolutt mulig at det er den - i dag kjende eg litt sånn skurvete hud rett bak eine frambeinet også, det er jo også rett der selen går. MEN han har gulaktig belegg på huden lenger bak enn der selen går, altså - men det er gjerne sånn med ein allergisk reaksjon, eventuelt? (Eg kjenner eg er litt småstressa - viss det ER midd og han burde fått behandling er det så kjipt å berre vente... men me skulle følge med på evt forverring og gi beskjed med ein gong, så må berre følge godt med!)
  6. Ja, tenkte også det - kasta den i vaskemaskina i går. Men tør likevel ikkje bruke den desse to vekene, i alle fall - kanskje etter han er bra igjen?
  7. Unghunden vår på snart 9 mnd har siste veka klødd mykje og mista pelsen flekkvis nokre plasser. Det er 3 flekker som ligg akkurat langs ‘kanten’ av selen hans, og dyrlegen mistenker derfor at det kan vere reaksjon på selen. Så no skal han vere uten sele i 2 veker, samt at me skal bade han med ErMidra sjampo og bruke spraybalsam dagleg. Blir det forverring i perioden, eller det ikkje vert betre innan 2 veker, skal han testast for midd - men sidan det låg akkurat i den ‘stripa’ hadde ho mest tru på allergisk reaksjon. Javel, det er jo kjempegreitt viss det ‘berre’ er det. Men kva med dei dag
  8. Hei! Linus er ute i hundegarden når me er på jobb. No vert det litt annleis sidan han er 7 mnd og har vore det heilt sidan me byrja åleine-trening - men nokre tankar likevel: Vere der saman med han, f.eks når det er helg. No er det jo kanskje kaldt og surt, men lage til (eller kanskje de alt har) eittelleranna inne i garden med tak som de kan sitje i. Berre vere stille, lese bok e.l.? Så gjere ærend inn, komme ut etter ei tid. Forlenge ‘innebesøka’ gradvis? Eg tenkjer at han er utrygg, at det er derfor han bjeffar? Og då trur eg det vil trygge han at de er der med han - tydeleg avsl
  9. Takk for svar! Heilt sant, og min konklusjon også, som nemnt - det blir langline i lomma på strandtur framover, uansett om der er folketomt. Sladretrening er godt tips ? Innkalling trenar me gjerne på saman, heile familien - det kan me nok gjere endå meir av ja.
  10. Det er litt nytt, dette, men no dei siste vekene bjeffar Linus på folk som nærmar seg. Dette skjer ute på tur, men også her heime - når han høyrer nokon kjem inn ytterdøra nede, f.eks. Ikkje voldsom bjeffing, men ‘boffing’ og så spring han mot vedkomande. I dag oppstod ein veldig dum situasjon då me var på stranda og leika - folketomt der som det pleier vere, så då leika me litt og kasta pinnar etc. utan band (men eg har alltid bandet i neven, klar til å koble på). Men brått kom det ein eldre mann gjennom skogen som var ute og gjekk. Linus bjeffa og sprang mot mannen - og hoppa opp på han
  11. Ja, eller neppe akkurat same sidan me har blanding no - men han har mykje av labrador-papsen i seg, og eg ser i grunnen ikkje heilt for meg at det blir noko anna enn ein retriever neste gong. Men kven veit - då er me jo forhåpentleg riiimeleg mange år eldre, og har kanskje andre ønske og behov? Skulle det vore ein mindre hund, ser eg for meg ein mellompuddel - kanskje til og med dverg. Time will show - artig tråd, kjekt å lese kva de tenkjer ??
  12. Leik/sosialisering med andre hundar, likar han det? Det vert i alle fall Linus KJEMPEsliten av - og ein slags ‘tilfreds’ og kvileklar, endå meir enn etter ein lang tur.
  13. Litt på sida, men likevel: Når Linus tissa, sa me kvar einaste gong ‘tissaaa!’ med ‘oppfordrande’ stemme. Så no er det blitt ein veldig velfungerande ‘kommando’ - før me skal inn, f.eks., seier me ‘tissaaaa’ - så snusar han og tissar med ein gong Veldig praktisk! Hos han har elles halen alltid vore eit påliteleg teikn - når den struttar ut, er sjansen veeeeeldig stor for at han treng ein tur ut ?
  14. Ei venninne av meg og familien hadde heilt gitt opp, etter 4 veker. Kastrert ung hankatt som berre brått ikkje kom heim ein kveld. Men så kom han heim! ? Så ikkje mist håpet heilt, i alle fall - det er robuste dyr ❤️? I dag har Linus-guten svømt! Du og du, kor kjekt det var når han berre våga å legge på svøm! ?? Me bur 2-3 min. spasertur frå ei fin strand, og eg EEEELSKAR å bade, så dette har vore eit sterkt ønske - og derfor vart eg så inderleg gira då det løsna (me har vore nede og vassa nesten kvar dag heile sommaren ?) ???‍♂️
  15. Mi ferske erfaring: Linus er no 4 månader, og er no åleine opptil 6 timar medan me er på jobb og skule. (Me hadde ferie frå me overtok han og inntil for ei veke sidan). Det gjekk uventa fint med åleinetrening, altså! Me var førebudde på å ha han med i bilen/måtte heimom til han midt på dagen til han var minst 6 mnd.
×
×
  • Create New...